Dette er 1. del av et lengre forord til en bok. 2. del følger.
Amerikanarar, vakn opp! Banditt-teknokratar er i ferd med å stele demokratiet vårt.
av Robert F. Kennedy, Jr



Forord til Mercola-boka om COVID-19; publisert i the Defender den 31. mars, 2021
Teknokratpolitikarar, milliardæroligarkar, den store farmasøytiske industrien, dei store IT-selskapa, dei store media, høgfinans-ransbaronane og det militærindustrielle etterretningsapparatet elskar pandemiar av same grunn som dei elskar krigar og terroristangrep.
Katastrofale kriser skapar behagelege moglegheiter til å auke både makt og rikdom. I sitt banebrytande verk, boka “The Shock Doctrine: The Rise of Disaster Capitalism”, talar Naomi Klein om korleis autoritære demagogar, svære korporasjonar og rike plutokratar brukar massive samanbrot til å skyve rikdommen oppover, utslette middelklassane, avskaffe borgarrettane, privatisere fellesgoda og auke den autoritære kontrollen.
Ein fullendt insider, tidlegare stabssjef i Det kvite hus, Rahm Emmanuel, er kjend for si åtvaring om at faste maktstrukturar aldri bør «la ei seriøs krise bli sløst bort». Men denne utslitne strategien – å bruke kriser til å oppelde til terror som brulegg vegen for diktatorisk makt – har tent som den sentrale strategien for totalitære system i fleire tusenår.
Metodologien er eigentleg heilt etter oppskrift, som Hitlers Luftwaffe-sjef Hermann Göring forklarte under Nürnberg-tribunalet over nazi-brotsverk:
«Det er alltid ei enkel sak å dra med seg folk, enten det er eit demokrati, eit fascistisk diktatur eller eit parlament eller eit kommunistisk diktatur.»
«Røyst eller inga røyst, ein kan alltid få folket til å lyde leiarane. Det er lett. Alt du treng gjere, er å fortelle dei at dei er under angrep, og fordømme pasifistane for at dei manglar patriotisme og legg landet ope for større farar. Det fungerer på same måte i alle land.»
Nazistane peika på truslane frå jødane og sigøynarane for å rettferdiggjere den mordariske autoritarismen i Det tredje riket. Den diktatoriske demagogen senator Joseph McCarthy og Husets Komite for uamerikanske aktivitetar åtvara mot kommunistisk infiltrasjon i USAs utanriksdepartement og filmindustri for å få lojalitetseidar og Svartelista til å høyrest fornuftig ut.
Dick Cheney brukte 911-angrepet til å lansere sin «lange krig» mot diffus terrorisme og Patriot Act, som la grunnlaget for den moderne overvakingsstaten.
No har medisinkartellet og dei milliardærmedskuldige i dei store teknologibedriftene bragt på bane den mektigaste, mest skremmande og seigliva fienden av alle – mikroben.
Og kven kan klage på det? Det å auke rikdommen og makta til oligarkiet er sjelden ein potent farkost for populisme. Borgarar som er vane med å stemme på regjeringane sine, vil sannsynlegvis ikkje støtte politikk som gjer dei rike rikare, aukar korporasjonane sin politiske og sosiale kontroll, reduserer demokratiet og reduserer borgarrettane deira.
Så demagogar må gjere frykta til eit våpen for å rettferdiggjere at dei krev blind lydnad og for å vinne folkeleg samtykke for raseringa av sivile og økonomiske rettar.
Sjølvsagt er det alltid talefridommen som først blir ofra. Etter å ha fyrt opp nok panikk mot dagens nisse, treng røvarbaronane å stilne protestane mot rikdommane og makttilraninga deira.
Då han inkluderte talefridom i første grunnlovstillegg, argumenterte James Madison for at alle våre andre fridommar var avhengige av denne retten. Ei regjering som kan skjule sine ugjerningar har lisens til å gjere uhyrlege ting.
Så snart dei får tak på autoritetens pressmiddel, innfører tyrannane Orwellsk sensur og byrjar å terrormanipulere annleistenkande. Men til sjuande og sist prøver dei å avskaffe alle former for kreativ tenkning og sjølvhevding. Dei brenn bøker, øydelegg kunst, drep skribentar, diktarar og intellektuelle, kriminaliserer samanstimlingar og, på sitt verste, tvingar undertrykte minoritetar å bere masker som atomiserer all kjensle av gruppetilhøyrsle eller solidaritet og hindrar den subtile, uttrykksfulle, ikkje-verbale kommunikasjonen som er grunnen til at Gud har utstyrt oss med 42 ansiktsmusklar. Dei mest barbariske Midtausten-teokratia påbyr masker for kvinner, som har ein rettsstatus – ikkje tilfeldig – lik lausøyre.
Den frie flyten av informasjon og sjølvhevding er oksygen og solskin for det representative demokratiet, som fungerer best med politikk som er herda i smeltediglane av offentleg debatt. Det er aksiomatisk at demokratiet forvitrar utan fri tale.
Dei mest ikoniske og akta monumenta for demokrati inkluderer difor Athens agora og Speakers’ Corner i Hyde Park. Vi kan ikkje hjelpe for at vi kjenner oss muntre over vårt noble eksperiment innan sjølvstyre når vi iakttar dei viltre, respektlause debattane i det britiske Underhuset, eller ser på Jimmy Stewart si filibusterscene i filmen “Mr. Smith Goes To Washington” – ei vedvarande hyllest til det ubrytbare bandet mellom debatt og demokrati.
For å konsolidere og styrke makta si, har diktatur til mål å erstatte dei vitale ingrediensane i sjølvstyre – debatt, sjølvhevd, usemje og skeptisisme – med rigid autoritære ortodoksiar som fungerer som sekulære surrogat for religion. Desse ortodoksiane verkar til å avskaffe kritisk tenkning og disiplinere folket i blind, ukritisk lydnad overfor autoritetar som ikkje fortener det.



Heller enn å sitere vitskapelege studiar som kunne rettferdiggjere pålegg om masker, nedstengingar og vaksinar, siterer våre medisinske herskarar WHO, CDC, FDA og NHI – fanga byrå som er krypande sokkedokker for industrien dei regulerer. Fleire føderale og internasjonale granskingar har dokumentert dei finansielle forgreiningane til farmasøytiske selskap som har gjort desse reguleringsstyresmaktene til kloakkar av korrupsjon.
Iatrokrati – som betyr eit styresett med legar i toppen – er eit lite kjent omgrep, kanskje fordi dei historiske eksperimenta med det har vore katastrofale. Legeyrket har ikkje vist seg som nokon energisk forsvarar av demokratiske institusjonar eller borgarrettar. Nesten samtlege av legane i Tyskland tok leiande roller i Det tredje riket sitt prosjekt for å eliminere folk med mentale defektar, homoseksuelle, uføre og jødar.
Så mange hundretals tyske legar deltok i Hitlers verste uhurlegheiter – inkludert styring av massemord og unemnelege eksperiment i dødsleirane – at dei allierte måtte opprette separate «medisinske rettssaker» i Nürnberg. Ikkje ein einaste prominent tysk doktor eller medisinsk gruppering heva stemma i opposisjon mot desse prosjekta.
Så det kjem ikkje som noka overrasking når dei stygt kompromitterte og nyleg maktstyrka helsestyresmaktene, som har fått ansvaret med å styre COVID-19-pandemiresponsen, samarbeider med mainstream-media og dei sosiale media om å stenge ned diskusjon om nøkkelspørsmål som gjeld folkehelsa og borgarrettar.
Dei gjorde tagale og bannlyste kjettarar som dr. Mercola, som nekta å gjere knefall for Farma og handsame blind tru på null-ansvars, tredjerangs testa eksperimentelle vaksinar som religiøs plikt [‘null-ansvar’: USAs Helsedepartement kunngjorde i mars 2020 at det skulle vere «ansvarsimmunitet for aktivitetar relatert til medisinske mottiltak mot COVID-19», mrk.].
Vårt noverande iatrokrati si forskrift om «vitskapeleg konsensus» er samtidas svar på den spanske inkvisisjonen. Det er eit fabrikert dogme, konstruert av denne korrupte kasten av legeteknokratar og deira mediekollaboratørar for å legitimere den farlege nye makta dei gjer krav på.
Øvsteprestane i den moderne inkvisisjonen er stor-farmasiens nettverk og skravlebøttene i nyheitskanalane som preikar rigid lydnad mot offisielle diktat som inkluderer nedstengingar, sosial distansering og det moralsk rettskafne i å iføre seg masker – trass fråveret av godkjent forskning som overtydande viser at masker hindrar COVID-19-overføring. Behovet for denne typen bevis blir ignorert.
Dei gir oss i staden råd om å «stole på ekspertane». Slike råd er både anti-demokratiske og anti-vitskapelege. Vitskapen er dynamisk. «Ekspertar» er ofte ueinige i vitskapelege spørsmål, og meiningane deira kan variere med krava som politikken, makta og finansielle eigeninteresser stiller. Nesten alle mine søksmål har vore kampplass for høgtruverdige ekspertar på kvar side som kjempar mot kvarandre, der dei alle gjer eiden på diametralt motsette standpunkt som alle har same faktagrunnlag. Vitskap er usemje; omgrepet ‘vitskapeleg konsensus’ er sjølvmotseiande.
Dette var første del av forordet til boka “The Truth About COVID-19 — Exposing the Great Reset, Lockdowns, Vaccine Passports, and the New Normal” av doktor Joseph Mercola og Ronnie Cummins. Boka skal etter planen kome ut den 29. april. Løp og kjøp!
Omsett, med store vanskar, av Monica Sortland
Tidligere publisert på derimot.no
Mange nyansar har gått tapt i omsettinga av dette skrivet, så ein kan godt lese den på originalspråket: https://childrenshealthdefense.org/defender/rfk-jr-mercola-truth-about-covid-19/
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 596 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Nedenfor er en svært viktig analyse av en ekspert på høyt nivå som forklarer og dokumenter hvordan Covid-viruset ble dyrket fram i et laboratorium av Tony Fauci og Peter Daszak og hvordan det senere ble konstruert en «vaksine» som ikke er en ekte vaksine, men et heksebrygg som er laget for å lage uendelige varianter av viruset, helseskader, dødsfall, infertilitet, og injeksjon av metalliske markører for kontrollformål. Dette er ikke en konspirasjonsteori i den forstand brukes av media, noe som betyr at den er usann. Artikkelen avslører en konspirasjon mot menneskeheten. Den lange artikkelen er sann forklaring på hva som blir gjort for oss.
Helt siden drapet på President John F. Kennedy, media har brukt «konspirasjonsteori» å rakke ned på hver forklaring som motsier eller avviser et offisielt narrativ. Dette trikset har gjort at folk i hele den vestlige verden ikke forstår hva som skjer med dem.
Denne lange artikkelen forklarer hva det konstruerte viruset og vaksinen gjør med oss. Hva kan vi gjøre med det? Folk synes å være maktesløse. Eksperter som varsler og forteller sannheten, blir sensurert og diskreditert, truet, sparket, og mister sin medisinske lisenser. Slike politistat metoder som brukes mot eksperter som ikke er enige i det offisielle narrative, er kjernen i alle dystopiske romaner som Orwell ‘ s 1984.
https://www.zerohedge.com/covid-19/damn-you-hell-you-will-not-destroy-america-here-spartacus-covid-letter-thats-gone-viral
Wow! Takk for den, Espen! Mye å lese, og mye en må være spesialutdannet for å helt forstå, men jeg slapp ikke taket før jeg var ferdig. Virkeligheten er faktisk ENDA verre enn jeg trodde. Beviselig.
Spartacus anbefaler stort sett de samme beskyttende kosttilskuddene som jeg noterte meg fra orwell.city
Pluss noen til.
Dr. Jose Luis Sevillano ser på ingrediensene i injeksjonene og hvilke virkninger de har. Nettsiden heter orwell.city
Alt blir klart med en gang man forstår at de planlegger å drepe oss.
«Det er nå klart at vaksinen er giftig for mennesker. En umiddelbar stopper for vaksinasjon programmet er nødvendig mens en selvstendig sikkerhets analyse blir gjennomført for å undersøke det fulle omfanget av skader, som ifølge UK’s Yellow Card systemet inkluderer tromboembolisme, multi-system inflammatorisk sykdom, svikt i immunsystemet, autoimmunitet og anafylaksi, samt Antibody Dependent Enhancement(ADE).”
https://www.unz.com/mwhitney/it-all-makes-sense-once-you-realize-they-want-to-kill-us/