POSTED IN Norge

Prioritering av Covid-19 pasienter:

Har det ført til økt dødelighet i andre pasientgrupper?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Eg har signert dødsattestar under Covid-19.

Her er grunnen til at du ikkje kan stole på noko av statistikken om talet på offer

av Malcolm Kendrick

Malcolm Kendrick er doktor og forfattar og jobbar som allmennlege i det offentlege helsevesenet, National Health Service (NHS), i England.

Som NHS-doktor har eg sett folk døy og bli listeførte som offer for koronavirus utan ein gong å ha blitt testa for det. Men om vi ikkje har presise data, kan vi ikkje vite kva som har drept flest: sjukdommen eller nedstenginga [lockdown, mrk.].

Eg trur dei fleste vil bli overraska over å få vite at dødsårsaka som blir registrert på dødsattestar ofte er lite meir enn kvalifisert gjetning. Dei fleste døyr når dei er gamle, ofte over åtti. Det blir svært sjeldan utført obduksjon, noko som betyr at du som doktor går igjennom pasienten sine symptom dei siste par vekene av livet. Du blar tilbake i notatane for å finne info om helsetilstanden hans. Om pasienten tidlegare har hatt infarkt, diabetes, KOLS, angina, demens og slikt. Så snakkar du med dei pårørande og omsorgspersonalet og prøver finne ut kva dei har sett. Hadde dei pusteproblem, gjekk det gradvis nedover, slutta dei å ete eller drikke?

Dersom eg har møtt dei under dei siste to vekene av livet, kva trur eg var den mest sannsynlege dødsårsaka? Der er sjølvsagt andre faktorar og. Hadde dei ramla, brote ein fot og hatt operasjon? I så fall ville det sannsynlegvis bli tatt obduksjon for å finne ut om operasjonen kunne vere ei årsak. Men for det meste, ute i samfunnet, er dødsattestar ingen eksakt vitskap. Det er sikkert og visst. Har aldri vore, og blir heller aldri. Det er sant at ting fungerer noko meir presist på sjukehusa, der det skjer meir av testing og scanning og slikt.

Så kjem Covid-19, og mange av reglane – slik dei var – ryk rett ut vindauget. På eitt tidspunkt vart det til og med føreslått at slektningar kunne fylle ut dødsattestane, om ingen andre var tilgjengelege. Men eg er ikkje sikker på om dette nokon gong har skjedd.

Kva skulle vi no gjere? Om ein eldre person døydde på ein sjukeheim, eller heime, døydde dei av Covid-19? Vel, ærleg talt, kven veit? Særleg om dei ikkje hadde nokon test for Covid-19 – som i mange veker ikkje ein gong var lov. Berre pasientar som kom på sjukehus vart vurderte som verdige til ein test. Ingen andre.

Kva slags råd vart gitt? Det varierte rundt om i landet, og frå obdusent til obdusent – og frå dag til dag. Skulle no kvar person på ein sjukeheim diagnostiserast som døyande av koronaviruset? Vel, det var i alle fall rådet som vart gitt i mange delar av Storbritannia.

Der eg jobbar var ting meir ubestemte. Eg diskuterte ting med kollegaer, og det var svært liten konsensus. Eg skreiv Covid-19 på nokre attestar, og på andre ikkje . Basert på korleis personen såg ut til å døy.

Eg veit at andre legar skreiv Covid-19 på alle som døydde frå tidleg i mars og utover. Det gjorde ikkje eg. Kva kan vi få ut av statistikkar skapt med slikt datagrunnlag? Og betyr det noko?

Det betyr mykje av to hovudgrunnar. For det første: dersom vi i stor skala overvurderer Covid-19-dødstala, vil vi i tilsvarande grad undervurdere skaden som er forårsaka av nedstenginga. Dette spørsmålet vart nyleg tatt opp i ein artikkel i BMJ, British Medical Journal. Der blir det slått fast:

«Berre ein tredel av dei overskytande dødsfalla vi har hatt i England og Wales kan forklarast med Covid-19.

David Spiegelhalter
[…] David Spiegelhalter, leiar av Winton Centre for Risk and Evidence Communication ved Univeritetet i Cambridge, sa at Covid-19 ikkje forklarer dei høge dødstala vi har hatt i samfunnet.»

«I ei brifing frå Science Media Centre den 12. mai forklarte han at sjukeheimar og andre miljø hadde måtta handsame ei ‘urovekkande byrde’ med 30 000 fleire dødsfall enn normalt forventa, ettersom pasientar vart flytta ut av sjukehus som venta seg stor etterspurnad etter senger.

Av dei 30 000 hadde berre 10 000 spesifisert Covid-19 på dødsattesten. Sjølv om Spiegelhalter vedgjekk at nokre av desse ‘overskytande dødstala’ kan vere resultat av underdiagnostisering, så er ‘det kolossale talet på uforklarte ekstra dødsfall i heimar og sjukeheimar ekstraordinært. Når vi ser tilbake … denne auken i ikkje-covid, overskytande dødsfall utanfor sjukehusa er noko eg håpar vil bli gitt verkeleg alvorleg merksemd.’ Han la til at mange av desse dødsfalla måtte vere folk ‘som godt kunne ha levd lenger dersom dei hadde kunna kome seg på sjukehus.’»

Det Spiegelhalter seier her, er at det godt kan hende at folk døyr ‘på grunn av’ Covid, eller heller på grunn av nedstenginga. Fordi dei ikkje kjem til sjukehus for behandling av andre tilstandar enn Covid. Vi veit at talet på akutt- og intensivpasientar [A&E attendances, mrk.] har minka med over femti prosent sidan nedstenginga. Innleggingar med brystsmerter har falle med over femti prosent. Berre døydde desse folka i heimane sine?

Sett frå mitt eige perspektiv, har eg visseleg funne det ekstremt vanskeleg å få eldre pasientar innlagt på sjukehus. Eg greidde det nyleg med ein gamal fyr som hadde sepsis [blodforgiftning, mrk.], ikkje Covid-19. Om han hadde døydd på sjukeheimen, ville han nesten sikkert ha fått diagnosen «døyr av Covid».

Konklusjonen her er at dersom vi ikkje diagnostiserer dødsfalla presist, vil vi aldri få vite kor mange som har døydd av Covid-19, eller ‘på grunn av’ nedstenginga. Dei som støttar nedstenging, og gir råd til regjeringar, kan peike på kor dødeleg Covid var, og seie at vi gjorde rett i å gjere som vi gjorde. Når det kan ha vore slik at nedstenginga sjølv var nett like dødeleg. Å dirigere helsestell bort ifrå alt anna, for å handsame éin einaste tilstand. Å halde sjuke, lidande, sårbare folk unna sjukehus.

Fører prioritering av Covid-19 pasienter til at andre pasientgruppers dødelighet øker?

Den andre grunnen til at det å ha nøyaktig statistikk er livsviktig, gjeld planlegginga for framtida. Vi lyt vite nøyaktig kva som skjedde denne gongen for å kunne legge planar for neste pandemi, som verkar vere uunngåeleg ettersom verda blir stadig tettare befolka. Kva er fordelana med nedstenging, kva er skadane? Kva bør vi gjere neste gong eit dødeleg virus slår til?

Dersom Covid-19 tok livet av 30 000, og nedstenginga tok livet av dei andre 30 000, så var nedstenginga fullt og heilt bortkasta, og bør aldri skje igjen. Den store frykta er at dette er ei melding denne regjeringa ikkje ønsker å høyre – så dei vil gjere alt dei kan for å sleppe å høyre det.

Det vil bli gjort til kjenne at alle dei ekstra dødsfalla vi har sett dette året kom på grunn av Covid-19. Den fluktruta vil bli gjort mykje lettare viss ingen eigentleg veit kven som faktisk døydde av koronavirus-sjukdommen, og kven som ikkje gjorde det. Jau, opplysningane om Covid-19-dødsfall betyr verkeleg mykje.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Natanael Melchor

https://www.rt.com/op-ed/490006-death-certificates-covid-19-do-not-trust/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Jeg tror nedstengning av barnehager og grunnskoler i Norge var unødvendig da barn under 10 år ikke blir syke av covid 19 viruset. Det var også undøvendig å forby folk å reise på hyttene sine i en periode. Grensenene mellom nordiske land kunne vært åpne da vi har felles smittevern regler. Folk har vært og er flinke til å anvende smittevern reglene. Vi ser resulateter av dette i Norge. Opprettelse av et Pandemi departement er nødvendig for fremtidige pandemier og epedemier.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Bøtelegges i Tyskland for klimaskepsis:

Ytringsfriheten gjelder bare for korrekte meninger.

Forrige innlegg

KrF:

Ofra bioteknologi for IS-dama.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.