POSTED IN Russland, Virkelighetsforståelse

Russland vil definere de fire fylka som russiske.

Folkerøystinga vil endre spelereglane for krigen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

MEIR OM DEN SPEL-ENDRANDE FOLKERØYSTINGA

26. september 2022 av Larry Johnson

Larry Johnson er en x-CIA-analytiker

Hugsar du for tre veker sidan, då Putin og det russiske militæret hang i taua og den ukrainske arméen fór gjennom Kharkov som ein dampvegvals? Det var då, og Ukrainas lova siger materialiserte seg ikkje. Med etterpåklokskapens blikk ser det ut til at Russland overgav det strategisk meiningslause territoriet i det ukrainske fylket Kharkov, og i staden plasserte styrkane i  Donbas, Zaporhyzhia og Kherson. Korfor? For å vere i posisjon til folkerøystinga – det vil seie for å forsvare dei ukrainske fylka som skulle givast sjansen til å røyste om dei vil gjenforeinast med moder Russland eller ikkje. Putins følgande kunngjering om folkerøystingane, som starta sist fredag, var inga Ave Maria-pasning, og heller ikkje ei desperat handling. Planlegginga for dette hadde føregått i minst ein månad, kanskje lenger.

Medan Ukraina heldt fram med å kaste troppane sine mot dei russiske linjene, og fyrte laus med artilleri-angrep mot sivile mål, fekk dei betale ein forferdeleg pris i form av menneskelege tap og øydelagte tanks og andre stridskøyretøy. Og dei feila totalt i å forstyrre avrøystinga. Der har vore internasjonale observatørar til stades i alle dei fire fylka. Eg skulle ønske i det minste ein av reportarane ville spørje desse observatørane om kva tidspunkt dei først vart kontakta på og bedne om å kome til det russisk-kontrollerte territoriet og gjere overvakinga si. Den detaljen ville gitt litt innsyn i omfanget av planlegginga før folkerøystingane.

Det ser ut til at avrøystinga om å gjenforeinast med Russland vil gå i overveldande favør for å bli russiske republikkar. Når resultata er stadfesta vil den russiske dumaen gå inn for å akseptere avgjerda, og Putin vil sette prikken over i’en og gjere det offisielt. Då – på fredag – vil den spesielle militæroperasjonen i Ukraina ende, og Russland vil vere i posisjon til å forsvare sitt nye territorium.

Eg ventar at Putin vil halde ein høgtidsam tale til ære for hendinga og gjere Ukraina, NATO og USA merksame på at alle nye angrep på  Lugansk, Donetsk, Zaporhyzhia og Kherson vil vere angrep på Russland. Ukraina og Vesten vil vere åtvara. Ballen vil vere på deira banehalvdel.

in flight dove

Dette vil skape ein sjanse for det som er att av Ukraina til å søke fred. Eg tvilar på at Ukraina og Vesten vil akseptere denne sjansen. Angrepa på den nye russiske befolkninga vil halde fram, og Russland vil agere. I motsetning til atterhaldet dei har demonstrert over dei siste drygt seks månadane, er det sannsynleg at Russland vil respondere med meir aggressiv taktikk, til dømes å stenge av kraftforsyninga i Ukraina og angripe kommandosenter, inkludert Zelensky sitt hovudkvarter i Kiev. Dette vil føre til ei betydeleg eskalering av kampen, men Ukraina og NATO vil ha avgrensa kapasitet til å svare. Korfor?

Vesten har ikkje lenger det industrielle grunnlaget for å matche Russlands produksjon av krigsmateriell. Denne svakheita blir forverra av dobbeltproblemet med inflasjon og økonomisk kollaps som lemlestar Europa og byrjar å skade også USA. Royal United Services Institute (RUSI), verdas eldste og Storbritannias viktigaste tankesmie for forsvar og sikkerheit, publiserte nyleg ei viktig utgreiing om denne nedgangen:

Krigen i Ukraina har bevist at den industrielle krigføringas tidsalder framleis er her. Det massive konsumet av utstyr, køyretøy og ammunisjon krev eit storindustrielt grunnlag for stadig nye leveransar – kvantitet har framleis ein kvalitet i seg sjølv. Den massive kampen tt stilt 250 000 ukrainske soldatar – saman med 450 000 nyleg mobiliserte rekruttar – opp imot  rundt 200 000 russiske og separatistiske soldatar. Jobben med å væpne, fore og forsyne desse arméane er ei gigantisk oppgåve. Særleg er det anstrengande å skaffe til veges nye forsyningar med ammunisjon gjennom langtrekkande bombardement mot ukrainsk militærindustri og transportnettverk djupt inne i landet. Den russiske arméen har også tatt skade av ukrainske grensekryssande angrep og sabotasjeaksjonar, men i mindre skala. Så raskt som Ukraina brukar ammunisjon og utstyr, kan forbruket berre haldast oppe med hjelp av eit storindustrielt grunnlag.

Defense Industry Needs New Way of Doing Business
En krig i dette omfanget krever en sterk industriell basis.

Denne realiteten bør vere ei konkret åtvaring for dei Vestlege landa som har nedskalert sin militærindustrielle kapasitet og ofra storleik og funksjonalitet for effektivitet. Denne strategien set sin lit til feilaktige antakingar om krigens framtid, og har blitt påverka av både den byråkratiske kulturen i Vestlege regjeringar og arven etter låg-intnsitetskonfliktar. På noverande tidspunkt har Vesten kanskje ikkje den industrielle kapasiteten til å utkjempe ein krig i stor skala. Dersom USAs regjering planlegg å igjen bli demokratiets arsenal, så trengst det ein ny gjennomgang av den eksisterande kapasiteten til USAs militærindustrielle base og dei føresetnadane som har drive fram utviklinga av denne.

Dette er arbeidet til eks-oberstløytnant Alex Vershinin, ein US-amerikansk borgar. Han forklarer detaljert kva slags utfordring USA og dei NATO-allierte vil møte på dersom dei vågar å involvere Russland i ein ’auge for auge, tann for tann-kamp’: 

USA reduserer for tida lagra sine av artilleriamminusjon. I 2020 minka artilleriamminusjonskjøpa med 36% til $470 millionar. I  2022 er planen å redusere budsjettet for 155mm artillerirundar til $174 millionar. Dette tilsvarer 75 357 ’stumme’ M795-rundar med vanleg artilleri, 1400 XM1113-rundar for M777, og  1046 XM1113-rundar for Extended Round Artillery Cannons. Til sist er det dedikert $75 millionar til Excalibur presisjonsstyrt ammunisjon som kostar $176 tusen per runde, altså totalt 426 rundar. Kort sagt, så vil USA sin årlege artilleri-produksjon i beste fall vare i berre 10 dagar til to veker med kamp i Ukraina. Viss talet på russiske bombeutskytingar var overestimert med 50%, så ville det berre forlenge artillerileveransane med tre veker.

USA er ikkje det einaste landet som møter denne utfordringa. I eit nyleg krigsspel med styrkar frå USA, Storbritannia og Frankrike, hadde dei britiske styrkane nær brukt opp det nasjonale lageret av kritisk viktig ammunisjon på åtte dagar.

Russland, derimot, nyt luksusen med forsvarsindustri som er i drift døgnet rundt og produserer ammunisjon, køyretøy, stridsvogner, droner, missilar og rakettar. Vesten arbeider framleis etter illusjonen om at Russlands økonomi berre så vidt vaklar seg vidare. Russland har mineral, material og kvalifisert personell som trengst til å produsere det det russiske militæret treng til å halde operasjonane gåande; særleg intense kamp-operasjonar.

Har vesten gjort den feile å undervurdere Russlands kapasiteter? Det er vanlig for de som preges av hybris (overmot).

Eg veit ikkje om dette var Russlands plan frå starten av – dvs. drive operasjonar som ville skape ei reell avrustning av USA og Europa – eller om det berre er eit reint lykketreff. Uansett har ikkje Vesten nokon levedyktig sjanse, unntatt atomkrig, til å slå Russland i Ukraina.

Dei komande vekene vil det kome til syne sprekker i NATO-alliansen. Storbritannia, til dømes, vakna i dag tidleg til lærdommen at den ein gong så mektige pund sterlingen, som ein gong hadde dobbelt så høg verdi som US dollar, no er verdt mindre enn dollaren. Det betyr at britane vil betale meir for produkt dei importerer frå USA. Sjølv om USA berre står for 12% av Storbritannia sin import, vil prisauken elde opp under inflasjonsspiralen i Storbritannia endå meir. Den nystøypte britiske statsministeren Liz Truss møter allereie motgang frå Toryane for sin føreslåtte økonomiske plan. Dronning Elizabeths død sette dei politiske problema på sidelinja i eit par veker. Dei kveitebrødsdagane er no over, og presset frå innanrikspolitikken i Storbritannia vil gjere at den vidare støtta til Ukraina blir meir uviss.

Dei kollapsande økonomiane i Frankrike, Tyskland og Italia vil tvinge også dei landa til å bruke meir tid på å prøve å stagge den veksande uroen på heimebane. Når ein tar energikrisa og ukrainske militære tilbakeslag med i reknestykket no når vinteren set inn , vil grunnlaget for eit sameint NATO i høve til Ukraina sannsynlegvis rivne.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Mathew Schwartz

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Ikke noe hadde vært bedre enn om «verdenskrigeren» (Satanic)North-Atlantic-Terror-Organisation hadde avgått ved døden i stillhet, og deres «ledere» og påhyppere hadde kunne blitt stilt for en internasjonal domstol for deres forbrytelser mot menneskeheten, sammen med Big Pharma for deres lignende forbrytelser.

    Svar
    • Ihvertfall bør media og politikere få et kurs i samtidshistorie.
      Og sette Norge og Norges allierte sine angreps-kriger under lyset. Hvis de skal få noe som helst legitimitet i deres skriverier og uttalelser om Ukrainakrigen.
      Noen internasjonal domstol tror jeg lite på. Man kan ikke la tyven ettersøke tyveriet.
      Men vi bør være klar over at det er propaganda vi får i Norge. Ikke informasjon.
      Trist.
      – Og selvfølgelig farlig.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Folkeavstemningen om tilslutning til Russland

Rapport fra valgobservatør.

Forrige innlegg

Oss konspirasjonsteoretikere imellom.

Hvem sprengte North Stream 1 og 2?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.