POSTED IN Afghanistan

Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen: Det viktige for USA er ikke å vinne kriger.

Det viktige er å skape ustabilitet og kaos.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Er nederlaget i Afghanistan rettet mot å plassere Russland og Kina i en vanskeligere stilling?

by Thierry Meyssan

Mainstream-media er delt i to leirar når det gjeld korleis dei skal tolke Kabuls fall. Nokre av dei meiner at Demokratane er feigingar og at uttrekkinga frå Afghanistan har tatt motet frå dei allierte. Andre meiner dei har spelt godt og sett russarane og kinesarane i skvis. Desse to syna samsvarer med det tradisjonelle paradigmet om Det amerikanske imperiet. Men for Thierry Meyssan er Washington, sidan 11. september, 2001, i hendene på dei som følger Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen. USA ter seg no som ein utpressar. Kaoset vil halde fram i Afghanistan i lange tider framover. Russiske, kinesiske og europeiske selskap som gjerne vil drive gruvedrift i Afghanistan, får gjere det, men berre dersom dei overlet sikkerheita til US-amerikanske styrkar. Dei som nektar slikt vern, vil bli eliminerte.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 24. AUGUST 2021

69.3% of velgerne i USA er misfornøyde med Bidens militære tiltak i Afghansistan

Kabuls fall fører til forferdelege scener med flukt og desperasjon. Lat oss sjå bortifrå det faktum at dei flyktande som oftast ikkje er fredelege tolkar frå vestlege ambassadar, men kollaboratørar i antiopprørsstyrkane til USA, med bloddryppande hender. Det vi er vitne til, er ein katastrofe som burde få oss til å miste trua på makta til «Amerika».

 51% av US-amerikanarane mislikar president Joe Biden sin utanrikspolitikk.
 60% mislikar spesielt mykje den politikken han fører overfor Afghanistan
 63% seier denne krigen ikkje var verd å kjempe for [1].
Nesten alle US-amerikanarane som kjempa i Irak, er svært sjokkerte.

Men i verste fall er det klart at Washington godt visste at den afghanske hæren ikkje ville stå imot Taliban, som i teorien berre hadde ein tredel av talet på krigarar og var mykje mindre velutstyrte. West Point CTC publiserte i januar ein studie for å varsle om denne føreseielege katastrofen [2]. Spørsmålet var ikkje om Taliban kom til å vinne, men på kva tidspunkt president Biden kom til å la dei vinne.

Forhandlingane mellom USA og Taliban, som hadde trekt ut i årevis og som president Biden raskt fekk i hamn, må tolkast som ei frivillig overgiving av makt til Taliban. Ein kan lure på korfor det tok Washington hundretusentals dødsfall, astronomiske summar pengar og fire presidentars strev å drive Taliban ut av Kabul og deretter tilbake inn; og korfor president Biden bestemte seg for å ta på seg rolla som den slagne.

Den same misforståinga rådde grunnen då Baker-Hamilton-kommisjonen førte til at USA trekte seg ut av Irak og Donald Rumsfeld, som då var forsvarsminister, utan å tvile tok på seg rolla som den slagne; ei misforståing som framleis rådde for tre månadar sidan, då Rumsfeld døydde.

Det er på tide å slutte å høyre på politikarane og heller lese kva dei militære skriv. Politikarar fortel oss berre det vi toler å høyre. Vi er alltid på den rette sida, og vi vil døy berre for demokratiet. Militæret, på den andre sida, prøver ikkje å forføre oss, men å skjøne kva som er venta av dei. Så dei skriv ikkje for å smigre illusjonane våre, men for å eksponere den usminka sanninga. 

Som eg har forklart mange gongar [3], publiserte US Army i dagane etter 9/11-angrepa ein artikkel av oberst Ralph Peters som slo fast at USA ikkje lenger treng å vinne krigar. Det dei treng, er å organisere ustabilitet i visse regionar av verda, særleg i «det større Midtausten». Han sa vidare at statar ville måtte gjenskapast langs etniske linjer, d.v.s. Separere blanda folkegrupper, og at dette berre kunne gjerast ved hjelp av etnisk utreinsking og andre brotsverk mot menneskeslekta. Han avslutta presentasjonen sin med å forsikre om at Pentagon alltid kunne delegere makta si til leigesoldatar, så dei kunne gjere det skitne arbeidet [4]. I spenninga kring 9/11 var det ingen som merka seg denne artikkelen som ope hevda at skrekkelege brotsverk vart førebudde.

Fem år seinare publiserte Ralph Peters kartet som Joint Chiefs of Staff arbeidde med i 2001 [5]. Panikk braut ut blant heile den militære leiarskapen i det større Midtausten: ingen var trygge, ikkje ein gong allierte av USA. Ulike allianseendringar følgde. Men det var ikkje før 2011 og angrepet på Libya (den gong ein alliert av USA) at vi såg kva som var på gang.

Sidan den gong har vi sett at krigen i Afghanistan, som var meint å vare til Osama bin Laden flykta, har vart i 20 år; at krigen i Irak, som skulle vare til president Sadam Husseins fall, har vart i 17 år; at krigen i Libya, som skulle vare til Muamar Gaddafis fall, har vart i 10 år; at krigen i Syria, som skulle vare til president Bashar al-Assads fall, har vart i 10 år. Vidare har vi sett at al Qaida (historisk sett ein av CIA sine kreasjonar) og IS (historisk sett ambassadør John Negroponte sin kreasjon) gjer forferdelege brotsverk mot menneskeslekta, heilt i tråd med oberst Ralph Peters si kunngjering. Og vi veit at desse terroristorganisasjonane er finansierte av, væpna og overvaka av britane og amerikanarane.

Ja, «den endelause krigen» som president George W. Bush erklærte handlar ikkje om å «bekjempe terrorisme», men om å bruke terrorisme til å «destabilisere» ein heil region. Dette var tittelen på oberst Peters sin artikkel i 2001: «Stabilitet: USAs fiende».

Når det altså er slik det er, så må vi tolke Kabuls fall på nytt, i lys av denne nye strategien. I to år, i 2002-03, for admiral Arthur Cebrowski rundt til alle militærakademia i USA for å forklare det. Han trefte alle dei noverande generalstabsoffiserane i USA. Denne strategien vart popularisert for ålmenta av Cebrowski sin assistent, Thomas Barnett – sjølv om boka hans [6]naturlegvis aldri har blitt omsett til andre språk.

Kabuls fall oppfyller den sentrale målsetninga til denne strategien, på det vilkår at Taliban ikkje lykkast i å etablere eit stabilt regime – og utan allierte vil dei heller ikkje klare det. Kollaboratørane til USAs antiopprørsstyrkar sin flukt vil, dersom dei lykkast i å bli tatt for fredelege tolkar, la terrorismen spreie seg i dei landa som tar imot dei. Dette blir allereie fordømt av president Vladimir Putin. Overføringa av militært utstyr som vart gitt til den afghanske hæren til Talibans hender, vil la dei angripe sine naboar. I motsetning til IS, har Taliban allereie biometriske filer på nesten heile befolkninga og ein luftstyrke med ein flåte på over 200 krigsfly. Krigen i sentral-Asia vil difor bli endå meir forferdeleg enn krigen i det større Midtausten.

Immigrantane som utvikla USA var utpressarar. Dei tente som modell for strategane i Pentagon

Sist, men ikkje minst. Somme kommentatorar trur at Washington har overgitt Afghanistan for å skape problem for Russland og Kina. Dette er ikkje Rumsfeld/Cebrowski-strategien i det heile. I følge sistnemnde bør vi ikkje gå i kamp mot desse store maktene, men heller gjere dei til klientar. Dei bør få hjelp til å utbytte Afghanistan, Irak, Libya, Syria og mange andre, men berre under US army sitt vern.

Du skjøner, Washington tenker ikkje lenger som ein rival til det romerske imperiet, men som ein utpressar. Dei bygger ikkje triumfbogar til si ære kor som helst, og dei aksepterer til og med at presidenten, Joe Biden, lir nederlag i Afghanistan. Han prøver å dominere verda i skuggane og tene så mykje pengar som mogleg.

Du trur eg finn på eit dommedagsscenario? Då får du fortelje meg kva som manglar i argumentasjonen min! 

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

[1] «Afghanistan war unpopular amid chaotic pullout», AP-NORC poll, by Josh Boak, Hannah Fingerhut & Ben Fox, August 19, 2021. «Nationwide Issues Survey», Convention of States Action-Trafalgar Group, August 2021.

[2] «Afghanistan’s Security Forces Versus the Taliban: A Net Assessment», Jonathan Schroden, CTC Sentinel, January 2021 (Vol 14, #1).

[3] «Comment redessiner le Moyen-Orient ?» in L’Effroyable imposture II, par Thierry Meyssan, 1er éd Alphée (2006), 2ème éd Demi-Lune (2020).

[4] “Stability. America’s ennemy”, Ralph Peters, Parameters, #31-4, Winter 2001.

[5] “Blood borders. How a better Middle East would look”, Ralph Peters, Armed Forces Journal, June 1, 2006.

[6The Pentagon’s New Map : War and Peace in the Twenty-first Century, Thomas P. M. Barnett, Paw Prints (2004).



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 464 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Veldig god artikkel!

    Eneste jeg vil legge til er at eliten aldri bare har en grunn for sine kyniske handlinger. I tillegg til kaos i Afghanistan, så vil dette skape en flyktningebølge i Europa. Det er åpenbart flere grunner også. Tipper vi vil se flere av dem det neste året.

    Husk på at den andre atombomben som ble sluppet over Japan under andre verdenskrig var totalt unødvendig, men de slapp den uansett. Mange spekulerte på at det var fordi de ønsket å teste ut både uraniums- og plutoniumsbomen sin. Men det er også avdekket at de slapp den siste bombem over den største kristne katedralen i Asia og mer eller mindre ødela det kristne samfunnet i Japan. Som sagt, elitens mesterplaner har alltid mange motiver.

    Svar
    • De går aldri til krig uten at de har mange motiver. Dette fordi da vil media og de kommentatorer som er deri, diskutere og ikke komme fram til noe felles svar om hvorfor de gjør det. Og det vil ikke reise seg en enhetlig motstand. Dette er en anvendt splitt og hersk metode. Men at det alltid er diskutabelt hvorfor at det er krig, forteller oss at det opplyste demokrati fungerer ikke. Det er mørkemaktene som råder.

      Og i tillegg – godt med en Thierry artikkel hvor han ikke kaller UK for anglo-saxons. Det er så dumt som å kalle Solberg og Sørbye Eriksen for ett vikingregime.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Studie i Israel:

Naturlig immunitet 13 ganger mer effektivt enn vaksine.

Previous Post

Føydalsamfunnet tilbake i USA.

Driften i landbruket blir en form for leilendingsvirksomhet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.