I krigen mellom Israel og Palestina orienterer Russland seg på ny mot arabarane
Av John Helmer



Russland har aldri før vore så stille midt oppe i ein krig i Midtausten.
Russiske meiningsmålarar nøler med å avsløre kor langt folkeopinionen no flyttar seg bort frå Israel og nærare palestinarane og den anti-amerikanske arabiske og iranske sida.
Togna frå Kreml avslører kor grundig israelarane har brend sine bruer til president Vladimir Putin, og kor langt – om enn i det stille – den russiske presidenten har flytta seg nærare generalstaben si side når dei vurderer Israel som fiendtleg – på fiendefronten saman med Ukraina, USA og NATO. Putin sin pro-semittisme, som var tydeleg med hans relasjon til statsminister Benjamin Netanyahu i mange år, er no umogleg offentleg, og også privat.
Dei russiske pengane, som har flote lett mellom Moskva og Tel Aviv og verka inn på Putins forhold til israelarane, flyktar no tilbake til Moskva med oligarken Mikhail Fridman. Om Fridmans flukt til ei trygg hamn i Russland, har Kreml-talsmann Dmitry Peskov sagt:
“Fridman er ein borgar av Den russiske føderasjonen. Han kan kome tilbake, bu her, reise herifrå, presis som alle andre borgarar av Den russiske føderasjonen. Det er ingenting uvanleg med det.”
Om dét sa Duma-leiaren, Vyacheslav Volodin, noko meir uvanleg:
“Alle som forlet landet og engasjerte seg i lastverdige gjerningar, som feirar skotveksling på russisk territorium og ønsker siger for nazi-regimet i Kiev, bør forstå at dei ikkje berre er uvelkomne her, men om dei returnerer så ventar Magadan [gulag, fengsel] på dei.”
Frå ein politikk med likeverd mellom Israel og arabarane, har Russland nådd politikken med engasjement for den arabiske sida. Drivaren har vore USA sin krig for å slå og øydelegge Russland via Ukraina. Di lenger den nye palestinske krigen varer, dess klarare vil russisk militær og politisk strategi i Midtausten følge ei ny, anti-amerikansk linje.
Konsekvensane er like store som nederlaget til USA og NATO som Russland no påfører dei i Europa, og som Vestens sanksjonskrig i den globale varemarknaden og handelsrutene sjøvegen.
“Vi er vitne til ei skarp forverring av situasjonen i Midtausten,” sa Putin i velkomsttalen sin til Iraks statsminister, Muhammed Shia al-Sudani, i Kreml tysdag morgon. “Eg trur mange vil vere einig med meg i at dette er eit tydeleg døme på USA sin mislykka politikk i Midtausten, der dei prøvde å monopolisere busettingsprosessen, men diverre ikkje brydde seg med å finne kompromiss som begge sider kunne akseptere, men tvert imot la fram sine eigne idear for korleis dette skulle gjerast, og la press på begge sider, verkeleg begge – først den eine, deretter den andre. Men kvar gong utan å ta omsyn til dei grunnleggande interessene til det palestinske folket, eller hugse – først av alt – behovet for å implementere avgjerda til FNs sikkerheitsråd om danninga av ein uavhengig, suveren palestinsk stat.”
Utanriksdepartementet følgde Putin seinare på ettermiddagen, då den vekesvise debrifinga frå Maria Zakharova vart framskunda fleire dagar for å rapportere om at det hadde vore direkte forhandlingar med leiarane av Egypt, Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Den arabiske liga, Iran og Tyrkia – ikkje med Israel.[1]
“USA si satsing på ’frysing’ av status quo og fremjing av ’økonomisk fred’, så vel som bruken av kollektive format som er skreddarsydde for kriserespons, har ikkje vist seg å vere fornuftig,” sa Zakharova. “Alle ser resultatet…Utsegnene til amerikanske politikarar og offentlege figurar som ber om etnisk reinsing i regionen, ser uhyrlege ut. Dei ber ope om nær undergang for éi gruppe folk for å fullføre øydelegginga. Igjen har aggresjon, brot på rettsveldet og holemannshat stige opp til overflata av dei amerikanske erklæringane om god utsjånad og menneskerettsdogme.”
I den første russiske direkte åtvaringa til US Navy sin styrke i austre Middelhavet, la Zakharova til:
“Så langt ser vi at situasjonen utviklar seg langs stien eskalering. Det er ein stor risiko for å involvere tredjepartar i denne konflikten. Og dette er fylt med langsiktige konsekvensar for regionen og for verda.”
Putin følgde opp om kvelden, på telefon med den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan.
“Behovet for ei våpenkvile straks frå begge sider og at ein gjenopptar forhandlingsprosessen, vart understreka,” ifølge Kremls communiqué. “Det vart sagt at begge sider gjensidig må vere klare til å aktivt bidra til dette…Separate spørsmål rundt russisk/tyrkisk samarbeid på ulike felt kom også opp.”
Erdogans pressemelding var meir avslørande. Han og Putin hadde “følt på kva slags initiativ som kan takast for å gjere noko med dei humanitære behova i regionen, sidan den tyrkiske presidenten fortalde Putin at angrep på sivile busettingar er urovekkande, og Tyrkia er ikkje positiv til slike trekk.” Erdogan si twitter- melding la til: “President Erdoğan og President Putin av Russland utveksla også synspunkt påpotensielle initiativ for å møte dei humanitære behova i regionen.”
Dei to leiarane diskuterte den alarmerande kursen til den israelsk/palestisnke konflikten og tiltak for å hindre at spenningane skal eskalere.
Dette er eit hint om at Erdogan og Putin pønskar på å sende ein tyrkisk skipskonvoi med hjelp til Gaza, verna frå israelske angrep av den russiske marinen frå sin Tartous-base på den syriske kysten, og av det russiske flyvåpenet frå Hmeimim. Denne humanitære operasjonen via sjøvegen ville måtte bryte israelarane sin blokkade av kysten og springe spissrot forbi USS Gerald Ford og skvadronen deira lenger ute.
Om denne operasjonen, som minner om Gaza Freedom Flotilla i 2010, blir planlagt no – dei opne signala åtvarer Washington og US Navy om at dei kan forvente det – så blir konfrontasjonen, og risikoen for eit strategisk nederlag til havs for USA og Israel, noko verda aldri før har sett.
Planlegginga av russisk militært forsvar av ein naudhjelpskonvoi sjøvegen til Gaza, omfattar også Egypt.
Dette vart nemnd under konversasjonen som Egypts utanriksminister Sameh Shoukry hadde med utanriksminister Sergei Lavrov. Den vart følgd av at egyptisk presse avslørte israelske åtvaringar som vart følgde av bombing for å hindre egyptiske lastebilar i å levere naudhjelp til Gaza gjennom grenseposten i Rafah, i sør-enden av Gaza.



Eit alternativ for Egypt er ein sjøkonvoi. Dersom dette blir koordinert gjennom Kreml og det russiske forsvarsdepartementet med ein Erdogan/Putin-plan om ein tyrkisk konvoi som seglar frå nord, så vil eskaleringa til regionalt og supermakts nivå ha materialisert seg før den israelske invasjonen kan okkupere Gaza.
Det russiske forsvarsdepartementet har ikkje vore stille overfor Israel tidlegare. Sidan bakhaldsangrepet til Israel Air Force mot det russiskeIl-20 overvakingsflyet, som tok livet av mannskapet om bord – 15 mann – i september 2018, har generalstaben sagt at dei har reservert sine trekk mot israelarane medan dei identifiserer dei som fiendar.
Vzglyad, Moskva-plattformen for russisk militær- og sikkerheitstenking, sa på leiarplass den 17. april, 2023, at då dei tok sida til Ukraina under den spesielle militæroperasjonen, vart den israelske regjeringa Russlands motstandar:
“Tida er inne for å ta eit nytt standpunkt i Palestina-spørsmålet. Å ta feiringa av Al-Quds til eit nytt nivå, og også ta eit meir pro-palestinsk standpunkt i Midtausten.konflikten. Å stå på sida til dei som hjelper Russland innanfor rammene av deira eigne interesser (Iran, Saudi Arabia) mot dei som hjelper fiendane våre. Og med det sende eit svært klart signal til verda – eit signal om at Russland vil handsame sine partnarar nøyaktig slik dei handsamar Russland. Å hjelpe støttespelarar – og ikkje handle i interessene til opponentane.”
Opprettinga av ein humanitær korridor vart eksplisitt nemnd i debrifinga til utanriksdepartementet på tyesdag.
“Spenningane stig på vestbanken av Jordan-elva. Det er høg risiko for at konflikten skal spreie seg til området rundt grensa mellom Libanon og Israel og trekke nye partar inn. Ein storskala humanitær katastrofe faldar seg ut framfor auga våre. Det viktigaste no er å legge ned våpena og stoppe spillet av blod.”
“Vi støttar innsatsen til dei som er interesserte i å løyse denne prioriterte oppgåva. Det ville gjere det mogleg å unngå nye offer, ende lidinga til sivilbefolkninga, sikre at dei kan evakuerast gjennom humanitære korridorar og hindre at situasjonen glir over i ein humanitær katastrofe som omfattar heile regionen. Dette er ikkje berre ei krise eller ein naudsituasjon. Vi snakkar om lagnaden til millionar av menneske.”
Talskvinna Zakharova slo også ut mot CIA og Pentagon for deira overraskande nederlag mot Hamas.
“Korleis kan det ha seg at i eit heilt år – så lenge vart operasjonen førebudd, deretter utført på nokre dagar – USA, som Israels næraste allierte, ikkje åtvara om dette? Dei har satellittar overalt, sporingsutstyr, militærbasar, også i regionen.”
“Dei hadde alle moglegheiter for overvaking av alle informasjon som sirkulerte på USA-produsert utstyr (maskinvare og programvare). Gjennom heile året med førebuingar til ein så stor operasjon, overførte ikkje USA – med alle sine mektige spesialtenester – noko som helst av etterretning til Israel… Korleis kunne det skje at under heile året med førebuing av denne operasjonen i Midtausten, overførte ikkje USA nokon informasjon til sine partnarar i Israel?”
Derimot, sa talsmannen for utanriksdepartementet, “i to månadar på slutten av 2021 og to månadar i starten av 2022, fortalde USA på alle nivå korleis Russland kom til å ’angripe’ Ukraina. Dette vart gjort spesifikt for å etablere ei informasjonskulisse, for å dra heile verdas blikk bort ifrå korleis USA og deira kollegaar i NATO (først og fremst Storbritannia) i alle desse åra har pumpa inn våpen til Ukraina og skapt det anti-russiske prosjektet, eit anti-russisk springbrett…”
“Etter den korresponderande instruksen frå Washington, følgde det ein mangedobbelt auke i bombinga av Donbas frå regimet til V.A. Zelensky. Deretter, i slutten av 2021, byrjinga av 2022, ’visste’ USA ’alt’ og fortalde alle. Men i området der dei har eit direkte ansvar –Midtausten har alltid vore eitt av dei – i høve til den næraste allierte som USA skal beskytte, sende ikkje verken USAs spesialtenester, utanriksdepartement eller Det kvite hus nokon informasjon nødvendig for sjølvforsvar.”
Den første offentlege indikasjonen på korleis russisk militæretterretning og generalstaben vurderte det som hadde skjedd, dukka opp i Vzglyad på sundag.
“Dei som før vart oppfatta som bønder i tøy-sandalar, i beste fall i stand til å sprenge eit busstopp, øydela ein av mytane om staten Israel på berre nokre timar,” konkluderte Yevgeny Krutikov etter å ha lista opp dei svake punkta i Israels forsvarslinjer, overvurdering av teknologien og undervurdering av arabisk kapasitet.
“IDF [Israel Defence Forces] var i koma…Så Israel har lide viktigare tap enn berre tragiske tap av menn og utstyr. Det palestinske angrepet har øydelagd idéen om kor organiserte og kapable dei israelske sikkerheitsstyrkane er.
Det har vist seg at dei israelske sikkerheitsstyrkane kviler på laurbæra av sigrane til generasjonane før dei. Etterretning og kontra-etterretning er ineffektive, og det israelske militæret har sove under endringane i kamptaktikk som har funne stad under den noverande konflikten nett no.”
I ein personleg Telegram-post, forklarte Krutikov konsensusen i tenkesettet til den russiske militærstaben no:
“1. IDF og Mossad var totalt uførebudde. Der er ikkje noko primært forsvarssystem, og garnisonane til grensepostane sov tungt på laurdag under den helgefridagen [Simchat Torah]. Arabarane, til fots og sakte, nådde fram til dei ubevakta stillingane til jødane. Sjølve idéen med desse postane var meiningslaus.
2. Dei veit ikkje kva droner, luftforsvarssystem og alt det er i det heile tatt. Iron Dome er ein fiksjon. Dei har levd i ei slags fantasiverd dei siste åra.
3. Alt om Israel er ein myte. Der finst ikkje noko slikt forsvarssystem, der finst ikkje nokon slik etterretning. PR’en deira er solid.
4. Enten vart arabarane trente opp på ein spesiell måte, eller så utvikla dei seg uventa til ei ny livsform. Operasjonen var planlagt i minst eit år, og tok omsyn til alle dei nye trendane…
5. Ei svær mengd våpen frå arabarane kunne ikkje falle frå himmelen. Korleis kom dei dit? Igjen sender vi våre varmaste helsingar til den israelske mora for all etterretning.
6. Taktisk trening er fullstendig fråverande, så vel som den brautande patriotismen.
7. Eksepsjonell vondskap manifesterer seg ikkje berre i denne regionen. Gud er død, også den jødiske guden.
8. Kva andre plassar vil ta fyr?”
I ei siste linje, meint som eit ironisk ekko av den ortodokse jødiske trua på apokalypsen, skreiv Krutikov:
“Sanneleg, dei siste dagane kjem.”
Reporteren, som har tenestegjort i felten som GRU-offiser, rapporterte i Vzglyad på sundag:
“Israel er teknologisk klart sterkare. Om det følger at før eller seinare ein slik grad av destruksjon av Gaza vil nåast at Tel Aviv vil kunne erklære det ein siger, så vil arabarane likevel allereie ha oppnådd det viktigaste: dei har øydelagt mytane rundt Israels forsvarssystem, og denne moralske sigeren er mykje viktigare enn dei reint militære motangrepa som den jødiske staten no organiserer mot dei.
Vidare kan hendingane desse dagane kome til å omforme heile den militær-politiske strukturen til Midtausten, og føre til oppstanden av nye alliansar og nye frontlinjer. På bakgrunn av alle andre hendingar i verda, er dette nesten det verste som kan skje.”
Seint på tysdag, USA-tid, kasta ein NATO-veteran frå Afghanistan-krigen tvil om kva den israelske offensiven vil greie å oppnå på Gaza.
“Israelarane har ikkje uthaldet til å grave seg gjennom, langt mindre okkupere Fort Gaza. Takka vere bombinga har dei forvandla seg til eit gigantisk, forbetra forsvarskompleks. Der er heilt sikkert flust med tunnelar og andre underjordiske anlegg, velfylte med mat, vatn, medisinsk utstyr, våpen, ammunisjon osb. Vi kan vedde på at dei anlegga kryssar grensa til Egypt. Vi kan også vedde på at, uansett kor nervøs general Sisi [president Abdel Fattah el-Sisi] er, er det definitivt egyptisk støtte der den tel no.”
“Israelarane skal ha mobilisert 300 000 reservistar. Kor lenge kan ei slik mobilisering vare før den får konsekvensar for landets økonomi? USA har, etter å ha nesten utarma våpenlagera sine og ein god del skatt på krigen mot Russland i Ukraina, har lite igjen for utlegga. Korfor skulle ’gi Israel alt dei treng’ til å delje laus på ruinane i den gaziske dødsfella fungere noko betre?”
“Alt dette skjer utan å ta omsyn til kva russarane, tyrkarane, iranarane, libanesarane i form av Hizbollah, og andre, kan gjere. Viss russarane startar ein blokkade-brytande operasjon saman med tyrkarane, vil då amerikanarane og israelarane risikere ei atomutveksling for å prøve å stoppe dei?”
*
Note
[1] Seint tysdag kveld i Moskva, vart Israels ambassadør til Israel, Alexander Ben Zvi, løyvd eit intervju med viseutanriksminister Mikhail Bogdanov i sistnemndes mottakingsrom ved departementet. Det russiske communiqué indikerer at den israelske tenestemannen vart åtvara om IDF-planane om å øydelegge Gaza, okkupere territoriet og reinse det for “human animals” — var “fylt…med dei mest katastrofale konsekvensane for den humanitære situasjonen i regionen.”Israelisk presse har ikkje rapportert om Bogdanov si åtvaring til Ben Zvi; Israelaren hadde før på dagen fortald pressebyrået Tass: “då vi erklærte krigstilstand med Hamas, meinte vi at krigstilstand inneber alt, inkludert ein bakkeoperasjon,” sa Ben Zvi. “Når skal det starte? Akkurat no blir visse ting gjort for å unngå å ta forhasta steg. Det er sjølvsagt nødvendig å analysere ting grundig. Kva trengst? Korleis bør det gjerast? Eg kan heller ikkje utelukke at det ikkje vil skje. Det er mogleg det vil skje. Eg veit ikkje, det skal avgjerast på militærnivå.”
Deretter fortalde han under eit møte med Moskva-jødar at Israel ikkje siktar seg inn på alle palestinarane på Gaza: “denne krigen vil halde fram så lenge Hamas eksisterer som ein terroristorganisasjon, og vi vil måtte betale med fleire og fleire døde og skadde. For å hindre dette, treng vi å øydelegge alle desse terrorist-cellene til Hamas.”
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: ROBIN WORRALL
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 659 ganger.