POSTED IN Krig-fred, USA

Pence går til krig:

Amerika vil alltid krige.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vi har tidligere publisert denne artikkelen på derimot.no, men den egentlig en evig påminnelse om et spesielt forhold: Svulstige politikere som vil at andre, gjerne lønnsarbeidernes gutter og jenter skal føre deres kriger. Krigene skal føres for å sikre deres interesser, men for å få opp motivasjonen i befolkningen forer mediene befolkningen med glatte ord om frihet, fedreland og demokrati gjennom ledere som ikke ofrer noen ting. For at ungdommene skal ofre livet for hva…

Hva har gutter fra Montana i Afghanistan å gjøre? Hvilken frihet er det jenter fra Hawaii skal forsvare i Irak? De har ingen tilknytning til noen av disse landene, men USAs elite tjener penger på krigene og på naturressursene i de landene de overfaller.

De skal ofre livet på alle andre lands slagmarker, for å forsvare USA? Det er utrolig at dette tøvet går hjem hos folk, men når mediene har mettet befolkningen med slikt tull i ti-år etter ti-år går det kanskje hjem hos mange til slutt.

Knut Lindtner

av Philip Giraldi

Philip Giraldi er en tidligere CIA-offiser.

fra Strategic Culture Foundation. 

Den 25. mai (2019) var visepresident Mike Pence hovudtalar ved avslutningsseremonien for studentar ved United States Military Academy. Talen hans var, slik ein kunne sagt på førehand, ein lovtale både til mangfaldet og suksessen til dei nyutnemnde offiserane, og også til systemet ved West Point som hadde produsert dei. Men den inneheldt også interessante innsyn i korleis han og andre ikkje-veteranar, som frå Det kvite hus dominerer utforminga av politikken, ser på militæret.

Uteksaminerte offiserer fra West Point

Dei fleste kommentatorane i media var enten sjokka eller positivt overraska av Pence sine spådommar om at dei ferdig utdanna offiserane snart ville vere i krig. Han sa

“Det er nesten sikkert at de vil kjempe på ei slagmark for Amerika på eitt eller anna tidspunkt i livet dykkar. De vil leie soldatar i kamp. Det vil skje. Nokre av dykk vil gå med i kampen på den koreanske halvøya og i Indo-Stillehavet, der Nord-Korea held fram med å true freden, og eit stadig meir militarisert Kina utfordrar vårt nærvære i regionen. Nokre av dykk vil gå med i kampen i Europa, der eit aggressivt Russland prøver å gjenoppteikne dei internasjonale grensene med makt. Og nokre av dykk kan til og med bli innkalla til teneste på denne halvkula. Og når den dagen kjem, veit eg at de vil røre dykk til lyden av skytevåpena og gjere plikta dykkar, og de vil kjempe, og de vil vinne. Det amerikanske folket forventar inkje mindre. Så, kor de enn blir utkalla, ber eg dykk innstendig om å ta det de har lært her og bruke det i praksis. Rust dykk, slik at de når – ikkje viss – den dagen kjem, vil klare å halde stand.»

Mike Pence, advokat og visepresident. Det er nesten latterlig når han forteller at offiserer skal i krig og dø – for hva? Selv har han ingen krigserfaring.

Kanskje visste Pence, eller kanskje visste han ikkje, at uteksaminerte frå militærakademiet berre har ei fem-årig pliktteneste etter utdanninga. Mange sluttar i tenesta etter det, og brukar i staden sikkerheitsklareringane sine til å skaffe seg vellønte stillingar hos kontraktørar innan forsvar og nasjonal sikkerheit. Dersom Pence var klar over dette fem-års-vindauget, antyda han at han forventar at fleire krigar vil involvere USA under den gjenverande tida hans i stillinga som visepresident, gitt at han og president Donald Trump blir gjenvalde i 2020. Det kan til og med tenkast at han går ut ifrå at krig er uunngåeleg uansett kven som sit ved roret i Det Kvite Hus, fordi Amerikas mange fiendar, som han identifiserte, ikkje på annan måte kan rådast ifrå si «forbryterske åtferd».

Pence sitt val av ord er avslørande. Det er «nesten sikkert» at det blir «kampar på ei slagmark for Amerika» og at slagmarka er global, inkludert både transnasjonal islamsk terrorisme og den vestlege hemisfæren. I denne språkbruken ligg det at USA sin tryggleik krev «dominans over heile spekteret» overalt. Det omfattar tradisjonelle nasjonale fiendar, med eit Pyongyang som «truar freden», eit Kina som er «militarisert» og eit Russland som er både «aggressivt» og ekspansjonistisk. Soldatane må vere klare for å kjempe «når – ikkje viss – den dagen kjem».

US-soldater i Irak. Hva/hvem kjemper de for?

Først av alt er det nedslåande å sjå at Pence trur at ein eller fleire krigar må finne stad. Vidare må ein lure på kva for scenario – heilt nøyaktig – dei ser føre seg, Pence og – må ein tru – sjefen og kollegaene hans, når det gjeld akkurat korleis ein krig mot andre atommakter vil utspele seg. Heller ikkje reflekterer han over kva som kunne skje når resten av verda byrjar sjå på USA som sin fiende på grunn av landet sin iver etter å blande seg inn i alle andre sin politikk. Og dei US-amerikanske soldatane ville døy utan å vite kva dei kjempa for, sidan dei hadde forstått frå starten av at det ikkje hadde noko å gjere med forsvaret av USA.

Talen er kort sagt ei tilståing om at Trump-administrasjonen ser evig krig i horisonten, eit synspunkt som er spesielt alarmerande ettersom ein lett kan vise at USA ikkje er alvorleg trua i det heile tatt av nokon på Pence si fiendeliste, og derfor sjølv er aggressoren. Kina er ei regional makt, Russland har ikkje verken ressursane eller viljen til å gjenetablere Sovjetunionen, og Nord-Korea har berre avgrensa kapasitet til å angripe nokon, sjølv om dei skulle velje å gjere det. Islamsk terrorisme er stort sett ein USA-kreasjon i første omgang, og den held seg potent ved hjelp av den skadelege innverknaden til USAs vedvarande nærvære i muslimske land. Og ymtinga om at Venezuela og/eller Cuba skulle vere ein trussel mot USA er ærleg talt latterleg.

Er det denne mannen unge amerikanere skal ofte livet for?

Dersom Pence verkeleg var interessert i å sjå seg rundt for å sjå kven som har vore mest interessert i å starte nye krigar, burde han kaste blikket på herrar ved namn Bush og Obama, for ikkje å nemne hans eigne kollegaer John Bolton og Mike Pompeo. Og så er det Washington sine dovne allierte Israel og Saudi-Arabia, som er ivrige etter å fremje sine eigne interesser ved hjelp av haugar med drepne amerikanske soldatar.

Finst det ingen som kan sette spørsmålsteikn ved korfor, heilt nøyaktig, amerikanske soldatar blir sende ut for å døy på så mange plassar som knapt kan finnast på eit kart? Eller spørje kva for slags presserande nasjonale interesser det kan vere som krev at ein sender soldatar til slike gudsforlatne dødsgraver? Ein kan vere trygg på at dei nymedaljerte militære offiserane som Pence talte til, ikkje har noko ønske om å bli drepne i Mali. Men det ville kreve ein modig ung mann eller kvinne for å svare sant, om han eller ho vart spurt av ein overordna offiser.

Sen. Lindsey Graham

Og Pence har dessverre mange vener på Capitol Hill som også trur på force majeure. Senator Lindsay Graham dukka opp på Fox News Sunday dagen etter visepresidenten sin tale, og sa «Eg ville gi Cuba eit ultimatum om å kome seg ut av Venezuela. Viss dei ikkje gjer det, ville eg la det venezuelanske militæret vite: de må velje mellom demokrati og Maduro, og viss de vel Maduro og Cuba, kjem vi for å ta dykk. Dette er i vår bakgard.»

Ein bør heilt klart skjøne at Pence, Graham og Pompeo ber om krigar, der militæret blir brukt, heller enn diplomati, i ein situasjon der det ikkje finst nokon overhengande trussel. Irak, Syria og Libya er døme på slike krigar, og alle tre har enda svært dårleg. Og så er det den moralske dimensjonen. I følge standarden som vart sett av rettssakene i Nürnberg etter Andre verdskrig, så er det eit krigsbrotsverk å starte ein væpna konflikt på den måten. Ja, det er faktisk det ultimate krigsbrotsverk, sidan det følgjer så mykje vondt med det. Mike Pence sin visjon om den evige krigsforbrytaren Amerika er ikkje noko å vere stolt av.

Omsett, og noko nedkorta, av Monica Sortland

Philip Giraldi er ein tidlegare CIA-tilsett spesialist på kontra-terrorisme, offiser i militæretterretninga, spaltist og TV-kommentator. Han er også direktør i Council for the National Interest. Andre artiklar han har skrive er å finne på Unz Review.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • På UNZ.COM er det nå en interessant artikkel om hvordan Roosevelt-administrasjonen klarte, ved hjelp av løgner og overtalelser, å trekke USA inn i andre verdenskrig. Meningsmålinger viste at opptil 95% av USAs befolkning var imot amerikansk innblanding i krigen, men ved boikott, løgner og press klarte Roosevelt-administrasjonen å lure Japan til å angripe Pearl Harbour. Etter Pearl Harbour snudde stemningen i USA fullstendig, og Roosevelt hadde lett match da han fikk kongressen til å vedta krig mot Japan.

    http://www.unz.com/article/pearl-harbor-unmasked/

    Svar
    • Ola Henriksen
      16 juni 2019 13:31

      Hele 2 ( og 1. ) verdenskrig var et spill om makt, ikke om fred og frihet:

      /»A. Lag et arrangement med Storbritannia for bruk av britiske baser i Stillehavet, spesielt Singapore.
      B. Foreta et arrangement med Holland for bruk av basisanlegg og oppkjøp av forsyninger i Nederlandene Øst-Indies [nå Indonesia].
      C. Gi all mulig hjelp til den kinesiske regjeringen i Chiang Kai-shek.
      D. Send en deling av langdistanse tunge kryssere til Orienten, Filippinene eller Singapore.
      E. Send to deler av ubåtene til Orienten.
      F. Hold hovedstyrken til den amerikanske flåten, nå i Stillehavet, i nærheten av de hawaiiske øyene.
      G. insisterer på at nederlandene nekter å gi japanske krav til unødvendige økonomiske innrømmelser, særlig olje.
      H. Fullfør embargo all handel med Japan, i samarbeid med en lignende embargo pålagt av det britiske imperiet. /

      Og de samme bakmennene holder på nå også , og prøver seg med liknende.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Politikus:

Etter FrP exit: Kommer AP i politisk skvis?

Forrige innlegg

OPCW-spesialist til FNs Sikkerhetsråd:

Gass-sylindrene plassert manuelt, altså av jihadistene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.