POSTED IN Diverse, Miljøpolitikk

Nytt fenomen i naturen?

Mange dyr sirkulerer før de dør.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

OVER FEMTI FISKEARTAR SIRKULERER OG SPINN FØR DEI DØYR


Av Arthur Firstenberg 

Fleire av mine abonnentar har gjort meg merksam på dette fenomenet. I februar 2023, midt i Florida Keys – den lange, smale rekka av øyer som ligg i ein krok-liknande formasjon i havet sør for Miami – var det mange ulike typar fisk, både vanlege og sjeldne, som byrja spinne rundt og rundt, eller symje frenetisk i sirklar, til dei stranda og døydde. Dette har halde fram, og fram til 5. april, 2024 har det vore observert i fleire enn 50 artar, inkludert hai, rokker, snapparar, sardiner, blekksprut, nålefisk, lærjakkefisk, uer, multefisk og den kritisk trua sagfisken [her er det ramsa opp ei lang rekke engelske fiske namn som eg ikkje ein gong finn i den ganske omfattande brosjyra til regjeringen.no: blue runners, Goliath grouper, tarpon, snook, redfish, yellowfin mojarra, toadfish, permit, ballyhoo, jack crevalle, yellow jack, bonefish, bigeye scad, sand perch, spadefish, …, og eg mistenker at Chat GPT berre spyr ut tulleord. mrk.]


Det er ikkje funne noka årsak til denne åtferda. Det finst ikkje bevis for raudt vatn, låge oksygennivå, høge temperaturar eller parasittar i dei daude fiskane.


Eg var skeptisk til om radiofrekvensstråling (RF) frå mobilmaster kunne forårsake dette, for vatn reflekterer strålinga og burde ikkje drepe fisk slik den drep fuglar. Men eg bestemde meg for å undersøke det nærare.Fordi dei fleste rapportane har kome frå ei strekning på ca 15-16 kilometer av Keys, mellom Big Pine Key og Sugarloaf Key, lurte eg på om der fanst militære fasilitetar i området, og det er det, eller var det. På Cudjoe Key, lokalisert mellom Big Pine Key og Sugarloaf Key, var det ein militær flybase som no er driven av Department of Homeland Security. Og over Cudjoe Key flyt det eit radar-luftskip, kalla ein «aerostat», som er ein del av USA si grenseovervaking og scannar eit område rundt seg på over 30 mil i alle retningar. Kraftige radarar kan skade fisk når dei sym til overflata i desse grunne farvatna, kalla Florida Keys flats, der vatnet berre er nokre få fot djupt. Lokalbefolkninga kallar luftskipet Fat Albert.

Det kan også hende dei bruker undersjøiske sonarar ved denne fasiliteten. Det ville i så fall sannsynlegvis påverke all fisken, enten aleine eller i kombinasjon med radaren. I november 2022, byrja Tethered Aerostat Radar System (TARS) på Cudjoe Key rekruttere folk til ei rekke stillingar, inkludert flydirektør, logistisk forsyningskoordinator, logistikar, generell vedlikehaldsarbeidar og ei stilling som vart avertert som “Elektonisk teknikar – Aerostat Sonar / Radar – Luftskipovervakingssystem – Cudjoe Key, FL”.


Den plutselege auken i ledige stillingar får ein til å mistenke at denne fasiliteten nyleg har blitt oppgradert og har auka operasjonsspekteret sitt, som no tydelegvis inkluderer hav-sonar(ar).


Den personen som først observerte fisk som sirkla seg til døde og vekte merksemd om det, var Gregg Furstenwerthein dykkar som bur på Cudjoe Key.


SIRKULERANDE MAKKAR OG SAUER


Som eg rapporterte om for tre år sidan, forårsaka SpaceX og OneWeb si oppskyting av nesten 100 satellittar på éin dag (den 24. mars, 2021), sjukdom over heile planeten, både hos dyr og menneske. Blant effektane på dyr, var spiralrørsler, eller sirkuleringsfenomenet hos makk og sauer.

Sirkulerende sauer:

SIRKULERANDE SKILPADDER, SELAR, PINGVINAR, HAIAR OG KVALAR


I 2021, rapporterte japanske forskarar om bisarr siruleringsåtferd hos grøne havskilpadder, antarktisk pelssel, kongepingvinar, ein kvalhai, ein tigerhai og ein bleikhovudnebbkval (Cuvier’s beaked whale). Dette var observert i havet utanfor Oahu (Hawai’i), Okinawa (Japan), øya Mohéli (Komorane), øya Chichijima (Ogasawara-øyene, Japan), Île de la Possession (ei av Crozetøyene i Det indiske hav) og Bird Island (i sør-Georgia, USA). Dyra sirkla rundt og rundt i opptil ein time. «Ei skilpadde symde i store sirklar 76 gongar, der kvar runde tok 16 til 20 sekund,» rapporterte New Scientist. Denne åtferda var også forårsaka av stråling: alle desse sirklande sjødyra hadde fått festa til seg små datamaskiner (fleir-kanals data-loggarar) og VHF-transmitterar (sendarar med veldig høg frekvens), og havskilpaddene hadde også GPS-utstyr. I staden for å la forskarane studere dyras åtferd, vart utstyret årsaka til den bisarre åtferda.


SIRKULERANDE BIER


Grayson i Nord-Carolina er ein av abonnentane mine som sende meg informasjon om fisk som går i ring i Florida Keys. Han fortel og om bier som flyg i ring:


«Eg har framleis prøva av trebier som vart skadde av ein wi-fi lyssensor heime hos meg rundt 2016. Dei gjorde same greia. Dei passerte gjennom feltet til sensoren og fall/sleppte seg ned til lyskjelda og kravla rundt i sirklar i fleire dagar… Der var totalt 23 stykke, og dei reagerte ikkje på vatn eller honning og vatn eller noko anna. Dei berre kravla rundt i sirklar.»

av Arthur Firstenberg, 16. april, 2024

 President, Cellular Phone Task Force

Forfattar av boka The Invisible Rainbow: A History of Electricity and Life

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Matheo JBT

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

EU vedtar noe og venter. Uten protester blir det vedtatt.

Slik snikes lover og regler over oss skritt for skritt.

Forrige innlegg

Den økte dødeligheten.

Hvorfor diskuteres ikke fenomenet?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.