POSTED IN Media, Tortur

Rettssaken mot Assange:

En oppvisning av tortur i rettssalen.

0
Print Friendly, PDF & Email

Julian i bur

av Israel Shamir

Israel Shamir er en forfatter og journalist.  Han er russisk-israelsk kristen med jødisk bakgrunn.Bøkene hans er oversatt til mange språk.

Julian Assange si utleveringshøyring har fått veldig lite mediedekning. Sjølv avisene The Guardian og The New York Times har berre så vidt nemnt den, sjølv om dei profiterte stort på å publisere avsløringar som Assange forsynte dei med. Med mindre du aktivt søkte det opp, ville du ikkje ein gong vite om at første stadium av utleveringshøyringa føregjekk 24. til 27. februar i den løyndomsfulle Woolwich Crown Court innanfor murane til det digre Belmarsh-fengselet som har fått kallenamnet «Britiske Gitmo». 

Craig John Murray er en britisk tidligere diplomat og senere aktivist, menneskerettsforkjemper og varsler. Han var rektor ved Universitetet i Dundee fra 2007 til 2010. Mellom 2002 og 2004 var Murray britisk ambassadør i Usbekistan.  (Fra Wikipedia)

Heldigvis for oss var den urokkelege sanningssøkaren ambassadør Craig Murray til stades, venta i kø i timevis i regnet, vart utsett for kroppsvisiteringar og ubehag, og skreiv ein omfattande rapport (12 000 ord) om denne parodien på justis som gjekk under namnet «rettssak». Rapporten hans utelet ingenting, verken den truande atmosfæren eller dei vondsinna rettsinnlegga. Han fanga trugsmålet og overgrepet som grensa til offentleg tortur, og leverte det til verda – noko ingen av journalistane på løningslistene til massemedia hadde fått lov til å gjere. Her er noko av innsikten frå rapporten hans, fritt gjengitt av meg og med tillegg frå andre kjelder.

Domstolen er utforma med eitt mål for auget: å stenge ute publikum. På ei øy ein berre kjem til ved å navigere seg gjennom ein labyrint av tofeltsvegar, talar heile lokaliteten og arkitekturen til bygget om at ein ønsker hindre offentleg tilgang. Det er eigentleg berre den dømande vingen til Belmarsh-fengselet.

Sir George Jeffreys (1644-1689), baron Wem, ofte kalt Hanging Judge Jeffreys eller bare Judge Jeffreys, var en embetsmann i England, blant annet rikskansler, under Jakob II. (Fra Wikipedia)

Dommaren, lekdommar (eller distriktsdommar) Vanessa Baraitser, er ein moderne versjon av «Hengar-dommaren» George Jeffreys [ein walisisk dommar på 1600-talet i England, som var vidgjeten for sin brutalitet. Mellom anna dømde han 200 opprørarar til døden ved henging, mrk.], ei kvinneleg utgåve av Judge Dredd. Same korleis ei ser på rettssaka, er ho sjefsskurken som ikkje berre tolererte, men også overgjekk, aktoratet sine krav. Advokatane til aktoratet bad faktisk om litt finsleg behandling av Assange, om det enn berre var for å gi rettssaka eit skin av rettvise. Baraitser lot ikkje ein gong som. Ho gjekk rett i strupen på han. Om ho hadde kunna, ville ho ha hengt han på flekken.

Denne jødiske dama er omgitt av mysterier: ho har ikkje sett spor på Internet. Eit nyfødd barn er meir til stades på Internet enn denne middelaldrande kvinna. Eg tvilar på om så blanke ark er mogleg no for tida utan aktiv assistanse frå Secret Service.

______________________________________________________________________________

«Det er ein tortur-sesjon, ikkje ei høyring.»

_____________________________________________________________________________

Ambassadør Murray skriv: «Frøken Baraitser er ikkje glad i fotografi – ho verkar vere den einaste offentlege figuren i Vest-Europa som ikkje har noko bilde av seg sjølv på internett. Faktisk legg ein gjennomsnittleg landsens bilvaskeigar frå seg fleire prov for eigen eksistens og livshistorie på internett enn Vanessa Baraitser har gjort. Noko som i og for seg ikkje er kriminelt for hennar del, men eg mistenker at det utelatne ikkje har kome av seg sjølv, utan betydeleg innsats. Det var ein som føreslo at ho kanskje kunne vere eit hologram, men det trur eg ikkje. Hologram har meir empati.»

John Richard Pilger er en australsk journalist og dokumentarfilmskaper fra Sydney.

John Pilger såg Baraitser i aksjon under den førre runden med Assange-høyringar i oktober 2019. Han skreiv: «Eg har sete i mange rettssalar og sett dommarar misbruke sine stillingar. Denne dommaren, Vanessa Baraitser, sjokkerte alle oss som var der. Ansiktet hennar skifta mellom hånleg kaldflir og herskesjuk likegyldigheit; ho vende seg til Assange med vondsinna arroganse. Kvar gong Assange snakka, synte ho keisemd; når påtalemakta sin skrankeadvokat snakka, synte ho merksemd. Då Julian sin skrankeadvokat skildra korleis CIA spionerte på han, geispa ho ikkje nett, men hennar mangel på interesse var like tydeleg. Lyskesparket hennar var annonseringa av at neste rettshøyring skulle finne stad i bortgøymde Woolwich, som ligg ved Belmarsh-fengselet og har få sete for publikum. Det vil sikre isolasjon og vere så nær ei hemmeleg rettssak som det går an å kome.»

______________________________________________________________________________

«…erkjente at jaudå, mainstream-journalistane var også skuldige, og motsa med det heilt det han hadde sagt i opningsinnlegget.«

______________________________________________________________________________

Det viste seg å bli ei praktisk talt hemmeleg rettssak. Der var journalistar frå mainstream-media til stades, men «ikkje eit einaste av dei viktigaste fakta og argumenta i dag har blitt omtalte nokon stad i mainstream-media».

På den første dagen prøvde den leiande skrankeadvokaten for påtalemakta, James Lewis, å drive ein kile mellom Assange og media. Han hevda at mainstream-talerøyr som The Guardian og The New York Times ikkje på nokon måte var trua av denne rettssaka, ettersom Assange ikkje var tiltalt for å ha publisert data henta på nettet, men berre for å ha publisert namna på informantar, dyrka Manning og assistert han i å prøve datainnbrot (hacking). Mainstream-media er ikkje skuldige i noko brotsverk, sidan dei berre har publisert reinsa nettverksdata.

Men dommar Baraitser aksepterte ikkje denne vegetariske tilnærminga. Ho var sugen på blod. Ho refererte til lova Official Secrets Act av 1989, som seier at å berre tileigne seg og publisere regjeringsløyndommar er eit brotsverk. Då skulle jo også aviser som publiserer Manning-lekkasjane vere skuldige i alvorleg lovbrot, meinte Baraitser.

______________________________________________________________________________

«Men dommar Baraitser aksepterte ikkje denne vegetariske tilnærminga. Ho var sugen på blod.»

______________________________________________________________________________

Lewis sa seg einig med dommaren og erkjente at jaudå, mainstream-journalistane var også skuldige, og motsa med det heilt det han hadde sagt i opningsinnlegget. Til sjuande og sist betydde ikkje dette rollespelet noko, sidan ingen av mainstream-media rapporterte om denne utvekslinga. Mainstream-journalistane brukte berre dei førebudde tekstane som dei enkelt og bedageleg kunne kopiere og lime inn i sine eigne reportasjar.

Main-steam journalistene refererte ikke fra rettsmøtet til tross for at det var deres yrkesutøvelse det dreide seg om. De bare klippet og limte fra dokumentene de hadde fått fra påtalemakten.

Hovudargumentet til forsvaret var at motivet for påtalemakta var berre politisk, og at politiske overtramp var spesifikt ekskludert i utleveringsavtalen mellom Storbritannia og USA. For ein normal, human dommar ville det ha vore nok til å henlegge saka. Men Baraitser hadde eit ess i ermet. Sjølv om utleveringsavtalen mellom USA og Storbritannia forbaud politiske utleveringar, var det berre avtalen, og dette er ikkje ein internasjonal domstol, sa ho. Det unntaket finst ikkje i den britiske lova om utlevering. Derfor er ikkje politisk utlevering ulovleg i Storbritannia, ettersom avtalen ikkje er rettskraftig i hennar rett. Med ein slik dommar, kven treng eit aktorat?

Forsvaret reiv raskt ned dommaren sine utspekulerte rajonaliseringar ved å poengtere at kvar og ei utlevering må stette to sett med krav: (1) dei som står i den britiske utleveringslova, og (2) dei som står i utleveringsavtalen med det gjeldande landet. Begge er nødvendige; ingen kan utleverast til eit spesifikt land utan at ein har tatt omsyn til den spesifike avtalen. Den britiske utleveringslova set grunnreglane. Det er den relevante utleveringsavtalen som set vilkåra for om ein fange skal kunne utleverast til eit spesifikt land. Lova tillet politisk utlevering, og dersom den spesifike utleveringsavtalen tillot det, kunne fangen bli utlevert. Men denne spesifike avtalen, mellom Storbritannia og USA, tillet ikkje politiske utleveringar. Ergo: Assange kan ikkje utleverast etter lova.

Mer komplisert logikk

Ein sjetteklassing kunne følge slik enkel logikk. Men feige frøken Baraitser gjentok gong på gong påstanden om at lova ikkje forbyr politisk utlevering. Vi veit ikkje kva for smuss gøymd bort i dommar Baraitsers mørke fortid som gjorde at historia hennar måtte utslettast av MI5 sine mørke meistrar, men eg har ein mistanke om at denne jødiske dama har hatt praksis i felten i den jødiske staten, der dommarar støtt finn den tiltalte goyen ansvarleg og skuldig, og ein både tolererer og oppmodar til tortur.

Det verka som om den viktigaste oppgåva hennar var å arrangere Julians sjølvmord – eller i det minste gjere han så motlaus at kvelingsdøden hans vil kunne bortforklarast som sjølvmord. Og han verka verkeleg nedslått. Den distingverte psykiateren professor Michael Kopelman la fram for retten ei psykiatrisk vurdering av Assange:

«Herr Assange viser nesten alle dei risikofaktorane som forskarar frå Oxford har skildra hos fangar som enten tar sjølvmord eller gjer dødelege forsøk på det … Eg er så viss som ein psykiater nokon gong kan bli på at dersom ei utlevering til USA skulle bli nært føreståande, så ville Assange finne ein måte å ta sjølvmord på.»

Varsleren Chelsea Manning

Desse orda er spesielt skjerande i dag, då det kom rapportar om at Manning har prøvd å ta sjølvmord der han har vore innesperra sidan slutten av mai i eit fengsel i Alexandria, Virginia, for å standhaftig nekte å vitne mot Assange. Den US-amerikanske/britiske djupstaten er eit hemngjerrig, vondsinna beist som ønsker å straffe Assange og Manning for å ha avslørt dei uhyggelege løyndommane den skjular. Det er berre «varslarane» som tilltalte Trump og frikjende Ukraina-tjuven Biden som er verna.

For å skyve Assange djupare inn i den svarte desperasjonen, påla Baraitser fangen streng isolasjon. Assange hadde blitt halden fanga i eit skotsikkert glasbur, ute av stand til å høyre, eller utveksle notatar med, advokatane sine. «Eg trur at Hannibal Lecter-stilen på fangenskapen til Assange, denne intellektuelle data-geeken, er eit medvite forsøk på å drive Assange til sjølvmord,» skreiv Craig Murray.

_____________________________________________________________________________
«På den første dagen av rettssaka vart Julian strippa naken og ransaka to gongar, lagt i handjern elleve gongar, og stengt inne i ulike celler fem gongar.»
_____________________________________________________________________________

Julian blir hjartelaust dårleg behandla. Då den spanske advokaten hans forlot retten for å reise heim, stoppa han naturlegvis opp på vegen ut for å ta klienten sin i handa. Han baud fram fingrane sine gjennom den smale glipa i glasburet. Assange reiste seg for å gripe advokaten si hand. Dei to sikkerheitsvaktene i buret sprang straks opp, la hendene på Julian og tvinga han til å sette seg ned igjen, og hindra med det handhelsinga.

På den første dagen av rettssaka vart Julian strippa naken og ransaka to gongar, lagt i handjern elleve gongar, og stengt inne i ulike celler fem gongar. Advokaten for forsvaret, Fitzgerald, bad dommaren gripe inn og redde Julian frå denne røffe behandlinga.

Foto av Kevin Gosztola.

Baraitser stira Fitzgerald i senk og slo fast, med ei røyst som syda av forakt, at han hadde tatt opp slike spørsmål før, og ho hadde alltid svara at ho ikkje hadde domsmynde over fengselsanlegget. Du kan rekommandere det, føreslo Fitzgerald, vanlegvis lyttar dei til det dommaren seier. Sjølv aktor James Lewis reiste seg for å seie at også aktoratet ønska at Assange skulle få ei rettvis høyring, og at han kunne stadfeste at det som forsvaret føreslo var normal praksis. Men blodtørstige Baraitser nekta blankt.

Edward Fitzgerald la fram eit formelt krav om at Julian skulle få lov til å sitte ved sidan av advokatane sine i retten. Julian var «ein edel, intellektuell mann», ikkje nokon terrorist. Baraitser svara at å lauslate Assange frå buret og ut i rettssalen ville bety at han var lauslaten frå varetekt. Det er openbert nonsens. Endå ein gong greip aktor James Lewis inn på forsvaret si side, for Baraitsers tolking av lova høyrde ikkje heime nokon stad utanfor israelske domstolar på den okkuperte Vestbreidda. Lewis sa at fangar, sjølv dei farlegaste av terroristar, avgir vitneforklaring frå vitneboksen i rettssalen, ved sidan av advokatane og lekdommaren. I Høgsterett sit fangane ofte saman med advokatane sine i utleveringshøyringar; i ekstreme tilfelle med valdelege kriminelle er dei lenka med handjern til ein sikkerheitsvakt.

Hele rettssaken virker som surrealisme fra en annen verden

Baraitser svara at Assange kunne utgjere ein fare for publikum. Det var eit spørsmål om helse og tryggleik. Ja, min santen, helse og tryggleik! Slik kynisme har kanskje aldri før vore framvist i britisk rettsvesen, og det bør reservere ein spesiell plass i helvete for frøken Baraitser.

Korfor skal ho halde Assange i den boksen, ute av stand til å høyre kva som blir sagt i rettergangen eller gi instruksjonar til advokatane sine, når ikkje ein gong aktoratet for styresmaktene i USA protesterer mot at Assange skal få sitte ope i rettssalen? Han blir frakta i handjern og med tung eskorte frå isolatet sitt til det armerte buret via ein underjordisk tunell. Under slike tilhøve, kva slags behov kan det vere for gjentatte kroppsvisiteringar med både full avkledning og holromsundersøking? Korfor får han ikkje skake hand med eller røre ved advokatane sine gjennom glipa i den armerte glasboksen?

Det er ein tortur-sesjon, ikkje ei høyring. Og høyringa, eller rettare sagt torturen, vil halde fram i mai – dersom Julian framleis er i live når den tid kjem.

Israel Shamir

Omsett av Monica Sortland

Først publisert i The Unz Review.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Gorbatsjov:

Det lukter vondt i verden nå.

Forrige innlegg

Om «å skyte seg selv i foten-mesterskapet»:

EU er den soleklare vinner.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.