POSTED IN Virkelighetsforståelse

Parlamentsmedlem:

Statsminister, hvorfor lyger du til meg?

4 kommentarer

Nyvalt parlamentsmedlem tek den nederlandske statsministeren i å lyge

Gideon van Meijeren er ein ung mann som nyleg har fått eit sete i det nederlandske parlamentet. I sitt aller fyrste møte i parlamentet konfronterte han statsminister Rutte om hans kjennskap (og vennskap?) til Klaus Schwab, grunnleggjar og leiar av World Economic Forum, som har fått «æra» av å lansere konseptet The Great Reset, Den store nullstillinga, der du skal eige ingenting og vere lykkeleg.

________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
________________________________________________________________________

Gideon van Meijeren

Van Meijeren byrjar med å snakke om Schwab si berykta bok Covid-19: The Great Reset, som «tilfeldigvis» kom ut i 2020, berre månader etter at regjeringar over heile verda samstundes erklærte pandemi og ein haug tiltak som aldri hadde vore del av dei opphavlege pandemiførebuingsplanane til vestlege land. Van Meijeren spør korleis statsminister Rutte vurderer innhaldet i denne boka. Rutte nektar kvar ein kjennskap til boka, og anklagar van Meijeren for å kome med konspirasjonsteoriar.

Den modige unge mannen seier deretter:

«Det overraskar meg at det fyrste spørsmålet eg stiller herr Rutte sidan eg vart svoren inn som medlem av parlamentet […] vart svart med ei løgn

Han presenterer so eit brev datert 26.november 2020, som herr Rutte sendte til Klaus Schwab, der Rutte takkar Schwab for å ha sendt han boka si (som Rutte nettopp påstod at han ikkje kjende til). I brevet kallar Rutte boka «ein håpefull analyse for ei betre framtid».

Rutte svarer at han sendte brevet av rein høflegheit, og påstod at han ikkje hadde hatt tid til å lese boka. Van Meijeren spør difor om det er tilfelle at Rutte dermed ikkje laug til han, men til Schwab i staden for. Van Meijeren kjem med følgjande briljante spørsmål, medan den unge dama bak han faktisk knekk saman i latter:

«Eg har eit spørsmål til: Herr Schwab ber i boka si om at vi nullstiller verda vår. Han ønskjer å erstatte vårt parlamentariske demokrati med eit globalt teknokrati. Han ber om slutten på privat eigedom (!) og openbert er ikkje herr Rutte eingong klar over at han kalla dette: Ein håpefull analyse for ei betre framtid. Korleis er det mogleg at herr Rutte gjev verdi til ei bok som har ein nykommunistisk bodskap medan han ikkje eingong las denne boka?»

Statsminister Rutte vart med andre ord teken i løgn av ein ung mann som hadde sin fyrste dag i parlamentet. Kunne audmjukinga av ein vondsinna globalist ha vore meir komplett? Det er ikkje for tidleg at dei meir vakne og oppegåande innan politikken byrjar å setje denne «eliten» til veggs og avkreve svar på kvifor dei gjennom sine utvitskaplege tiltak og ukritiske massevaksinering forårsakar massedød og kollaps av samfunn og økonomi.

Forsidebilde: Brett Jordan

En kort bemerkning fra redaktøren: Denne sekvensen i det nederlandske parlamentet finnes på video. Her er en link:

https://youtu.be/qOCr97A4IFI


1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 964 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Korthuset kollapser.

    Svar
  • Korthuset kollapser om flere enn denne modige mannen i rett posisjon snakker makta midt imot.DERIMOT så blir man vel ikke akkurat overbevist om at vårt hjemlige pressekorps som jo skal granske makten,gjør nettopp det.
    Jeg etterlyser gode opplysende artikler som tar for seg våre egne globalister og hvordan de opptrer nasjonalt og globalt.Dette være seg om det er den eierdirektivstyrte medieverden eller våre supre alternative medier.Det kan se ut som de har munnkurv hele gjengen.Det eneste lille unntaket er Steigan som idag har en artikkel om den kommende finansbobla som sprekker og som Steigan kaller alle finansboblers mor og at den også var og er planlagt.
    Men hysj,ikke si det til noen.

    Svar
    • Jeg skulle også sett en oversikt over alle våre globalister. Hvem på Stortinget er IKKE på denne lista?

      Svar
  • Jeg skulle også sett en oversikt over alle våre globalister. Hvem på Stortinget er IKKE på denne lista?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nye forsøk på å mane til konflikt

Historieforfalskning som et av flere grep i fryktens tjeneste

Previous Post

Presset Boris Johnson tar grep:

Pandemien avsluttes.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.