POSTED IN Intervju, Russland

Russisk ekspert om dagens situasjon:

Vesten opplever nå et historisk nederlag.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email


Sergey Karaganov: Russarar er dei ekte europearane

«Den gamle verda» er ikkje lenger eit globalt maktsenter. Det har Moskva forstått, men våre tidlegare partnarar lever i fornekting.

For ikkje lenge sidan sa Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius: «Den europeiske unionen må vere klare for krig på slutten av tiåret». Berlin har byrja snakke om gjeninnføring av allmenn verneplikt og førebuingar til konfrontasjon med Moskva. Liknande haldningar finn vi i Polen. Men er det berre på grunn av hendingane i Ukraina?

Kva er grunnen til oppsvinget for krigersk tale i Europa?

Den leiande russiske avisa Rossiyskaya Gazeta snakka med ekspert på internasjonale relasjonar Sergej Karaganov, som er æresformann for Russlands Råd for utanriks- og forsvarspolitikk, akademisk vegleiar ved HSE-universitetets Fakultet for verdsøkonomi og utanrikssaker i Moskva og tidlegare rådgivar i Kreml.

— Evgeny Shostakov: Hr. Karaganov, med tanke på den vanskelege utanrikspolitiske situasjonen vi no har, trengst det ein konseptualt annleis teori for avskrekking av Russlands fiendar, slik at ein kan stoppe dei veksande konfrontasjonane på eit tidleg stadium og avskrekke våre motstandarar frå å elde opp under konfliktar?

Denne tiden er nå forbi.

— Elitane i Vest-Europa – og særleg i Tyskland – lir no eit historisk nederlag. Hovudgrunnlaget for deira 500 år lange dominans [over verda] var militær overlegenheit, og oppå denne vart Vestens økonomiske, politiske og kulturelle dominans bygd. Men dette fundamentet har blitt slått bort. Med den fordelen dei hadde, manipulerte dei verdas ressursar til sin fordel. Først plyndra dei koloniane sine, og seinare gjorde dei det same, berre med meir sofistikerte metodar.

Dagens Vestlege elitar gjer ingenting med ei rekke av dei veksande problema i samfunna deira. Desse inkluderer ein krympande middelklasse og stigande ulikskap. Nesten alle initiativa deira slår feil ut. Den europeiske unionen (EU) spreier seg, som alle veit, sakte, men sikkert. Derfor har den herskande klassen der vore fiendtleg innstilt mot Russland i omlag 15 år no. Dei treng ein ytre fiende; Josep Borrell [EUs topp-tenestemann innan utanrikspolitikk] kalla verda rundt blokka for ein jungel i fjor. Tysklands tidlegare forbundskanslar, Angela Merkel, sa ein gong at EU sine sanksjonar [mot Russland] var nødvendige først og fremst for å foreine Den europeiske unionen og hindre at den skulle kollapse.

Dei tyske og vest-europeiske elitane har eit mindreverdskompleks i det dei no oppfattar som ein monstruøs situasjon, der deira del av verda blir overtatt av alle. Ikkje berre kinesarane og amerikanarane, men av mange andre land. Takka vere Russlands frigjering av verda frå ‘det vestlege åket’, herskar ikkje vest-europa lenger over landa i sør, eller som eg kallar dei: landa til verdas fleirtal.

Trusselen frå vest-Europa er no at Den gamle verda har mista sin frykt for væpna konflikt. Og dét er svært farleg. Samtidig har vest-europa vore kjelde til dei verste katastrofar i menneskets historie. No kjempar ein i Ukraina ikkje berre for Russlands interesser, for landets tryggleik, men også for å hindre ein ny global konfrontasjon. Trusselen veks. Dette er og på grunn av Vestens desperate forsøk på motangrep for å halde på dominansen sin. Dagens vest-europeiske elitar mislykkast, og dei tapar påverknadskraft i verda i mykje større grad enn deira motpartar i USA gjer.

Russland kjempar sin eigen kamp, og vi kjempar med suksess. Vi handlar sjølvsikkert nok til å få dei vestlege elitane til å besinne seg, så dei ikkje utløyser ein ny verdskonflikt i rein desperasjon over sine eigne mistak. Vi må ikkje gløyme at forgjengarane til desse folka utløyste to verdskrigar i løpet av éin generasjon i førre hundreår. No er kvaliteten på desse elitane endå lågare enn den var den gong.

Det som nå skjer i Ukraina er ikke bare et nederlag i en krig, men en lang tidsepokes nederlag.

— Snakkar du om det andelege og politiske nederlaget til vest-Europa som eit fait accompli?

— Ja, og det er skremmande. Vi er jo óg ein del av den europeiske kulturen. Men eg håpar at sunne krefter vil sigre etter ei rekke kriser, om rundt 20 år, kanskje. Og dei vil vakne opp frå sitt nederlag, inkludert sitt moralske nederlag.

— Akkurat no er vi vitne til danninga av eit nytt jernteppe i forhold til Russland. Vesten prøver å «slette» landet vårt, inkludert kulturen og verdiane. Media umenneskeleggjer russarane med vilje. Burde vi reagere tvert imot slik vi brukar, og «kansellere» Vesten?

— Absolutt ikkje. Vesten stenger no Jernteppet, først av alt fordi vi i Russland er dei verkelege europearane. Vi er framleis sunne. Og dei vil ekskludere desse sunne kreftene. For det andre stenger Vesten dette teppet endå tettare enn under Den kalde krigen, for å mobilisere folket til fiendskap. Men vi treng ingen militær konfrontasjon med Vesten, så vi vil sette vår lit til ein politikk der vi held ting i sjakk for å hindre det verste.

Vi vil sjølvsagt ikkje kansellere noko, heller ikkje vår europeiske historie. Ja, vi har fullført vår europeiske reise [når det gjeld integrasjon]. Eg trur det har dratt ut litt, kanskje i eit hundreår. Men utan europeisk innpoding, utan europeisk kultur, ville vi ikkje ha blitt ei så stor makt. Vi ville ikkje ha hatt Dostojevskij, Tolstoj, Pusjkin eller Blok. Så vi vil halde på den europeiske kulturen som vestsida av kontinentet vårt no ser ut til å prøve å forlate. Men eg håpar at dei ikkje vil øydelegge seg sjølve fullstendig på dette området. For vest-Europa forlet ikkje berre russisk kultur, men og sin eigen kultur. Dei kansellerer ein kultur som i stor grad er basert på kjærleik og kristne verdiar. Dei kansellerer si eiga historie sine monument. Men vi vil ikkje avvise våre europeiske røter.

Eg har alltid vore imot å sjå på Vesten med berre avsky. Det bør ein ikkje gjere. Då ville vi bli som dei. Og dei glir no mot ein uunngåeleg marsj mot fascisme. Vi treng ikkje all smitten som har vakse, og enno veks, ut av Verst-Europa. Igjen inkludert den veksande smitten av fascisme.

Vestens hang til fascisme når det går dårlig er ikke et nytt fenomen. (Foto fra Mekelle, Ethiopia, 1935.)

— Året 2023 såg opptining av gamle konfliktar og ei demonstrativ danning av vilkåra for nye – den føreseielege eksplosjonen i konflikten mellom Palestina og Israel, ei rekke krigar i Afrika og fleire lokale samanstøytar i Afghanistan, Irak og Syria. Vil denne trenden halde fram?

— Denne trenden blir ikkje eit snøskred under året som kjem. Men det er ganske openlyst at det vil auke, for dei tektoniske platene under verdssystemet har forskove seg. Russland er mykje betre førebudde for denne perioden no enn dei var for nokre få år sidan. Den militære operasjonen vi fører i Ukraina har mellom anna til føremål å førebu landet på eit liv i framtidas svært farlege verd. Vi reinsar vår elite, blir kvitt korrupte, pro-Vestlege element. Vi gjenoppliver økonomien vår. Vi gjenoppliver militæret vårt. Vi gjenoppliver den russiske anden. Vi er mykje betre førebudde på å forsvare interessene våre i verda no enn vi var for få år sidan. Vi lever i eit fornya land modig ser framåt. Militæroperasjonen hjelper til med å reinse oss for pro-Vestlege og Vesterniserande element, å finne vår nye plass i historia. Og til slutt å styrke oss militært.

— Er du einig i at verda frå og med 2024 vil gå inn i ein periode med langvarige konfliktar? Har menneskeslekta i dag den politiske viljen til å endre denne situasjonen?

— Sjølvsagt har vi gått inn i ein æra med langvarige konfliktar. Men vi er mykje betre førebudde på å takle dei enn vi nokon gong har vore. Eg trur at om vi følger ein kurs der vi held Vesten i sjakk samtidig som vi bygger relasjonar med brørne våre i Kina, blir vi no ein akse i verda som kan hindre at alle glir inn i ein global katastrofe. Men det krev innsats å gjere opponentane våre i Vesten meir edruelege. Vi har entra ein kamp for å berge verda. Kanskje er Russlands oppdrag å fri planeten frå Vestens åk, å redde den for alle vanskane som vil oppstå av endringar som allereie skapar mykje friksjon. Trusselen kjem til dels frå dei desperate motangrepa til Vesten, som klamrar seg til sin 500 år gamle dominans, som har late dei plyndre verda.

Vi ser at nye verdiar har oppstått i Vesten, inkludert fornekting av alt menneskeleg og guddommeleg i mennesket. Vestlege elitar har byrja nære desse anti-verdiane og undertrykke normale verdiar. Så vi har ein vanskeleg periode framfor oss, men eg håpar at vi vil bevare oss sjølve og hjelpe verda til å redde den tradisjonelle menneskeslekta.

Eitt av dei mange problema verda står ovanfor i dag, er sjølvsagt at den globale økonomien er i ei systematisk krise på grunn av den endelause konsumpsjonsveksten. Dette øydelegg naturen sjølv. Mennesket vart ikkje skapt for å konsumere, for å finne meininga med livet i å kjøpe nye ting.

Meningen med livet finner en ikke på et supermarked.

— I eit intervju med Interfax kopla viseutanriksministeren vår, Sergey Ryabkov, ei mogleg framtid der USA og undersåttane deira gir opp den anti-russiske kursen til eit «generasjonsskifte» i Vesten. Men kan ei endring av elitane i Vesten, viss det skjer, gi eit incentiv til å dempe spenningane? Tysklands utanriksminister Annalena Baerbock, fødd i 1980, er til dømes medlem av den nye generasjonen, men hennar synspunkt er meir radikale enn dei til «haukane» vi hadde før. Er det, etter ditt syn, i det heile tatt nokon fornuftig og diplomatisk politikar igjen i Vesten? 

— Eg trur at Vesten i dag har to generasjonar av elitar som allereie er ganske nedbrytande. Dessverre er det lite sannsynleg at vi vil kome til einigheit med dei. Men eg trur likevel at samfunn og folk, inkludert dei i vest-Europa, vil returnere til normale verdiar. Det vil sjølvsagt kreve ei endring i generasjonar av elitar. Eg er einig med Sergej Ryabkov i at det vil ta lang tid, men eg håpar at dei vest-europeiske landa, og kanskje USA og, ikkje vil falle inn i ein håplaus tilstand, og at sunne, nasjonale krefter vil returnere til makta rundt om i Europa.

Men eg trur ikkje at verkelege pragmatiske og nasjonale krefter kan kome til makta i vest-Europa i nær framtid. Så eg trur at om det nokon gong skal kome på tale med normale relasjonar mellom Russland og Vesten, så vil det ta minst 20 år.

Aleksandr Nevskij var en russisk fyrste som ble helgenkåret etter sin død. Nevskij seiret i 1240 over svenskene ved Neva-elven, og to år etter over tyske sverdriddere. Med stor fasthet avviste han den romersk-katolske kirkens forsøk på å få ham til å underkaste seg pavestolen. Da han døde, sørget folket dypt over ham. (Fra Store Norske Leksikon)

Vi må og innsjå at vi ikkje lenger treng Vesten. Vi har tatt med oss det vi kunne frå denne fantastiske europeiske reisa som Peter den store starta. No må vi returnere til oss sjølve, til opphavet til Russlands storheit. Det vil naturlegvis seie utviklinga av Sibir. Ny utvikling som inneber å nå nye horisontar. Vi må hugse på at vi ikkje er så mykje eit europeisk land som vi er eit eurasisk. Eg trøyttnar aldri på å minne om at Alexander Nevskij brukte eit og eit halvt år på å reise gjennom sentral-Asia og deretter sør-Sibir på veg til Karakorum, hovudstaden i det mongolske imperiet. Faktisk var han den først russiske sibiraren.

Ved å returnere til Sibir, til Ural, ved å bygge nye vegar, nye industriar, returnerer vi til oss sjølve, til røtene for våre 500 år med storheit. Det var først etter at Sibir vart opna opp at Russland fann styrken og sjansen til å bli ei stormakt.

I overskodeleg framtid kan vi i prinsippet diverre ikkje ha nokon seriøs avtale om våpenavgrensing.

— Kor fornuftig er det å gløyme Europa i fleire tiår?

— Under ingen omstende bør vi gløyme dei gamle, heilage steinane til Europa som Dostojevskij snakka om. Dei er ein del av sjølvmedvitet vårt. Sjølv elskar eg Europa, og særleg Venezia. Det var gjennom denne byen at Silkevegen passerte, og gjennom den dei store asiatiske sivilisasjonane. På den tida stod dei forresten over europeisk sivilisasjon i utvikling. Sjølv for 150-200 år sidan var det å sjå mot Europa eit teikn på modernisering og framsteg. Men no har det lenge vore eit teikn på at ein er intellektuelt og moralsk tungnem. Vi bør ikkje fornekte våre europeiske røter; vi bør handsame dei med varsemd. Trass alt har Europa gitt oss mykje. Men Russland må flytte seg framover. Og framover betyr ikkje til Vesten, men til Austen og landa i sør. Det er der framtida for menneskeslekta ligg.

— Avtalen om strategisk offensive våpen går ut i 2026. Kva kjem etter det? Med Vestens juridiske nihilisme, kan vi rekne med nye internasjonale militære avtalar? Eller er menneskeslekta dømd til eit ukontrollerbart våpenkappløp fram til ein ny verdsordem blir etablert, og deretter eit nytt status quo?

— Det er meiningslaust å forhandle med dei noverande Vestlege elitane. I skriva mine oppmodar eg det Vestlege oligarkiet til å erstatte desse folka, for dei er farlege for seg sjølve, og eg håpar at ein slik prosess før eller seinare kan starte. For den noverande gruppa er så djupt nedverdiga at det er umogleg å forhandle med dei. Ein må sjølvsagt snakke med dei, for det finst andre truslar enn atomvåpen. Vi har drone-revolusjonen. Cyber-våpen har oppstått. Det er Kunstig intelligens. Biologiske våpen har dukka opp som óg kan true menneskeslekta med grufulle problem. Russland lyt utvikle ein ny strategi som kan takle alle desse truslane. Vi arbeider med det, mellom anna på det nye Institutt for internasjonal militær økonomi og strategi, og vi vil halde fram arbeidet saman med intellektuelle elitar frå landa til verdas fleirtal. Desse er først og fremst våre kinesiske og indiske venner. Vi vil diskutere det med våre pakistanske og arabiske kollegaar. Førebels har Vesten ingenting konstruktivt å tilby oss. Men vi vil ikkje stenge døra.

Opprustningen vil fortsette.

I overskodeleg framtid kan vi i prinsippet diverre ikkje ha nokon seriøs avtale om våpenavgrensing. Rett og slett fordi vi ikkje ein gong veit kva vi skal avgrense og korleis vi skal avgrense det. Men vi lyt utvikle nye tilnærmingar og innprente meir realistiske synspunkt i partnarane våre rundt om i verda. Det er ikkje ein gong teknisk mogleg å rekne med avtalar om våpenavgrensing under dei komande åra. Det ville rett og slett vere bortkasta tid. Men det kan bli mogleg å gjere nokre pro forma-forhandlingar. Til dømes prøve å forby nye område for våpenkappløpet. Eg uroar meg særleg over biologiske våpen og våpen i verdsrommet. Noko kan gjerast på dei områda. Men det Russland no treng, er å utvikle ei ny form for avskrekking som ikkje har berre militære, men også psykologiske, politiske og moralske aspekt.

— Er vurderingane om at Vesten har akseptert at Kiev er slått altfor tidlege? Og idéen om at det globale sør er trygt i ferd med å slå den Vestlege verda?

— USA drar nytte av konfrontasjonen i Ukraina. For dei vest-europeiske elitane er det den einaste måten å unngå moralsk kollaps på. Det er derfor dei vil støtte konflikten i Ukraina i lang tid framover. I ein slik situasjon treng vi å handle bestemt både i felten og på området strategisk avskrekking, om vi skal oppnå måla våre så snart som mogleg. Samtidig er det viktig å forstå at fleirtalet i verda ikkje vil kjempe mot Vesten. Mange land er interesserte i å utvikle handel og andre relasjonar med dei. Derfor er Verdas fleirtal ein partnar, men ikkje ein alliert av Russland. Vi må vere tøffe, men tenksame. Eg er nesten sikker på at med rett politikk for å halde kontrollen og ein aktiv politikk for utkantane av Ukraina, kan vi bryte viljen til farleg motstand frå Vesten.

I dagens verd er det kvar mann for seg sjølv. Det er ei fantastisk fleir-polar, flier-farga verd. Det betyr ikkje at det om 20 år ikkje vil finnast blokker, inkludert ei betinga pro-russisk blokk. Vi må finne oss sjølve, forstå kven vi er. Ei stor eurasisk makt, Nord-Eurasia. Ein frigjerar av nasjonar, ein garantist for fred og eit militæpolitisk tyngdepunkt for fleirtalet i verda. Dette er lagnaden vår. I tillegg er vi unikt førebudde for denne verda, på grunn av den kulturelle openheita vi har fått frå historia vår. Vi er religiøst opne. Vi er nasjonalt opne.Alt dette er ting vi no forsvarer. Vi skjøner betre og betre at det viktigaste med oss er den russiske anden og den russiske kulturen. Vi er alle russarar – russiske russarar, russiske tartarar, russiske tsjetsjenarar, russiske jakutarar .. eg trur vi finn oss sjølve igjen. Og eg går inn i det nye året med ei kjensle av åndeleg verdigheit og optimisme. Russland blir fødd på ny. Det er heilt openlyst.

Av Evgeny Shostakov, i samtale med Sergej Karaganov

Dette intervjuet vart først publisert av Rossiyskaya Gazeta . Det er omsett til engelsk og redigert av RT (og til norsk av Monica Sortland)

https://www.rt.com/news/590016-sergey-karaganov-russia-west/

Forsidebilde: Engel ved peisen (Fireside Angel) ble malt av Max Ernst in 1937

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Putins tale til verden 26.des.23. :
    «Kjære innbyggere på vår vakre planet Jorden,
    Jeg, den russiske føderasjonens president, Vladimir Putin, bestemte meg for å henvende meg direkte til dere alle, utenom diplomater, deres ledere og journalister. I Russland er det en såkalt «Ural-utveksling», der det er forbudt å lyve, lure og overdrive. Derfor vil jeg snakke veldig ærlig slik at alle blir overbevist om sannheten i mine ord. Russland er et stort og rikt land, dets viktigste verdi er mer enn 150 millioner mennesker som bor i et territorium der rettferdighet er fremfor alt. Vi trenger ikke nye territorier.
    Vi har energi og alle andre ressurser er rikelig.
    Siden den store tartaren og de store mogulenes tid har ikke folkene i Nord-Eurasia utviklet seg på grunn av korstogenes angrep og koloniseringen av Amerika, Afrika, India eller Kinas narkotikaavhengighet, men på grunn av deres harde arbeid. og pasifisme. Alle som kan russisk forstår at «russisk» er et adjektiv som refererer til alle folkene i landet vårt. Russiske slaver, russiske tatarer, russiske jøder, russiske evaner, osv. Alle russiske i hjertet, selv om deres kultur, språk og livsstil er forskjellig. Vi hedrer dette mangfoldet av enhet.
    Det russiske folket blir nok en gang tvunget til å ofre livet for å beskytte verden mot nazisme og fascisme. Vi byttet ut 50 av våre krigsfanger med 50 ukrainske soldater. Ukrainske soldater ble behandlet på våre sykehus, fikk tre fulle måltider om dagen og reiste hjem.
    Vi tok imot russiske soldater som fikk kuttet av fingrene og kjønnsorganene. Ikke engang nazistene gjorde det i den siste krigen.
    Vi vil presentere dette beviset i en fremtidig prosess. Skam alle som støtter disse drittsekkene nå.
    Lederne deres i USA, Europa, Japan, Australia og andre steder har stilt seg på side med disse undermenneskene som setter sivile, gravide kvinner og barn over seg selv i kamp og bevisst ønsker krigsfanger. Jeg kan ikke forestille meg noen fornuftig person som støtter disse monstrene.
    Og deres Bidens, Scholz, Macron og andre mørke demokrater * beskytter ikke bare kriminelle, men bevæpner dem aktivt, gir dem penger som ikke er nok til å senke prisene i landene deres. Prisene stiger, verden kollapser, men ikke fordi russerne renser Europa for nazistiske onde ånder, men fordi du er taus og til og med støtter den nye bølgen av nazisme. Denne gangen drar vi ikke til Berlin, vi vil stoppe ved våre historiske grenser, og alle de onde nazistene som lederne dine åpner døren for vil gi deg et nytt «krystall»-liv, slik nazistene gjorde, og legge til omskjæring av det reproduktive. organer til den.

    Jeg appellerer til alle som ønsker å bo og jobbe i verden, oppdra barn og sosialisere med mennesker over hele verden. Hjelp Russland med å bekjempe den nye kreften – ukrainsk nazisme. Ikke Ukraina, hvor det bor fredelige og hardtarbeidende mennesker, men nazismen, drevet av amerikanske skatter og NATO-hauker. Hvis lederne dine støtter nazismen, skyv dem over kanten, ta makten i dine hender.
    Ukrainske nazister er beskyttet mot kuler av sivile, dine herskere bestemte seg også for å overføre byrden av høye priser og fremtidige problemer til befolkningen under påskudd av det forferdelige Russland. I Ukraina, akkurat som deg, lever nazistene godt bak ryggen til vanlige borgere, og vanlige borgere må lide – dette er de samme forbrytelsene i Ukraina som i Vesten. Vi har ikke brutt noen av løftene våre, og deres ledere har stjålet 300 milliarder dollar og euro fra det russiske folket.
    De stjeler eiendommen til vårt lands borgere over hele verden, du vil bevisst ha våre soldater, forby det russiske språket, angripe Guds kirke. Jeg ser at i land der ledere skjerper sanksjonene mot Russland, er det en økende bevissthet om hva som skjer og en bølge av protester sprer seg».
    Her er kilden: https://amg-news.com/boom-vladimir-putins-letter-to-the-world/

    Svar
  • Vikingene, disse «forferdelige blodtørstige berserkene» som den samme «eliten» som har gjennomført 2 verdenskriger, og er i ferd med å virkelig få i gang sin 3’dje store blodofring til sin «gud» Jahve/Jehovah/Djevelen/Satan kalte dem, bosatte seg i RUS og befolket dette landet. RUSsere er med andre ord de gamle vikinger, de som har bevart kristendom og moral.
    De Svarte Gribber i Vatikanet ble avvist av RUS, de forholdt seg til Jesus Kristus gjennom den Russisk Ortodokse Kirke, Vatikanet ble ikke innkludert, fikk ingen makt (og ingen penger) fra det store, rike og mektige Russland, hvilken fortrytelse for paven!
    Heri ligger «historiens» fortellinger om vikingene, da Charlemagne halshogde 1450 saxonere på en dag, ble vikingenes hevn over dette til at de var blodtørstige berserker. (Charlemagne ble utnevnt til fransk konge for denne «dåden») Rus åpnet opp landet med sin handel og ekspedisjoner, men De Svarte Gribber og andre Jud1 ble holdt utenfor, hvilken skam! i 1917 ble Vatikanets tog brukt til å frakte gull til Russland for å understøtte den Bolsjevikiske Revolusjon, av og med Khazarer, hvis man ikke var «jøde» i det øverste Sovjet, måtte man i hvertfall være gift med en «jødinne» som livsforsikring.
    Det er de samme «krefter» som ødela Russland som nå ødelegger Europa, og på samme måte som Russland nå har fått kastet ut det meste av de destruktive krefter fra Khazaria, må vi her i Europa gjøre det samme, men det vil nok ta like lang eller enda lenger tid enn i Russland, da Europa består av mange land og ikke alle land forstår faren med hva de har sluppet innenfor sine grenser siden 1900 tallet begynte (og noen før det også)
    Min spådom er at «jødeparagrafen» blir gjeldende igjen ikke bare i Norge, men muligens i hele verden, slik den var gjeldende i 102 av 150 land i fortiden, men desverre, «penge-makten» deres er stor, og propagandaen om at «penger» er mer verdt enn din arbeidsevne sitter godt fast i befolkningene, så det vil ta lang tid, 20 år tror jeg personlig er for lite, ca. 50 år tror jeg er mer passende, men hvis generasjonene Boomers og Z blir «utryddet» av «vaksine-skudda» til «eliten» kan det kanskje gå raskere, så tiden vil vise. Men vi må forberede oss på minst 20-30 år i mørket, med daglige kamper for tilværelsen, mot innvandrere, men også mot «regjeringsstyrker», og det blir en kamp om å få tilgang til mat. De som har sett Hollywoods katastrofe- og Aftermath- filmer har en viss peiling på hva som venter Europa fremover. Mange tror nok at jeg er «passe gal», men desverre virker jeg å ha hatt rett i det meste i galskapen de siste årene, så kanskje best å forberede seg litt, mens man ler av den idioten som skrev dette?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Tidligere marineoffiser i USA:

Hva er poenget med basene i Norge?

Russland vil aldri komme den veien.

Forrige innlegg

Våpenforsendelsene til Kiev-regimet:

Fredsnasjonen Norge er i tet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.