POSTED IN Demokrati, Endring av politikken, Storbritannia

Politiet hadde utvidete fullmakter som ble brukt:

Fengslet på flyplassen uten grunn da han skulle hjem.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Europas nedstigning til totalitarisme

av John Laughland

Forum for Democracy International 11. oktober 2022

John Laughland - Wikipedia
John Laughland

Den 7. oktober 2022, seint på kvelden, rundt halv tolv, vart eg halden tilbake på (flyplassen) Gatwick Airport i London av anti-terrorisme-politi. Eg vart ikkje sleppt fri før klokka var nærare 1 på natta, og datamaskina mi vart tatt frå meg. Den har enno ikkje blitt levert tilbake.

Passet mitt og alle mine personlege eigedelar – lommeboka, telefonen, nøklane, alt ihop – vart fjerna. Eg vart ført til eit rom der dei spurde meg ut i ein time, to anti-terrorisme-politimenn med mynde gitt dei (som eg lærde for første gong) av Lova om kontra-terrorisme og grensetryggleik, Schedule’ 3, som kom i 2019. 

Lova er antakeleg designa for å la politiet arrestere [eng. ‘detain’: jur.  mellombels fengsle, halde i forvaring, arrest, varetekt,under oppsyn, bevoktning, normalt under ein avgrensa tidsperiode, mrk.] «fiendtlege aktørar» som reiser til landet for å «planlegge, førebu eller utføre sine fiendtlege gjerningar» (ifølge blanketten som politifolka gav meg). Men lova sjølv seier: «Ein undersøkande polititenestemann kan utøve denne paragrafens makt enten det finst eller ikkje finst grunn til å mistenke at ein person er eller har vore engasjert i fiendtleg aktivitet» (mi utheving). Så ei lov som tilsynelatande er utforma for å la fiendtlege aktørar bli stoppa, gjeld udiskriminerande for alle, ifølge klarteksten i lova sjølv.

Det er verkeleg overraskande at makta vart handheva, i mitt tilfelle, mot ein britisk statsborgar. Statsborgarar burde normalt ikkje bli utspurde på denne måten om grunnane sine til å entre territoriet til sitt eige land.

person behind mesh fence
Å bli stengt inne av politiet mot sin vilje er ikke arrest, men hva er det?

Ein av politimennene opna forhøyret med å seie at eg ikkje var arrestert, og at eg derfor ikkje kunne få tilgang til advokat. Men eg var sjølvsagt arrestert [detained betyr også halden tilbake, hefta, forseinka, mrk.], for det var umogleg for meg å forlate forhøyrsrommet og, endå meir, flyplassen, utan passet mitt og tinga mine (eg var halden på ’luft-sida’, dvs. før passkontrollen). Ordet «arrestert» har tydelegvis blitt tømt for all meining.

I blanketten stod det vidare å lese: «I motsetning til dei fleste andre politifullmakter, gjeld det for fullmakta til å stoppe, avhøyre, ransake og, om nødvendig, arrestere personar under Schedule 3 at den ikkje krev autorisering eller mistanke.» Så særfullmaktene til Politiet ved britiske (luft)hamner er eit «unntaksregime» der normal rettssikkerheit har blitt sett til sides.

Og det held fram: «Du kan bli ransaka, og alt du har med deg … det inkluderer elektronisk utstyr … når det blir utført ransaking, er det ikkje nødvendig å gi deg noka skriftleg melding om ransakinga. I visse tilfelle kan tenestemannen legge beslag på eigedom dei finn.» Kva er  «visse tilfelle»? Då eg protesterte på at datamaskina mi vart tatt ifrå meg – eg fekk ikkje gjort jobben min før eg fekk den tilbake – og tilbaud meg å levere den inn på politistasjonen dagen etter, svara tenestemannen at det var heilt uaktuelt. Med andre ord finst det ingen «visse tilfelle». Beslaglegginga av slikt utstyr er tvert imot regelen.

I ein rettsstat kan politiet ransake ein persons eigedom berre om dei har ransakingsordre. Det er eit dokument signert av ein dommar som autoriserer at privat eigedom blir ransaka og beslaglagt. Om du slår opp «ransakingsordre» på  Wikipedia, står det at «i visse autoritære nasjonar, kan politiet ha lov til å ransake individ og eigedom utan å måtte skaffe seg løyve frå retten eller grunngi aksjonen.» Ifølge denne standarden er Storbritannia no ein «autoritær nasjon».

Det er nett det som skiller ein rettsstat frå eit diktatur – at politiet ikkje blir misbrukt for politiske føremål – likevel var det nett det som skjedde med meg.

Politibetjentane spurde meg ut om arbeidet mitt ved Institute of Democracy and Cooperation i Paris frå 2008 til 2018 og om jobben min for EU-parlamentet etterpå, og nyleg for FVD. All informasjonen dei ville ha, finst offentleg tilgjengeleg, til dømes på Wikipedia. Avhøyret var høfleg, men amatørmessig.

close-up photography of brown horse
Den indirekte britiske humoren kan være svært morsom

Eg fekk spørsmål om mine politiske synspunkt. Betjenten sa «det er eit fritt land, ikkje alle er så heldige.» Eg trur det må vere det dei kallar «britisk humor».

Politibetjentane fortalde meg at dei hadde hatt to-tre timar på å førebu seg. Dette betyr at dei fekk varsel i London om at eg var på veg straks boarding-passet mitt var scanna i Budapest. Det er noko alle bør få vite om.

Dei timane brukte dei på å søke opp ting på Internett. Betjenten som spurde meg ut verka usikker på kva han eigentleg prøvde å finne ut. Internett er, noko alle burde vite, ein veritabel sump av falsk informasjon, og der er endelaust mange påstandar om meg som er usanne. Mange av desse har nyleg blitt repeterte i nederlandsk presse, ettersom journalistane går på nettet, finn det dei leitar etter og gjentar løgner som andre har lagt ut før. I mitt tilfelle trøytnar dei aldri på å fortelle det same eventyret.

Det er gale nok at journalistar gjer dette, men det er skremmande å tenke på at anti-terrorisme-politibetjentar ser på Google som ei påliteleg kjelde til informasjon. Ein gruar seg for å tenke på kor mange ekte fiendtlege aktørar som passerer gjennom nettet viss det er dette politiets meiner med ’etterforsking’. Dessverre er det slik verda er i dag.

Det er særleg symbolsk at dette skulle hende med meg. Heilt sidan eg byrja interessere meg for internasjonal strafferett for over 20 år sidan, har eg kritisert måten dei internasjonale tribunala kastar til sides den myriaden av reglar og prosedyrar som har bygd seg opp gjennom hundreåra for å sikre rettssikkerheita. Britane har tradisjonelt vore stolte av desse prosedyrane som har beskytta innbyggarane mot overgrep frå statsmakta i hundretals år. Eg har gjentatte gongar åtvara om at denne diktatoriske praksisen snart kan sive ned og inn i nasjonale rettsområde og øydelegge den verdifulle arven kjent som rettsveldet. Det har no skjedd.

Rettssaken mot Julian Assange forteller hvor uthulet personvernet er i ferd med å bli i Storbritannia

Heilt sidan EU annonserte sitt Global Human Rights Sanctions Regime i desember 2020, har eg også påpeika at EU har gitt seg sjølv makta til å straffe individ gjennom eksekutivordre [ordre frå høgaste hald, som ikkje treng gå via domstolar eller parlament, mrk.]. Dette er ei svært farleg utvikling. Individ blir straffa under dette regimet utan nokon juridisk prosedyre (inga rettssak) og utan nokon måte å forsvare seg på. Litt av nokre menneskerettar! Eg har åtvara i to år no om at innbyggarar av Vestens statar sjølve kan bli offer for desse sanksjonane. Det skjedde i juli, då ein britisk bloggar, Graham Philipps, vart sanksjonert av Storbritannia, som har same system som EU og USA.

Med andre ord: eg som har åtvara om at desse prosedyrane, introduserte på internasjonalt nivå, snart ville korrumpere strafferetten i nasjonale jurisdiksjonar, har no fått bevist kor skrekkeleg rett eg hadde, med eit eksempel på slik maktmisbruk som eg sjølv no har blitt offer for. Det var ei utprega urovekkande erfaring.

Kort tid før det skjedde, tvitra  FVD International sin misnøye med EU-sanksjonane mot filosofen Aleksandr Dugin. Som vi viste med eit skjermbilde av det relevante EU-dokumentet, sanksjonerte Det europeiske rådet (d.v.s. eksekutiven) Dugin eine og aleine for synspunkta hans. Ingen stad i dokumentet blir det påstått at han har deltatt i invasjonen av Ukraina eller er skuldig i oppvigleri. I staden blir han sanksjonert for tankebrotsverk.

Nokre som ikkje likar Dugin er tilfredse med dette. Men dei burde forstå at dette er serøst maktmisbruk som enkelt, slik det var i mitt tilfelle, kan bli retta mot totalt uskuldige folk. Til slike folk finn eg ikkje noko betre respons enn dei vidkjende betraktningane til pastor Martin Niemöller:

Først tok dei kommunistane, og eg protesterte ikkje, for eg var ikkje kommunist
Så tok dei sosialistane, og eg protesterte ikkje, for eg var ikkje sosialist
Så tok dei fagforeiningsfolka, og eg protesterte ikkje, for eg var ikkje  fagforeiningsmedlem
Så tok dei jødane, og eg protesterte ikkje, for eg var ikkje jøde
Så tok dei meg, og det var ingen igjen til å protestere for meg.

Europa sklir inn i diktaturet. Faktisk er vi allereie der.

_____________________________________________________________________________

Briten John Laughland skriv bøker om internasjonale spørsmål og politisk filosofi. Han har doktorgraden i filosofi frå Universitetet i Oxford, har studert i München, undervist ved Universitetet i Paris og ved Institutt for politiske studiar i same by. Han har også ein post-doktorgrad for arbeidet sitt om suverenitet innan internasjonale relasjonar.

I tillegg til sin kraftige kritikk av EUs diktatoriske karakter, har Laughland talt makta midt imot også på andre område. Han har mellom anna skrive mykje om internasjonal strafferett og fordømt Den internasjonale straffedomstolen i Haag fordi resolusjonen frå FNs Tryggingsråd som oppretta domstolen var illegitim (Tryggingsrådet agerte ultra vires ) og fordi den brukar illegitime juridiske prosedyrar, til dømes godkjenner dei rykte som bevis. Han kritiserer domstolen for å vere ein dobbeltmoralsk politisk tribunal, noko dei viste då dei nekta å opne gransking om eventuelle krigsbrotsverk frå NATO si side i Jugoslavia i 1999. Laughland kritiserte Vestens støtte til den anti-serbiske opposisjonen mot Slobodan Milošević, og han var motstandar av både den krigen og Irak-krigen.

Laughland hevda i ein Guardian-artikkel i 2004 at Ukrainas presidentkandidat Viktor Jusjtsjenko sin koalisjon hadde band til nynazistar. Han har også sagt at rapportar om massegraver i Irak har blitt overdrivne for politiske føremål, og at bekymringane for massakrar i borgarkrigen i Sudan var drivne av olje-interesser. 

Laughland har skrive artiklar for The GuardianThe Mail on SundayThe Sunday TelegraphThe SpectatorBrussels JournalThe Wall Street JournalNational ReviewThe American Conservative and Antiwar.com.

Han har også skrive mange bøker:

  • The Death of Politics: France Under Mitterrand (Michael Joseph, London, 1994)
  • The Tainted Source, the Undemocratic Origins of the European Idea (Little Brown, London 1997)
  • Le tribunal pénal international: Gardien du nouvel ordre mondial (François-Xavier de Guibert, Paris, 2003)
  • Travesty: The Trial of Slobodan Milosevic and the Corruption of International Justice (Pluto Press, London, 2007)
  • Schelling versus Hegel: from German idealism to Christian metaphysics (Ashgate, 2007)
  • A History of Political Trials from Charles I to Charles Taylor (Peter Lang, Oxford, 2. utgåve, 2016)

… og vore redaktør for:

  • Sovereignty, The Monist 90, I (January 2007).
  • Shia Power: Next Target Iran? medredaktør Michel Korinman (Vallentine Mitchell, London, 2007)
  • The Long March to the West: Migration in Europe and the Greater Mediterranean Area,  medredaktør Michel Korinman (Vallentine Mitchell, London, 2007)
  • Israel on Israel  medredaktør Michel Korinman (Vallentine Mitchell], London, 2007)
  • Russia: A New Cold War?  medredaktør Michel Korinman (Vallentine Mitchell, London, 2007)
  • The Great Reset : an analysis of World Economic Forum Project / La grande réinitialisation : analyse du projet de société du Forum Économique Mondial (Lyon, le Cap de l’ISSEP, 2021)

Fram til 2008 var han europeisk direktør for European Foundation, ei EU-skeptisk tankesmie leidd av Bill Cash MP. Laughland var gjesteredaktør for The Monist i januar 2007.

Frå 2008 til 2018 var han studiedirektør ved Institutt for demokrati og samarbeid i Paris, leidd av den russiske historikaren og tidlegare Duma-representant  Natalia Narochnitskaya.  Deretter jobba han for Europaparlamentsmedlemmane Jean-Luc Schaffhauser og  Derk Jan Eppink.

Sidan 2021 har John Laughland førelest i politisk vitskap, politisk filosofi og historie ved ICES, det katolske instituttet i Vendée i vest-Frankrike.

Kjelde (ironisk nok) Wikipedia.

Deira kjelder:

  1. ^ «Institut de la Democratie et de la Cooperation»Institute of Democracy and Cooperation.
  2. ^ «Assistants | Derk Jan EPPINK | MEPs | European Parliament»www.europarl.europa.eu.
  3. ^ cited in John Papworth «Nazi Roots or the Europlot»Archived 24 April 2012 at the Wayback Machine The Ecologist, Vol.28, No6, November–December 1998, p.363
  4. ^ «Noravank Foundation ~ NON-INTERVENTIONISM – THE FORGOTTEN DOCTRINE»noravank.am. 14 October 2014.
  5. ^ Laughland, John. «Non-interventionism: The Forgotten Doctrine».
  6. ^ John Laughland «The revolution televised»The Guardian, 27 November 2004
  7. ^ John Laughland «Western aggression»The Spectator, 6 November 2004
  8. ^ John Laughland «Has Blair Sexed Up Saddam’s Atrocities, Too?» antiwar.com, 6 August 2003
  9. ^ John Laughland «The mask of altruism disguising a colonial war»The Guardian, 2 August 2004

Ekstern Link

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Grant Durr



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 558 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Da de norske jødene ble hentet Im Nacht Und Nebel var det kun to politidistrikter i Norge som nektet.
    Sadister og drittsekker i uniform har glade dager for tiden, i det som tidligere var kjent som Den Frie Verden. Unngå sorten så godt det lar seg gjøre, med mindre det er en bekjent. Det vi har sett skje i Australia, Holland og andre land vi likte å sammenligne oss med viser hvordan uniformene er hvis de får frie tøyler til å slippe hundene på sivilister, tråkke folk halvt ihjel med hester, grisebanke gamlinger og småjenter med kølle, det viser hvordan de er. Jadda, jadda, ikke skjære over en kam; det finnes noen ålreite, i policeforfreedom.org , men er de et mindretall?

    Svar
  • Frie tøyler? De fikk ordre, som vanlig av politikerne. Det er mange fagforeninger til politiet som har protestert over den brutale behandlingen som de måttet utføre. Jeg vil si at skylden ligger hos politikere som er medlem av WEF. Disse har utvist den nye kynisme.

    Svar
    • Selvfølgelig er ordren fra politikerne, som ikke vil bli skitne på fingrene sjøl. Det er ikke det minste beroligende at politiets fagforeninger protesterer over at de måtte utføre ordrer, og så gjør som de får beskjed om. For en tannlaus protest! Snarere tvert imot. Ingen unnskyldning. Det gjør saken bare verre. Stakkars oss, vi er bare noen snille gutter og jenter som høyst uvillig bare måtte skyte med gummikuler, og banke opp ubevæpnete med køller, vi hadde ikke noe valg. Lissom? For dårlig! Det bare bekrefter at de er feige, ryggladsløse kryp, og nå kler de seg som til krig med hjelm og visir, ugjenkjennelige bak masker. Den holder ikke i det hele tatt, hvis de er mennesker og ikke umennesker.

      Svar
      • Fra en ukjent skribent: Det totale menneske – det uavhengige – er den største trussel mot det etablerte samfunn.
        De fryktsomme, avhengige mennesker er i en slik majoritet at det er de som holder tyrannene i sine maktposisjonet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvordan vil Russland reagere?

Midt under Ukrainakrigen trener USA/Nato på atomkrig.

Previous Post

Misnøyen vokser over store deler av EU.

Men de som skal ta over vil fortsette i samme retning.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.