POSTED IN Israel, Krig-fred, Syria

Russerne vil ikke mer.

Nå skytes israelske missiler ned og flyene er også i faresonen.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Israel går over til luftutskotne kryssarrakettar som repons på russiske reaksjonar på landets åtak på Syria

«Israelske kjelder stadfestar at BUK 2ME vart brukt for første gong mot israelske rakettar. Det reiser frykt for at også israelske pilotar kan kome i skotlinja.»

Arie Egozi

anti-empire 21. juli, 2021


Forsvarskjelder seier det israelske militæret planlegg å skifte taktikk i Syria. I motsetning til luftangrep, vil dei no fokusere på langtrekkande standoff-våpen, etter at russarane byrja bruke sitt ekstremt avanserte luftvernssystem som greier å skyte ned israelske jetfly over syrisk luftrom.

Skiftet kjem etter ei kunngjering førre veke av kontreadmiral Vadim Kulit, sjefen for det russiske senteret for militær forsoning i Syria, som sa i eit TV-intervju at dei russiske styrkane assisterte syrarane med avskjeringa av fire missilar som hadde blitt skotne ut av israelske F-16 – det første tilfellet av russisk assistanse til mottiltak mot israelske militære operasjonar.

BUK 2ME

Kulit sa det vart brukt ein russisk BUK 2ME, kjend i NATO-sirklar som SA-17 Grizzly. Systemet er eit avansert forsvarsmissil-kompleks (advanced defense missile complex, ADMC) med mellomstor rekkevidd, designa og produsert av Almaz-Antey, primært for den russiske hæren. Det systemet, som det er det russiske militæret sjølv som styrer, har aldri før vore brukt mot israelske verdiar. Syrarane brukar eldre luftvernvåpen som ikkje har fungert særleg bra.

Israelske kjelder stadfestar at BUK 2ME vart brukt for første gong mot israelske missilar, noko som reiser frykt for at også israelske pilotar kan bli råka. Som resultat planlegg dei militære leiarane her å endre operasjonane til å bruke nesten kun våpen med lang rekkevidd.

Israels militær kommenterer ikkje rapportar om angrep i Syria, men i følge utlandske medium har det vore hundretals angrep på Iran-tilknytte militære mål i Syria desse åra. Jerusalem fryktar at Iran skal forskanse seg i grenseområda i nord, og dei har gjentatte gongar slått til mot fasilitetar som er tilknytte Iran og mot våpenkonvoiar på veg til Hizbollah. Israel har brukt standoff-våpen før, men majoriteten av angrep har vore utførte med våpensystem som dei har floge tett inntil målet med.

Relasjonen mellom Russland og Israel har endra seg. For dei fleste av konfliktane i Syria har Israel og Russland hatt ei hotline som let det israelske militæret varsle russiske styrkar om innkomande angrep mot syriske styrkar støtta av Moskva. Vanlegvis, seier kjelder, vart Russland gitt varsel to til tre minutt før eit angrep, slik at dei skulle kunne få personellet sitt ut av området. I nokre tilfelle vart oppdrag avbrotne på grunn av frykt for å treffe russiske styrkar.

Men russiske tenestemenn blir i regionale medium no siterte på at denne forlikslinja ikkje lenger eksisterer. Den endringa set dei i direkte samband med valtapet til tidlegare statsminister Benjamin Netanyahu, som hadde eit velfungerande forhold til Russlands president Vladimir Putin. Israelske kjelder her seier også at kommunikasjonen på denne linja har stoppa.

black and gray mountain bike on brown sand during daytime
Det blir langt vanskeligere for israelere å ta seg frem med sine dødbringende våpen enn tidligere.

Kombinasjonen av desse forholda – mangelen på ei aktiv direktelinje og aktiveringa av russiske luftvernvåpen – sender ei melding til Jerusalem om at israelske styrkar no offisielt er i fare.

«Russland har bestemt seg for å ende den israelske handlefridommen i Syria,» seier dr. Mordechai Kedar, ein israelsk ekspert på Midtausten-spørsmål, til Breaking Defense. Han legg til at Moskva ønsker å portrettere Syria som eit velfungerande land, slik at dei kan byrje pumpe inn middel til gjenoppbygging av det øydelagte landet, noko Moskva ville ha strategisk og økonomiske nytte av.

«Dei hyppige israelske luftangrepa på mål i Syria hjelper ikkje til med å bygge det ønska imaget,» seier Kedar. «Dette er eit faresignal for Israel.»

Det er venta at israelarane vil bruke libanesisk luftrom til å skyte ut våpen frå luft-plattformane sine, samstundes som dei aukar bruken av bakkebaserte system som skyt frå Golan-høgdene.

Israelarane har fleire alternativ for langdistanseevnene sine. Eitt er, som russiske medium hevdar har blitt brukt nyleg, Rampage-våpenet. Rampage er utvikla i fellesskap mellom Israeli Military Industries Systems (IMI), nyleg overtatt av Elbit Systems, og Israeli Aerospace Industries (IAI). Raketten på 570 kg og med ei lengd på 4,7 meter blir av selskapa marknadsført som eit penetrerande system designa for bruk mot infrastruktur som t.d. kommando- og kontrollsenter.

Eit anna alternativ for Israel er Rafael Spice-familien av smart-bomber, inkludert variantane 1000 og 2000 lbs [tilsvarande omlag 500 og 1000 kg, mrk.]. SPICE-1000 har ei rekkevidd på 100 kilometer, medan SPICE-2000 har ei rekkevidd på 60 kilometer.

Rafael avslørte nyleg også eit nytt system, kjent som ROCKS, eit 1,3 tonn tungt våpen armert med eit stridshovud på 360 kg. Selskapet har ikkje sagt nøyaktig kor stor våpenet si rekkevidd er.

Kjelde Breaking Defense

Omsett av Monica Sortland

Dei som heller vil lese på engelsk finn artikkelen her: https://anti-empire.com/israel-switching-to-air-launched-cruise-missiles-in-response-to-russian-moves-against-its-strikes-on-syria/

Forsidebilde: James Ballard



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 350 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Den Khazariske bastard staten bomber stadig Syria. Det samme gjør USA og Tyrkia som også har interesser i landet. Den syriske hæren har blodige tap i Daraa og i sør nær den Israelske grensen. Russland og Assad har store problemer og Putin må bruke mer avanserte antimissil våpen for å forsvare syrisk territorium. Helt klart at krigen eskalerer.

    Svar
    • «Russland og Assad har store problemer og Putin må bruke mer avanserte antimissil våpen for å forsvare syrisk territorium.»

      Så kan man undres over hvorfor folk, media, og «storsamfunnet» ikke reagerer på at Syria blir angrepet og frastjålet nasjonens verdier av våre «allierte» ( les røvere. )
      Det ble jo «2 verdenskrig fordi Tyskland gikk til angrep på Polen «( dvs. forsvarte egne innbyggere i frarøvede områder ).
      Vi bør forlange at alle de landene som er årsaken til ødeleggelse av Syria betaler for å bygge opp landet igjen, slik Russland ønsker et samarbeid om.
      Hva ser vi? Vesten, og Norge (!) setter istedet igang en økonomisk boikott/krig mot både Syria og Russland. Slik jødiske organisasjoner oppfordret til økonomisk krig mot Tyskland i 1933; fordi nasjonalsosialistene satte bjella på gnagerne.

      Svar
  • Harald Myrhaug
    1 august 2021 23:09

    Israel fortjener en verdig motstander, à la Russland – Akkurat som bøllen(e) i klassen, alltid har fortjent «samme medisin»!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Meldingene kommer fra land etter land, nå fra USA:

Vaksinerte smitter like mye som uvaksinerte.

Previous Post

PWC:

EU — en marginalisert utkant

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.