POSTED IN Endring av politikken, Imperialismen

Putin til vesten:

Vestens blodsuging av Afrika, Asia og Latin-Amerika tar nå slutt.

8 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Putin til vestlege elitar: «Vampyrballet dykkar er over»

Elitane i Vesten har ikkje gjort anna enn å utnytte land og folkeslag i Afrika, Asia og Latin-Amerika dei siste 500 åra, men no er «moroa» over. Russland sin udiskutable leiar Putin sa i eit nyleg intervju at utnyttinga av andre nasjonar av den sokalla «gylne milliarden» snart er slutt. Nemnde elitar er akkurat som vampyrar som går til åtak på og syg offer tomme for blod. Dette rapporterer RT (Russia Today). Dei skriv (mi omsetjing):

Innlegget er hentet fra Saksyndig

«Æraen der vestlege elitar kan utnytte andre nasjonar og andre folkeslag rundt om i verda er snart over, sa den russiske presidenten Vladimir Putin i eit eksklusivt intervju publisert av Rossiya 1 og RIA Novosti på onsdag [13.mars 2024].

Presidenten sa at i løpet av dei siste få hundreåra, har den sokalla ‘gylne milliarden’ blitt vant til å kunne ‘fylle vommene sine med menneskekjøt og lommene sine med pengar’ sidan dei har vore ‘parasittar’ på andre folkeslag i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

‘Men dei må forstå at vampyrballet snart er slutt,’ sa Putin.

Blodsugingen av verdens befolkning er snart over.

Han la til at borgarane i dei nemnde regionane, som har blitt konstant utnytta av Vesten dei siste 500 åra, har byrja å assosiere Russland sin kamp for suverenitet med ‘sine eigne draumar om suverenitet og uavhengig utvikling’.

På same tid sa Putin at vestlege elitar har eit særs sterkt ønske om å ‘fryse den noverande situasjonen’ og halde på ‘den urettferdige stoda når det gjeld internasjonale affærar’.

Tidlegare, i hans nøkkeltale til Russland si Føderale forsamling førre månad, sa Putin at Vesten, med sine ‘kolonivaner’ for å ‘tenne nasjonale konfliktar over heile verda’ har tenkt å gjere alt dei kan for å hindre Russland si utvikling og gjere dei, som dei gjorde med Ukraina, om til ein døyande, fallert stat.

‘I staden til Russland ønskjer dei eit avhengig, svinnande, døyande rom der dei kan gjere akkurat som dei vil,’ sa han.

De smarte i vesten forstår at de må endre politisk retning.

Presidenten følgde opp desse kommentarane i intervjuet på onsdag, og sa at mange vestlege elitar, som har blitt ‘blinda av sin russofobi’ vart ‘opprømte’ då dei var i stand til å presse Russland til det punktet der dei måtte lansere sin militæroffensiv i Ukraina for å gjere slutt på krigen som Vesten starta i 2014.

‘Eg trur dei til og med var glade, fordi dei trudde at no skulle dei gjere kort prosess med oss gjennom eit vell av sanksjonar, gjennom i praksis å ha erklært ein sanksjonskrig mot oss, og ved hjelp av vestlege våpen i hendene på ukrainske nasjonalistar,’ sa Putin, og antyda at tankane hans låg bak vestlege krav om å ‘påføre eit strategisk nederlag mot Russland på slagmarka’.

No ser Vesten ut til å ha innsett at å slå Russland på denne måten ikkje berre er usannsynleg, men umogleg på grunn av kor samla [det russiske] folket står, den grunnleggjande grunnmuren og stabiliteten i økonomien, og det veksande potensialet til militæret, sa presidenten.

‘Dei som er smartare’ har no kome til den konklusjonen at det er naudsynt å endre strategien i relasjon til Russland, rekna Putin med.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    18 mars 2024 9:04

    Det Stoltenberg kallar «våre verdier» viser no eit forbløffande samanfall med dei sju dødssyndene, og særskilt dei to øvst på lista:

    1 hovmot
    2 grådigskap
    3 utukt
    4 misunning
    5 fråtseri
    6 vreide
    7 latskap

    Når det gjeld punkt 7, er Stoltenberg frikjend.

    Hovmot: «Putin ville ha mindre Nato. Han får mer Nato.» Dette har Stoltenberg teke oppatt ved fleire høve.
    Grådigskap: Stadig utviding av Nato og våpenhandel. Målet er å tvinga Russland i kne og få hand om naturressursane i landet.
    Misunning: Putin har folkeleg støtte, og Russland har mange allierte utanfor Nato.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    18 mars 2024 9:23

    Om presidentvalet:

    NRK meiner eigentleg at herr og fru Navalny vann valet, men må for skams skuld vedgå at Putin vann, og legg til «i praksis uten motkandidater».

    Det var fem kandidatar. Veljarframmøtet var godt, og Putin vann overveldande. 87,3%. Her er tal frå tidlegare val:

    2018 – 76.69%
    2012 – 63.6%
    2004 – 71.3%
    2000 – 52.9%

    Gro Holm i det statsfinasierte NRK sin propagandakampanje for Navalny og Nato heldt seg for nasen og klaga si naud over den

    «statsfinansierte propagandakampanjen for president Putin».

    Svar
    • Eric Kamov
      19 mars 2024 19:14

      NrK & Gro Holm fremkaller kontinuerlig akutte brekningsfornemmelser, åpenbart deres eneste eksistensberettigelse . . .

      Svar
  • » ..at utnyttinga av andre nasjonar av den sokalla «gylne milliarden» snart er slutt. Nemnde elitar er akkurat som vampyrar som går til åtak på og syg offer tomme for blod. »

    For å nevne NOE:
    Libyas enorme gullverdier/oljefond ( Større enn Norges oljefond. )
    Afghanistans statskasse.

    Ja, hvor har dette blitt av, vampyr Nato-Stoltenberg?
    ( – Og hvordan/hvorfor fikk du egentlig jobben i Nato? – Fordi du viste at du var skruppeløs, uten moral, og en av ‘ herrefolket’.)

    ‘ Etter røveriet og plyndringskampanjen under Jeltsin, ble de russiske oligarkene tøylet. Putin gjorde det klart for dem at han ikke ville overlate landet til dem for ytterligere plyndring og forarmelse av folket. Hvis det var opp til Vesten, kunne den russiske befolkningen godt ha råtnet bort, det hadde ikke brydd de vestlige elitene. Det faktum at Putin stoppet den vestlige røveri-kampanjen gjorde ham til en fiende av det transatlantiske elite-komplottet.
    Det vil de ikke tilgi ham.’
    midtifleisen.wordpress.com/2019/03/30/skygge-makten/

    Svar
  • Vesten og Gro Holm er indignerte over valgfusket i Russland.
    Lederen i Den Frie Verden, Joe Biden, frykter ikke valg:
    https://www.youtube.com/watch?v=MA8a2g6tTp0
    «Vi har satt sammen, tror jeg, den mest omfattende og inkluderende velgersvindelorganisasjonen i amerikansk politikks historie.»

    «Dei som er smartare», hvem skulle det være? Norge? Sverige? Finland? Stoltenberg? Scholz? Macron? Mette Fredriksen? Neppe.
    Mette Fredriksen sikler på Charles Michels jobb som President for Det Europeiske Råd. bt.dk
    Mark Rutte vil ta over for Jens. Alle er orientert globalt og sviker nasjonen.
    Huitfeldt , tross skandale, forfremmet til US-ambassadør.
    De ordner seg innad i herskerklassen.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    18 mars 2024 12:02

    Er det nokon som hugsar kaoset i det siste nord-amerikanske presidentvalet? Teljing og omteljing i vekesvis.

    Russland har resultatet klart dagen etter valet. 87% av røystene og 77% valdeltaking for ein president som stiller utan eit parti i ryggen.

    Barth Eide er for liten til å gratulera Putin. Eg skulle gjerne sett Barth Eide stilla opp i eit direkte presidentval i Noreg utan partistøtte.

    Glenn Diesen skriv om Noreg/Russland på Steigan i dag. Hadde me ikkje levd i eit einsretta land, hadde fleire fått glede av Diesen sine kunnskapar.

    Svar
    • T.S.:

      » Hadde me ikkje levd i eit einsretta land, hadde fleire fått glede av Diesen sine kunnskapar.»

      Og hadde vi hatt frie politikere, og en fri presse, hadde vi kunnet fått fri informasjon.
      Nå har vi en unison grøt av rosablogging og propaganda i all media i Norge.

      Mitt inntrykk er at folk blir mindre og mindre interessert i både nyhet og politikk. De vet det er tull og løgn.
      ‘Hva vinner løgnerne med løgnene?- At ikke lengre NOE blir sett på som sant.’
      Så er det snart klart for neste steg i propagandaen og fordummingen.

      Svar
      • Eric Kamov
        19 mars 2024 19:26

        »Så er det snart klart for neste steg i propagandaen og fordummingen.»

        En rask titt på quislingen Støre’s X-profil gir en relativt klar bekreftelse på dette, samt at i TILLEGG bekreftes ordtaket »Si meg hvem du omgås, og jeg skal si deg hvem du er!» . . .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Temperaturen synker og isfjellene nærmer seg.

Passasjerene koser seg i fluktstolene på Titanic.

Forrige innlegg

Huitfeldt som ambassadør:

Utviding av politikernes retrettmuligheter

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.