POSTED IN Økonomi

Putin:

Glem «The great reset.!»

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Great Reset? Putin seier “Ikkje så raskt”

Putin ler av ideen om Den fjerde industrielle revolusjonen.

Tom Luongo 

Har du fått med deg den viktigaste politiske talen på dei siste seks åra?

Med alt som skjer, kunne det vere lett å gå glipp av den. Faktisk gjorde eg det nesten sjølv, og denne talen sit i knutepunktet for nesten alle dei områda eg intenst følger med på.

Det årvisse Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) tok stad førre veke via telekonferanse, det eg kallar Virtual Davos, og i den store hendinga i år var signaturemnet sjølvsagt prosjektet deira «the Great Reset», «Den store nullstillinga».

Klaus Martin Schwab er en tysk økonom som er grunnlegger av og arbeidende styreformann for Verdens økonomiske forum. Wikipedia

Men om WEF var så innstilte på å vise verda den beste sida av Den store nullstillinga, så burde dei ikkje ha invitert verken Kinas statsminister Xi Jinping eller, og viktigare, Russlands president Vladimir Putin.

Og det var Putins tale som styrta korthuset som WEFs agenda er.

Førre gongen nokon entra eit stort internasjonalt forum og la fram slik bitande kritikk av det geopolitiske landskapet, var då Putin talte til FN den 29. september, 2015, to dagar før han sende av garde russisk luftstøtte til Syria.

Der flådde han ikkje berre FN, men også – og viktigast – USA og deira NATO-allierte med spørsmålet «Skjøner de kva de har gjort?»; han sikta til korleis dei hadde slept laus kaos i ein allereie kaotisk del av verda.

Så viktig denne talen enn var, så var det handlingane til Putin deretter som definerte det geopolitiske sjakkbrettet vi no har på det eurasiske kontinentet. Syria vart neksusen for all motstand mot myten om at «IS er uovervinnelege».

Noen tror at det er en konspirasjonsteori at Covid-19 inngår i en større plan. Denne boka til Klaus Schwab viser at den ikke er det.

Og mysteriet om kven som var bak IS, nemleg Obama-administrasjonen, vart avslørt for alle som følgde litt med. President Trump tok kanskje æra for å ha slått IS, men det var framfor alt Putin og dei russiske styrkane som gjorde det mogleg då dei tok tilbake dei vestlege delane av Syria, samstundes som våre globalistiske generalar, slike som James Mattis, gjorde like mykje skade på Syria sjølv, som dei gjorde tilsvarande liten skade på IS, i håp om å kunne bruke dei på nytt ein annan gong.

Og enten du er einig eller ueinig i USA sin Syria-politikk, er det vanskeleg å påstå at Russland sin intervensjon der fundamentalt har endra den regionale politikken og konfliktane i overskodeleg framtid.

Det var starten på den frivillige oppløysinga av banda mellom Kina, Russland og Iran på eine sida og USA på den andre.

For å stille seg på tvers av USA og Europa sitt design for konsolidering av makt i Midtausten, har Russland blitt skurkeforklart i Vesten på måtar som gjer at indoktrineringa eg fekk då eg som barn vaks opp under Den kalde krigen ser ut som reklamekampanjar for feriereiser til Krim.

Men det er slik styrke i målmedvit og karakter som har definert Putin sine to tiår ved makta. Han har gjort mirakel med gjenoppbygginga av Russland.

Putins største feil var kanskje hans tiltro til at vesten ville overholde inngåtte løfter og avtaler.

Han har gjort mange feil, for det første med å lite på amerikanske presidentar, og for det andre med å undervurdere akkurat kor arrogante og rovgriske leiarane i Europa er.

Med det sagt, så har han no nådd grensa, særleg i høve til Europa, og han har fastsett ein strengt uavhengig veg framover for Russland, same kva det måtte koste på kort sikt. Og dét er grunnen til at talen hans ved Verdsøkonomisk forum var så viktig.

Putin hadde ikkje tala der på nesten eit tiår. I ei tid då WEF-kontrollerte nikkedokker dominerte maktposisjonane i Europa, Storbritannia, Canada og no USA, spaserte Putin inn i det virtuelle Davos og tømde ut kaffien sin på teppet.

I eit ordelag eg berre kan skildre som upåklageleg høfleg, fortalde Putin Klaus Schwab og WEF at heile ideen deira om Den store nullstillinga ikkje berre er dømd til å feile, men også strir imot alt som moderne leiarskap burde handle om.

Putin bokstaveleg talt lo av ideen om Den fjerde industrielle revolusjonen – Schwab sin ide om eit planlagt samfunn via artifisiell intelligens, robotar og samansmeltinga av menneske og maskin.

Han fortalde dei rett ut at politikken deira som driv middelklassen til randa av utrydding under COVID-19-pandemien vil auke endå meir den sosiale og politiske uroa og sikre at kløfta mellom fattig og rik blir større.

Covid-19- tiltaken vil fjerne store deler av middelklassen.

Putin er ingen blomekastande liberalist eller noko slikt, men kritikken hans av den hyper-finansialiserte post-Sovjet-æraen er presis.

Æraen dominert av sentralbanksverksemd og den stadige samansmeltinga mellom stat og korporativ makt har auka skeivfordelinga av rikdom over heile USA og Europa – til fordel for millionar mens millardar blir loppa.

Å lytte til Putin var som å lytte til ei krysning av Pat Buchanan og den avdøde Walter Williams. I følge han har det neoliberale idealet «inviter verda/invader verda» øydelagt dei kulturelle banda i landa, og samtidig uthola deira økonomiske framtidsutsikter. Putin kritiserte nullrentesatsar, QE [Quantitative easing, pengepolitikk som går ut på at sentralbankane kjøper opp ml.a. verdipapir frå den frie marknaden for å auke pengetilførselen og oppmode til låntaking og investeringar, i følge investopedia.com, mrk.], toll og sanksjonar som politiske våpen.

Men måla for desse våpena, sjølv om dei nominelt er retta mot Russland, var eigentleg Vestens eigen vitalitetsmotor, ettersom middelklassane har sett lønene sine stagnere, og tilgangen til utdanning, helsetenester og domstolar til å avhjelpe klagemåla fell dramatisk.

Russland er eit land i framgang; det er Kina og. Når banda har blitt djupe nok til å stabilisere økonomien til Iran, vil også dei reise seg.

Saman vil dei føre den sentralasiatiske landmassen ut av attenhundretalshengemyra som eksisterer på grunn av britisk og US-amerikansk intervensjon i regionen. Putin sin tale gjorde det klart at Russland er seriøst opptatt av å finne løysingar for at alle folk skal få ei betre framtid, ikkje berre nokre få tusen skinheilage oligarkar i Europa.

Kinas store økonomiske fremgang hadde ikke vært mulig uten tilgang til energi, i stor grad kullkraft. Utbyggingen av kullkraftverk fortsetter ikke bare i Kina men i hele Asia.

I ein mindre konfronterande tale sa partileiar Xi det same. Som Putin, jatta også han med i saka klimaendring og karbonnøytralitet, men han fokuserte i staden på ureining og berekraft.

Saman bad dei i grunnen WEF om å stappe Den store nullstillinga tilbake i det holet den kom frå.

Eg har følgd Putin nært i nesten eit tiår no. Eg fekk ei kjensle av at han snakka til ein skuleklasse i politisk vitskap, og ikkje til dei mektigaste i verda.

Men diverre forstår han betre enn oss alle som har vore offer for aggresjonen deira så lenge, at han måtte handsame dei seriøst, for realitetssansen og sambandet deira til folka dei herska over var nært sagt kutta. På slutten av sine planlagte kommentarar spurde Klaus Schwab Putin om Russland sitt problematiske forhold til Europa, og om det kunne fiksast. Putin svara utildekt:

Om vi kan reise oss over desse problema frå fortida og kvitte oss med fobiane, så vil vi heilt sikkert få nyte eit positivt stadium i relasjonane våre.

Vi er klare for dette, vi vil det, og vi vil strebe etter å få det til å skje. Men kjærleik er umogleg dersom den berre er eklært av den eine parten. Den må vere gjensidig.

Av det eg har sett frå Biden-administrasjonen eller Europakommisjonen i Brussel, får eg inga kjensle av at nokon av dei har høyrt eit ord av det han har sagt.

Kjelde: Tom Luongo

Fritt omsett av Monica Sortland

Knut Lindtner har lagt til bilder m/kommentarer.

Forsidebilde: Bruce Röttgers



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 083 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Det blir jo litt latterlig for «Den Frie Verdens Ledere» (som de ynder å kalle seg) hvis det blir Putin og Xi som skal redde verdens befolkning fra slaveri og utryddelse. Men det er kanskje på tide at noen voksne tar igjen med disse barna, og spesielt med disse tyrkiske khazar mongolene (kjent idag som konverterte jøder), slike som Schwab, Gates, Rockefeller, Morgan, Rotschild og resten av Big Tech, Big Pharma og alle de internasjonale bangsterne, og deres etterplaprere (her renner navn som Solberg, Høye, Brundtland, Søreide osv. en i hu). Takk til Putin som sier så klart fra om galskapen.

    Svar
    • Har du bevis for at Gates og Schwab er «jøder»?
      Jeg vet at ledelsen i EU og de andre du nevner for det meste er «jøder» ……

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Oppløsningsprosessen i Ukraina fortsetter.

Medier og meninger forbys nå.

Previous Post

Del 3: Inndra boka til Michelet?

Nei, det er å gi etter for dem som vil kriminalisere ytringer

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.