POSTED IN Helse, Norsk politikk

Regjering vil ha et vedtak som gjør det mulig å overkjøre grunnloven.

Smitteverloven skal endres slik at nedstengninger og andre inngripende tiltak skal være mulige i full fart.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kommentar til endringsforslag til Smittevernlova.

Monica Sortland

Regjeringa har sendt ut til høyring eit forslag om endring av Smittevernlova (frist 11.04) og Helseberedskapslova. Problema med høyringsnotatet er så mange, at eg ikkje veit kor eg skal ta fatt. Om eg har forstått det rett, er dei tyranniske tiltaka noko av det dei no vil gjere permanent lettilgjengeleg og meir omfattande (ikkje berre for Covid, men og for alt det andre dei kallar ’allmennfarleg smittsam sjukdom’):


«Bestemmelsen [som opphører 1. juli 2023 (Smittevernloven § 4-3 a)] gir hjemmelsgrunnlag for å gi forskrifter om isolering, smittekarantene og andre begrensninger i bevegelsesfrihet, og undersøkelser for personer som har, eller etter en faglig vurdering antas å ha, SARS-CoV-2, og personer som har økt risiko for SARS-CoV-2 etter nærkontakt med en smittet eller antatt smittet person. […] Departementet har bedt Helsedirektoratet i samråd med FHI om en vurdering av om det er behov for permanente og generelle forskriftshjemler om isolering og smittekarantene i smittevernloven.»


I tillegg kan ein vel rekne med at det (i alle fall på sikt) vil innebere både koronasertifikat og «vaksine»-tvang. (Smittevernlova som dei endra på heilt i starten av den WHO-erklærte «pandemien» seier: «Koronasertifikatet skal i samsvar med et felles europeisk teknisk rammeverk dokumentere at en person er vaksinert mot covid-19, har gjennomgått covid-19 basert på godkjent test eller testresultat for SARS-CoV-2.

Vil vi få vaksineplikt?

Departementet kan gi forskrift for å gjennomføre forpliktelser som følger av EØS-avtalen om EUs koronasertifikat.»

«En smittet person med en allmennfarlig smittsom sykdom har plikt til å ta imot og følge den personlige smittevernveiledningen som legen gir, jf. § 2-1 for å motvirke at sykdommen blir overført til andre og plikt til å la seg isolere dersom det er nødvendig.»)


Erfaringane med korleis styresmaktene hittil har takla covid, seier meg at det ikkje går an å stole på at dei vil takle komande virus-utbrot på fornuftig vis.

  • Sentrale omgrep som ’pandemi’ og ’allmennfarleg smittsam sjukdom’ vart omdefinerte av WHO, og kan etter dei no gjeldande definisjonane passe til nær sagt kva som helst av smittsame sjukdommar og ikkje-sjukdommar;
  • Testmetodane gav feil i statistikkane. PCR-testen vart ikkje laga for dette føremålet. Den vart lega for å vere eit laboratorieverktøy til å studere dei minste organismane, ikkje til diagnostisering av sjukdom. Friske folk som fekk positivt utslag på testen vart registrerte som covid-sjuke i statistikkane, sende heim frå jobb og i karantene. Folk som døydde fekk registrert covid som dødsårsak dersom dei hadde fått positivt svar på ein av desse PCR-testane køyrde gjennom 35 syklusar. Gjennomsnittsalderen på dei som døydde var omlag identisk med det den var før alt dette starta. Det totale talet på døde i 2020 (det første «pandemi-året») var lågare enn det totale talet på døde i 2019 og 2018. Likevel vaks hysteriet, og det vart nærast eit folkekrav å få vaksinering raskast mogleg, helst «warp speed».
  • Dei såkalla vaksinane er eit kapittel for seg sjølv. Sjølv har eg alltid trudd og meint at vaksinar er ein god ting. Eitt skot og immun for resten av livet. Kva kan vere betre? Men då har det handla om vaksinar mot reelt farlege sjukdommar, som t.d. polio, og ikkje ei vanleg forkjøling. Og, ikkje minst, handla det om veltesta, trygge vaksinar utan andre biverknadar enn anafylaktisk sjokk i verste fall. Heilt noko anna enn gen-eksperimentet vi no er blitt prøvekaninar for, der det blir sprøyta inn milliardar (eller billionar til og med?) av mRNA-strengar med oppskrifta til å produsere piggproteinet til koronaviruset. Forsking har vist at ein del går i blodet og blir ført rundt i kroppen før det festar seg til ulike organ og celler, trenger inn gjennom celleveggane (vha. feittpartiklane dei er innpakka i) og startar å produsere piggprotein, uvisst kor lenge. Og dette gir dei no og til barn, som ikkje har ferdig utvikla immunsystem. Korleis reagerer immunforsvaret deira på t.d. ei hjartecelle som plutseleg byrjar spy ut piggprotein? At mange av dei innrapporterte biverknadane handlar om autoimmun svikt, er ikkje det spor rart. Det vanvitige presset for å få alle raskt vaksinerte polariserte samfunnet og fyra opp under hat og hets mot «ikkje-vaksinerte». Ven vart fiende. Familiar vart splitta.

Allment akseptert hundreår-gamal kunnskap om førebyggande tiltak som styrkar det naturlege immunforsvaret vart sett til sides.


«… viktig å ha muligheten til raskt å gjeninnføre forskriftsbestemmelsene,» seier dei. Kva betyr det i praksis? At statsministeren eller Kongen skal utstyrast med ein «smittevernsknapp» a la atomknappen, som han kan bruke når han finn det for godt? Problemet under korona-«pandemien» var vel ikkje at det ikkje gjekk fort nok å innføre dei diktatoriske inngrepa i kvardagsliva til folk – heller tvert imot. Til dømes har det no vist seg at den svenske modellen til statsepidemiolog Anders Tegnell m.fl., basert på naturleg flokkimmunitet, fungerte betre i lengda. Endå betre resultat kan dei landa vise til som ikkje tok i bruk mRNA-«vaksinane».

Ligger det vaksinepass i forlengelsen av disse tiltakene?



Offisielle statistikkar viser at dei landa som kjøpte inn og masseinjiserte befolkninga si med desse eksperimentelle såkalla vaksinane, no har mykje høgare overdødelegheit i forhold til åra før CoV-2-utbrotet. Kva hjelper det å sleppe Covid, om ein døyr av hjartestopp, kreft, cytokinstorm eller kva det no måtte vere?

Den hemmelegstempla rapporten til Pfizer (no offentleggjort etter domsavgjerd) ramsar opp hundretals biverknadar fordelt på titusentals innraporterte tilfelle på berre dei 3 første månadane av dei kliniske forsøka, tusentals døde og kronisk skadde – meir enn alle andre vaksinar kombinert. Likevel konkluderer dei med at det ikkje er noko å bry seg om, «ingen nye sikkerheitsproblem». Det kan jo ikkje bevisast at det var vaksinen som forårsaka sjukdommen, seier dei. Men deira eigne forsøksdata viser at hovudparten av symptoma har oppstått allereie første døgnet etter injeksjonen. Nytteverdien er større enn risikoen for biverknadar, seier dei. Men kalkulasjonane deira er baserte på nokre relativt få forsøksobjekt (jamfør skilnaden på relativ og absolutt risiko) og ulne sjukdomskriterium (kor vart det forresten av influensaen i denne perioden?). Alderen på dei som døydde med (påvist eller antatt) Covid var i gjennomsnitt godt over 80, samtlege med ein eller fleire underliggande sjukdommar. Dei aller fleste som fekk påvist viruset (med PCR-testar som aldri var meint å brukast til diagnostisering) hadde milde eller ingen symptom. Risiko for kva, nøyaktig? Nyttig for kva?

Ikkje drep bestemor, sa dei, og pressa på for at alle skulle vaksinere seg med dei nye, fantastiske, høgteknologiske vaksinane. Så viste det seg at vaksinen ikkje ein gong var testa for om den hindra smitte. Og at folk som var både trippel- og kvadruppel-vaksinerte like fullt vart både smitta og sjuke av covid, nokre til og med alvorleg og fatalt. Og til og med i større grad enn dei uvaksinerte vart det.

Alt tyder på at det var ein kraftig oppblåst fare. Vi veit ikkje så mykje om dette nye viruset, sa dei. Betre føre var, sa dei. Vi må vere forsiktige fram til vi har fått ein vaksine, sa dei. Men vil ikkje dette gjelde for kvart nye virus, med alskens variantar, som måtte dukke opp? Skal vi kvar gong det skjer stenge ned alt av skular og arbeidsplassar for å vere på den sikre sida? Då kan ein like godt stenge inne alle i kvar si isolerte celle med det same. Permanent. For éin ting er sikkert: det vil dukke opp nye patogen. Og det vil alltid finnast folk som er spesielt utsette, gamle og sjuke.

En ting er sikkert, det vil alltid komme nye virusvarianter for virus muterer hele tiden.

Covid-tiltaka har kanskje tatt livet av fleire enn covid har. I England innførte dei såkalla fjerndiagnostisering i stor skala, der folk kunne «treffe» legen via videokonferanse. Det var jo for farleg å ha smittefarlege folk rennande rundt på sjukehus og legekontor, må vite. Mange har døydd av ml.a. kreft som vart diagnostisert for seint. Folk har fått utsett viktig behandling på grunn av «sprengd kapasitet», samtidig som helsepersonell har blitt sendt heim frå jobb ved minste forkjølingssymptom. Nedstenging av bedrifter og transportrestriksjonar har rasert økonomien til folk. Isoleringspolitikken og hetskampanjane mot (dei «antisosiale», «usolidariske») ikkje-vaksinerte har medført psykiske lidingar, familievald, sjølvmord. Munnbindtvangen har gitt luftvegssjukdommar og sosial stigmatisering (og det vart tvinga på folk, sjølv om det var eit velkjent faktum at det ikkje finst munnbind som greier å fange opp virus. Porene blir store som låvedører for ein mygg.)

Medan ein venta på vaksinen som skulle redde oss alle frå den sikre død (slik vart det framstilt, om ikkje akkurat med den ordlyden) vart det lagt vekt på å unngå smitte – hald deg heime, unngå kontakt med andre, om du likevel ha kontakt så må du halde avstand, ein meter to meter. Nye reglar frå dag til dag. Viss det verkeleg var ei frisk befolkning som var målet, så skulle vekta vore lagt på behandling av dei som faktisk vart sjuke. Med antivirale og antiinflammatoriske legemiddel, C-vitamin og D-vitamin og alt ein elles alltid har visst fungerer godt (og trygt!) for immunforsvaret. I staden vart ulike former for behandlig, og dei som praktiserte det(!), diskreditert og mistenkeleggjort. «Dette er ikkje bevist», «Dei har ikkje gjort dobbelt-blinda, randomiserte forsøk», «Han er ein kjend konspirasjonsteoretikar», «Vi må stole på vitskapen».

Og nettopp her kjem vi vel til kjernen av problemet. Tusentals høgt kvalifiserte vitskapsfolk har kome med høgt kvalifiserte innvendingar mot både politiske tiltak og dei farlege sprøytene dei kallar vaksinar. Desse vart alle teia ihjel med diverse sensurmetodar, og etterkvart mykje sjølvsensur og. Ekte vitskapsfolk som stilte spørsmål ved alt hemmeleghaldet, korfor ein kasta vrak på gamle vedtatte sanningar (vaksinar og medikament skal testast for langtidsbiverknadar før dei kan godkjennast; ein skal ikkje byrje vaksinasjon midt under ein virusepidemi; definisjonar vart endra på overnasjonalt nivå, ’pandemi’, ’allmennfarleg sjukdom’, og deretter innført nasjonalt; drikk tran kvar dag i alle månadar som sluttar på ’r’), korleis ein så raskt kunne gå frå GMO-restriksjonar til å sprøyte svineriet rett inn i muskulaturen og blodet på folk, korfor dei har brukt den delen av viruset som er den minst trygge til ’vaksinen’, korfor dei til innpakning av mRNA’et har brukt lipide nanopartiklar som lagrar seg i leveren i lange tider, korfor så mange fleire unge og sunne døyr brått og uforklarleg (SADS), om ikkje det er ein samanheng mellom «vaksinen» og auken i hjartelidingar, aggressiv kreft og anna som har auka overdødelegheita.

Lockdown gir myndigheten en kolossal mulighet til å kontrollere hele befolkningen.

I staden valde ein å stole blindt på USA sitt legemiddeltilsyn, FDA, som fekk tilsendt forskingsrapportane frå legemiddelprodusentane (men ser ut til å ikkje ha lese dei spesielt grundig), og EU sine tilsynsstyresmakter. Så snart desse kom med si naudgodkjenning av sprøytene, gjekk det ikkje lenge før våre politikarar hengde seg på og godkjende dei til naudbruk også her til lands. (mRNA-vaksinane er enno ikkje fullt godkjende, sjølv om dei fleste av den vaksne befolkninga i mange land har tatt minst ein dose kvar.) Var det «vitskapen» dei stolte på? Nei, dei stolte på dei profittjaktande farmasi-gigantane og (sannsynlegvis) korrupte FDA. Prosessen hadde ingenting til felles med sann vitskap. Sann vitskap ikkje berre toler kritikk, men framelskar den. Eit skikkeleg vitskapeleg resultat kan ikkje førekome før ein har kritisert og prøvd å motbevise hypotesane utifrå alle tenkelege vinklar. Eit kritisk blikk er sjølve livsnerven i vitskapeleg forsking. Korfor er det så viktig å sette munnkorg på dei som frivillig tar på seg oppgåva (når dei med ansvaret forsømmer det)? «Det handlar om å redde liv,» seier dei. Ja, det gjer faktisk det. Nettopp derfor må ein vere trygg på at det ein får sprøyta rett i kroppen ikkje er verre enn sjølve sjukdommen det skal hjelpe mot. At det ikkje berre gjer vondt verre.

Dette vart litt hulter til bulter, og mykje, mykje meir kunne og skulle vore nemnd (om skremselspropaganda 24/7 på alle nyheitskanalar, «fakta-sjekkarar» som ikkje kan jobben sin, svingdørspolitikk, det no korrumperte FN/WHO med sin OPS-Agenda 2030, NWO, WEF, om alle dei ulike skrekkelege biverknadane som forøvrig og omfattar covid ++), men konklusjonen blir den same. Eg har ikkje sett eitt einaste teikn på at styresmaktene har lært noko av erfaringane med epidemien, og denne høyringa beviser det. Om noko skal endrast, så må det bli å skrote alt det nye dei fann på med koronaen, og få på plass att det velutprøvde, gamle smittevernet.

Fremhevet bilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Takk, Monica Sortland!
    NÅR neste pandemi kommer har «våre» folkevalgte lagt alt tll rette for at befolkningsreduksjonen og frihetsberøvelsen skal fortsette, i snikete stillhet vedtas det, så folket ikke får det med seg;
    vi går, på grunn av deres svik og uduglighet mot deres ønskede mål:
    «plikt til å ta imot og følge den personlige smittevernveiledningen som legen gir», plikt, altså tvang.
    «null toleranse for feil oppførsel», ifølge helseminister Kjerkol.
    FHI-topper og «årets almennlege» håner vaksineskadede med ablegøyer.
    Korrupte psykopater.

    Svar
  • Monica Sortland
    11 april 2023 9:29
    Svar
  • Ja takk Monica Sortland!
    VIKTIG‼️
    Debatten om WHOs pandemiavtale er planlagt til 17. april.

    De avklarer ting; den reelle faren for nasjonal suverenitet ligger ikke i selve traktaten, som bare gir vilkårene for administrasjon, finansiering og styring, det som må motsettes og forkastes er de foreslåtte endringene til den internasjonale helseforordningen (IHR).

    Selv om traktaten krever en avstemning fra både House of Commons og House of Lords for å være bindende, krever ikke IHR-endringene en slik avstemning. IHR er eksisterende lov, og følgelig krever alle endringer et simpelt flertall av medlemsstatene (som er 97 av de 194 medlemslandene) for å vedtas.

    Hvert land vil da ha seks måneder på seg til å melde seg ut (redusert fra atten måneder av Verdens helseforsamling (WHA) i 2022). Hvis et land ikke melder seg ut i løpet av den tidsrammen, vil det antas at de har akseptert endringene i kraft av å være en eksisterende underskriver av IHR.

    Dette er IHR-utkastet til endringer:

    • Utvide definisjonen av pandemi- og helsenødsituasjoner, inkludert introduksjonen av ordet «potensiell» for skade i stedet for «faktisk» skade, og definisjonen av «helseprodukter» utvides til å omfatte enhver vare eller prosess som kan påvirke responsen eller «forbedre livskvaliteten»;

    • Endre anbefalingen fra IHR fra «ikke-bindende» til «obligatoriske» instrukser som medlemsstatene forplikter seg til å følge og implementere;

    • Befeste generaldirektørens evne til uavhengig å erklære nødsituasjoner;

    • Etablere en omfattende overvåkingsprosess i alle medlemsstater som WHO vil verifisere regelmessig gjennom en landvurderingsmekanisme;

    • Gjør det mulig for WHO å dele landdata uten samtykke;

    • Gi WHO kontroll over visse landsressurser, inkludert krav til økonomiske bidrag og levering av intellektuell eiendom (innenfor den utvidede definisjonen av «helseprodukter»);

    • Sikre landstøtte for promotering av sensuraktiviteter fra WHO for å forhindre at alternative/avvikende tilnærminger og bekymringer spres fritt; og

    • Endre eksisterende IHR-bestemmelser som påvirker enkeltpersoner fra ikke-bindende til bindende, inkludert grensestenginger, reiserestriksjoner, innesperring (les karantene), medisinske undersøkelser og medisiner (for å inkludere krav til injeksjon med vaksiner eller andre legemidler) (https://apps.who .int/gb/wgihr/pdf_files/wgihr1/WGIHR_Compilation-en.pdf)

    Hvis det vedtas, vil IHR helt klart avstå suverenitet over helse til WHO

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Folkehelseinstituttets fagdirektør:

Putin må brennes langsomt.

Forrige innlegg

USA har over tid bare ansatt ja-folk som fortalte det ledelsen ville høre.

USA har blindet seg selv.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.