Ein sjukeheimsbebuars død av Covid-19-«vaksine» – ei personleg beretning
Dette er mi personlege beretning om ein bebuars dødsfall av korona-«vaksinen» på sjukeheimen eg jobba på fram til sommaren 2021. Identifiserande opplysningar er utelatne og/eller endra for å beskytte identiteten til dei etterlatne.
I januar 2021, etter ti månaders psykisk terror og samfunnsøydeleggjande «pandemitiltak», byrja den maniske massevaksineringa av den norske befolkninga med mRNA-injeksjonar mot det påstått allmennfarlege lungeviruset SARS-CoV-2. På den tida jobba eg på ein kommunal sjukeheim i ein større vestlandsby, og hadde på det tidspunktet jobba 15 år hjå same arbeidsgjevar. Sidan årsskiftet hadde eg byrja å mistenkje at våre toppolitikarar kanskje ikkje handla i våre interesser, og at dei ikkje ville oss vel. Mistanken min vart bekrefta då massemedia og styresmakter plutseleg byrja å skrike på innpust og utpust om «mutantvariantar», og dåverande statsminister Erna Solberg og dåverande helseminister Bent Høie snakka om «sosial pause» på grunn av nemnde variant. Alle som trudde at dei endelause nedstengingane omsider var over, vart skuffa og vonbrotne. No skulle alle vaksinere seg med den nye mRNA-teknologien til Pfizer – og bebuarane på sjukeheimar var det fyrste «kullet» av forsøkskaninar for dette eksperimentelle, hastegodkjende legemiddelet.
________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
________________________________________________________________
I utgangspunktet var Pfizer-«vaksinen» reservert for bebuarane, men enkelte av sjukepleiarane på sjukeheimen greidde likevel å sikre seg ein dose. Den nye einingsleiaren, som viste seg å vere høgst fiendtleg mot dei ho ikkje lika meiningane til, dukka brått opp i avdelinga med ei liste der vi som ønskte «vaksinen» kunne skrive oss på. Eg var den einaste i personalgruppa som takka nei, noko som fekk ho til å nærast sjå på meg i vantru. Dette kan ha vore augneblinken som snudde ho over på fiendesida, men i ettertid kan eg berre spekulere. Ingen kjem nemleg til å nokosinne fortelje sanninga – iallfall ikkje til meg. Mi offisielle forklaring var at eg ville vente å sjå korleis det gjekk med dei som tok «vaksinane». Forklaringa fall ikkje i god jord, for å seie det slik.
Det eg i ettertid skildrar som «samlebandsvaksineringa» av bebuarane byrja ein dag i januar, litt utpå føremiddagen. Ein av sjukepleiarane, «Agate», som òg var avdelingsleiar på korttidsavdelingane, dukka opp i avdelinga og byrja å setje sprøyte på bebuarane i tur og orden. Med seg hadde ho ein lærling, «Isabelle». Isabelle fortalde meg i etterkant kva som fann stad. Isabelle vart nærast tvinga av Agate til å bli med ho for å hjelpe ho i denne «seremonien». Lærlingen Isabelle fortalde meg at frå hennar ståstad var det uklart om bebuarane faktisk visste kva dei fekk sprøyta inn i seg. Enkelte av dei var so demente at dei ikkje ante kor dei var, langt mindre kva som skjedde med dei.
Isabelle vart beordra til å skrive bebuarane sine namn på ein «diplom», som kvar av dei fekk som bevis på at dei hadde teke sprøyta. Kvar bebuar fekk so ei kvit rose etter at dei var vaksinert. Lærlingen sa til meg at ho trudde kvite roser berre vart brukte i gravferder. Var dette ein subtil måte å fortelje dei at vaksinane kanskje kunne ta livet av dei? Igjen, eg kan berre spekulere.
Hjå enkelte av bebuarane måtte Isabelle vere med å halde dei fysisk fast medan avdelingsleiar Agate sette sprøyta. Forklaringa Agate kom med var denne: I tilfelle der bebuarane på grunn av demenssjukdom ikkje kunne gje gyldig samtykke, hadde dei pårørande gjeve samtykke på deira vegner. Dei visste truleg like lite om «vaksinane» som resten av oss. Sjølv hadde eg fått med meg at mRNA-teknologien aldri hadde hatt nemneverdig suksess i fortida, og at ein risikerte å få noko som vart kalla «antistoff-avhengig forsterking», altso at ein vart meir mottakeleg for virusinfeksjon, ikkje mindre.
Ei av bebuarane som fekk sprøyta var ei eg her kallar «Greta». Ho hadde flytta inn på avdelinga hausten 2020, og hadde demensdiagnose. Ho gjekk derimot på eigne bein utan støtte, og trong berre enkel rettleiing i stellsituasjonar. Ho hadde tidlegare budd på korttidsavdelinga i etasjen under, og hadde blitt pleia av mellom andre min ekskjærast, som var sjukepleiar. Greta var favoritten til oss begge.
Ifølgje lærlingen Isabelle, fortalde avdelingsleiar Agate Greta at mRNA-injeksjonen var vanleg influensavaksine, som demente Greta godtok utan å stille spørsmålsteikn. Agate brukte same «strategien» på dei andre relativt klare og orienterte bebuarane på avdelinga. Med andre ord laug Agate til dei for å få dei til å ta mRNA-sprøyta. Dagen etter at Greta fekk denne sprøyta, vart ho alvorleg sjuk. Ho greidde ikkje å stå på beina. Ei dame som kunne gå utan rullator eller støtte frå pleiarane, vart over natta sengeliggjande – i korte periodar kunne ho sitje i ein rullestol. Det vart målt feber og høg CRP; CRP er eit protein som er til stade i kroppen under infeksjon – høg CRP er difor ikkje eit godt teikn. Målingane indikerte at verken feber eller CRP gjekk ned. Greta vart derimot aldri sett på ein kur som kunne få ned kva enn som forårsaka den høge CRP-en. Ho fekk Paracet for feberen, utan nemneverdige resultat.
Etter kvart vurderte dåverande sjukeheimslege Greta som terminal – at ho var døyande. Ho greidde ikkje lenger å ta til seg mat eller drikke. Den sokalla Livets siste dagar-protokollen (forkorta LSD) vart igangsett. Under denne protokollen får ikkje lenger bebuar mat, drikke eller sine ordinerte medisinar. Morfin og midazolam kan bli administrert for å lindre eventuelle smerter. I tråd med gjeldande rutinar vart pårørande varsla, og dei strenge besøksrestriksjonane som var på sjukeheimen på den tida, vart oppheva for dei. Familien kom for å vake over Greta i den trua at døden kunne kome i nær framtid. Som oftast inntrer døden innan få dagar, ofte kortare. Eg har vore med på at ein bebuar har gått bort berre nokre timar etter at LSD-protokollen vart igangsett.
Meir enn tre veker seinare var Greta framleis på LSD-protokollen. Dei pårørande byrja forståeleg nok å stille spørsmålsteikn ved kor lenge eit dødsleie eigentleg varte. Mora hadde vore på dødens rand i nesten ein månad – var det normalt? Eg fortalde dei at dette på ingen måte var normalt, og at ho hadde blitt dårleg dagen etter at ho tok Pfizers «koronavaksine». Under dødsleiet veksla Greta mellom medvitsløyse og vaken tilstand. På eit tidspunkt bad ho stille om å få døy. Ifølgje dei pårørande reagerte ho positivt når ho høyrde stemma mi, men negativt når ho høyrde stemma til enkelte sjukepleiarar. Faktisk reagerte dei pårørande på framferda til mellom andre Agate – det var ifølgje dei nett som om Agate venta utolmodig på at Greta skulle døy.
Etter fire veker gjekk Greta bort ut på ettermiddagen. Eg var sjølv med på å stelle lekamen hennar. Frå å vere normalvektig, var ho no berre skinn og bein. Dei pårørande hadde nærast budd på rommet hennar den siste månaden, og ein av dei sa at både han og kona hadde blitt sjukemeldt frå jobbane sine. Ein annan hadde velferdspermisjon frå sin jobb.
Våren 2021 var det strenge pandemitiltak i Noreg, inkludert på sjukeheimane. Alle måtte gå med munnbind stort sett overalt. Dei pårørande hadde lydig på seg munnbind når dei sat rundt senga til Greta – ho såg truleg aldri eit menneskeansikt i vekene før ho døydde. Sjølv under syninga, når dei pårørande samlast i kapellet for å ta farvel med den døde, måtte dei gå med munnbind. Dei var alle nærkontaktar, og liket kunne jo ikkje bli smitta! Forbløffa kalla ein av dei desse retningslinjene for «kadaverdisiplin», og sjeldan hadde eit ord dekt so godt denne absurde situasjonen. Skulle kanskje den avdøde ha munnbind på seg òg, berre for å håne dei endå meir?
Etter at Greta var komen i jorda konfronterte eg avdelingsleiar Agate med den påfallande samanhengen mellom mRNA-injeksjonen og det uvanleg langvarige dødsleiet. Reaksjonen hennar var mistenkjeleg. I staden for å avfeie det eller ta det til ettertanke, gjekk ho i forsvarsposisjon. Ho vart svart i auga og aggressiv. Ein simpel helsefagarbeidar hadde då ingen rett til å kome med slike påstandar – stod eg der og kalla ho ei drapskvinne? Kort tid etter sa ho opp jobben sin på dagen og byrja å jobbe ein annan stad. Gjett kor… På ein vaksinestasjon i den nyoppretta koronaetaten i kommunen!
Ironisk nok vart Agate like etter akutt dårleg av Pfizer-«vaksinen». Faktisk svima ho av under frukosten og måtte køyrast til legevakta i ambulanse. Den einaste grunnen til at eg veit dette, er at dottera hennar – som i 2021 jobba på mi avdeling på den sjukeheimen – fortalde det til meg, uvetande om uvennskapen som hadde oppstått mellom meg og mora. Agate kom seg, men hennar noverande helsetilstand er ukjent. Dottera er forresten òg injisert med mRNA-«vaksinane», og ho antydar at mora pressa ho til det.
Greta sin sjukdom og bortgang meiner eg den dag i dag har direkte samanheng med Pfizer sin mRNA-«vaksine». Saken framstår som eit skrekkeksempel på at helsepersonell blindt følgjer ordrar frå toppen – sokalla kadaverdisiplin – og ikkje vil vedkjenne seg kor skadelege desse sokalla «vaksinane» er, og ikkje minst at enkelte av dei lever i villaste fornekting rundt si eiga rolle i det som må vere medisinhistoria sin største, dødelegaste skandale.
Forsidebilde: Steve Johnson
Tidligere publisert på derimot.no
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 675 ganger.
5 kommentarer. Leave new
Desto flere av disse anekdotene som legges ut til publikum desto bedre. Personlig er jeg overbevist på at de visste hva de var i ferd med, juget som bare det om det – for grunner vi kan hittil bare spekulere om. Men hvis nok folk forteller som sine lignende opplevelser oppnås en kritisk masse som ville gjøre det vanskelig for de som er / var ansvarlige å unngå stilles til ansvar for sine individuelle atferder gjennom coronahoaxet. (Som i følge FNs WHO og andre «helse» myndigheter er slettes ikke avsluttet.)
«Personlig er jeg overbevist på at de visste hva de var i ferd med, juget som bare det om det – for grunner vi kan hittil bare spekulere om. »
Eller er det bare (offentlig/politisk ?) idioti og hysteri satt i system?
Og det er DETTE vi bør lære oss å passe oss for , – enda mer enn virus og injeksjon.
Dette gjelder ikke kun sykehjemmene !
Realitetene er at Svært få Nordmenn hadde anelse om hva de fikk i seg da de aksepterte å bi injisert med disse Corona «Vaksinene» !
Fakta er at helsepersonell som injiserte befolkningen med denne falske vaksinen, inkludert FHI og helsemyndighetene visste det heller ikke, — det er Fakta !
mRNA-injeksjoner er ingen ny teknologi, den går faktisk tilbake til 1980 tallet. Det man vet /visste siden de første forsøkene burde ha fått enhver ansvarlig myndighet til å ha stoppet disse «vaksinene» umiddelbart !
Som alt annet i det samfunnet vi lever i er det alt for mye politikk, penger og «skrullete» Vitenskap bak vårt «moderne» medisinske system og i all hovedsak er ikke dette systemet ment å være helbredende, men kun utsette og forsterke lidelser, i mange tilfeller forårsake mer dødelighet, bevisst eller ubevisst !
Flere studier tyder på en klar sammenheng mellom en rask aggressiv prionsykdom kjent som Creutzfeldt-Jakob Disease (Alzheimer’s ) forårsaket av COVID-19-vaksiner og av den grunn kan vi nok forvente en økning av sykehjemspasienter tilhørende en aldersgruppe vi ikke er vant til !
Tragisk men sant !
I Ukraina brukes uvitende, psykisk syke som lab-rotter, i Norge de «gamle og skrøpelige» som de så ofte ble kalt da de døde av «beskyttelsen». FHI undergraver fortsatt sannheten, som de har gjort fra starten, ganske skamløst, selv nå som løgnene avsløres en og en, og for FHI å si at de ikke visste er ikke bra nok; som høyeste helse-instans i landet er det deres ansvar å vite hva de TVINGER på folket. At noen tror på sånne serieløgnere tyder på svak dømmekraft og null intuisjon. «Vaksinen» som skulle beskytte 95% viser seg å beskytte 12%. Solberg-regjeringens hemmelighetsstempling tyder på at de visste noe vi ikke skulle vite. Nå som Pfizer-dokumentene er frigitt og vi vet om de beviselige fosterskadene og spontanabortene, gjør FHI seg til vel vitende folkemorder og bør dømmes som det. Hva skal FHI si til sitt forsvar? At folk dør som fluer «plutselig og uventet», men «det er for tidlig å si noe».? At de ikke har sett på Pfizerdokumentene? Ursula von der Leyen mener frekt og hovmodig at nürnberg-prosess ikke har noen relevans i denne sammenheng. La henne ta grundig feil! Og god bedring til «Agate»; er hun friskmeldt og på pletten på vaksinestasjonen for å drepe flere? Eller ser hun det litt i et annet perspektiv nå? Ufør kanskje? Håper ikke det, skjønt: What goes around comes around.
Statens institutt for folkehelse (SIFF) idag FHI ble grunnlagt i 1929 ved hjelp av en gave på én million kroner fra Rockefeller Foundation. Ideen om en offentlig instans med fokus på befolkningens helse så imidlertid dagens lys 50 år tidligere, og tanken om offentlig ansvar for forebyggende helsetiltak gikk enda lenger tilbake.
Camilla Stoltenberg er den som kan se tilbake på størst økonomisk vekst i tiden som har vært. I 2019 tjente Camilla Stoltenberg 1.302.599 kroner, en inntekt som økte til 4.060.116 kroner i 2020.
Ser vi en som har solgte sjelen sin for en neve sølvpenger ?