POSTED IN Israel, Midt-Østen

Provokasjonen mot Al-Aqsa moskeen:

Har startet en en geopolitisk flodbølge.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Geopolitikken i Operasjon Al-Aqsa Flood 

Av Pepe Escobar

Det global fokuset skifta nett frå Ukraina til Palestina. Denne nye konfrontasjonsarenaen vil tenne ny rivalisering mellom dei atlantisist-blokka og den eurasiske blokka. Desse kampane blir i stadig større grad null-sum-kampar; som med Ukraina, kan berre den eine polen stå fram styrka og sigersrik.

Hamas’ Operasjon Al-Aqsa Flood var grundig planlagd. Startdatoen hadde to utløysande faktorar som vilkår.

Det første var at Iraels statsminister Benjamin Netanyahu briska seg med sitt «Nye Midtausten»-kart framfor FNs generalforsamling i september, der han hadde utsletta Palestina fullstendig og gjorde narr av kvar einaste FN-resolusjon om emnet.

Det andre var rekka med provokasjonar i den heilage Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem, inkludert strået som brakk ryggen på kamelen: to dagar før Al-Aqsa Flood, den 5. oktober, starta minst 800 israelske busettarar eit angrep rundt moskeen, der dei slo pilegrimmar, øydela palestinske butikkar, alt medan israelske sikkerheitsstyrkar stod og såg på.

Alle med ein hjerne som fungerer, veit at Al-Aqsa er ei absolutt raud linje, ikkje berre for palestinarar, men for heile den arabiske og muslimske verda.

Og verre skal det bli. Israelarane har no byrja å snakke om eit “Pearl Harbor.” Det er så truande som det kan bli. Det opprinnelege Pearl Harbor var USAs orsaking for å gå inn i verdskrigen og sleppe atombomber over Japan, og dette “Pearl Harbor” kan vere Tel Avivs påskot til å starte eit folkemord på Gaza.

Visse grupperingar i Vesten klappar for den komande etniske reinsinga – inkludert Zionistar som poserer som “analytikarar” og seier høgt at “folkeforflytningane” som starta i 1948 “må fullførast” – som trur at med massive våpen og massiv mediedekning kan dei vende om på ting og kort ekspedert utslette den palestinske resistansen og svekke Hamas-allierte som Hizbollah og Iran.

Ukraina-prosjektet deira har lagt heile økonomiar i Europa i ruinar. Men når éi dør stenger, opnar ei anna seg. Hopp frå allierte Ukraina til allierte Israel og fokuser på motstandaren Iran i staden for motstandaren Russland.

Det finst andre grunnar til å gå heilhjarta inn i det. Eit fredeleg vest-Asia betyr gjenoppbygging av Syria – der Kina no er offisielt involvert; aktiv nyutvikling for Irak og Libanon; Iran og Saudi-Arabia i BRICS 11; det strategiske partnarskapet mellom Russland og Kina, som blir fullt respektert og interagerer med alle regionale spelarar, inkludert nøkkel-allierte av USA i Den persiske golfen.

Inkompetanse. Eigenrådig strategi. Eller begge.

Det fører oss til prisen for å starte denne nye “krigen mot terror.” Propagandaen er i full sving. For Netanyahu i Tel Aviv, er Hamas  IS. For Volodymyr Zelensky i Kiev, er Hamas Russland.  Ei helg i oktober var krigen i Ukraina heilt gløymd av Vestens hovudstraumsmedium. Brandenburger Tor, Eiffel-tårnet, det brasilianske Senatet er alle israelske no. 

Egyptisk etterretning hevdar dei åtvara Tel Aviv om eit snarleg angrep frå Hamas. Israelarane valde å ignorere det,slik dei gjorde med Hamas sin drilleksersis , som dei observerte i vekene før, sjølvgode i sin overlegne viten om at palestinarane ville våge å starte ein frigjeringsoperasjon.

Al-Aqsa-moskéen er en moské i Jerusalem, bygget ca. 638 e.Kr… (fra Wikipedia)

Kva som enn hender no, har Al-Aqsa Flood allereie ugjenkalleleg smadra den kraftige, populære myten om kor uovervinneleg Israel er med sine Tsahal, Mossad, Shin Bet, Merkava-tanks, Iron Dome, og Israel Defense Forces. 

Sjølv når dei kvitta seg med elektronisk kommunikasjon, profitterte Hamas på den skrikande kollapsen til Israels multimilliard-dollar elektroniske system som overvaka den mest overvaka grensa på heile planeten.

Billige palestinske dronar råka fleire multippel-sensor-tårn, la til rette for eit paraglider-infanteri og rydda vegen for angreps-team med T-skjorter og AK-47 som fekk hol på muren og kryssa ei grense som ikkje ein gong villkattar ville ha våga krysse.

Israel kunne ikkje anna enn å gi seg i kast med å ramponere Gaza-stripa, eit innringa bur på 365 kvadratkilometer fullpakka med 2,3 millionar menneske. Den blinde bombinga av flyktningleirar, skular, sivile bustadblokker, moskear og slumområde hadde starta. Palestinarane har ingen marine, ingen luftstyrkar, ingen artilleriavdelingar, ingen pansra kampkøyrety og ingen profesjonell hær. Dei har bortimot ingen tilgang til høgteknologisk overvaking, medan Israel kan hente inn NATO-informasjon om dei vil.

Israels forsvarsminister Yoav Gallant kunngjorde “ei komplett omringing av Gaza-stripa. Der vil bli null elektrisitet, null mat, null drivstoff, alt blir stengt. Vi kjempar mot menneskedyr og vi vil handle deretter.”

Israelarane kan lystig engasjere seg i kollektiv avstraffing, for med tre godkjennande veto frå FNs sikkerheitsråd på baklomma, veit dei at dei kan kome unna med det.

Det gjer ingenting at Haaretz, Israels mest respekterte avis, rett ut innrømmer at “faktisk er det den israelske regjeringa som aleine har ansvaret for det som skjedde (Al-Aqsa Flood) fordi dei nekta palestinarane rettane deira.”

Israelarane er mest av alt konsekvente. Tilbake i 2007 sa den dåverande sjefen for Israels militæretterretning, Amos Yadlin, at “Israel ville vere glad dersom Hamas tok over Gaza fordi IDF då ville kunne behandle Gaza som ein fiendtleg stat.” 

Ukraina slusar våpen inn til palestinarar

For berre eitt år sidan snakka den sveitte T-skjorte-komikaren i Kiev om å gjere Ukraina om til eit “stortIsrael,”og fekk tilbørleg applaus frå ein gjeng bots frå Atlantic Council.

Vel, det gjekk ikkje akkurat slik. Som ei kjelde av den gamle skulen i Djupstaten nyleg informerte meg:

“Våpen øyremerkte for Ukraina endar opp i hendene på palestinarane. Spørsmålet er kva land som betaler for dei. Iran gjorde nyleg ein avtale med USA om seks milliardar dollar, og det er ikkje sannsynleg at Iran ville sette det på spel. Eg har ei kjelde som gav meg namnet på landet, men eg kan ikkje avsløre det. Faktum er at ukrainske våpen går til Gaza-stripa, og dei blir betalte for, men ikkje av Iran.” 

Etter sitt sjokkerande raid førre helg, har eit kløktig Hamas allereie sikra fleire forhandlingskort enn palestinarane har brukt på fleire tiår. Det er og viktig at medan fredsforhandlingar blir støtta av Kina, Russland, Tyrkia, Saudi-Arabia og Egypt, så nektar Tel Aviv. Netanyahu er som besett av å køyre Gaza til grunne så snart som råd, men viss det skjer, er ein større regional krig nesten uunngåeleg.

Libanons Hizbollah – ein trufast Resistansakse-alliert av den palestinske resistansen – vil heller unngå å bli trekt inn i ein krig som kan bli katastrofal på deira side av grensa, men som kan endre seg dersom Israel utfører eit verkeleg folkemord.

Fateh-110

Hizbollah sit på minst 100 000 ballistiske missil og rakettar, frå Katyusha (rekkevidd: 40 km) til Fajr-5 (75 km), Khaibar-1 (100 km), Zelzal 2 (210 km), Fateh-110 (300 km), og Scud B-C (500 km). Tel Aviv veit kva det betyr, og grøssar av dei hyppige åtvaringane frå Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah om at den neste krigen med Israel vil bli ført inne i det landet.

Og det tar oss til Iran. 

Geopolitisk «plausible deniability»

Den umiddelbare nøkkelkonsekvensen av Al-Aqsa Flood, er at dei neokonservative i Washington sine våte draumar om “normaliering” mellom Israel og den arabiske verda  heilt enkelt vil forsvinne dersom dette går over i ein langvarig krig.

Store delar av den arabiske verda normaliserer allereie sine band til Teheran – og ikkje berre innanfor det nyleg ekspanderte BRICS 11. 

I drivet mot ei multipolar verd – representert ved BRICS 11, Shanghai Cooperation Organization (SCO), Eurasian Economic Union (EAEU), og Kinas Belt and Road Initiative (BRI, Den nye Silkevegen), saman med andre banebrytande institusjonar i Eurasia og det globale sør – er det rett og slett ikkje plass til ein etnosentrisk Apartheid-stat som er glad i kollektiv avstraffing.

No i år vart invitasjonen frå Den afrikanske unionens toppmøte til Israel trekt tilbake. Ein israelsk delegasjon dukka opp likevel, og vart på useremonielt vis kasta ut frå storesalen, ein episode som vart filma og gjekk viralt. I FNs plenumssesjonar førre månad prøvde ein einsleg israelsk diplomat å forstyrre talen til Irans president Ibrahim Raisi. Ingen Vestleg alliert støtta han, og han vart óg kasta ut frå lokala.

Som Kinas president Xi Jinping diplomatisk uttrykte det i desember 2022, Beijing “støttar fast etableringa av ein uavhengig palestinsk stat med full suverenitet basert på grensene frå 1967 og med aust-Jerusalem som hovudstad. Kina støttar at Palestina skal bli ein fullverdig medlem av Dei foreinte nasjonane.”

Teheran sin strategi er langt meir ambisiøs – dei tilbyr strategiske råd til vest-asiatiske motstandsrørsler frå Levanten til Den persiske golfen: Hizbollah, Ansarallah, Hashd al-Shaabi, Kataib Hezbollah, Hamas, Palestinian Islamic Jihad, og tallaust andre. Det er som om dei alle tar del i eit nytt stort sjakkbrett som Stormeister Iran har tilsynet med.

Brikkene på sjakkbrettet vart omstendeleg plasserte av ingen andre enn den avlidne kommandanten for Quds-styrkane til Den islamske revolusjonsgarden, general Qassem Soleimani, eit eineståande militært geni. Han var med og la grunnlaget for den kumulative suksessen til Irans allierte i Libanon, Syria, Irak, Jemen og Palestina, og for å skape forholda for ein kompleks operasjon som Al-Aqsa Flood. 

Andre plassar i regionen feilar atlantisistane stygt når dei prøver å opne strategiske korridorar over dei fem hava – Det kaspiske hav, Svartehavet, Raudehavet, Den persiske golfen og det austre Middelhavet.

Russland og Iran knusar allereie USA sine design i Det kaspiske havet – via den internasjonale North-South Transportation Corridor (INSTC) – og Svartehavet, som er på veg til å bli ein russisk innsjø. Teheran merkar seg nøye Moskv sin strategi i Ukraina, sjølv om dei kultiverer sin eigen strategi for korleis ein skal kvele Overherren utan direkte involvering: kall det gjerne truverdig geopolitisk fornekting av skuld, “plausible deniability”.   

Farvel til korridoren EU-Israel-Saudi-India

Alliansen Russland-Kina-Iran alliance har blitt demonisert som den nye “vondskapens akse” av neokonservative i Vesten, Det infantile raseriet avslører kosmisk impotens. Dette er ekte suverene som ikkje lar seg pille på nasa, og viss dei likevel blir herja med, blir prisen ufatteleg høg.

Eit døme: viss Iran under angrep frå ein USA-Israel-akse skulle bestemme seg for å blokkere Hormuz-sundet, så ville den globale energikrisa flyge til himmels, og den vestlege økonomien – under vekta av kvadrillionar derivat – ville uunngåeleg kollapse.

Det det betyr, i nær framtid, er at den amerikanske draumen om å blande seg inn i Dei fem hava, ikkje ein gong kvalifiserer seg som luftspegling. Al-Aqsa Flood har også nett gravlagt den nyleg annonserte og mykje opphaussa EU-Israel-Saudi Arabia-India transport-korridoren. 

Kina merkar seg nøye alt dette som skjer berre ei veke før det tredje Belt and Road-forumet går av stabelen i Beijing. På spel står dei viktige sambandskorridorane i BRI – over Hjartelandet og Russland pluss den maritime Silkevegen og den arktiske Silkevegen.

Så er det INSTC som knyter saman Russland, Iran og India – og med hjelparutvidinga også Golf-monarkia.

Dei geopolitiske etterverknadane av Al-Aqsa Flood vil sette fart i dei geoøkonomiske og logistiske sambanda mellom Russland, Kina og Iran, gå utanom Overherren og dennes baseimperium. Auka handel og non-stop cargo-frakt handlar om (gode) forretningar. På like vilkår, med gjensidig respekt – ikkje akkurat Krigspartiet sitt scenario for eit destabilisert vest-Asia.  

Utruleg kva nokre infanteristar med saktegåande paraglider’ar som flyg over ein mur kan sette fart på!

av Pepe Escobar

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst. Linker i originalartikkelen.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 978 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Northern Light.
    17 oktober 2023 20:39

    Dr. Paul Craig Roberts: «Merkverdig at Hamas-styrker kunne gå inn i Israel uten å bli oppdaget».

    Hvorfor skulle Netanyahu gjøre det mulig for Hamas å angripe Israel ved å lamme Israels forsvar under angrepet?

    Av Dr. Paul Craig Roberts.
    Jeg blir spurt om Israel-Palestina-konflikten, som ser ut til å ta oppmerksomheten bort fra konflikten mellom Ukraina og Russland. Folk, som jeg mener følger godt med, lurer på hvorfor palestinerne ville angripe Israel på denne måten, da det gir Netanyahu en unnskyldning for å ta de gjenværende områdene av Palestina og ødelegge Gaza-stripen, og dermed kvitte seg med tostats-løsningen ved erobring. Hvem kan klandre Israel etter at palestinere drepte israelere og tok gisler?

    Jeg har hørt den offisielle forklaringen på palestinsk perfidighet*, men jeg har ingen forklaring på angrepet. Det ser ut til at det måtte være mer enn perfiditet. Jeg er enig med leserne i at det virker som en merkelig ting for å gjøre for Hamas, når det spiller ballen over til Israel. Jeg er også enig i at det er noe annet merkelig med angrepet. Hvordan kom droner og så mange raketter, angivelig fra Iran og noen sier Ukraina, inn i Gaza-stripen og hvordan kom Hamas-styrkene inn i Israel?

    Hamas-angrepet har noe av 9/11 over seg. Akkurat som alle deler av den amerikanske nasjonale sikkerhetsstaten sviktet samtidig den 11 september 2001, sviktet alle Israels sikkerhetssystemer samtidig under angrepet, også Iron Dome systemet som USA konstruerte for Israel.

    På mystisk vis gikk Hamas-krigerne inn i Israel på bakken, gjennom luften og sjøveien uten å bli oppdaget. Mystisk nok kom store mengder våpen inn i Palestina gjennom Israel uten å bli oppdaget. Dette er for mye feil på samme tid til å være troverdig. Det vil være interessant å se om noen i Israel blir holdt ansvarlig for den totale sikkerhetssvikten. I USA ble ingen holdt ansvarlig for sikkerhetssvikten 11 september, noe som sier oss mye. Uten å vite, kan vi bare spekulere. Vi har et motiv, Israel kan nå tilrane seg resten av Palestina.

    Et annet motiv kan være at Israel vil utvide konflikten til en bredere krig, og denne gangen lykkes med å ta vannressursene i Sør-Libanon. Det kan til og med bli styggere med israelske angrep mot Syria og Iran. Oljeprisen kan gå skyhøyt og forårsake problemer over hele verden. En seierrik krig og slutten på det palestinske problemet, ville fri Netanyahu fra hans juridiske og politiske problemer. Det er mye å tenke over.

    Men la oss gå videre til sikkerhetssvikten som gjorde angrepet mulig. Hvorfor skulle Netanyahu gjøre det mulig for Hamas å angripe Israel ved å lamme Israels forsvar under angrepet? Det legger forholdene til rette for at Israel kan ta alt som er igjen av Palestina, akkurat som 9/11 la til rette for at de neokonservative kunne starte krigene de hadde planlagt i Midtøsten.

    Det vanskelige spørsmålet er hvorfor ville palestinerne ødelegge for seg selv, ved å angripe Israel når Hamas ikke har noen mulighet til å beseire Israel militært? Igjen, vi kan bare spekulere. Det kan være en israelsk operasjon fra start til slutt. Israel infiltrerer Hamas, akkurat som FBI infiltrerer Trump-tilhengere og patriotiske grupper som nå kalles innenlandske terrorister.

    En annen teori er at Israelske agenter forsterket Israels overgrep mot palestinerne. Netanyahu hjelper dem ved å sprenge den hellige moskeen. Agentene kommer med en angrepsplan som er muliggjort med våpen fra Iran, og elektronisk utstyr fra Iran for å blokkere israelske overvåknings-systemer. De går omhyggelig frem, og stoler på at tiårene med oppsamlet sinne vil fortrenge Hamas’ fornuft.

    Jeg sier ikke at disse spekulasjonene er tilstrekkelige som forklaring. Men jeg ville ikke bli overrasket om disse spekulasjonene vil vise seg å være nærmere sannheten, enn den offisielle fortellingen som dukker opp hvis de blir undersøkt nærmere.

    *I krigssammenheng er perfidy en form for bedrag der den ene siden lover å handle i god tro (for eksempel ved å heise et våpenhvileflagg), med den hensikt å bryte det løftet når den intetanende fienden er utsatt, (for eksempel ved å komme ut av dekning for å ta fangene som «overgir seg » i varetekt). Wikipedia.

    Fra Global Research, publisert 17 oktober 2023.
    Oversatt fra engelsk. Orginalartikkel: Hamas’ Attack on Israel Is Puzzling: “Hamas Fighters entered Israel without Being Detected”. Dr. Paul Craig Roberts.

    Svar
  • Det var vel en grunn til at isrealerne gikk til aksjon ved Al- A moskeen. Men det passer vel kanskje inn i narrativet ditt å fortelle om det.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Brukes den for å starte «The Great Reset»?

Dreier Ukraina-krigen seg om noe helt annet enn vi blir fortalt?

Previous Post

Det går mot katastrofe for USA i Midt-Østen.

Vil Norge fortsatt være USA/Israels hjelper?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.