POSTED IN Demokrati, USA

Robert F. Kennedy:

Banditt-teknokrater steler demokratiet vårt. (Del 2).

1 kommentar

Dette er 2. del av et lengre forord til en bok. 1. del er allerde publisert.

Amerikanarar, vakn opp! Banditt-teknokratar er i ferd med å stele demokratiet vårt.

av Robert F. Kennedy, Jr

Surrey Board of Trade blasted for planned speech by prominent anti-vaxxer  Robert F. Kennedy Jr. | Globalnews.ca
Robert Francis Kennedy jr. er en amerikansk advokat, radiovert, forfatter og miljøvernaktivist. Han er sønn av tidligere justisminister Robert F. Kennedy og nevø av tidligere president John F. Kennedy. Wikipedia

Forord til Mercola-boka om COVID-19; publisert i the Defender den 31. mars, 2021 (del 2)

Den moderne intensjonen til den totalitære staten er korporativt kleptokrati – ein konstruksjon som erstattar den demokratiske prosessen med dei vilkårlege forordningane til uvalde teknokratar. Ufråvikeleg gir ordrane deira multinasjonale selskap ekstraordinær makt til å monetisere og kontrollere dei intimaste delane av liva våre, gjere milliardærane endå rikare, gjere massane fattigare og styre meiningsavvik med utrøytteleg overvaking og lydnadstrening.

I 2020, under Bill Gates’ leiing, applauderte Silicon Valley frå sidelinja når mektige medisinske sjarlatanar – ved oppteikning av dei mest pessimistiske framtidsutsikter, basert på diskreditert modellering og lett manipulerbar PCR-testing og ein meny med nye reglar for obdusentar som verka ha til hensikt å inflatere raporteringa av COVID-19-dødsfall – blåste opp pandemipanikken og sette verdspopulasjonen i husarrest.

Suspenderinga av vanlege prosessar med reglar for førehandsvarsling og høyringar, medførte at ingen av regjeringsprelatane som ordinerte karantenen først laut offentleggjere kalkulasjonar som kunne vise at det å øydelegge den globale økonomien, forstyrre mat- og medisinforsyning, og kaste ein milliard menneske ut i stor fattigdom og mat-uvisse ikkje ville drepe fleire enn det ville redde.

two men sitting on road
Resultatet av denne politikken ser vi et eksempel på her

I USA smadra karantenen nasjonens ein gong så framgangsrike økonomiske motor; den sende 58 millionar amerikanarar ut i arbeidsløyse og slo fleire enn 100 000 småbedrifter konkurs permanent, inkludert 41 000 forretningar eigd av Svarte, med nokre av desse igjen som det hadde tatt tre generasjonar med investeringar å bygge opp.

Denne politikken har også sett i gang den uunngåelege oppløysinga av det sosiale sikkerheitsnettet som gav næring til USAs misunte middelklasse. Offentlege tenestemenn har allereie byrja avvikle arven etter New Deal, New Frontier, the Great Society og Obamacare for å betale ned på den akkumulerte karantene-gjelda. Sei farvel til skulemåltid, helsestell, WICS, Medicaid, Medicare, universitetsstipend osb., osb. osb..

Samstundes med å utslette middelklassen og sende 8% til av amerikanarar under fattigdomsgrensa, så har «COVID-kuppet» av 2020 overført ein billion dollar til Big Tech, Big Data, Big Telecom, Big Finance, Behemotane i Big Media (Michael Bloomberg, Rupert Murdoch) og internett-titanane i Silicon Valley ( som Jeff Bezos, Bill Gates, Mark Zuckerberg, Sergey Brin, Larry Page og Jack Dorsey). Det verkar ikkje tilfeldig at desse mennene, som håvar inn på fattigdommen og misæren forårsaka av globale nedstengingar, er dei same mennene som eig selskapa som aktivt sensurerer kritikarar av den politikken.

Folk flest er tapere på nedstengning-politikken. Her en av de store vinnerne

Nett dei same internettselskapa som lurte oss alle med løftet om demokratisering av kommunikasjonen, har skapt ei verd der det har blitt utillateleg å snakke stygt om offisielle kunngjeringar, og praktisk talt kriminelt å kritisere farmasøytiske produkt. Dei same Tech/Data- og Telecom-røvarbaronane, som no fråtsar i seg lika av vår utsletta middelklasse, omdannar raskt USA sitt ein gong så stolte demokrati til ein sensur- og overvakingspolitistat som dei kontinuerleg kan profitere på.

Til dømes brukte denne klikken nedstengingar til å akselerere konstruksjonen av 5G-nettet, med ein infrastruktur av satellittar, antenner, biometrisk ansiktsgjenkjenning og sporing (track-and-trace), som dei og partnarane deira i regjering og etterretningsapparat vil bruke til å utvinne og monetisere data våre gratis, tvinge fram lydnad mot tilfeldige diktat og undertrykke usemje.

Denne regjerings/industri-alliansen deira vil bruke dette systemet til å styre raseriet når amerikanarane endeleg vaknar opp til den røynda at denne kjeltringgjengen har stole demokratiet vårt, borgarrettane våre og livsstilen vår – medan vi flokka oss i orkestrert frykt for ein influensaliknande sjukdom.

Som venta stilte våre andre grunnlovsrettar på geledd bak talefridommen ved galgen. Sensuren har maskert denne systematiske nedbygginga av grunnlova vår, inkludert angrepa på forsamlingsfridommen vår (gjennom sosial distansering og nedstengingsreglar), på gudsdyrkingsfridommen vår (inkludert avskaffing av religiøse dispensasjonar og stenging av kyrkjer, medan brennevinsutsalet framleis held ope som «viktig teneste»), privat eigedom (retten til å drive ei forretning), rettstryggleiken vår (inkludert innføringa av vidtrekkande restriksjonar på rørslefridom, utdanning og folkesamankomster utan regelmaking, offentlege høyringar eller fastslåing av korleis det innverkar på økonomien og miljøet), det 7. grunnlovstillegget om retten til rettssak med jury (i tilfelle med vaksineskadar forårsaka av korporativ forsøming), rettane våre til privatliv og mot illegal ransaking og kverrsetting (track and trace utan ransakingsordre/-løyve), og retten vår til å ha regjeringar som ikkje spionerer på oss eller oppbevarer informasjonen vår med vondskapsfulle hensikter.

Å gjere dr. Mercola taus hadde sjølvsagt høg prioritet hos Den medisinske klikken. I fleire tiår har dr. Mercola vore blant dei mest stridsføre og påverknadskraftige forkjemparane mot det farmasøytiske paradigmet. Han var ein veltalande, karismatisk og kunnskapsrik kritikar av eit korrupt system som har gjort amerikanarane til verdas største konsumentar av farmasøytiske medikament. Amerikanarane betaler den høgaste prisen for medikament, og har dei verste helseutkoma av dei 75 nasjonane på topp.

Medication fog can mimic or worsen dementia in the elderly - Chicago  Sun-Times
Disse virkemidlene kan hjelpe mange. Legemiddelindustrien ønsker å selge så mange som mulig. Økt forbruk fører til flere dødsfall.

Om vi ser bort ifrå opiat – som tar livet av 50 000 amerikanarar årleg – ligg farmasøytiske middel no på tredjeplass som årsak til død i USA, etter hjerteatakk og kreft. Som ein profet i villmarka har dr. Mercola i ei årrekke argumentert for at god helse ikkje kjem med ei sprøyte eller ei pille, men med oppbygging av sterke immunsystem. Han seier ernæring og trening er den mest effektive medisinen, og at offentlege helsearbeidarar bør vere pådrivarar for ein politikk som motverkar tiltrua til farmasøytiske produkt, og som vernar om matforsyninga vår frå dei store innan mat, kjemi og landbruk («Big Food, Big Chemical and Big Ag»). Desse rovgriske industriane ser naturlegvis på dr. Mercola som samfunnsfiende nummer 1.

Storfarmasiens sitt årlege reklamebudsjett på 9,6 milliardar dollar gir desse skruppellause selskapa kontroll over nyheits- og fjernsynskanalane våre. Sterke økonomiske drivarar (farmasøytiske selskap er dei som gir tv-kanalane dei største reklameinntektene) har lenge søkt å hindre mainstream-kanalane i å kritisere vaksineprodusentar. I 2014 fortalde ein tv-nettverkspresident, Roger Ailes, til meg at han ville sparke alle nyheitsvertane som let meg snakke om vaksinetryggleik på lufta. «Nyheitsavdelinga vår,» forklarte han, «får opp til 70% av reklameinntektene frå farma i år det ikkje er val.»

Så farmasøytiske produkt var både karakteristikken og sluttpoenget til Kansellasjonskulturen (Cancel Culture). Pharmedia har lenge nekta dr. Mercola dekning på lufta og i avisene og samstundes gjort om nettstaden Wikipedia – som fungerer som Pharma sin nyheitsformidlar og propagandaverkty – til ein fabrikk for bakvasking av både han og alle andre rettskafne og velfungerande legar.

Då COVID braut ut, slutta røvarbaronane i sosiale medium – alle med sine eigne finansielle band til den farmasøytiske industrien – seg til kampanjen for å sette munnkorg på Mercola ved å kaste han ut frå plattformane sine.

three women sitting on sofa with MacBook
Diskusjon fører til økt forståelse og innsikt og fremmer evnen til kritisk tenkning. Når folk må utestenges er det fordi noen anser meningene deres som farlige.

Det er eit dårleg teikn for demokratiet når folk ikkje lenger kan føre siviliserte, velinformerte debattar om urovekkande politikk som påverkar livskrafta til økonomien vår, folkehelsa, personlege fridommar og konstitusjonelle rettar. Sensur er vald, og denne systematiske kneblinga av debatten – som forslagsstillarane rettferdiggjer med at det er tiltak for å innskrenke farleg polarisering – fyrer eigentleg endå meir opp under polariseringa og ekstremismen som autokratane brukar til å innføre stadig meir drakonisk kontroll.

Vi kan minnast, på dette merkverdige tidspunktet i historia vår, åtvaringa til far min sin ven Edward R. Murrow: «Retten til å vere ueinig … er visseleg fundamental for eksistensen av eit demokratisk samfunn. Det var den retten som forsvann først i alle nasjonane som har snubla nedover vegen til totalitarisme.»

Robert F. Kennedy, Jr.

Dette var siste del av forordet til boka “The Truth About COVID-19 — Exposing the Great Reset, Lockdowns, Vaccine Passports, and the New Normal” av doktor Joseph Mercola og Ronnie Cummins. Boka skal etter planen kome ut den 29. april. Løp og kjøp!

Omsett, med store vanskar, av Monica Sortland

Mange nyansar har gått tapt i omsettinga av dette skrivet, så ein kan godt lese den på originalspråket: https://childrenshealthdefense.org/defender/rfk-jr-mercola-truth-about-covid-19/

Tidligere publisert på derimot.mo



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 106 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Litt på siden kanskje.
    Men under en legestreik i USA for noen (ti-) år siden gikk dødstallene NED. 🙂

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Tvangen eksisterte i to uker

Hviterussland droppet obligatorisk ansiktsmasker dagen etter at Lukashenko offentlig overhøvlet helseministeren

Previous Post

Klimapolitikkens virkelighet:

Løftene senkes i olje!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.