POSTED IN USA, Valg

Private stiftelser og storselskap donerte milliarder av kroner for å få ønsket valgresultat i USA.

Mye tyder på valgjuks i 2020-valget i USA.

8 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Zuckerberg, Rockefeller, Google og privatiseringa av val-integritet

av F. William Engdahl

Foreign Bankers Rape Ukraine, by F. William Engdahl

8. juni 2022

Gjennom bedrag og utnytting av smotthol i USA sine lover for ideelle organisasjonar (non-profit entities), har private storselskap og stiftingar pøsa på med svære summar pengar til korrumpering av USAs valprosess til fordel for ein dystopisk Grøn Agenda og verre. Det er eit komplekst nettverk av interesser, som inkluderer Facebook-grunnleggaren Mark Zuckerberg, Google og fleire Rockefeller-fond. Det finst bevis for at heile greia i løynd blir organisert av USAs etterretningsvesen for å pådytte USA ein destruktiv økonomisk og sosial agenda i tråd med Davos’ Great Reset og FNs Agenda 2030.

Det kjem fram i lyset stadig fleire bevis som skildrar kapringa av sjølve kjernen i det US-amerikanske valsystemet, som ikkje berre kastar lys over 2020-valet i USA, men også over privat-finansiering av sjølve infrastrukturen av lokale valmedarbeidarar og valprosedyrar, inkludert ’drop-box mail-in’-stemmesetlar og utgifter til vallokale for byar og fylke. Det er eit slåande stort rom for misbruk, ettersom prosessen ikkje er transparent. Sentralt i dette nettet ligg det lite kjende, «ideelle» Center for Tech and Civic Life, CTCL. Den offisielle grunnleggaren av og sjefen for CTLC er tidlegare Obama Foundation Fellow Tiana Epps-Johnson. Ei grundig gransking av hennar CTLC-sponsorar og -operasjonar tyder på at ho vart utvald av svært mektige stiftingar og teknologiske storselskap, Big Tech, til å transformere sjølve strukturen til og kontrollen over USAs valprosess.

Center for Tech and Civic Life

Epps-Johnson grunnla CTCL i 2012, då ho var i 20-åra. I 2019 vart ho storliga-aktør då Facebooks Mark Zuckerberg og kona hans Priscilla Chan gav CTCL fleire donasjonar på totalt over 419 millionar dollar for å påverke valet i 2020. Korleis dette vart gjort, er ein studie i sofistikert og illegal valmanipulasjon.

Stalin sa ein gong: «Dei som stemmer, bestemmer ingenting. Dei som tel stemmene, bestemmer alt.» [Det var kanskje USA sine val han snakka om, då, om det i det heile tatt stemmer at han har sagt det. Mrk.] I dag kunne han ha lagt til: «Dei som kontrollerer stemmesetel-postkassane (Ballot Drop Boxes som var utplasserte rundt omkring, der folk kunne levere stemmesetlar utan å vise ID, mrk.), kontrollerer også voteringa.» Dette er fokuset til Zuckerberg og CTLC.

I USAs politiske system er kvar delstat ansvarleg for praktiseringa av vallovene. Under oppløpet til 2020-valet, etter irregularitetar under Kongressvalet i 2018, der Demokratane tok majoriteten i begge Husa, starta Republikanarane å peike på at radikale Demokrat-statar som California, New York, Illinois og Michigan hadde opna slusene for potensiell svindel, fordi dei ikkje kravde framvising av foto-ID eller standard-restriksjonar som poststempel eller signatur ved poststemming. På noverande tidspunkt krev ein ikkje foto-ID-bevis for å avlegge stemme i 15 delstatar, inkludert dei mest folkerike: California, Illinois, New York, Pennsylvania, Arizona og Minnesota.

Follow the Money

I det viktige november-valet i 2020 spelte CTLC ei historisk ny, høgsofistikert og, heilt tydeleg, svært korrupt rolle i påverknaden av utfallet i favør av Demokratiske kandidatar, særleg Joe Biden som president. Det var takka vere donasjonar på til saman $419 millionar, nær ein halv milliard, frå Facebook-grunnleggaren Mark Zuckerberg og kona, via deira $86 milliardar store fond med skattefritak. Hovudpoenget var korleis og kor pengane vart delt ut.

Ifølge nettsidene til CTLC opna dei for søknad om økonomisk støtte til lokale valkommisjonar, på påstått ikkje-partisk basis. Pengane vart leverte direkte, og verken delstatleg rettsvesen eller politisk styresmakt hadde nokon kontroll over pengestraumen, tvert imot det som står i Grunnlova. Løyvingane, eller gratisfinansieringa, skulle offisielt gå til å «STØTTE DEN TRYGGE ADMINISTRERINGA AV OFFENTLEGE VAL UNDER COVID-19 PANDEMIEN». Og det er her det blir interessant.

Dei delstatane som hadde dei strengaste covid-nedstengingane og sosiale tiltaka, var akkurat dei Demokrat-styrte delstatane som ikkje bad om veljar-ID, og som innførte massiv post-stemming «på grunn av covid-restriksjonar», nøkkelstatar som California, Illinois, Pennsylvania eller New York. CTLC annonserte pengeløyvingar til støtte for ei historisk uovertruffen post-stemming, inkludert spesielle stemmesetel-postkassar på nøkkellokasjonar, for å gjere post-stemming enklare, og også valfusk. Desse pengane kunne finansiere breie nettverk av stemmesetel-postkassar i viktige (typisk) Demokratiske område, som Philadelphia, der Det demokratiske partiet sine korrupte maskiner hadde kontrollen. Pengar kan og ha blitt brukt i lokale valdistrikt til å «utdanne» stemmeurneobservatørar eller «trene opp» valpersonell. Åh, korleis kunne dette gå gale?

Etter lova skal organisasjonar som er fritatte for skatt levere inn detaljerte oversikter over pengebruken sin til skattestyresmaktene, IRS tax department. CTLC sitt skatteskjema for det viktige valåret 2020, vart levert den 22. januar, 2022. For første gong sidan valet i november 2020, gav dei eit detaljert bilde av kva Zuckerbergs svære donasjonar til CTLC kjøpte seg. På overflata ser det ut til at løyvingane verkeleg vart gitt til valkommisjonar som bad om dei, uavhengig av om førespurnaden kom frå eit kjent Demokratisk distrikt eller Republikansk. Men om ein bryt det ned i detalj innan byar og fylke, kjem bedraget fram i lyset. I mange delstatar vart det delt ut minimumsløyve på $5000. Mange av desse gjekk til Republikanske område. Ikkje nok til å gjere særleg mykje av noko av betydning. Men det let CTLC påberope seg upartiskheit.

Fort Worth, Texas - Wikipedia
Fort Worth er hovedstaden i Tarrant County i delstaten Texas i USA. Byen er den sjette folkerikeste i Texas med ca. 910 000 innbyggere. Sammen med Dallas danner Fort Worth og flere andre byer et av USAs største storbyområder, som kalles Dallas/Fort Worth Metroplex eller lokalt kort og godt «The Metroplex». Wikipediah Worth

Men i dei mest notorisk korrupte Demokratiske byane eller fylka var historia heilt noko anna. Det folkerike Dallas County i Texas, til dømes, der 65% stemde på Demokratane, fekk fylkets valkommisjon utbetalt rørande $15 130 433 frå Tiana Epps-Johnson til å bruke slik dei ville. Ingen krav om detaljar. Nabofylket Tarrant County, der Fort Worth ligg, og som er 49% Demokratisk, vart gitt $1 678 523, og Harris County, der Houston ligg, og som er 56% Demokratisk, fekk generøse $9 663 446. Laredo i Texas, ein liten by på grensa til Mexico fekk saftige $2 432 169.

I Demokrat-styrte Pennsylvania, der Philadelphia og Pittsburg vart tatt til retten for signifikant stemmejuks, gav Tiana Epps-Johnsons ideelle CTLC $2 052 251 til fylket Allegheny County (Pittsburg) generøse $10 016 070 til Philadelphia, også kalla “City of Brotherly Love.” Dei 10 millionane vart løyvde sjølv om eks-val-dommaren i byen vart dømd for rolla si då han tok imot muter for å levere inn falske stemmesetlar og sertifisere falske valresultat under primærvala i 2014, 2015 og 2016 i Philadelphia. Hugs at verken CTLC eller Zuckerberg eller politikarar kravde at nokon gjorde greie for bruken av pengane som så generøst var donert.

Bill de Blasio – Wikipedia
Bill DeBlasio

Valstyret i NY City (New York City Board of Elections), under den notorisk korrupte Demokrat-borgarmeisteren Bill DeBlasio (fødd Warren Wilhelm Jr), fekk eit CTLC-bidrag på $19 294 627. I Demokrat-styrte Michigan fekk dei notorisk korrupte Demokrat-styrte valmedarbeidarane i Detroit $7 436 450 for å organisere avrøystinga slik dei meinte det passa seg. I delstaten Michigan, som vart skulda for stemmejuks i 2020, dokumentert til og med – før korrupte dommarar forkasta bevisa – gav CTLC, ifølge estimat, $24 millionar til valkommisjonar i rundt 420 byar og fylke. I Demokratiske Illinois, vart notorisk korrupte Chicago, heimstaden til CTLC, gitt $2 269 663 å leike med.

I den svært omstridde delstaten Georgia, der både Republikanarar og Demokratar vart skulda for juks og vegring mot å rettsforfølge det, flaut det titals millionar dollar frå CTLC til Demokratiske nøkkelområde som Dekalb County (83% Demokratisk) som fekk $9 625 041. Fulton County (Atlanta) som fekk rundt $10,7 millionar. Gwinnett County Georgia ved Atlanta fekk $6,4 millionar av ein total for Georgia i 2020 på $40 millionar! Biden «vann» vippestaten med berre 0,2% av ein prosent. Ein korrupt Republikansk delstatsminister nekta ei vidare gransking av resultatet, trass rikeleg med bevis på juks. Ein annan omstridd vippestat i 2020, Arizona, fekk også millionar til nøkkelfylke fra CTLC, inkludert juks-dokumenterte Maricopa County som fekk $1 840 345. Og Demokrat-styrte California fekk rundt $18 millionar – i ein delstat som ikkje spurde etter veljar-ID.

«Ikkje-partiske» Tiana og CTLC

Kva er eigentleg Center for Tech and Civic Life, som har ei nettside som hevdar å handle om å «arbeide med å fostre eit meir informert og engasjert demokrati, og hjelpe til med å modernisere US-amerikanske val»? Tiana Epps-Johnson hevdar smålåtent på si eiga nettside at ho driv «banebrytande arbeid for å gjere USA sine val meir inklusive og trygge». Bisarrt nok kallar ho seg sjølv ein «borgar-teknolog», kva no enn det måtte bety. Gløym det faktum at dei tryggaste vala i dag er dei klassiske, med person-oppmøte, ID-verifisert papirstemmesetel, og ikkje hack-bare stemme-datamaskiner ein kan få tilgang til frå internett eller stemmesetlar sende i posten, som er forbodne i dei fleste utvikla land. Utandørs stemmesetel-postboksar gjer stemmejuks enkelt. Dette var nøkkelen til Zuckerberg/CTLC-strategien.

person holding white and red box
Nesten ein halv milliar dollars ble brukt av Tiana Epps-Johnson for å påvirke valget i USA. Er dette valgjuks?

Tiana kallar seg grunnleggar og direktør for CTLC. Biografien hennar på Wikipedia liknar den til ein typisk spion, utan personlege data som familie, fødselsdato. Historia hennar startar med studier ved Stanford, der ho skal ha tatt graden Bachelor i Administrasjon (BA). Ei vidare lesing av nettsida hennar avslører at ho omtalar seg sjølv i tredjeperson, «Før CTLC var ho valadministrasjonsdirektør for New Organizing Institute frå 2010 til 2015. Ho arbeidde tidlegare i Voting Rights-prosjektet for Lawyers’ Committee for Civil Rights. Tiana … vart utvald til å bli med i dei inaugurale (første) kohortane (gruppene) til Obama Foundation Fellows (2018) og Harvard Ash Center Technology and Democracy Fellows (2015). Tiana fekk ein Master of Science-grad (MSc) i Politikk og Kommunikasjon frå London School of Economics og ein BA i Politisk vitskap frå Stanford University.» Det var det; det er alt verda veit om bakgrunnen hennar. Likevel er ho vist tilliten å dele ut nær ein halv milliard dollar til å påverke 2020-vala i USA? Banda hennar til Obama er så tette at ho introduserte den Demokratiske eks-presidenten for eit student-publikum ved Stanford i april 2022, der han skulle tale om «desinformasjon», noko Obama tydelegvis er ein ekpert av verdsklasse på.

Tinga blir tydelegare når vi ser på sponsorane for denne tidlegare obskure ideelle organisasjonen. I tillegg til Zuckerbergs Facebook (meta), listar CTLC si nettside opp Google, The Rockefeller Brothers Fund, eBay-grunnleggarmilliardæren Pierre Omidyar sitt Democracy Fund, the Knight Foundation, blant dei som er mest verdt å merke seg. Det er tydeleg at Tiana,den mystiske unge «borgarteknologen» rører seg i svært mektige sirklar.

Google/YouTube-sensur

Dinesh D'Souza - Wikipedia
Dinesh D’Souza

I mai, 2022 sleppte journalisten Dinesh D’Souza ein dokumentar der han viste video-opptak frå overvakingskamera av stemmesetel-postboks-svindel i fleire nøkkelstatar under 2020-vala. Den har tittelen 2000 Mules, ein referanse til rundt 2000 løna stemmesvindlarar («muldyr») som vart dokumenterte med overvakingskameraopptak. Vi får sjå at dei ulovleg puttar bunkar med stemmesetlar i dei spesielle stemmesetel-postkassane i sentrale vippestatsbyar som Philadelphia, stemmesetel-postboksar som var betalte for med Zuckerbergs CTLC-val-rundhandaheit.

Utan dei spesielle, temporære postkassane, som var sagt å skulle hjelpe på den kolossale auken i post-stemming i 2020 på grunn av «covid», hadde ikkje denne stemmesetelstappinga i nøkkelstatar vore mogleg. «Muldyra» skal ha blitt betale 10 dollar per stemme dei la i boksane, og identifiserte muldyr vart filma medan dei køyrde til fleire stemmepostkassar i nattas mulm og mørkre, med hanskar på for å unngå fingeravtrykksspor. Videoen til D’Souza’s har blitt forboden på YouTube, eit selskap eigd av Google, detsame Google som også donerte til CTLC. Google har nære band til CIA, slik dei fleste av dei viktige Silicon Valley gigantane har, slik også Zuckerberg seiest å ha. Det er ein spindelvev av Demokratiske frivillige organisasjonar (NGOar) og stiftingar med skattefritak, somZuckerbergs, som de facto har privatisert USA sine val på ein fordekt måte som Stalin berre kunne ha drøymd om.

Sidan 2020 har 14 av USAs statar innført lover som forbyr privat finansiering av val. Liknande lovforslag har blitt stemde igjennom i lovgivande forsamling i fem andre statar, inkludert Pennsylvania, men har blitt blokkert av Demokratiske guvernørar.

Omtrentleg omsett av Monica Sortland

Originalen finn du på Engdahls nettside (om den er oppe og går igjen) under tittelen Zuckerberg, Rockefeller, Google and the Privatization of Election Integrity

Forsidebilde: Clay Banks

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • «We have put together the most extensive and inclusive voter fraud organization in the history of American politics», sa Biden selv, selvsikkert stolt over å komme til makten ved svindel, klar vinner i delstater hvor avgitte stemmer langt overskred stemmeberettigede, langt over hundre prosent valgdeltakelse.
    Jeg tror det blir bråk i ville vesten ved «mid-terms».

    Svar
  • Selvølgelig må det ha vært valgfusk i dette valget i USA.
    Ellers ville alt arbeidet siden 1940 være bortkastet. Bakmennene/makten kunne ikke tillate en president i USA som utfordret Fed, og som uttalte:
    ‘Våre tropper skal hjem, slår Trump fast.– Det burde ikke være USAs oppgave å erstatte regimer rundt om i verden. Det er dette president Trump erkjente om Irak, at det var den største utenrikspolitiske katastrofen de siste tiårene,… ‘
    https://www.aftenposten.no/verden/i/L0bzmR/Trump-Tyrkia-lover-a-utradere-IS

    Og som ikke ville gå i takt :

    ‘Trump ødelegger demokratiet, han vil ikke ha vaksinepåbud og vil ikke gå til krig.’ ;-)
    https://www.nettavisen.no/nyheter/dette-er-mareritt-scenariet-om-trump-skulle-bli-president-igjen-i-2025/s/12-95-3424185143

    Svar
  • Det er vel ikke så mange presidenter før Trump, som har tatt penger fra våpenindustrien og bombingen w.w. for å beskytte nasjonen. Ikke rart han blir latterliggjort .
    ‘…tar 2,5 milliarder dollar fra forsvarsbudsjettet til å bygge 16 mil grensemur. ‘
    https://e24.no/makro-og-politikk/hoeyesterett-gir-trump-groent-lys-til-aa-bygge-mur/24664263

    Svar
  • Men Trump ble latterliggjort/måtte bort.

    ‘Den mest alvorlige feilen gjør at IT-systemer for hele valgdistrikter kan påvirkes, mens en annen feil teoretisk sett gjorde det mulig å endre på stemmemaskinens programvare.
    – Det vil altså være mulig å endre på innbyggernes stemmer eller se hva hver innbygger har stemt…’
    https://www.digi.no/artikler/stemmemaskiner-i-usa-er-sarbare-for-hacking/520180

    Svar
  • Skaperne av 2000 mules har lovet at nye avslöringer som vil overgå 2000 mules skandalen vil bli sluppet denne uken.Om jeg har forstått dette rett vil de nye avslöringene inneholde eksplosivt stoff om utenlandske etterretningsorganisasjoners innblanding i blant annet valget.

    Svar
  • Reidar Kaarbø
    14 desember 2022 10:37

    Vi så to fantastiske valgkupp i USA i vippestaten Florida i 2000 og vippestaten Ohio i 2004. Kuppene hadde som formål å få Dick Cheney inn som visepresident (i realiteten fungerte han som president mens George W. Bush spilte golf).

    Målsettingen var selvfølgelig å sette ut i livet krigen mot Afghanistan som var planlagt siden 1998, og få krigen «legitimert» ved å skape en terrorhandling som monnet.

    Norske medier har funnet disse kuppene samt utøvelse av terrorhandlinger lite verdt å omtale, for USA er jo våre venner og vil jo bare utbre sitt «demokrati» (puke!) over hele verden.

    Svar
  • » På noverande tidspunkt krev ein ikkje foto-ID-bevis for å avlegge stemme i 15 delstatar, inkludert dei mest folkerike: California, Illinois, New York, Pennsylvania, Arizona og Minnesota. »

    Morsomt. I et land med så mange ( ille-)gale invandrere.
    Jeg regner med at dette er en ordning som vi kan bruke i Norge?

    Svar
    • Burde vært formulert noen faste, krystallklare internasjonale regler for «demokratiske valg» slik at vi slipper slikt søl.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Vår globalistiske fremtid:

Individuelle karbonkvoter vil bestemme hva du får kjøpe og hvor du for lov til å reise

Forrige innlegg

Tog i Norge

Signalanlegg og strømledninger svikter

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.