POSTED IN Atomvåpen, Krig-fred

Russland har snudd spillet.

USA kan ikke vinne en atomkrig, men kan Russland?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Gløym M.A.D., kan Russland slå USA i ein atomkrig?

Av Larry Johnson.

Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

Eg vegrar meg for å skrive dette fordi eg ikkje ønskjer å gje lesaren inntrykk av at eg støttar bruken av atomvåpen. Det gjer eg ikkje. Men USA sitt folk, takka vere udyktig og korrupt politisk leiarskap, dei lever i fantasien om at vi framleis er i den strategiske verda som eksisterte på 1990-talet, då det var forstått at eit fyrste atomåtak av USA eller Russland mot motparten ville resultere i ein ustoppeleg respons som ville gjere begge landa øydelagde og stille verda overfor ein mogleg atomvinter. Med andre ord, Mutual Assured Destruction [«gjensidig, sikker øydelegging»].(MAD)

Men so skjedde George W. Bush. I juni 2001 avskaffa George W. Bush einsidig anti-ballistisk missil-traktaten. Dersom du er yngre enn 40 år, hugsar du truleg ikkje ADM-traktaten. Her er ein rask oppfriskar:

«Signert i 1972 av Washington og Moskva for å seinke atomvåpenkappløpet, sperra ABM-traktaten begge supermaktene ute frå å setje i verk nasjonalt forsvar mot langtrekkjande ballistiske missil og frå å byggje grunnlaget for slikt eit forsvar. Traktaten var basert på premisset om at om den eine supermakta konstruerte eit strategisk forsvar, ville den andre byggje opp sine offensive atomstyrkar for å kontre forsvaret. Supermaktene ville difor raskt hamne på ein sti mot eit endelaust offensivt-defensivt våpenkappløp når kvar av dei prøvde å balansere motparten sine handlingar.»

Eg hugsar klart Bush sitt fyrste år i embetet. Skrivinga mi på den tida var fokusert på Bush-administrasjonen sin regelrette forsømmelse av kontraterrorisme i staden for å fokusere på å utvikle eit missil-forsvarssystem. Det var prioriteten til Bush sitt nasjonaltryggleiksteam i 2001 heilt til 11.september skjedde. Bush-teamet ignorerte CIA sine åtvaringar om at bin Laden planla å slå til mot USA og samla seg berre på sitt fyrste tverrbyrå-møte om terrorisme 10.september:

«Bin Laden Determined to Strike in US var tittelen på presidenten si daglege briefing førebudd av Central Intelligence Agency og gjeven til president George W. Bush måndag 6.august 2001. Briefinga åtvara, 36 dagar før 11. september-åtaka, om terrorisme-trugslar frå Osama bin Laden og al-Qaeda, inkludert ‘mistenkjelege aktivitetsmønster i dette landet som er konsekvent med førebuingar på ei kapring’ av amerikanske fly.»

9/11-angrepet ble brukt som påskudd til å starte en 20 år lang krig i Afghanistan som USA tapte, men ikke våpenindustrien.

I etterkant av 11. september-åtaka, vippa Bush-administrasjonen over i ein pervers kontraterrorisme-politikk med søkjelys på å invadere Afghanistan og gå til krig mot Irak. Den nye kontraterrorisme-politikken flytta den amerikanske regjeringa sin forsvarspolitikk frå å byggje og sende ut det ballistiske missil-forsvarssystemet som var Bush og Cheney sin draum i dei fyrste åtte månadene av administrasjonen, til å bekjempe terrorisme og nasjonsbygging. Milliardar av dollar som kunne ha vore brukt på eit nytt ABM-system forsvann i ineffektiv militærinnsats i Afghanistan, Irak og andre bakevjer i Den tredje verda.

Kva gjorde Russland? Fyrst klaga folka i Moskva:

«Senior-talsmann i Kreml, Sergej Jastrzhembsky sa at Moskva vil gje uttrykk for anger når det gjeld den amerikanske tilbaketrekninga frå ABM-avtalen, men vil elles halde seg rolege. Herr Jastrzhembsky sa at Russland sitt eige atomarsenal er tilstrekkjeleg for å beskytte landet i framtida.

General Anatolj Kvashnin

Leiaren for den russiske generalstaben, general Anatolj Kvashnin seier at amerikansk tilbaketrekning frå AMB vil påverke strategisk stabilitet.

General Kvashnin seier at den vil opne veg for at somme land byrjar på eit internasjonalt våpenkappløp. Men han seier det ikkje vil truge Russlands tryggleik.

Somme russiske politikarar er mindre tilbakehaldne. Duma-assistent Vladimir Lukin frå det liberale Jabloka-partiet skildrar USA sitt trekk som ein stor feil.

Herr Lukin seier ‘det er verre enn eit brotsverk, det er ein feil’. Han skuldar USA for å bruke russisk assistanse i antiterror-koalisjonen og deretter ignorere russisk bekymring rundt andre område, slik som ABM-avtalen.»

Og deretter gjorde Russland det som russarar gjer – dei skapte eit robust ABM-forsvar i toppklasse. Vennen min, Andrej Martyanov, kjem med ei generell skildring av Russland sin respons i si fabelaktige bok, Losing Military Supremacy:

«Vidare, dersom USA på marinefeltet framleis held på enkelte sterke posisjonar, ikkje minst gjennom sjølve storleiken på marinen hennar, er den noverande situasjonen og trendar endå verre på dei andre militærteknologiske felta. F-35 eller Littoral Combat Ship-katastrofen er berre få indikasjonar på den generelle glidninga av amerikanske konvensjonelle evner, slik som amerikansk luftforsvar for fastlands-USA, som er rett og slett ikkje-eksisterande – eit heller avslørande faktum for nasjonen som trudde dei ikkje trong eit. Dette burde ikkje bli forveksla med anti-ballistisk missil-forsvar som faktisk eksisterer i USA – som er fullstendig ubrukeleg mot landåtak frå sjø og luft frå missil som har evna til å angripe viktig amerikansk infrastruktur – ei evne Russland demonstrerte dramatisk i Syria. Ulikt Russland som kan vise fram det som unekteleg er det beste nasjonale luftforsvaret, som i dag sender dei beste antiluft- og antimissil-kompleks i verda, er amerikanske kystlinjer so godt som forsvarslause. Usending av Patriot PAC-3-system, som har eit rykte som i utgangspunktet er dårleg, tilbyr ikkje ein garanti mot konvensjonell eller til og med atomvåpen-gjengjelding mot fastlands-USA i tilfelle ein stor konflikt. Når prosjekt 885 Severodvinsk-klasse atom-ubåtane kjem på nettet, saman med den moderniserte prosjekt 949A-klassen, alle væpna med det siste TLAM, er det særs vanskeleg å føresjå noko tiltak som kan realistisk sikre fastlands-USA frå eit massivt åtak av cruise-missil.»

So, her er det kritiske spørsmålet: Kan USA blokkere eit atom-missil?

«Ein ny studie sponsa av American Physical Society konkluderer at amerikanske system for å fange opp interkontinentale ballistiske missil kan ikkje litast på for å motverke sjølv eit avgrensa atomåtak, og ein reknar det som usannsynleg at dei vil oppnå pålitelegheit innan dei neste 15 åra.»

Dersom du er ein russisk militærplanleggjar, innser du at M.A.D. ikkje lenger er realitet. I tilfelle Russland trudde at dei stod overfor genuin eksistensiell trugsel frå Vesten frå eit atomåtak, sjølv eit taktisk treff, kunne det russiske militæret presentere til president Putin ein levedyktig plan som ville øydeleggje den amerikanske atomresponsen med avgrensa (om enn fælsleg) skade på Russland. Eg antydar ikkje at Russland ville gå sin veg uskadd. Men Russland, med eit felttesta, integrert anti-ballistisk missil-forsvarssystem, ville ha betre enn gjennomsnittleg sjanse til å overleve ei atomutveksling med USA.

Eg vil gjenta – dette er siste utveg, og eg er standhaftig motstandar av det. Men eg trur det burde vere del av den offentlege diskusjonen. For mange uvetande kritikarar og politikarar i Vesten avskriv Russland sine militære evner som andregrads i beste fall. Jeffrey Lewis, som skreiv for Foreign Policy for fire år sidan, forstod augneblinken sin realitet:

«Den verkelege danninga av Russlands nye generasjon bisarre atomvåpen ligg ikkje i det mest nylege Nuclear Posture Review, men i George W. Bush-administrasjonen si avgjerd i 2001 om å trekkje seg ut av den Anti-ballistiske missil-traktaten, og det at både Bush- og Obama-administrasjonen mislykkast i å engasjere seg meiningsfullt med russarane rundt deira bekymringar om amerikansk missil-forsvar. Putin sa so mykje i sine kommentarar. ‘I løpet av alle dei åra sidan den einsidige amerikanske tilbaketrekninga frå ABM-traktaten,’ forklarte Putin. ‘har vi arbeidd intensivt på avansert utstyr og våpen, som lét oss gjere eit gjennombrot i å utvikle nye modellar av strategiske våpen’. Desse teknologiske gjennombrota er no her. Tragisk nok fekk vi aldri dei diplomatiske som vi trong.»

Multiple Allied Carrier Strike Groups Operate Together in 7th Fleet >  United States Navy > News-Stories
Har det russiske hypersoniske missilet Kinzhal gjort slike store flåtestyrker overflødig?

Krigen i Ukraina har gjeve Russland ei scene for å vise fram somme av sine avanserte våpensystem, slik som den hypersoniske Kinzhal. Dette missilet har treft mål i Ukraina før flyalarmen gjekk. Andrej Martyanov forklarer:

«Mange ekte profesjonelle gispa etter luft då Dolken (Kinzhal) vart avdekt. Dette endrar fullstendig spelet geopolitisk, strategisk, operasjonelt, taktisk og psykologisk. Det var kjent ei tid at den russiske marinen allereie sendte ut eit revolusjonerande M=8-3M22 Zircon antishipping-missil. So imponerande og so godt som uoppfangeleg av noko luftforsvar som Zircon er, er Kinzhal rett og slett sjokkerande når det gjeld evner. Dette, mest sannsynleg basert på den berømte Iskander-luftramma, i stand til M=10+, (ti + ganger lydens hastighet, red.) høgt manøvrerbar, aero-ballistisk missil med ei rekkjevidd på 2000 kilometer, boren av MiG-31BM, omskreiv akkurat boka om sjøkrigsføring. Det gjorde store overflateflåter og motkjemparar avleggs. Nei, du les ikkje feil. Ingen luftforsvar eller antimissil-system i verda i dag (kanskje med unntak av den komande S-500 spesifikt designa for oppfanginga av hypersoniske mål) er i stand til å gjere noko med det, og, mest sannsynleg, vil det ta fleire tiår å finne motmiddelet. Meir spesifikt, kan ingen moderne eller komande luftforsvarssystem utvikla i dag av noka NATO-flåte fange opp sjølv eit einaste missil med slike karakteristikkar. Ein salve av 5-6 slike missil garanterer øydelegginga av kvar ei[…]»

M.A.D er daud. Lat oss be ei bøn om at vi overlever.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 579 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Nils Petter Wathne
    20 oktober 2022 10:22

    Når det gjelder atomvåpen må disse inn til regelmessig service for å fungere eller fungere korrekt akkurat som en bil.
    Har ikke Russland hatt regelmessig service på sine våpen kan det godt være at det effektive våpenarsenalet er redusert.

    Svar
  • Etter det andre slaget mot romerne ved Asculum i år 279 f.Kr. er Pyrrhos blitt sitert på å ha sagt: «En slik seier til og jeg er fortapt». En seier i en atomkrig med en motstander som har atomvåpen blir nok en pyrrhosseier. Russland har 6.500 atomstridshoder og USA har 6.000. De kommer til å være montert på missiler å blir skutt ut fra atomubåter som ligger i fjæresteinene. Svært få missiler kommer til å bli skutt ned før de treffer storbyer og andre mål i alle NATO land.

    Svar
  • Desverre ser det ut til at «lederne» i det «opplyste siviliserte» vesten er langt fra opplyste.
    Nå forsvinner «imperiet» USA, enten via BRICS eller via A-våpen krig. Vi «uskyldige» får bare håpe at Washington tar til fornuft og lar det (om enn motvillig) skje gjennom BRICS.
    Det andre alternativet er ikke noen «gevinst» for noen av «partene», men jeg har en tanke om at «kabalen» ikke ser det slik. Der gjelder vel heller mottoet om at hvis ikke «vi» vinner, kan alle tape i stedet for.
    «Vi går ned med flagget til topps».

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Europerne er rundlurt av USA.

De betaler i dag 8 ganger mer for USA-gass enn det Russland tilbød.

Previous Post

Kruttønna Frankrike.

Tennes lunten nå?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.