POSTED IN Pakistan

Pakistan er et stort og viktig land med mange innbyggere.

Hva skjer nå i Pakistan?

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Imran Khan og Pakistans uavhengigheit

av Thierry Meyssan

Pakistan har aldri vore uavhengig. Dei har alltid vore eit leiketøy i hendene på Storbritannia og USA. Under Vestens krig mot det afghanske kommunistregimet, vart landet ein baktroppsbase for Bin Ladens mujahedin- og arabiske krigarar. Men det siste tiåret har ein usedvanleg cricket-meister prøvd å frigjere det, skape fred med India og opprette sosiale tenester: Imran Khan.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 16. MAI 2023

Imran Khan, verdsmeister i cricket og tidlegare statsminister. Han kjempar for ein moderne, meir sosial og uavhengig stat.

Det pakistanske folket reiser seg atter mot militæret og politikarane. Overalt dannar det seg demonstrasjonar til støtte for den tidlegare statsministeren, Imran Khan, som har kome ut av fengsel, men er gjenstand for hundre rettsprosedyrar.

KVEN ER IMRAN KHAN?

Imran Khan kjem frå ein høgtståande pasjto-familie. Far hans er etterkomar av ein indisk general og guvernør av Punjab, og mor hans stammar frå ein sufi-meister som fann opp pasjto-alfabetet. Han tok utdanninga si i Lahore, og seinare ved Oxford i England. Han snakkar saraiki, urdu, pasjto og engelsk. Han spelar cricket, den viktigaste sporten i Pakistan. Han var kaptein på landslaget i 1992, og greidde å vinne verds-cupen. Under åra 1992-96 via han all si tid til filantropiske aktivitetar, opna eit sjukehus for kreft-pasientar og eit universitet med familiens pengar. I 1996 gjekk han inn i politikken og oppretta Pakistans rettferdsrørsle (PTI). Han vart medlem av parlamentet i 2018, men var den einaste innvald frå sitt parti.

Imran Khan er ikkje ein politikar som liknar andre. Han står for tilnærminga til Mohamed Iqbal (1877-1938), Pakistans andelege far. Han ville bryte med islams religiøse stillestand og gjere eit forsøk på tolking, men han forblei ein fange av eit samfunnsmessig og juridisk syn på islam. Imran Kahn fann sin veg først då han oppdaga den iranske filosofen og sosiologen Ali Shariati, ein ven av Jean-Paul Sartre og Frantz Fanon [1].Den i Vesten ukjende Shariati bad elevane sine vurdere boda i islam ved å ta dei i bruk og behalde berre dei dei fann nyttige. Sjølv engasjerte han seg i ei gjentolking av islam som fascinerte iransk ungdom. Han trassa regimet til sjah Reza Pahlevi og støtta Ayatollah Rouhollah Khomeiny, som då var i eksil og vart sett på som ein vantru av dei iranske geistlege. Han vart myrda av sjahens hemmelege politi, sawak, i England i 1977 , rett førKhomeini returnerte til landet sitt. Så det var han som tende den iranske revolusjonen, men det visste han aldri.

Imran Khan er altså ein sunni som beundrar ein sjiittisk filosof. Han føreslår å modernisere landet sitt, ikkje ved å utslette dei religiøse tradisjonane, men tvert imot å prøve å utgreie dei for å finne og ta vare på berre dei beste. Han framstår som uvanleg open og tolerant i eit land som var det første som vart styrt av Det muslimske brorskapets egyptiske brorskap, eit sekterisk politisk parti med tilknytningar til britiske MI6 [2]. SomAli Shariati, er han ein revolusjonær i edel forstand og ein anti-imperialist. I sitt politiske liv slutta han aldri å fordømme den anglo-saksiske overtakinga av landet hans. Han blir derfor logisk sett eit skremsel for dei britiske og amerikanske imperialistane.

Då president Barack Obama hevda han hadde drept Osama Bin Laden i Pakistan [3], anklaga Pakistans politiske klasse arméen for å ha gitt USAs folkefiende nummer 1 ei frihamn. I teorien har Pakistan eit sivilt styre, men landet har vore rysta av mange militærkupp. Militæret er den einaste fungerande administrasjonen, og har gradvis tatt kontrollen over mange økonomiske sektorar. Under krigen i Afghanistan støtta dei på oppdrag av CIA det afghanske mujahedin og sjølvsagt Osama bin Ladens arabiske krigarar. For å sette dei på plass, organiserte sivilmakta «memorandum-saka». Eit hemmeleg dokument, som Wall Street Journal gjengav,vart sendt til sjefen for USAs Joint Chiefs of Staff, general Mike Mullen, for å hindre eit nytt kupp i Pakistan. Iram Khan står ikkje verken på sida til arméen eller den politiske klassen. Han ber om tidlege val. Han trur ikkje eit ord av det verken USA, arméen eller den politiske klassen seier. Han driv valkamp mot både korrupsjon og underkasting under USA, to emne som gjeld begge dei pakistanske leirane. På få månadar steig partiet hans fram or skuggane, og talane hans erobra folket. Han danna ein koalisjon og vart statsminister i 2012.

«A BREAKAWAY» STATSMINISTER

Inspirert av føredømet til Muhammad, då han var statsoverhovud, oppretta han eit program for gratis helsetenester i Punjab, opna losji for dei heimlause og implementerte eit program for sosialhjelp og kamp mot fattigdom.

Han støytte ihop med islamistane Tehreek-e-Labbaik Pakistan, som kravde dødsstraff for blasfemistar. Under angrepa etter Charlie-Hebdo -saka i Paris og mordet på læraren Samuel Paty [4] i Conflans-Sainte-Honorine, angreip han den franske presidenten, Emmanuel Macron, ferdiggjorde angrepa mot islam som var framprovoserte av desse brotsverka. Til sist, etter å ha forhandla fram ein vaklande avtale med fanatikarane iTehreek-e-Labbaik Pakistan, enda han opp med å forby denne rørsla.

Som symbol på sitt opne sinn, bygde han Kartarpur-korridoren som lar indiske sikhar [5] kome på pilegrimsferd til kista til grunnleggaren deira, Guru Nanak, 5 kilometer inn i Pakistan. Men den indiske regjeringa opnar ikkje nokon tilsvarande korridor for pakistanske sikhar til å reise på pilegrimsferd til Dera Baba Nanak in India.


Trass framsteg med den kinesisk/pakistanske økonomiske korridoren, vart dei av situasjonen tvinga til å be Det internasjonale pengefondet (IMF) om hjelp. Som vanleg kravde IMF neo-liberale strukturelle reformar.Resultatet vart eit fall i levestandard og retur til fattigdom. Han drog til Russland etter at dei nett hadde intervenert militært mot «dei integrerte nasjonalistane» i Ukraina. Vi minner om at Stepan Bandera i starten av Den kalde krigen samarbeidde med Det muslimske brorskapet. Straks intervenerte USA politisk i Pakistan for å felle regjeringa til Imran Khan. Etter eit første forsøk røysta parlamentet for eit mistillitsforslag og avsette statsministeren.

EIN LUNEFULL OPPOSJONSLEIAR

Imran Khan, som var i ein svært liten minoritet i folkeforsamlinga, men hadde svær majoritet blant folket, vart leiar for folkeopposisjonen.

Inntroppande statsminister vart Shehbaz Sharif, bror til eks-statsminister Nawaz Sharif. Sharif-dynastiet er involvert i mange av finans-affærane som vart eksponerte i Panama-papira. Det eig eit stort tal offshore-selskap som det har brukt til å organisere skatteflukt. Nawaz Sharif vart dømd til 10 år i fengsel, deretter til 7 år i fengsel i ei anna sak, før han gjekk i eksil i London. Som broren Shehbaz, gjekk han i eksil i Saudi-Arabia under diktaturet til general Perwez Musharaf.

Eit angrep vart organisert mot han den 3. november, 2022, som drap ein person og skadde tre andre, inkludert Khan sjølv, som vart såra i beinet. Han skulda statsminister Shehbaz Sharif for å ha gitt ordre til angrepet. Ifølge ein video, sa ein av dei to skyttarane at dei hadde gjort det fordi Khan spelte musikk under bøna, og at han gjekk med på samtalar med Israel, ein «kafir» (vantru) nasjon. Denne skyttaren er medlem av Tehrik-e- Labbaik Pakistan. I røynda var Pakistans tilnærming til Israel under Imran Khan resultatet av gunstig press frå Saudi-Arabia.

Den USA-baserte journalisten Ahmad Noorani skuldar på nettstaden sin på general Qamar Javed Bajwa, som nyleg gjekk av som Pakistans stabssjef. Han påstår at han og familien hans har blitt betydeleg rikare dei siste seks åra.

Imran Khan kravde då at det han hadde stole skulle konfiskerast, og han reiste spørsmål om makta til arméen: ein institusjon som forsvarer landet, men også speler ei økonomisk rolle som ikkje kjem fram i lyset.

Sharif-regjeringa starta utruleg mange rettsprosedyrar, fleire enn 100, mot den mest populære mannen i landet. Ingen av dei verka seriøse, men samtlege var omfattande, så Imran Khan fekk ikkje gjort anna enn å svare politiet og dommarane. Samtidig vart ein av følgarane hans, senator Azam Khan Swati, som hadde kritisert haldninga til fleire høge offiserar, arrestert for å ha fornærma arméen og fengsla.

Men mannen reagerte ikkje som forventa. Han fordømde instrumentaliseringa av rettsvesenet og bad støttespelarane sine om å la seg frivillig fengsle for å mette systemet og diskreditere det. Framfor kvart fengsel samla det seg 500 medlemmar av partiet hans og bad om å bli arresterte. Nokre av dei vart arresterte, men regjeringa fatta raskt at det var ei felle, og prøvde å spreie dei.

Sharif-regjeringa visste ikkje kva dei skulle gjere, og dei vurderte igjen å få Khan avliva under eit arrestasjonsforsøk av militæret. Partiet hans, Rettferdsrørsla (PTI), omringa familie-palasset hans og hindra arméen og politiet i å ta seg inn.

Imran Khans arrest av politiet og arméen ved domstolen i Lahore. «Ordensmakta» braut ned dørene og vindauga i rettssalen under advokatanes sakførsel.

I den siste hendinga, då Imran Khan var på veg til retten for å svare på skuldingar mot seg, omringa politiet domstolen for å arrestere han. Då støttespelarane hans stengde dørene til rettssalen, braut politiet dei ned for å gripe han.

Vesten, som presenterer seg som forsvararar av menneskerettar, løfta ikkje ein finger.

Det kvite hus’ talskvinne Karine Jean-Pierre sa: «Som vi har sagt før: USA har ikkje eit standpunkt på nokon kandidat eller politisk parti over ein annan.»

I løpet av få timar braut det ut spontane protestar rundt om i landet.

EU kommenterte: «Atterhald og tolmod trengst (…) Pakistan sine utfordringar kan berre møtast, og stien avgjerast, av pakistanarane sjølve, gjennom oppriktig dialog og respekt for lov og orden.

Etter nokre få dagar og mange dødsfall har Imran Khan nett blitt sleppt fri.

Omsett av Monica Sortland

[1Ali Shariati and the mystical tradition of islam (Ali Shariati og den mystiske tradisjonen til islam), Abdollah Vakili, McGill-Queen’s University Press (1991); Islamism and modernism: the changing discourse in Iran, Farhang Rajaee, University of Texas Press (2007); Roots of the Islamic Revolution in Iran, Hamid Algar, Oneonta (2001); ‘Ali Shari’ati and the Shaping of Political Islam in Iran, Kingshuk Chatterjee, Palgrave MacMillan (2016); Pioneers of Islamic Revival, Ali Rahnema, Zed (2018); Diverging Approaches of Political Islamic Thought in Iran Since the 1960s, Seyed Mohammad Lolaki, Springer 2019).

[2] “The Muslim Brotherhood as an auxiliary force of MI6 and the CIA”, av Thierry Meyssan, Omsett av Pete Kimberley, Voltaire Network, 11 July 2019.

[3] “Reflections on the official announcement of the death of Osama Bin Laden”, av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 8 May 2011.

[4] « L’Éducation nationale a-t-elle perdu la tête ? Ou bien est-ce la France tout entière ? », par Arno Mansouri, Réseau Voltaire, 22 octobre 2020.

[5] Sikhisme er strengt tatt ingen religion, og den avviser idéen om at ein religion kan vere ei absolutt sanning. Det er ein praksis som kan samanliknast med ein riddarordens praksis, i ein syntese mellom hinduisme og islam. Den talar om likskap og samhald mellom alle menneske; uegoistisk tenesteyting; personleg investering til gagn og velferd for alle.

https://www.voltairenet.org/article219304.html

Forsidebilde: Shairyar Khan

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    19 mai 2023 9:03

    USA ved Obama betalte lederne for at de skulle få øve med droner på sivilbefolkningen i grenseområdene til Afghanistan.

    Svar
  • «…bad elevane sine vurdere boda i islam ved å ta dei i bruk og behalde berre dei dei fann nyttige.»

    Og dette bør selvfølgelig gjøres i Norge også. – Med både kristendommen, jødedommen og den muslimske.
    Og så bør all offentlig støtte fjernes. Religiøs tro er en privat sak. – Og skal ikke blandes inn i politikk.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

En reglebasert verden som USA og Nato og Norge sverger til betyr i praksis:

Det er våre regler som gjelder!

Forrige innlegg

Demokrati er bare et ord.

Storkapitalens folk styrer nå over hele Europa

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.