POSTED IN Demokrati, USA

Presidentvalget i USA:

Et mirakel. Biden klarte det umulige.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jeg legger ut denne artikkelen som virkelig gir grunn til ettertanke. Jeg gjør det ikke fordi jeg er begeistret for Donald Trump, men fordi jeg er tilhenger av rettferdige valg og av USAs store befolkning.

De har fortjent noe helt annet enn de to kandidatene som har kjempet om presidentvervet. Den ene verre enn den andre.

Hvis en unngår sannheten fornekter en virkeligheten.

Men fordi sannheten alltid er en rettferdig og revolusjonær kraft mener jeg at den må frem, uansett hvilke konsekvenser det har. Derfor er denne artikkelen ubehagelig for mange som tror at alt nå vil bli mye bedre med Biden som sjef i Det Hvite Huset.

Det er lenge siden USA har fungert som et virkelig demokrati. I år var det som vanlig ille med de to kandidatene som ble presentert for befolkningen. Hvis det viser seg at hele valget er rigget (fikset på) mister USAs befolkning den siste resten av demokratiske valg.

Det meste er allerede borte fordi det er bare representanter for de rikeste som kan stille til valg slik landet er organisert i dag.

Jeg tror Biden vinner den store maktkampen som nå pågår bak kulissene og da forsvinner samtidig den siste resten av demokrati i landet. Naturligvis under forutsetning av at det som fremkommer i artikkelen under er korrekt.

Knut Lindtner

5 fleire måtar som Joe Biden på magisk vis knuste tidlegare valresultat.

Journalistklassen burde vere særs forundra over det historisk sett usannsynlege ved sigeren til Joe Biden. At dei ikkje er det, er mildt sagt merkeleg.

av J.B. Shurk

The Federalist 23. november, 2020

I den eksalterte stemninga, blant objektive journalistar, over Joe Bidens erklærte siger, så ser reportarane ut til å gløyme kor framifrå storslagen Demokratene sin prestasjon var i 2020-valet. Det er ikkje berre det at den tidlegare visepresidenten er i ferd med å bli den eldste presidenten i USAs historie, det er også kva han har klart å få til ved valurnene i år.

Kandidat Joe Biden oppelda velgarane i 2020 så effektivt at han fekk eit rekordstort tal røyster, over 15 millionar fleire enn Barack Obama fekk då han vart gjenvald i 2012. Fantastisk nok så greidde han å sikre sigeren sjølv om han tapte i alle bjellesau-statane i landet. Aldri har nokon presidentkandidat greidd å utføre slik elektoral Jiu-Jitsu – før no.

Medan Biden i 2016 presterte dårlegare enn Hillary Clintons total i samtlege urbane valkrinsar i USA, så presterte han betre enn ho i storbyområda til Georgia, Michigan, Wisconsin og Pennsylvania. Endå meir overraskande er det at den tidlegare visepresidenten fekk eit rekordstort tal røyster, trass i at Demokratane gjer det generelt dårleg i lokal- og delstatsval landet over.

Han greidde alt dette etter å ha fått ein rekordlåg del av primærvalsrøystene, samanlikna med sin Republikanske opponent, på veg mot siste valrunde. Dette er klart og tydeleg enorme og uventa bragder som normalt ville kalle fram sofistikerte analysar frå journalistklassen, men som av ein eller annan grunn har fått passere nesten utan å bli nemnt under feiringane i nyheitsstudioa i New York City og Washington, DC.

Den massive nasjonale politiske omstillinga som no finn stad kan vere éi kjelde til desse overraskande forstyrringane. Men likevel, å ha dradd så mange kaniner opp av hatten sin på denne måten, ingen kan nekte for at Biden er ein førsteklasses kampanjeaktør og politikar, så god at USA aldri før har sett liknande. La oss gå grundigare inn på akkurat kor unik hans politiske voodoo har vore i 2020.

  1. 80 Millionar røyster

Jøss!! Ein bråte med amerikanarar troppa opp for ein Washington-politikar som som har halde på i nesten 50 år. Tenk på dette: ingen regjerande president på nesten eit og eit halvt hundreår har fått fleire stemmer i ein gjenvalskampanje og likevel tapt.

Joe og Hunter Biden

President Trump har fått over ti millionar fleire stemmer sidan han vann i 2016, men Bidens appell var så substansiell at den overvann president Trumps rekordoppslutning blant minoritetsveljarar. Biden knuste også Barack Obamas totale stemmetal, og dét reiser verkeleg spørsmålet om ikkje det kanskje var Biden som drog Obama over sluttlinja i 2008 og 2012.

Som eit bevis på kor skarpe hans politiske instinkt er, greidde den tidlegare visepresidenten å samle ihop eit rekordstort tal stemmer samstundes som han heile tida låg i halen på president Trump i målingar av veljarentusiasme. Biden var så skarpsindig at han motiverte veljarar som var uentusiastiske over valkampen hans til å gå av stad og stemme på han i rekordstore mengder.

2. Siger trass tap i dei fleste bjellesau-valkrinsane

Biden er i ferd med å bli den første presidenten på 60 år som tapar delstatane Ohio og Florida på sin veg til valet. I eit hundreår har desse delstatane konsekvent spådd det nasjonale resultatet, og dei har blitt sett på som grovt sett representative for den amerikanske smeltedigelen som eit heile. Trass nasjonale meiningsmålingar som gav Biden leiinga i begge delstatane, så tapte han Ohio med åtte prosentpoeng og Florida med meir enn tre.

Det at Biden tapte desse nøkkel-bjellesauane med gode marginar, og likevel vann det nasjonale valet, er nyheitsverdig. Ikkje sidan mafiaen skal ha hjelpt John F. Kennedy å vinne Illinois over Richard Nixon i 1960 har nokon amerikansk president lykkast med det fikse trikset.

Endå meir utruleg er det at Biden er på veg til å vinne Det kvite huset etter å ha tapt nesten alle dei tradisjonelle bjellesau-valkrinsane i landet. Wall Street Journal og Epoch Times har gjort uavhengige analysar av resultata i 19 valkrinsar rundt om i USA som har hatt nær perfekt match med valresultatet i presidentvala over dei siste 40 åra. President Trump vann kvar einaste bjellesau-valkrins unntatt Clallam County i Washington.

Clallam County

Medan den tidlegare visepresidenten plukka opp Clallam med kring tre prosentpoeng, var president Trump sin sigersmargin i dei 18 andre krinsane i gjennomsnitt på over 16 prosentpoeng. På ei større liste med 58 bjellesau-valkrinsar som korrekt har plukka ut presidenten sidan 2000, vann Trump 51 av dei med eit gjennomsnitt på 15 prosentpoeng, medan dei andre sju gjekk til Biden med kring fire prosentpoeng. Bjellesau-valkrinsar valde i overveldande stor grad president Trump, men Biden fann ein veg til siger likevel.

3. Biden låg i halen på Clinton unntatt i nokre få utvalde byar

Patrick Basham, ein valkommentator som oftast har spådd korrekt om valutfall, og direktør for Democracy Institute i DC, sette søkelyset på to observasjonar som kollegaar av han, meiningsmålingsguru Richard Baris frå Big Data Poll og valanalytikar Robert Barnes, hadde gjort. Baris hadde notert seg eit statistisk avvik i 2020-stemmetala: «Biden gjorde det dårlegare enn Hillary Clinton i alle store byområde rundt om i landet, med unntak av Milwaukee, Detroit, Atlanta og Philadelphia.”

Barnes la til at i desse «store byane i vippestatar drivne av Demokratar … overgjekk stemmetalet talet på registrerte veljarar.» I dei viktigaste delstatane rann det inn så mange brevstemmer for Biden frå byane at han slo alle rekordar og snudde om på delstatstotalar der det like før hadde sett ut som at president Trump hadde ei komfortabel leiing.

Dersom Demokratane lykkast i å eliminere Valmannskollegiet, bør Bidens magiske formel for utspying av overveldande stemmetal i ei handfull byar gjere Demokratane uovervinnelege. [Første måndag etter andre onsdag i desember i valåret møtest kvar delstat sine valmenn for å ta det formelle valet av president og visepresident, mrk.].

4. Biden vann trass Demokratiske tap alle andre stadar

Randy DeSoto merka seg i Western Journal at «Donald Trump er praktisk talt den einaste sittande presidenten i USAs historie som har tapt sitt gjenval samstundes som hans eige parti har vunne nye sete i Representanthuset.» Dét er eit Biden-mirakel, det!

Logoen til Demokratene. Partiet tapte over hele USA, men Biden vant.

I 2020 vurderte The Cook Political Reportog The New York Times27 sete i Representantanes hus som 50/50 ved inngangen til valdagen. Akkurat no ser det ut til at Republikanarane har vunne alle 27. Demokratane feila i å vende eit einaste kammer, medan Republikanarane vende både Huset og Senatet i New Hampshire og utvida dominansen sin i lovgivande forsamlingar over heile landet.

Christina Polizzi, ein talsperson for Democratic Legislative Campaign Committee, gjekk så langt som til å seie: «Det er klart at Trump ikkje er eit anker for dei Republikanske lovgivande kandidatane. Han er ei bøye.» Utruleg nok slo Biden den mannen som løfta alle andre Republikanarar opp til siger. Dét er historisk!

5. Biden overvann Trumps dominans i primærvala

Tidlegare har totalresultata frå primærvala vore svært presise i å føreseie vinnaren av presidentvalet. Politisk analytikar David Chapman har kasta lys over tre historiske faktum før valet.

For det første: ingen sittande president som har fått 75 prosent av det totale stemmetalet i primærvala har nokon gong tapt gjenvalet.

Trump hadde rekordoppslutning i primærvalget

For det andre: president Trump fekk 94 prosent i primærvala, noko som er fjerde høgaste resultatet nokon gong (høgare enn Dwight Eisenhower, Nixon, Clinton eller Obama). Faktisk er Trump ein av berre fem sittande presidentar sidan 1912 som har fått over 90 prosent oppslutning i primærvala.

For det tredje: Trump sette rekord for flest primærvalstemmer for ein sittande president då over 18 millionar menneske stemde på han i 2020 (den tidlegare rekorden, som Bill Clinton hadde, var på halvparten av det talet). At Biden får overhand i presidentvalet, trass Trumps historisk høge støtte i primærvala, snur eit hundreår med valdata på hovudet.

Joe Biden oppnådde det umoglege. Det er interessant at ikkje mange fleire journalistar peikar på dét.

Fritt omsett av Monica Sortland

https://thefederalist.com/2020/11/23/5-more-ways-joe-biden-magically-outperformed-election-norms/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • «ikke fordi jeg er begeistret for Donald Trump, ….Den ene verre enn den andre «

    Nåja, den ene/sittende prøver å avslutte kriger den (eventuelt) nye presidenten har vært med på å starte; så en viss forskjell er det jo. 😉
    Det eneste som betyr (burde bety) noe for oss og verden er om stormakts-presidenten starter kriger eller ikke.
    Man skal ikke begeistres av en stormakt-president sin hudfarge, ansiktsløfting, eller mengden av retorikk-kurs de har tatt for å fremstå som normale.
    Selv om media prøver å gjøre vedkommende til en nabogutt-figur man skal begeistres over eller ikke. For å SKJULE stormaktpolitikken og hvem det er som egentlig sitter med makten i USA. – Over Fed/verdensvalutaen og krigsindustrien. ( Og altså media)

    «Journalistklassen burde vere særs forundra over det historisk sett usannsynlege ved sigeren til Joe Biden. At dei ikkje er det, er mildt sagt merkeleg.»
    Og det er DETTE som er skremmende. En «journalist «-gruppe w.w, og og spesielt i Norge- som deler ut Nobels Fredspris (!) ; som unisont har demonisert en president for en stormakt, som i motsetning til alle presidenter de siste tiår ikke har startet kriger, – men derimot har prøvd å avslutte de.
    Har vi journalister i Norge? – Eller hva skal man kalle slike krek?
    Og hvem styrer disse?
    Trist. Og selvfølgelig farlig.
    Bortsett fra at vi nå har fått GODT bevis for, spesielt i Norge, at media ikke er på vårt ( eller sannhetenes) lag.

    Svar
  • «De har fortjent noe helt annet enn de to kandidatene som har kjempet om presidentvervet.»

    Har de det?
    Et demokrati vil aldri overleve eller fungere uten årvåkenhet fra befolkningen.
    Amerikanerne er som nordmenn – lydige sauer for maktapparatet.
    Så de får de kandidatene de fortjener.

    Takk for listen. Paul Craig Roberts har nylig hatt en artikkel som ytterligere understreker det enorme fusket i dette valget.

    Jeg sitter igjen med en følelse at dette er bare et av flere valg i ‘demokratier’ rundt om i verden som har blitt avgjort med fusk.

    Svar
    • «Amerikanerne er som nordmenn – lydige sauer for maktapparatet.
      Så de får de kandidatene de fortjener. »

      Nå er det jo stater i USA som tydelig protesterer mot overgrepene og løgnene.
      Så blir de sentralt stoppet av bakmennene som har sørget for å få den totale kontrollen over media og FED.
      Så får nordmenn feie for egen dør, og sørge for å kaste disse trojanske hestene i/fra Norge.
      Og vingestekke , ihvertfall IKKE økonomisk støtte, et løgn- media som er kjøpt/styrt.

      Svar
  • Wasan Totland
    2 desember 2020 19:37

    18 millioner? Det må være i en stat?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Korona:

Smitte med lite sjukdom og lav dødelighet. Forsøkes motvirka med «tenk på et tiltak».

Forrige innlegg

Krigen mot Syria.

En samtale om hvem som står bak den?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.