POSTED IN Afrika

Plutselig er Afrika blitt interessant for USA.

Det skyldes den kinesiske satsingen på kontinentet.

2 kommentarer

USA brukar Afrika som springbrett for å kome åt Kina

Washingtons lovnad om multi-milliard-dollar-investeringar eksisterer berre fordi afrikanske nasjonar trengst til å kontre Beijings innverknad

av Timur Fomenko, politisk analytikar

RT 19. des, 2022

Førre veke var Biden-administrasjonen vertskap på eit møte med afrikanske leiarar i Washington, DC. Møtet, det første i sitt slag på over eit tiår, hadde som mål å auke USA sitt engasjement på kontinentet med tanke på å kontre Kina.

USA har blitt stadig meir uroa over Beijing sine veksande band til afrikanske nasjonar, og dei skuldar rivalen for å bruke såkalla gjelds-feller og annan ekspansjonistisk politikk i regionen. Dermed hevdar Washington no at dei vil investere  $55 millardar på kontinentet over dei neste tre åra, sjølv om ingenting er sagt om kor pengane skal kome frå.

Dei verkelege måla for innsatsen er transparente, som illustrert med AP-overskrifta ’China casts long shadow over US-Africa Leaders Summit (Kina kastar lange skuggar over toppmøtet mellom US-amerikanske og afrikanske leiarar). Washingtons bodskap er summert opp som «USA tilbyr eit betre alternativ for afrikanske partnarar.» Om det ikkje allereie er tydeleg, så har USA berre éin ting i tankane med sin nyoppdaga kjærleik til afrikanarar, og dét er deira eigeninteresse av å sette inn ein motstøyt mot Kina. Kunne dei elles ha brydd seg mindre? Definitivt ikkje.

Når USA brått viser interesse for landet ditt, vil dei alltid framstille seg som ein bodbringar av det felles beste og ein representant for dine ’sanne’ interesser. Amerika har alt du måtte ønske, alt du treng, og du burde ikkje stole på dei andre, dårlege landa som du måtte handle med, for dei prøver heilt sikkert å bruke og utnytte deg. Det vart vist fram rikeleg av den slags under Kina/Afrika-toppmøtet. Det gjekk så langt at USAs Forsvarsminister Lloyd Austin utan grunn skulda Kina for å destabilisere regionen.

tree between green land during golden hour
Er Afrika et nytt geopolitisk konfliktområde mellom Kina og USA?

Men sanninga er at det finst ei grunnleggande årsak til at afrikanske nasjonar har engasjert seg meir med Kina dei siste tiåra, og det er ikkje fordi Kina er sluare og meir svikefulle, men tvert om fordi USA sine merittar på kontinentet talar for seg sjølv. USA sine gjerningar er ei blanding av total neglisjering, utlandsk intervensjon i form av militære aksjonar eller sanksjonar, eller verre: den totale utarminga av afrikanske økonomiar på 1980- og 1990-talet via program leidde av Det internasjonale pengefondet, IMF, som tvang brutale, neoliberale nedskjeringsregime på mange land og reduserte levestandarden deira dramatisk.

Vesten skuldar Kina også hyppig for å drive såkalt ’gjeldsfelle-diplomati’ i Afrika; dei spreier påstanden om at Beijing med hensikt påfører afrikanske nasjonar gjeld for å få dei til å gå med på ulike strategiar. Det var nøyaktig det IMF gjorde over heile det afrikanske kontinentet, og ein slik arv har vore eit historisk motiv for å føretrekke Kina som økonomisk partnar, sjølv om Vesten ergrar seg over det, for i praksis står Beijing sine gjerningar der totalt i kontrast til det som amerikanarane og europearane har gjort.

Framfor alt, og det verkar det som USA ikkje forstår i det heile, er det det at Kina og afrikanske nasjonar deler ei arv av felles revolusjonære og post-kolonialistiske band. I 1950-, 60- og 70-åra vart Afrika verdas ’yngste’ kontinent, biletleg tala, fordi ein bråte med nye nasjonar oppstod i rask rekkefølge etterkvart som dei vann si uavhengigheit frå europeiske imperium.

Dette endra verdskartet. Mao-æraens Kina, som på den tida også var ein post- kolonial stat, vart sett på som ei kjelde til støtte og solidaritet under Den kalde krigens turbulens.

Dei nyleg uavhengige afrikanske statane måtte navigere mellom USA og Sovjetunionen. Mange etablerte derfor partnarskap med Kina via ’den ikkje-allierte rørsla’, som vart eit fyrtårn for ’Tredje-verd-ismen’ på den måten at dei unngjekk begge dei politiske blokkene under splittinga mellom Kina og Sovjet.

Mao-æraens Kina gav ofte politisk, diplomatisk og militær støtte til afrikanske revolusjonære regime, til dømes Robert Mugabes Zimbabwe under krigen for å styrte den britisk-tilknytte apartheid-staten Rhodesia. Kina vart såleis eit symbol på afrikansk solidaritet og motstand. Kina sitt verdssyn gav gjenklang hos afrikanarane.

green leaf tree near mountain covered by snow at daytime
Amboseli nasjonalpark, Kenya.

Situasjonen har sjølvsagt endra seg. Dagens moderne Kina er ikkje lenger den revolusjonære staten dei ein gong var, men dei historiske banda med Afrika har halde seg og blitt overførte til nye prinsipp som framleis gjenspeglar ikkje-allianse og ’globale sør’-solidaritet gjennom ei multipolaritetslinse. Etter å ha utvikla seg raskt, har Kina fremja sitt engasjement med Afrika i lys av denne arva og lova å hjelpe afrikanske land framover, men samtidig unngå fallgropene dei hadde under relasjonane til Vesten. Medan Vestlege land tilbyr hjelp på vilkår av innføring av liberalt demokrati og neoliberal marknadspolitikk, lovar Kina å respektere afrikansk suverenitet.

Her er eit ferskt, tydeleg døme på haldninga til Washington. På veg inn til USA/Afrika-forumet, og sjølv om dei var på veg til å møte han, innførte Biden-administrasjonen  sanksjonar mot sonen til presidenten av Zimbabwe, med skuldingar om korrupsjon. Korrupsjon er sjølvsagt dårleg, om det stemmer. Men måten og timinga til denne avgjerda (som var med hensikt) var både nedlatande og fornærmande. Det viser at USA ikkje behandlar afrikanske nasjonar som likeverdige, og at dei ikkje respekterer deira interne tihøve. Kina ville aldri ha funne på noko slikt.

I dette tilfellet kan ein heilt tydeleg sjå USA sine intensjonar. Sjølv om afrikanske nasjonar vil glede seg over meir merksemd og fleire fordelar frå Washington, så er dei svært merksame på at det ville vere totalt naivt å plassere all sin tillit og all si tru på USA, eit land som ikkje berre utløyste nokre av deira verste økonomiske erfaringar, men i tillegg berre møter opp fordi dei har Kina i tankane.

Viss dei afrikanske nasjonane aldri hadde vore involverte med Kina, trur du eit slikt møte hadde funne stad? Afrika får berre ein snik-kikk fordi USA er manisk opptatt av å konfrontere Beijing, koste kva det koste vil. Det er eit springbrett, men ikkje eit mål i seg sjølv.

Synspunkta i artikkelen tilhøyrer forfattaren, og representerer ikkje nødvendigvis RT sine.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: deshawn wilson

https://www.rt.com/news/568474-us-africa-summit-china/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 398 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • USA`s lave interesse for Afrika skyldes fattigdommen de og vestverden ved sine globalist -og kapitalkrefter har satt verdensdelen i. Man behøver ikke kontrollere lutfattige, de vil bruke sin «restarbeidsevne» til å overleve dag for dag. Da blir muligheten til å stimulere til skikkelige (lønnsomme) kriger mellom land er borte. Det betyr dårlig butikk på våpensalg og utstyr, og når landene i tillegg ikke har noen dyr infrastruktur som kan ødelegges, for lønnsom gjenoppbygging, blir USA`s interesse for regionen minimal. Men med Kina på banen blir det interessant. Kan man ta et militært oppgjør med Kina i Afrika vil alle være glade. Afrika ligger midt mellom, og som bonus vil flyktninger som strømmer nordover også bringe konkurrenten Europa til opphør. Den som vinner i Afrika får retten til å eie alle naturressursene. » The winner takes it all».

    Svar
  • Jeg har vurdert Namibia som et sted å bo hvis/når Europa går ned.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Céline Dion og Justin Bieber.

Er de rammet av vaksineskader?

Previous Post

Etter måneder med tenkning:

Det var ikke Russland som sprengte sin egen rørledning.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.