POSTED IN Endring av politikken, Økonomi

Opptakten til noe verre?

Forverring av krisen fører til stadig hardere mottiltak.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Frankrike i flammar: «Brann» overalt. Kven står bak dei? «Men in Black»

av Peter Koenig

Global Research, 3, april, 2023

Tragedien i dag er at ingen set ting i samanheng. Ingen analytikar. Ingen journalist. Dei fokuserer alle på brannane, og ingen spør kven som står bak. Korleis ein brann har samanheng med den andre.

I fleire veker har Frankrike stått i brann. Det ser ut som at Frankrike kjempa mot Macrons kontroversielle pensjonsaldersauke frå 62 til 64. Verkar ikkje som ei stor nok sak til å brenne ned Frankrike for – eller gjer det det?

Dei fleste landa i Europa og andre stadar har pensjonsalder lik eller høgare. Fagforeiningane i Frankrike har kjempa lenge og hardt for å avgrense pensjonsalderen til 62, når arbeidarar får rett til statspensjon. Ytterlegare auke til 66 og høgare innan 2028 og utover, er allereie planlagt, noko som bidrar til demonstrasjonane.

Dette kan også påverke andre land, for gjennomsnittsalderen i samfunnet vårt aukar og tappar pensjonsfonda. I tilfellet Frankrike, har overbudsjetteringa i det stille grafsa i seg av pensjonsfondet. Den grenselause forsyninga av pengar og våpen til Ukraina, for å drepe russarar, har hjelpt til å utarme dei franske ressursane endå meir.

Det massemedia ikkje fortel deg, er at franskmennene også protesterer mot NATO. Fleirtalet av franskmennen vil gjerne ut av NATO, slik president De Gaulle kutta ut NATO i 1967. I 2009 gjekk Frankrike inn att i NATO under president Nicolas Sarkozy, som er «elev» av Klaus Schwabs WEF-«akademi» for Unge Globale Leiarar (Young Global Leaders,YGL).

Men trass i all denne bakgrunnen er den fæle valden vi har sett i franske demonstrasjonar i fleire veker allereie på ingen måte rettferdiggjort. Det er valdelege ytre «infiltrasjonar» i desse protestane som starta fredeleg.

Har du sett men in black? Ansiktsmasker og alt? Planting av vald ved å sette bilar, dekk, butikkar og meir i brann, provokasjonar mot politiet som rettferdiggjer Macron sine ordrar til politiet om å vere tøffe og slå hardt ned på demonstrantane, nådelaust og valdeleg?

Kople dette til G20-konferansen i Hamburg i 2017– der dei fredelege opprøra brått forvandla seg til valdelege den 6. juli, då over 160 polititenestemenn vart skadde i samanstøytar med demonstrantar, og fleire enn 75 personar vart arresterte.

Også i Hamburg dukka det brått opp ei gruppe «men in black» som sådde vald, ikkje ulikt det vi no ser i Paris og andre franske byar. Det let kanslar Merkel mobilisere den mest brutale åtferda til det tyske politiet, med vasskanonar og batongar.

Regjeringane sjølve introduserer vald inn i fredelege protestar for å skulde på dei protesterande og rettferdiggjere politivald.

Er desse valdelege infiltrasjonane i fredelege protestar hemmeleg finansierte og støtta av ulike einingar og filantropiske stiftingar med koplingar til Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF), og den finansielle makteliten bak WEF?

Ekstrem undertrykking av folket er hensikta. Vi står midt oppe i WEF si realisering av The Great Reset (Den store nullstillinga), alias FNs Agenda 2030. Implementeringa går framover med stormsteg, medan store deler av folket enno søv.

Poenget er at dei alltid åtvarar oss. Men vi bit oss ikkje merke i det, for ein kult – og dette er ein kult, du kan kalle det ein dødskult – ein kva som helst slags kult lyt, om den skal lykkast, annonsere sine gjerningar, sitt svik mot menneskeslekta. Men dei fleste er likevel umedvitne om det.

Når det heile er over, vil ikkje hjelpe å seie «Vi visste ikkje». Det er totalt uakseptabelt.

Vitskapsfolk og vanlege folk står fram og fortel sanninga, i milliontal og stadig fleire. Vi bør i det minste mønstre nok mot til å lytte, og innrømme at vi har blitt loge til og at det no er på høg tid å opne auga og gjere noko for å stoppe desse brotsverka mot menneskeslekta.

Det er INGEN tilfeldigheiter.

Vi bør og finne samanhengane for å forstå dei massive transport-streikane som råka Tyskland for ei veke sidan. Midt oppe i den høge inflasjonen kravde arbeidarane lønsauke. Fagforeinings-bossane kalla lønsaukekravet «eit spørsmål om å overleve», medan leiarskiktet skildra streikane som «fullstendig uhemma».

The Local, Tysklands nyheiter på engelsk, rapporterte førre veke om at fagforeiningane og tyske offentlege tenestemenn ikkje greidde å få i stand nokon avtale under sin tredje runde med lønsforhandlingar denne veka. Er det starten på ei langvarig streikebølge?

Korfor no?

Ein del av «Reset-agendaen» planlegg å øydelegge den europeiske økonomien. Først skal ein bokstaveleg talt de-industrialisere Tyskland – leiaren i EU. Korfor trur du elles at Biden-administrasjon sørga for at Nord Stream-røyrleidningane vart sprengde? – Slik at dei tyskarane som er heilt einige i dette brotsverket, den tyske kanslaren Olav Scholz, og også tyskaren madam Ursula von der Leyen, uvald sjef for Europakommisjonen (EC), ikkje skulle kunne angre seg i siste liten og gå tilbake på sitt samtykke til øydelegging.

Som vi veit, er det den ikkje folkevalde Europakommisjonen som sit med overkontrollen i Europa, høgare enn Europaparlamentet, som er lite anna enn ein flott fasade, eit røykteppe – ei merksemdfangande villfaring. Somme analytikarar føreser at WEF, dersom dei greier gjennomføre nullstillinga si, vil sette Europa tilbake til «steinalderen», forårsake useieleg liding, arbeidsløyse, mat- og energimangel, hyperinflasjon. Det er eitt av måla til Reset / Agenda 2030.

Viss vi, folket, er «vi visste ikkje»-tilskodarar, blir vi medskuldige i brotsverket.

Ingen tilfeldigheiter – fleire protestar, og fleire oppdagas samanhengar.

Ta til dømes Italia

Også i mars månad – protestar som startar i Milano, spreier seg utover heile Italia når regjeringa avgrensar rettane til foreldre av same kjøn. Sjå denne: Le Monde (18. mars 2023).

Folk tok til gatene i Milano og andre stadar etter at byen slutta å registrere barn av foreldre med same kjøn, etter ordre frå statsminister Giorgia Melonis ytre-høgre-regjering. Etter å ha blitt indoktrinerte i fleire år av Woke og den uuttalelege LGBTQ-agendaen (LGBTQ betyr: lesbisk, gay, biseksuell, transkjønna, queer (homo) eller ’questioning’ personar eller gruppa), finn no folk at rettane deira blir innskrenka av den konservative Meloni-regjeringa.

Igjen har ikkje folk – majoriteten av verdas folk – peiling på kva som eigentleg ligg bak dette LGBTQ-propagandakjøret. Hører det til eugenist-agendaen, som óg til stor del er finansiert av filantropiske stiftingar?

Dette fell under kategorien til dei giftige Covid-«vaxinane» som forårsakar useielege hundretals millionar av skadar og død. Desse vaxinane har også skulda for skrekkeleg infertilitet, auka for både kvinner og menn, i Tyskland aleine 37% i 2022.

Vi snakkar om massiv folkereduksjon. Brotsverk mot menneskeslekta rett framfor auga våre. Og mange av oss vil helst ikkje sjå det. Meloni-regjeringa gjer rett i å stoppe dette grove brotsverket. Teikn opp linjene mellom punkta, finn samanhengane mellom alt frå protestane til Reset / Agenda 2030.

Protestane i Georgia  er heller inga tilfeldigheit Sjå The Guardian den 9. mars, 2023.

Kva utløyste protestane?

Tusentals tok til gatene i hovudstaden til Georgia, Tbilisi, etter at parlamentet støtta eit lovutkast som kritikarar, som kalla det ei «russisk lov», sa ville avgrense pressefridommen og underminere Georgias forsøk på å bli kandidat til EU-medlemskap.

Lova, støtta av regjeringspartiet Georgisk draum, ville kreve at ein organisasjon som mottok meir enn 20% av pengestøtta si frå utlandet skulle registrere seg som «utlandske agentar» eller bøteleggast.

Kva er det som er så gale med denne lova? – Vesten brukar som vanleg dobbeltmoralen sin. Når desse linjene blir skrivne, vurderer EU ei liknande lov. Sjå meir om det i POLITICO (13. mars,2023). Slike lover finst allereie i USA og Australia.

Tilbake til Georgia – etter to dagar med mange demonstrasjonar, kunngjorde Draume-partiet at dei ville «trekke tilbake lovforslaget utan vilkår». Grunnen til det, var at demonstrantane sa det var ein kopi av ei «russisk lov». Russland vedtok ei slik lov i 2012, då det vart oppdaga at utlandsfinansierte, ikkje-statlege organisasjonar fungerte som spion-agentar for landa som finansierte dei.

I dagens anti-russiske verd er det ingen som vil bli assosiert med Russland – det gir «dårleg rykte». Så regjeringa i Georgia tok heller sida til det korrupte Vesten enn å verne om sine interesser, og skrota lova for å gjere demonstrantane til lags. Alle som trur at desse protestane ikkje var finansierte av Vesten, av dei evinnelege same mistenkte som eg før har nemnt – er ein tosk.

Protestar i mars

Kanskje lurar du og på korfor alle desse protestane finn stad i mars. Kulter brukar mykje «symbolisme», og «overtru».

Har det kanskje noko å gjere med det faktum at namnet Mars  kjem frå det latinske ordet  Martiusoppkalla etter Mars, den romerske krigsgudenMartius var namnet på den første månaden i den opprinnelege romerske kalenderen. Mars er den første av fleire månadar oppkalla etter ein gud. Vi lever i konstant krig, gjer vi ikkje?

Toulouse (Occitania) den 28. mars.

Tilbake til Frankrike

Noko av grunnen til at Macron er så ubøyeleg når det gjeld pensjonsreformen – og til og med vedtok den med eit svært upopulært president-dekret, i staden for på parlamentarisk vis med røysting i folkeforsamlinga – er at det franske pensjonsfondet er utarma, og har vore det lenge. Ein kunne ikkje risikere at reformen ikkje skulle gå igjennom.

Bortsett frå budsjettunderskotet, er det krava frå ovan (Biden-administrasjonen og WEF, som representerer Gigant-Finanskapitalen) om å overføre milliardar enten direkte til den korrupte Ukraina-regjeringa, eller via våpenprodusentane som forsyner Ukraina med våpen – til å drepe russarar.

Alle veit kor skamlaust uærlege regjeringa i Ukraina er, men ingen av dei europeiske Washington/NATO-marionettane vågar seie det høgt. Det ultimate målet er at Vesten skal ta over dei enorme ressursane på det russiske territoriet. 

Det kjem ikkje til å skje. Det har aldri skjedd under dei siste fleire hundre åra. Det kjem endå mindre til å skje med det lyssky EU-leiarskapet og NATO ved roret.

Men gjelda vil tårne seg opp i dette Vestlege, dollar-baserte pyramidespelet-systemet. Det gjeld Vesten generelt. Andre land enn Frankrike vil kome opp i liknande situasjonar.

Utemd, ustyrleg gjeld.

Dette er det ideelle tidspunktet for å introdusere programmerbar Digital Sentralbanksvaluta (Central Bank Digital Currency, CBDC) og slette all gjeld med eitt sveip. Sjå og dette. Det er planen. Programmerbar betyr total kontroll over menneskeslekta. CBDC kan utstyrast med utgått-dato, eller heilt eller delvis blokkerast, avhengig av åtferda til folk.

Arbeidarklassen, dei unyttige etarane – (WEFs Harari) – får ta støyten, for arbeidarane er meint å gradvis bli erstatta av robotar og Kunstig intelligens (Artificial Intelligence, AI).

Ekte økonomi fungerer ikkje slik. Før den bodskapen siv igjennom til den grådigheitsdrukne eliten, kan det enno måtte bli mykje liding.

La tankane våre og solidariteten vår vere med folket, som kjempar for rettane sine, retten til å leve, slå seg ihop og skape ei gigantisk endring for menneskeslekta – over heile verda, ikkje berre i Frankrike.

Når politiet og militæret vaknar og stiller seg på folket si side, når dei innser at dei er ein del av folket, då er spelet over, elitens kamp er tapt.

I mellomtida kan vi kanskje vurdere å sette opp parallelle samfunn, økonomiar utanfor det sosioøkonomiske systemet. Sivilisasjonar har kome og gått før. Det er sagt at vi er den femte eller sjette sivilisasjonen.

Det er sjølvsagt ei utfordring, men ikkje uoverstigeleg, for vi arbeider alle fram mot eit høgare medvit.

*

Peter Koeniger ein geopolitisk analytikar og tidlegare senior-økonom i Verdsbanken og WHO, der han arbeidde i over 30 år rundt om i verda. Han held førelesingar på universitet i USA, Europa og Sør-Amerika. Han skriv fast for nett-journalar, og er forfattar av bokaImplosion – An Economic Thriller about War, Environmental Destruction and Corporate Greed; om  med-forfattar av Cynthia McKinney si bok “When China Sneezes: From the Coronavirus Lockdown to the Global Politico-Economic Crisis” (Clarity Press – November 1, 2020).

Peter er Research Associate ved Centre for Research on Globalization (CRG). Han er og Senior Fellow ved Chongyang-instituttet til Renmin-universitetet i Beijing. 

Bildet øvst: Bonfire on Place de l’Opéra in the evening of 20 March. Av Siciliathisma (Lisensiert under CC BY-SA 4.0)

Global Research er opprinneleg kjelde til denne artikkelen.

Copyright © Peter Koenig, Global Research, 2023

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen på engelsk her: https://www.globalresearch.ca/france-fire-fires-everywhere-who-behind-them/5814660

Forsidebilde: Jose M



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 850 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    7 april 2023 18:22

    «-Dette kan også påverke andre land, for gjennomsnittsalderen i samfunnet vårt aukar og tappar pensjonsfonda»
    Det er sakset ut av artikkelen og forfatteren burde skjønt at det er feil ettersom prinsippet er endret på bakgrunn av ting han selv har skrevet. Etter sprøyteinvasjonen går nå aldersgrensene ned ganske kraftig. Det verste er at mRNA eller grafen nå kan befinne seg flere steder hvor man kan bli utsatt for det. I barnevaxkampanjer og i bedøvelse hos tannlegen.

    Svar
  • Det som burde være naturlig i et moderne samfunn, der teknologi og maskin- ‘slaver’ overtar mye av arbeidet og ofte kan produsere 24/7, er redusering av arbeidstiden . Både daglig og når det gjelder livs-arbeidstid.
    Det er jo (vel?) produktene vi arbeider for å skape, og som gir oss velstand. Dette går mye lettere og raskere nå. Ofte gjelder dette også tjenesteytende arbeide/produksjon.
    Men vi, både innbyggere og ledere, ser ut til å forveksle realverdier og pengeverdier.
    Levende Innbyggere lever av mat og realverdier. En død ‘stat’ lever av penger/skatter og blir aldri mett.
    Da blir man også lært opp til å løpe etter penger/fiktiver som om det var realverdier. Og at det er ‘staten’ (statsadministrasjonen) som forsørger innbyggerne.
    Det er selvfølgelig omvendt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Er friske en trussel mot fortjenesten?

Er helsevesenet i lommene på legemiddelfirmaene som tjener på syke mennesker?

Previous Post

Big Pharma gir seg ikke

Moderna utvikler en ny mRNA-influensavaksine for kommende fugleinfluensa-pandemier

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.