POSTED IN Norge, USA

Protestane i USA:

Dreier seg om noko anna enn det store media seier.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Kva protestane i USA avslører

av Thierry Meyssan

Antirasisme-protestar i USA har raskt utvikla seg til ei fremjing av Det demokratiske partiet sine idear. Det handlar ikkje lenger om å kjempe for like rettar for alle eller å stille spørsmål ved fordommane til visse politifolk, men om å gjenopne ein kulturell konflikt med fare for ein ny borgarkrig.

JPEG - 43.9 kb
Demonstrasjonane er ikkje lenger retta mot rasisme, men mot symbola til landets historie. Ein har tatt i bruk Nasjonalgarden for å verne om monumenta. Her den 2. juni, ved Lincoln Memorial i Washington, DC.

Protestar rundt om i Vesten mot rasisme i USA maskerer utviklinga til konflikten der. Det har utvikla seg frå ei ispørresetting av leivningane etter svart slaveri til ein heilt annan konflikt som kan sette landet sin integritet på spel.

Sist veke kom eg på at USA burde ha blitt oppløyst etter brotet med Sovjetunionen, som politikken deira var fokusert på. Men det imperialistiske prosjektet («Den endelause krigen») leidd av George W. Bush hadde gjort det mogleg å gjenopplive landet etter angrepa den 11. september, 2001. Eg peikte også på at befolkninga dei siste tiåra har rørt seg mot å gruppere seg etter kulturell tilhøyrsle [1]. Blanda ekteskap vart atter sjeldan. Eg konkluderte med at landet sin integritet ville bli trua om ikkje-svarte minoritetar byrja delta i protestane [2].

Dette er nøyaktig det vi er vitne til i dag. Konflikten står ikkje lenger mellom svarte og kvite, sidan kvite har blitt majoriteten i nokre antirasistiske demonstrasjonar, spansktalande og asiatar har gått med i opptoga, og Det demokratiske partiet er no involvert.

Sidan Bill Clinton sin presidentperiode har Det demokratiske partiet identifisert seg med prosessen med finansiell globalisering; ein posisjon som Det republikanske partiet nølte med å støtte, og aldri har tatt fullt til seg. Donald Trump representerer ein tredje veg: den om «Den amerikanske draumen», dvs. entreprenørskap i motsetning til finans. Han blei vald ved å erklære  America First! – noko som ikkje refererte til den pro-nazistiske isolasjonistrørsla på 1930-talet, slik nokre har hevda, men til omplasseringa av jobbar, som seinare verifisert. Han var visseleg støtta av Det republikanske partiet, men heldt fram med å vere ein «Jacksonian» [‘Jacksonar’ viser til president (1829 – 1834) Andrew Jackson, som ml.a. talte for utvida stemmerett for kvite menn, mrk.], og ikkje ein «konservativ» i det heile tatt.

Som historikar Kevin Phillips – valrådgivar for Richard Nixon – har vist, førte den anglosaksiske kulturen til tre borgarkrigar [3] : 
 

  • den første engelske borgarkrigen, kjend som «Det store opprøret» («the Great Rebellion» som hissa Lord Cromwell opp imot kong Charles I 1642-1651); 
     
  • den andre engelske borgarkrigen, eller «Uavhengigheitskrigen»/ «Krigen om uavhengigheit frå USA» («War of Independence from the United States» (1775-1783)); 
     
  • og den tredje anglosaksiske borgarkrigen, eller «Borgarkrigen» i USA (1861-1865) («the Civil War»).

Det vi i dag er vitne til, kan føre til den fjerde. Dette verkar vere meininga til den tidlegare forsvarsministeren, general Jim Mattis, som nyleg fortalde The Atlantic at han var bekymra over president Trump sin splittande, heller enn einande, politikk.

Lat oss gå tilbake til USAs historie for å finne ut noko om leirane i dag. Den populistiske presidenten Andrew Jackson (1829-1837) la ned veto mot sentralbanken (the Federal Reserve Bank (Fed)) som vart etablert av Alexander Hamilton, ein av grunnlovsfedrane som var for føderalisme fordi han var valdeleg motstandar av demokrati. Nett slik Jacksons disippel, Donald Trump, i dag er i opposisjon mot sentralbanken.

Tjue år etter Jackson kom «Borgarkrigen», som viser til alle dagens demonstrantar. I følge dei sette den slave-Sør opp imot eit humanistisk Nord. Rørsla som starta med ei rasistisk hending på nyheitene (lynsjinga av svarte George Floyd gjort av ein kvit politimann frå Minneapolis) driv no med øydelegging av statuar av sørstatsgeneralar, inkludert Robert Lee. Handlingar av denne typen skjedde allereie i 2017 [4], men denne gongen veks det seg kraftigare, og guvernørar frå Det demokratiske partiet deltar.

JPEG - 82.8 kb
Demokratane sin guvernør i Virginia, Ralph Northam, annonserte fjerninga av ein vidkjend statue av general Lee, etter førespurnad frå kvite demonstrantar. Det er ikkje lenger eit spørsmål om kamp mot rasisme, men om å øydelegge symbola på landets identitet.

Men denne myten stemmer ikkje med realiteten i det heile: ved byrjinga av borgarkrigen var begge sider slaveeigarar, og ved slutten var begge anti slaveri. Slutten på slaveriet kom ikkje på grunn av abolisjonistane, den kom på grunn av begge sidene sitt behov for nye soldatar.

Borgarkrigen sette dei rike, katolske, agrikulturbaserte Sørstatane opp imot eit protestantisk, industrielt Nord ute etter å gjere seg rike. Den krystaliserte seg rundt tollsaka, som Sør meinte burde vere bestemt av dei føderale statane, men som Nord ville avskaffe mellom føderalstatane og la den føderale regjeringa bestemme.

Derfor, når demonstrantane no avglorifiserer sørstatssymbola, så angrip dei ikkje restane av slaveriet, men avviser Sørstatane sin identitetsvisjon. Det var spesielt urettvist å angripe general Lee, som hadde fått slutt på borgarkrigen ved å nekte å gå inn med geriljakrigføring frå fjella, og ved å velje nasjonal einskap. Uansett vil desse degraderingane effektivt legge forholda til rette for ein fjerde anglosaksisk borgarkrig.

I dag korresponderer ikkje omgrepa Nord og Sør lenger til geografiske realitetar: det skulle heller vere Dallas mot New York og Los Angeles.

Det er ikkje mogleg å velje dei aspekta av eit lands historie som ein synst er gode, og øydelegge dei ein synst er dårlege, utan å ta omsyn til alt som har blitt bygd opp på det.

Når han refererer til Richard Nixon sitt slagord i 1968-valet, «Lov og orden», prøver ikkje president Trump å preike rasistisk hat, slik mange kommentatorar hevdar, men returnerer til tenkinga til forfattaren av slagordet, Kevin Phillips. Han har framleis til hensikt å få Andrew Jacksons tankar til å triumfere over Finans ved å sette sin lit til Sørstatskulturen og ikkje forårsake oppløysing av landet sitt.

President Donald Trump står i same situasjon som Mikhail Gorbatsjov gjorde på slutten av 1980-talet: landet hans sin økonomi – ikkje finans – har vore i skarp nedgang i fleire tiår, men medborgarane nektar å ta til seg konsekvensane [5]. USA kan berre overleve om dei set seg nye mål. Slik endring er spesielt vanskeleg i nedgangstider.

Paradoksalt nok klamrar Donald Trump seg til «Den amerikanske draumen» (d.v.s. sjansen til å bli rik) medan samfunnet har gått i stå, middelklassane forsvinn, og nye immigrantar ikkje lenger er europearar. Samtidig er det berre opponentane til det US-amerikanske samfunnet (Fed, Wall Street og Silicon Valley) som føreslår ein ny modell, men på bekostning av massane.

Problemet med SSSR var annleis, men situasjonen var den same. Gorbatsjov feila og landet vart oppløyst. Det ville overraske om den neste presidenten til USA, kven det no måtte bli, skulle lykkast.

Omsett av  Monica Sortland

Forsidebilde: Mike Von

https://www.voltairenet.org/article210166.html

     

[1American Nations. A history of the 11 rival regional cultures of North America, Colin Woodard, Viking (2011).

[2] “USA: Race riots and separatist temptations”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 1 June 2020.

[3The Cousins’ Wars, Kevin Philipps, Basic Books, 1999.

[4] “What the mid-term elections tell us about US interior conflict”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 13 November 2018.

[5] “Trump, the US version of Gorbatchev”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 30 January 2018.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Takk for en god artikkel.
    «…Nett slik Jacksons disippel, Donald Trump, i dag er i opposisjon mot sentralbanken….
    …Når han refererer til Richard Nixon sitt slagord i 1968-valet, «Lov og orden», prøver ikkje president Trump å preike rasistisk hat, slik mange kommentatorar hevdar, men returnerer til tenkinga til forfattaren av slagordet, Kevin Phillips. Han har framleis til hensikt å få Andrew Jacksons tankar til å triumfere over Finans ved å sette sin lit til Sørstatskulturen og ikkje forårsake oppløysing av landet sitt.»
    Det blir klarere hvorfor Trump møter så stor motstand og blir latterliggjort. Det er ikke språkføringen, håret eller huden, men hans motstand mot globalisme og Fed-styring.
    Hvem har styringen over mesteparten av media?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Oberstløytnant:

Norge er nå uten eget forsvar av landet.

Forrige innlegg

Flertall av velgere i USA:

Landet er ute av kontroll.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.