POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Pepe Escobar:

Vesten venter på stasjonen med svarte gardiner og ingen tog.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

NATOstans robotar versus multipolaritetens himmelske hestar

Pepe Escobar

29. august, 2023

Heile Vesten ventar i rommet på stasjonen med svarte gardiner – og ingen tog.

Vi vil trenge rikeleg med tid og introspeksjon om vi skal analysere det fulle spekteret av spel-endrande vektorar som vart sleppte laus då BRICS 11 vart avduka førre veke i Sør-Afrika.

Men tida stoppar ikkje opp for nokon. Imperiet vil slå tilbake med full kraft; multi-Hydra-hybridkrigstentaklane viser seg allereie.

Her og her har eg prøvd meg på to grovutkast til historia om korleis BRICS 11 vart til. Det det strategiske partnarskapet mellom Russland og Kina får til, eitt (gigantisk) steg om gongen, har også mange vektorar:

– dei ekspanderer BRICS til ein allianse som kan kjempe mot USAs ikkje-diplomati

– dei set i verk mottiltak mot dei sinnssjuke sanksjonane

– dei promoterer alternativ til SWIFT

– dei promoterer autonomi, sjølvberging og suverenitetsinstansar

– og i nær framtid vil dei integrere BRICS 11 (og komande) med Shanghai Cooperation Organization (SCO) for å stå imot imperialistiske militære truslar, allereie ymta om av president Lukasjenko, oppfinnaren av neologismen «Global Globus».

Michael Hudson er en amerikansk økonom, professor i økonomi ved University of Missouri – Kansas City og forsker ved Levy Economics Institute ved Bard College, tidligere Wall Street-analytiker, politisk konsulent, kommentator og journalist.

I kontrast til dette, har den uunnværlege Michael Hudson stadig vekk vist korleis USA og EU sitt «strategiske feilspor med sjølvisolering frå resten av verda er så massivt, så totalt, at effekten av det kan jamstillast med ein verdskrig.»

Derav Prof. Hudsons påstand om at proksykrigen i Ukraina – ikkje berre mot Russland, men også mot Europa – «kan sjåast på som Tredje verdskrig».

På mange måtar lever vi i «ein utvekst av Andre verdskrig, der USA i etterdønningane etablerte internasjonale økonomiske og politiske organisasjonar som dei sjølv kontrollerte, og som skulle operere i USAs nasjonale sjølv-interesse: Det internasjonale pengefondet (IMF) til å gi USA finansiell kontroll og dollarisere verdsøkonomien; Verdsbanken til å låne ut pengar til ulike regjeringar så dei kunne bere infrastrukturkostnadane med opprettinga av handelsavhengigheita av US-amerikansk mat og industrivarer; promotering av plantasje-jordbruk; USA/NATO-kontroll over olje, gruvedrift og naturressursar; og FN-organ under US-amerikansk kontroll, med veto-makt i alle internasjonale organisasjonar som dei oppretta eller gjekk inn i,» utdjupar prof. Hudson details.

No har spelet endra seg totalt når det gjeld det globale sør, eller globalt fleirtal, eller reell frigjering for «den globale kloden». Ta berre det russisk/afrikanske toppmøtet som Moskva var vert for i juli; eller då Beijing, representert ved Xi personleg, var ein dag i Johannesburg førre veke, saman med fleire dusin afrikanske leiarar, samtlege av dei medlemmar av den nye uavhengigheitsrørsla NAM (Non-Aligned Movement): G77 (eigentleg 134 nasjonar), leia av ein kubanar, president Diaz-Canel.

Dét er den russisk/kinesiske dobbeltspiralen i praksis – å tilby svære delar av «den globale kloden» tryggleik og høgteknologisk infrastruktur (Russland) og finans, industrivareeksport, vegnett og jernbanenett (Kina).

Innanfor desse rammene er ikkje ein eigen BRICS-valuta nødvendig. Prof. Hudson siterer president Putin: det som trengst er «avrekningsmiddel» for sentralbankane så dei kan balansere sine utbetalingar og halde ubalansar i handel og investeringar i sjakk. Det har ingenting å gjere med ein overnasjonal BRICS-valuta som er basert på gull-standarden.

Vidare vil det heller ikkje bli behov for nokon ny reservevaluta, ettersom stadig fleire nasjonar vil droppe US dollar i oppgjera seg imellom.

Putin har vist til ei «temporær» rekneskapseining – for handelen innanfor BRICS 11 vil uunngåeleg auke i desse landas nasjonale valuta. Alt som vil utvikle seg innanfor rammene til ein stadig meir overveldande allianse mellom svære olje-, gass-, mineral-, jordbruks- og handelsvareprodusentar: ein realøkonomi som greier å støtte ein ny global orden som pressar Vestens dominans stadig lenger ut i gløymsla.

Kall det gjerne å gi ein mjuk variant av aktiv dødshjelp til Overherredømmet.

Alle ombord i det «vondsinna Kina»-narrativet

Samanlikn no alt dette med det stykket Norwegian wood som poserer som generalsekretær for NATO, då han (sistnemnde) i ein unik augeblink av oppriktigheit fortalde CIA-avisa i Washington at Ukraina-krigen «ikkje starta i 2022. Krigen starta i 2014».

Klarte å fortelle sannheten om Ukrainakrigen. Ved en glipp?

Så her har vi ein utpeika vasall for imperiet som ope innrømmer at heile greia starta med Maidan, det av USA konstruerte kuppet overvaka av småkake-distributør Vicky “F**k the E” Nuland. Dette betyr at NATO sin påstand om ein russisk «invasjon», refererande til den spesielle militæroperasjonen (SMO), juridisk sett er absolutt falsk.

Spinn-doktorane/ dei løna propagandistiske «ekspertane» til det atlantisistiske idiokratiet, som praktiserer ein eineståande miks av arroganse og uvitenheit, trur dei kan kome unna med kva som helst når det gjeld å demonisere Russland. Det same gjeld for deira nye narrativ om «det vondsinna Kina».

Kinesiske lærde som eg har æra av å kjenne, gler seg alltid over å påpeike at imperiets populære narrativ og «prediktive programmering» [når det blir laga filmar, TV-show og bøker om ting som er planlagde å skje seinare, for å bestemme korleis folk skal reagere på det som skal skje, mrk.] er totalt ubrukelege i møte med Zhonghua («Det storarta Midtens rike», altså Kina).

Det er fordi Kina, som ein av dei skildrar det, er utstyrt med eit «klarsynt, målmedvite og ubøyeleg aristokratisk oligarki ved roret i den kinesiske staten», som brukar maktverkty som garanterer mellom anna tryggleik og sanitære forhold for alle; utdanning fokusert på læring av nyttig kunnskap og dugleik, ikkje indoktrinering; eit pengesystem under kontroll; fysiske middel og industriell kapasitet til å lage ekte ting; førsteklasses forsyningskjedar og diplomatiske, teknisk-vitskapelege, økonomiske, kulturelle, kommersielle, geostrategiske og finansielle nettverk; og førsteklasses fysisk infrastruktur.

Og likevel er hovudstraumsmedia i Vesten, minst sidan 1990, manisk opptatte av å diktere at Kinas økonomiske kollaps, eller «harde landing», er nært føreståande.

Nonsens. Som ein anna kinesisk lærd uttrykker det: «Kina sin strategi har vore å la sovande hundar ligge og løgnmaskiner lyge. I mellomtida kan Kina gå forbi dei mens dei søv og forårsake Imperiets bortgang.» 

Gift, virus, microchips

Og då er sirkelen slutta, og vi er tilbake til Det nye store spelet: NATOstan versus Den multipolare verda. Same kor mange bevis som vert lagt fram om dei grafiske realitetane, så er faktisk NATOstan i sitt framskridne seppuku-modus [seppuku er eit anna ord for harakiri, ei japansk form for sjølvmord, mrk.] – særleg i den europeiske sektoren – i den trua at dei vil vinne krigen mot Russland/Kina.

Som det globale sør, er dei sett på som fiendar. Så deira for det meste fattige befolkningar bør forgiftast med hungersnaud, eksperimentelle injeksjonar, nye modifiserte virus, implanterte microchips som i BCI (Brain Computer Interface, hjerne/datamaskin-grensesnitt) og snart NATO som Globale Robocop- «sikkerheitsgrupper».

BRICS 11 har allereie utløyst ei ny imperialistisk bølge av dødeleg forgiftning, heilt nye virus og cyborgar.

Imperieherren gav ordre om å «redde» den japanske sjømatsindustrien – nokre smular til gjengjeld for at Tokyo ter seg som ein rabies-hund i chip-krigen mot Kina og pliktoppfyllande svor truskap til alliansen på det nylege toppmøtet på Camp David, side om side med dei sør-koreanske vasallane.

EU-vasallane letta synkront på matimport-reglane for Japan nett då det radioaktive avløpsvatnet frå Fukushima skulle pumpast ut i havet. Det er berre eit anna døme på korleis EU held fram med å grave si eiga grav – medan Japan står framfor eit tilbakeslag av typen tyfon styrke 10.

Spreiinga av radioaktiv stråling over heile verda via Stillehavet, vil skape endelaust mange kreft-pasientar rundt om i verda, og samtidig øydelegge økonomiane til mange små øy-nasjonar som er tungt avhengige av turisme.

Sergey Glazyev

Parallelt har Sergey Glazyev, Minister for Makroøkonomi i Den eurasiske økonomiske kommisjonen, ein del av Den eurasiske økonomiske unionen EAEU, vore blant dei svært få som åtvarer om det nye overmenneske-grenselandet [trans-humanist frontier]: galskapen med nanoteknologiske injeksjonar som kjem – noko som er ganske godt dokumentert i vitskapelege tidsskrift.

Dr. Steve Hotze, Glazyev, forklarte i eitt av Telegram-innlegga sine kva DARPA (Defense Advanced Research Projects Agency) har drive med: «injisering av nanobots i form av grafen-oksid og hydrogel» inn i menneskekroppen, slik at det har blitt skapt eit grensesnitt mellom nanobots og hjerneceller. Vi blir ein reseptor, mottakar og sendar av signal. Hjernen vil motta signal frå utsida, og ein kan bli fjern-manipulert.»

Glazyev refererer også til den frenetiske promoteringa av «Eris», ein ny Covid-variant, av Verdshelseorganisasjonen WHO oppkalla etter den greske gudinna for splid og fiendskap, dotter av natt-gudinna Nykta.

Eris (gresk: Ἔρις, «strid, ufred») er i henhold til gresk mytologi en gudinne for kaos, strid og ufred. 

Dei som kan gresk mytologi, vil vite at Eris var harm fordi ho ikkje vart invitert til bryllaupet til Peleus og Thetis. Ho hemna seg med å plante eit gyllent eple med inskripsjonen «vakrast» på festen: det var det legendariske «splidens eple» som genererte tidenes «catfight» mellom Hera, Athena aognd Afrodite. Og det førte til slutt til den sjølvaste trojanske krigen.

det kvite rommet, med svarte gardiner

Det er berre så føreseieleg, når det kjem frå desse «elitane» som driv showet, å kalle eit nytt virus opp etter ein bodbringar om krig. For Den neste krigen er sårt tiltrengt fordi Prosjekt Ukraina viste seg å vere ein massiv strategisk flopp, med kosmisk audmjuking av NATO rett rundt hjørnet.

Under Vietnam-krigen – som Imperiet tapte mot ein gerilja-armé av bønder – vart dei daglege debrifingane ved kommando-hovudkvarteret i Saigon spotta av alle journalistar med ein IQ på over romtemperatur som «Saigon-dårskapane».

Saigon kunne aldri samanlikne seg med tsunamien av daglege dårskapar om proksykrigen i Ukraina av eit glorete, mobilt lag i Det kvite hus, utanriksdepartementet, forsvarsdepartementet (Pentagon), NATO-hovudkvarteret, det Kafkaesque maskineriet i Brussel og andre miljø i Vesten. Skilnaden er at dei som poserer som «journalistar» i dag er kognitivt ute av stand til å forstå at det er «dårskap» – og sjølv om dei hadde gjort det, så hadde dei blitt hindra i å rapportere om det.

Så det er der det kollektive Vesten står no: i eit kvitt rom, eit skin av Platons hole som skildra i Cream’s meisterstykke frå 1968, til dels inspirert av William Blake, påkallande «sølvhestar» og «gule tigrar».

Heile Vesten ventar i rommet på stasjonen med svarte gardiner – og ingen tog. Dei vil «sove på denne staden med den einsame hopen» og «ligge i mørket der skuggane flyktar frå seg sjølve».

Utanfor, i kulda, langt borte, under sola, borte frå dei levande skuggane, over vegar av silke og jern, galopperer den multipolare verda sine himmelske hestar (Tianma) prektig frå nettverk til nettverk, frå Belte og veg (Den nye Silkevegen) til Eurasia og Afro-Eurasia-brua, frå intuisjon til integrasjon, frå frigjering til suverenitet.

❗️Join us on TelegramTwitter, and VK.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Alev Takil

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Stol på at vår kjære Pepe til enhver tid har den nødvendige oversikt over strømningene i The Global Asylum, samt at han dertil fullt ut er i besittelse av evnen til å malende, men nøkternt og billedlig – beskrive det hele – i detalj!…

    »Norwegian wood» beskriver prosaisk det som befinner seg mellom de to utvekstene av [hovedsakelig] hud og brusk på begge sider av Jens Stoltenberg’s hode, et forhold som instinktivt bringer tanken hen på John Cleese’s uforlignelige aksiom;

    »If you are very very stupid, how can you realize that you are very very stupid? You have to be relatively intelligent to realize how stupid you are!» . . .

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Oppstått fra de døde?

NKP stiller liste i Bergen.

Forrige innlegg

Big Pharma’s makt blir mer synlig nå!

YouTube har en ny sensur-politikk for å slå ned på såkalt «medisinsk feilinformasjon».

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.