POSTED IN Krig-fred, Norge

Om å koke frosker langsomt:

USAs gradvise eskalering av Ukrainakrigen.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Å koke frosker langsomt viser til forestillingen om at en kan drepe forsker uten at de merker det hvis en øker temperaturen umerkelig på vannet over lang tid.

Det som skjer i Ukraina har vi forutsett helt siden krigen startet. Det ville ikke skjedd hadde Minsk-avtalene blitt gjennomført. Men vesten langsiktige mål er oppdeling av Russland for å kunne plyndre landet. Derfor har vi krigen som USA i mange år har lagt opp til.

Nå taper Ukraina krigen og USAs dilemma er hvor langt de kan gå med involvering før de utøser en kjernefysisk holocaust. Russland har sagt klart fra at involveres Nato dirkete vil de få direkte svar mot Natos beslutnings-sentre.

Det er all grunn til å stille spørsmål ved politiske ledere i EU og USA sin forstand. Alternativene er nå to. Ukraina vil tape krigen enten med eller uten kjernefysisk krig som resultat. Jeg synes valget er enkelt.

Knut Lindtner
Redaktør

Mission Creep? Korleis USA si rolle i Ukraina sakte men sikkert har eskalert

Bidens team har i det stille sprengd tidlegare raude linjer for innblanding. Spørsmålet no er kor langt dei er villige til å gå. 

Av Branko Marcetic


Når USA involverer seg militært i ein konflikt får dei ofte problem med å kome seg ut att, for ikkje å snakke om unngå djupe innviklingar som går langt utover dei linjene dei hadde dratt opp ved starten av intervensjonen.

Det skjedde i Vietnam, då US-amerikanske militære rådgivarar som hjalp sør-vietnamesarane i kampen mot Viet Cong til sist vart til US-amerikanske soldatar som kjempa ein US-amerikansk krig. Det skjedde i Afghanistan, då ein invasjon som skulle ta al-Qaida og styrte Taliban omdanna seg til eit nesten tjue år langt nasjonsbyggingsprosjekt. Og det kan vere i ferd med å skje akkurat no i Ukraina.

Litt etter litt har NATO og USA krope stadig nærare det katastrofale scenariet president Joe Biden sa «vi må anstrenge oss for å unngå» – direkte konflikt mellom USA og Russland.Trass i at han understreka i byrjinga av krigen at «våre styrkar er ikkje, og vil ikkje bli, engasjerte i konflikten,» har både tidlegare og noverande etterretningsfolk  fortald the Intercept (i oktober) at «det er mange fleire av både CIA-folk og USspecial operations-personell» i Ukraina enn det var då Russland invaderte, som utfører «smug-operasjonar» i landet som «no er langt meir omfattande.»

At USA roter seg ut i militære hengemyrer er ikke noe nytt. Det er det bare krigsindustrien som er glade for.

Blant desse smug-operasjonane er CIAs samarbeid med ein ikkje namngitt NATO-allierts spionbyrå om å utføre sabotasje-operasjonar inne i Russland, rapporterte gravejournalist og tidlegare Green Beret-soldat Jack Murphy den 24. desember, utan at det vart noka stor sak i massemedia. Det er angiveleg årsaka til dei uforklarte eksplosjonane som har rysta russisk infrastruktur under krigen. Dette er den typen aktivitet som ligg faretruande nær ein direkte konfrontasjon mellom NATO og Russland.

For å sette tinga i perspektiv, tenk på korleis  skårar av USAs politiske establissement såg på berre [den påståtte] gjerninga russisk innblanding i 2016-valet som ei krigsgjerning («act of war») — uhøyrd, men mange gongar mindre alvorleg enn det å hjelpe til med å utføre infrastrukturangrep på eit anna lands jord.

I mellomtida har USA og dei NATO-allierte gong etter gong sprengd sine sjølv-pålagte grenser for våpenoverføringar. I starten av krigen åtvara avisa New York Times om at dei openlyse forsyningane av sjølv små og lette våpen «risikerer å oppmode til ein breiare krig og mogleg gjengjelding» frå Moskva, medan offisielle tenestemenn i USA avskreiv meir avanserte våpen som altfor eskalerande. Det tok mindre enn to månadar før Biden-administrasjonen byrja sende desse meir risikable, svært kraftige våpena.

Innan slutten av mai var det sendt avanserte rakettsystem som berre veker før hadde blitt sett på som for eskalerande, på strengt vilkår om at Ukraina ikkje brukte dei til å angripe mål inne på russisk territorium, noko dei frykta kunne sette i gang ei eskalering som ville dra inn NATO – inntil også den grensa vart broten. Pentagon innrømde i desember at dei likevel hadde gitt Ukraina klarsignal til å angripe mål inne i Russland, som respons på Moskvas øydelegging av ukrainsk infrastruktur.

«Frykta for eskalering har endra seg sidan starten,» forklarte ein av Forsvarets tenestemenn til Times of London, sidan Pentagon var mindre uroa etter at president Vladimir Putin hadde gått tilbake på sine atom-trugsmål [sic] i oktober.

Når no krigsinnsatsen til Ukraina har stagnert og russiske styrkar har gjort små framsteg, har NATO sine våpenoverføringar eskalert til langt utover det som styresmaktene for berre nokre månadar sidan frykta kunne trekke alliansen inn i ein direkte krig med Russland.  Styresmaktene i USA og Europa  sender no pansra køyretøy, og førebur seg angiveleg på å  sende tanks. Ukrainas Forsvarsminister Oleksii Reznikov hadde føresett såpass i oktober i fjor.

Russland har dårlig erfaring med utenlandske tanks, eller Panzer som det også en gang het.

«Då eg var i [Washington] D.C. i november, før invasjonen, og bad om Stinger[-missil], fortalde dei meg at det var umogleg,» hadde han då fortald til the New Yorker . «No er det mogleg. Då eg bad om 155-millimeter-artilleri, var svaret nei. HIMARS, nei. HARM, nei. No er alt det eit ja. Derfor er eg sikker på at det i morgon vil bli tanks og ATACMS og F-16.” 

Det gjenstår å sjå kor lang tid det går før  USA sin opposisjon mot slik militærhjelp går same veg som den tidlegare opposisjonen mot tunge våpen dei allereie har sendt, eller kor lenge administrasjonen vil  fortsette å la vere med å sende langtrekkande droner – noko ei gruppe senatorar frå begge dei to store partia no pressar på for , og som russiske offisielle tenestemenn  eksplisitt har åtvara om at kan gjere Washington til «ein direkte part i konflikten».

Ettersom våpenoverføringane har endra karakter, har også krigsmåla gjort det. Alliansens opprinnelege [offisielle] mål var å hjelpe Ukraina til å forsvare uavhengigheita og suvereniteten sin ved å avverge ein russisk invasjon som var innstilt på regimeskifte. To månadar seinare snakka US-amerikanske offisielle tenestemenn ope om «siger» og å påføre Russland eit «strategisk nederlag» som ville gjere landet «svekka». Biden har gjentatte gongar sverga på å støtte Ukraina «så lenge det trengst», sjølv om Zelensky og andre tenestemenn har gjort det til stadigheit klinka klart at målet deira no er å ta Krim, noko som kan  starte ei kjernefysisk eskalering

Snakk om diplomati er igjen nesten fråverande i USAs kommentarar om krigen. Det druknar i ropa etter drastisk eskalering av NATO-engasjement for å oppnå siger for Ukraina, ofte  grunngitt med at eitkvart anna resultat ville vere eit eksistensielt slag mot Vesten og heile den liberale globale ordenen.

Det er mange forslag til oppdeling av Russland. Det vil gi USA anledning å kontrollere det store landet og plyndre deres enorme naturressurser.

«Viss Russland vinn krigen i Ukraina, vil vi få sjå fleire tiår med den slags åtferd framover,» sa Finlands progressivestatsminister Sanna Marin nyleg  i Davos, medan ho lova å støtte den ukrainske krigsinnsatsen i 15 år om nødvendig. «Vi lyt sikre oss om at Ukraina til sist vil vinne. Eg trur ikkje det finst noko anna val.» Og sidan førre veke ser det ut for at Biden-administrasjonen vurderer å krysse endå ei hovudlinje, då New York Timesb rapporterte at tenestemenn i USA sterkt overveg å gi Ukraina grønt lys for angrep på Krim, sjølv om dei kjenner risken for kjernefysisk gjengjeld eit slikt grep ville medføre. Frykta for ei slik eskalering «har ebba ut», sa ein av dei til avisa.

Med eskaleringa av støtta si til Ukrainas militære, har USA ogNATO gitt Moskva motiv for å ta eit drastisk, aggressivt steg for å vise alvoret med sine raude linjer. Dette ville vere farleg i dei beste tider, men særleg no når russarane seier tydeleg at dei stadig større grad ser på krigen som ein krig mot heile NATO,ikkje berre Ukraina, medan dei  truar  med kjernefysiskrespons på alliansens eskalering av våpenleveransar.

NATO-regjeringane framstiller stadig oftare konflikten for sine publikum som ikkje ein avgrensa innsats for å hjelpe eit land å drive tilbake ein invasjon frå ein større nabo, men heller som ein eksistensiell kamp for at Vesten skal overleve, gjenspegla i den russiske leiarskapens eigne gryande synspunkt på krigen som ein kamp for overlevnad mot fiendtlege Vest-makter. Og dette har skjedd trass i at Biden-administrasjonen offisielt gjekk for diplomati seint i fjor.

Om intensjonen var å halde denne krigen avgrensa, som ein krig mellom to nabostatar der NATO berre speler ei perifer støtterolle, så peikar alle piler i tvert motsett retning. Med mindre statstenestemennene gjer ein sams innsats for å deeskalere og skifte over til eit diplomatisk spor – og prominente røyster i media og politikken gir dei det politiske rommet til å gjere det – vil Bidens løfte om å unngå Tredje verdskrig bety omlag like mykje som president Johnson sitt løfte i 1964 om å ikkje «sende amerikanske gutar ni eller ti tusen miles av garde frå heimen for å gjere det asiatiske gutar sjølve burde gjere.»

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «At USA roter seg ut i militære hengemyrer er ikke noe nytt. Det er det bare krigsindustrien som er glade for.»

    ‘Styrer du det økonomiske systemet, kontrollere du alt.
    Dette er selve essensen av finansnæringen.
    For å gjør oss alle, enten vi er nasjoner eller enkeltpersoner, til slaver av gjeld.»
    «Målet er ikke å kontroll krigen, det er å kontrollere gjelden konflikten produserer. Den reelle verdien av en konflikt, den sanne verdien, er i gjelden som det skaper. ‘
    youtube.com/watch?v=ZqEIHotbxxU

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Bivirkninger

Ekspertgruppe bekrefter at det er «covid-vaksiner» og ikke infeksjoner som er årsaken bak myokarditt

Forrige innlegg

Egentlig er det en liten politisk bombe.

BRICS-lederen Lula kritiserer Russlands militæroperasjon.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.