Vi har tidligere publisert en artikkel om rekrutteringsproblemene for USAs væpnete styrker. Mange som innkalles fyller ikke minimumskravene til fysisk tilstand. For å kunne føre krig må du være i en viss form. Du må kunne løfte og bære med det en masse utstyr, f.eks. når du er ute i felten.
Som alle vet er store deler av USAs befolkning i dag feilernært. Det er i dårlig fysisk forfatning som følge av en rekke forhold i landet som har vedvart lenge. Dette rammer naturligvis hele samfunnet – og også landets væpnete styrker.
Knut Lindtner
Redaktør
Den amerikanske hæren sparka fyrst uvaksinerte soldatar ut – no tryglar hæren dei om å kome tilbake
Innlegget er hentet fra Saksyndig
I mangel av eit skikkeleg oppgjer med alle overgrepa som «pandemien» førde med seg mot enkeltindivid og grupper i samfunnet, ser det no ut til at karma gjer seg gjeldande i staden for. Heilt spesifikt i denne saka gjeld det soldatar som vart sparka ut av den amerikanske hæren fordi dei ikkje ville ta korona-«vaksinar». På grunn av elendige rekrutteringstal tryglar hæren no dei uvaksinerte, sparka soldatane om å kome tilbake. Dette rapporterer InfoWars.
Nettstaden skriv (mi omsetjing):
«Fleire tidlegare soldatar la ut eit brev frå Hæren på nettet som viser at den militære greina har tenkt å gjeninnsetje soldatar som dei tidlegare fjerna fordi dei nekta å ta covid-sprøyta.
‘Som eit resultat av avskaffinga av alle noverande covid-19-vaksinekrav, kan tidlegare soldatar som vart ufriviljug utskilde fordi dei nekta å motta covid-19-vaksinasjon, no krevje ei korrigering av sitt militære rulleblad’, står det i brevet.
Biden-regimet innførde eit vaksinemandat for militæret i august 2021, der forsvarsminister Lloyd Austin erklærte at alle tenestemedlemmer som nekta å ta imot vaksinen ville bli sparka ut.
Sidan den gong vart meir enn 8000 soldatar fjerna.»



Soldaten Brad Miller, som var ein av dei som fekk brevet, skriv i eit innlegg på X (Twitter):
«Mange har sett dette brevet. Eg fekk akkurat mitt. Då eg trekte meg frå Hæren, var det tydeleg at Forsvarsdepartementet braut lova (og høgtståande leiarar var sannsynlegvis delaktige i landssvik).
Kvifor spør ikkje Hæren meg om eg ønskjer at avskjeden min skal gjerast om til ein pensjonsdato som har datoen denne nye politikken vart offentleggjort på, og saman med det tilby kompensasjon for den rangen eg feilaktig vart fjerna frå, kompensasjon for det som kunne ha vore resten av karrieren min, og deretter tilby meg tilsvarande tilpassa pensjon frå denne månaden av? So kunne dei ha kome med det same tilbodet til andre som vart utsette for ein liknande urett.
Forsvarsdepartementet kan ikkje fikse seg sjølv. Det er styrt av offiserar som ein kan stille spørsmål ved lojaliteten til, og dei blir i sin tur styrt av Kabinett- og Administrasjonsnivå-tenestepersonar som har ein lojalitet som er definitivt ikkje-amerikansk.»
InfoWars skriv vidare:
«Etter deira avgjerd om å kaste ut soldatar som nekta den eksperimentelle covid-sprøyta, insisterte Hæren at det at dei fjerna nemnde soldatar ikkje ville påverke den militære beredskapen. […]
Hæren trekte tilbake vaksinepåbodet i januar, men sa at dei ville halde fram med ‘å fremje og oppmuntre covid-19-vaksinasjon for alt personale for å sikre beredskap, forenkle fullføring av oppdrag og beskytte styrkane’.
Den nyleg pensjonerte majoren for Hæren, Chase Spears, sa at det at militæret gjorde heilomvending når det gjaldt covid-vaksinepåbod, hovudsakleg er styrt av dei låge rekrutteringstala.
‘Ein kan gjerne lure på kvifor Hæren snur i denne saka no, med tanke på at deira topp-tenestefolk tydelegvis har eit ulikt perspektiv når det gjeldt endringa i politikk som ho godkjenner. Sist månad hadde Hæren eit etterslep i skatteåret 2022 sine rekrutteringsmål med 10 000, det tredje året på rad som hadde slikt eit betydeleg avvik,’ skreiv han fredag [17.november 2023] i The American Mind.



Spears bad òg om at Forsvarsdepartementet kjem med ei formell orsaking til tenestemedlemmer som dei ulovleg fjerna frå militæret.
‘Sjølv om denne reverseringa av politikk er eit steg nærare sunn fornuft, er det langt frå nok. Som eg har sagt tidlegare, burde høgtståande tenestepersonar i Hæren be om orsaking for deira kritikkverdige, covid-relaterte åtferd. Utover dette skuldar dei eit djupt reservoar av måtar å gjere ting godt for til underordna som dei braut tilliten til på ein slik måte,’ skreiv han.
‘Vi må aldri late totalitære forfølgje sine medborgarar i vår nasjons militære igjen. Ein styrke som so lett kan misse av syne føremålet sitt, er ein som med rette kan sjåast gjennom linsa til ein skeptikar,’ la Spears til.»
Stikkorda her er oppreisning, erstatning for tapt framtidig inntekt og ei formell, offentleg orsaking. Dette gjeld i militæret so vel som andre sektorar der tilsette har blitt usakleg og ulovleg fjerna frå sine stillingar på grunn av skepsis overfor covid-«vaksinar» og «pandemitiltak». Det er vel òg gjerne på sin plass å stille spørsmål ved kvifor hæren no slit med å rekruttere nye soldatar. Ligg dei alle heime med alvorlege skadar frå ein viss «vaksine», eller på gravlunden?
Forsidebilde: iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 964 ganger.
3 kommentarer. Leave new
De må gjerne gjøre seg kostbare og forlange veldig god betaling og upåklagelige arbeidsavtaler for å komme tilbake, både de militære, pilotene, legene og sykepleierne som ble kastet ut; forlang oppreisning, for den kommer nok ikke uten et visst press i og med at man har med usle kryp å gjøre som aldri ber om unnskyldning eller innrømmer feil hvis de kan skylde på noe eller noen.
Litt oppvåkning å spore i Amerika, så det er jo oppmuntrende å se at Big Pharma taper tillit:
«Barnevaksinefritak når det høyeste nivå noensinne i USA.»
«Antall barn hvis omsorgspersoner velger dem bort fra rutinemessige barnevaksiner har nådd et rekordhøyt nivå, rapporterte CDC 10.novmber.»
thepeoplesvoice.tv
Det som er aller mest skremmmende er at hæren og nok ikke resten av militæret ikke er der for USAs interesser. Da er det ingen begrensninger lenger for hva de kan være med på.
Det er mye genmodifisert mat i USA. Kan det være en grunn til at mange er overvektige ?