Uansett hva en mener om denne saken er dette en trussel mot fri handel i verden. USA setter seg over internasjonal lov og opptrer med regulær pirat-virksomhet gjennom kapring av oljetankere i internasjonalt farvann. At ikke Norge eller noen av landets Nato-allierte protesterer fortelle hvor langt det hele er kommet i vårt land og i resten av vesten.
Vi klarer ikke å se våre egne langsiktige interesser i at internasjonalt rammeverk for handel og sjøfart opprettholdes, men følger med USA på ferden ned i avgrunnen.

At USA nå selger kapret olje fra Iran som skulle til Venezuela bekrefter bare sjørøveriet. Det må ikke forundre oss at de som fraktet oljen registrer skipene sine som russiske for å unngå at dette gjentar seg. Dermed fører dette til en langsiktig styrkelse av Russlands økonomi og prestisje.
Dette er dialektikkens lov. En handling har en tendens til å snu seg til det motsatte etter en viss tid.
Knut Lindtner
USA sel kversett iransk olje for $40 millionar
Oljen hadde blitt levert inn av eit gresk shipping-selskap som var hyrt inn til å transportere den til Venezuela
Anti-Empire
31. oktober, 2020
USA sa på torsdag at dei hadde seld iransk olje, som dei hadde kverrsett (beslaglagt) på sin veg til Venezuela, for over 40 millionar dollar.
Washington kunngjorde i august at dei hadde konfiskert 1,1 millionar tønner med petroleum frå fire tankskip som gjekk i rute mellom dei to landa, som begge er under US-amerikanske sanksjonar.

«Vi estimerer at USA får igjen i overkant av $40 millionar relatert til salet av petreoleum frå dei fire fartya,» fortalde Michael Sherwin, fungerande statsadvokat for District of Columbia, til reporterar over telefon. [«får igjen», (recouped)]
Han sa ein «stor del» av summen ville bli gitt til eit US-amerikansk fond for offer for «statsfinansiert terrorisme».
Domstolar i USA har gitt Irans presteregime ordrar om å betale skadeerstatning for fleire angrep, seinast i juli, då ein dommar bad Teheran betale $879,1 millionar for eit bombeangrep i Saudi-Arabia som tok livet av 19 US-amerikanarar. [Det angrepet var faktisk gjort av Al-Qaida.]
Iran nektar ansvar og seier dei ikkje har til hensikt å betale, og at i staden USA burde kompensere for tidlegare episodar, t.d. støtta til Saddam Hussein i Iran/Irak-krigen.
Venezuela sit på verdas største oljereservar, men økonomien og infrastrukturen deira har kollapsa i ein sånn grad at dei lir av hyppige straumbrot og treng hjelp frå Iran, som får betalt i gull.
President Donald Trump har prøvd å svekke Iran regionalt og fjerne Venezuelas venstrevridde leiar, Nicolas Maduro, som ikkje viser mange teikn på snarleg sorti.
Berre dagar før valet der Trump møter Demokraten Joe Biden, som er for diplomati med Iran, har administrasjonen auka presset endå meir.
På torsdag annonserte Skattedepartementet sanksjonar mot åtte einingar med base i Iran, Kina og Singapore for eksport av petrokjemiske produkt.
Trump gjekk i 2018 vekk ifrå ein avtale som tidlegare president Barack Obama hadde forhandla fram, som forplikta Iran til å drastisk trappe ned sitt kjernefysiske program og til gjengjeld få ein lette i sanksjonane.
Kjelde: AFP
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Waldemar Brandt
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 201 ganger.
1 Comment
«Norsk» utenrikspolitikk? Det er en hybrid – mesteparten er klekket ut i Capitol of the Greate.