POSTED IN Diplomati, Endring av politikken, Tyskland

Putin etter Merkels avsløring om bedraget bak MINSK 2-avtalen:

Hvem skal vi forhandle med?

1 kommentar

Det er alltid en fordel å høre hva folk med makt faktisk mener og ikke bare tolkninger fra deres motstandere slik tilfellet er med fremstillingen av Russland og lederen Putin i vestlige nyhetsmedier. Vi gjengir derfor et sammendrag av hvilke svar den russiske presidenten Putin ga på et intervju som nylig ble avholdt i Kirgisistan.

Folk kan være enig eller uenig i det han fremfører. Det tar ikke vi stilling til. Det viktige er her å presentere meningene hans mer nøkternt enn det våre hjemlige nyhetsmedier presterer, kanskje med unntak av ukeavisa Dag og Tid.

Knut Lindtner
Redaktør

Putin om Ukraina, Merkel og atomkrig

Russlands president Vladimir Putin svarer på spørsmål frå journalistar etter EAEU-møtet i Bisjkek, Kirgisistan. 

Russlands president Vladimir Putin snakka med journalistar etter møtet i Den eurasiske økonomiske unionen (EAEU) i Kirgisistans hovudstad Bisjkek på fredag. Blant emna han tok opp, var dei siste avsløringane frå Tysklands tidlegare kansler  Angela Merkel, militæroperasjonen i Ukraina, trusselen om atomkrig, den høgprofilerte fangeutvekslinga med USA, og Russlands relasjonar til EU og Afrika.

Kommentarane til Merkel rettferdiggjer Ukraina-operasjonen

two people shaking hands
Når en inngår en avtale som en av partene ikke akter å overholde – da undergraves all tillit for lang tid.

Putin seier tilståinga til kansler Angela Merkel [i eit Zeit-intervju på onsdag] – at hensikten med Minsk-avtalane var å «kjøpe tid» for Ukraina – var overraskande og skuffande, men at det berre betyr at avgjerda om å starte den spesielle militæroperasjonen var korrekt. «Poenget deira var berre å fylle opp våpenlagera til Ukraina og førebu dei på konflikt. Vi ser det. Ærleg talt kan det vere vi innsåg det for seint, og at vi kanskje skulle ha starta alt dette tidlegare,» sa Putin.

 Sjølv om han visste at Ukraina ikkje hadde intensjonar om å implementere avtalen, hadde han trudd «at andre deltakarar i prosessen var ærlege. Det viste seg at dei óg bedrog oss,» sa den russiske presidenten.

Korleis forhandle med «tilliten på null»

Bedraget om Minsk reiser no eit «spørsmål om tillit», sa Putin og bemerka at den no er «nesten på null». Spørsmålet no er eigentleg om forhandlingar om noko som helst med nokon som helst i det heile tatt er mogleg, eller det som kan garantere ein avtale, la han til. «Til sist vil det måtte bli forhandlingar. Vi er klare for dei; det har eg sagt mange gongar. Men det får oss til å lure på kven vi forhandlar med.»

Kva han meinte med at Ukraina «tar lang tid»

På spørsmål om det han tidlegare sa om at militæroperasjonen kan bli ein «lang prosess», forklarte Putin at han refererte til løysinga på konflikten i Ukraina. «Den spesielle militæroperasjonen går raskt framover, alt er stabilt, det er ingen spørsmål eller problem med den i dag,» sa han. Å løyse heile situasjonen vil «sannsynlegvis ikkje bli lett, og vil ta litt tid, men på den eine eller andre måten vil alle deltakarane i denne prosessen måtte einast om realitetane som tar form ute i felten.»

Om kjernefysisk førsteangrep

I was a Minuteman III nuclear launch officer. Take it from me: We can't let  Trump become president - Los Angeles Times
Tidligere var den militær-strategiske tanken på å knekke ryggen på Sovjetunionen med et første-slag med atomvåpen fremtredende i USA. Men faren for russisk gjengjeldelse holdt en tilbake. Med de nye hypersoniske russiske missilene er noe førsteslag ikke lenger mulig.

USA har lenge hatt ein doktrine om eit «avvæpnande» angrep mot kommando- og kontrollsystem. Det var til dette dei utvikla kryssarrakettar som Sovjetunionen mangla, sa Putin. No har Russland hypersoniske missil som er «meir moderne og endå meir effektive,» så «kanskje vi burde adoptere utviklingane og ideane til våre amerikanske partnarar når det gjeld å sikre tryggleiken.»

Medan USAs doktrine førestiller seg eit slags forkjøpsatomangrep, handlar Russlands doktrine om gjengjeld, forklarte Putin. Dersom dei russiske alarmsystema for tidleg varsel oppdagar eit missilangrep, vil «hundretals av missila våre flyge av garde, og det vil bli umogleg å stoppe dei. Nokre angrepsmissil vil nok råke Russland, men «ingenting vil bli igjen av fienden,» og det er slik kjernefysisk avskrekking fungerer, forklarte han.

Fleire fangeutvekslingar er mogleg

Russland ser det ikkje slik at dei vellykka forhandlingane om å utveksle Brittney Griner for Viktor Bout skulle vere ei opning for å diskutere andre emne med USA. Sjølv om forhandlingane «skapte ein viss atmosfære», vart det ikkje tatt opp andre saker innanfor dei rammene, sa Putin.

Han la til at kontakt mellom russiske og US-amerikanske tryggingstenester «held fram, og faktisk aldri har stoppa,» men at denne spesifikke utvekslinga var initiert av USAs president Joe Biden.


«Er andre utvekslingar mogleg? Ja, alt er mogleg. Dette er resultatet av forhandlingar og at ein har søkt kompromiss. I dette tilfellet fann vi eit kompromiss,» sa den russiske presidenten.

Om behovet for ei ny mobilisering

Chinese and Russian troops battle subzero chill in Siberia drills - Nikkei  Asia
Russland har mobilisert mer enn 300 000 soldater som ennå ikke er satt inn i krigen. Ukraina er allerede nå på defensiven. (Bilde fra en felles russisk-kinesisk militærøvelse)

Ei ny innkalling blir ikkje vurdert, sa Putin då han fekk spørsmålet om fleire russarane vil måtte ta til våpen i 2023. Av dei 300 000 som vart innkalla, har rundt 150 000 blitt utplasserte, men berre 77 000 i kamp-avdelingar, medan andre er engasjerte i andre plikter for no. Dei resterande 150 000 soldatane er enno ikkje utplasserte, men gjennomgår tilleggstrening, forklarte han. «Halvparten av dei innkalla er ein kamp-reserve, så korfor skal ein snakke om fleire innkallingar?» konkluderte Putin.

Svar på Afrika-kommentaren til Borrell

Som svar på påstanden til EUs utanrikspolitiske sjef, Josep Borrell, om at mange afrikanarar kanskje ikkje veit kor Donbas er, eller kven Putin er, sa den russiske presidenten at kontinentet berre så altfor godt veit kven som hjalp dei å frigjere seg frå europeisk kolonialisme.

EU-politiarar bør «slutte å snakke om sin kjærleik til det afrikanske folket og byrje hjelpe desse landa,» sa Putin. «Om dei folka du snakka om visste kor Afrika var og kva slags forhold folka der lever under, så ville dei ikkje ha blanda seg inn i leveransane av russisk mat og gjødsel til det afrikanske kontinentet, som avlingane i afrikanske land er avhengige av, og som reddar hundretusentals menneske i Afrika frå å døy av svolt.»

Omsett av Monica Sortland, henta frå

https://www.rt.com/russia/567979-putin-biskhek-press-takeaways/ 



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 528 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Vet Liz Truss og Kamala Harris å plassere Donbas på kartet? Jeg synes å huske at de strevde med det. Er en gjennomsnittsamerikaner bedre istand til å si hvor Donbas er enn en afrikaner? Tvilsomt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det var ingen massegrav i Mariupol slik vestlige medier påstod.

Undersøkte påstanden om massegrav på gravlunden.

Previous Post

Hvem kontrollerer de som skal kontrollere legemiddelindustrien?

Hvem finansierer helse-forskningen?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.