POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Nye studier i Storbritannia:

Det er en sammenheng mellom overdødeligheten av blodkarlidelser og covid-19 vaksiner.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Overtalsdødsfall i Storbritannia kjem ikkje av covid, men av blodproppar, hjarteinfarkt og hjerneslag forårsaka av covid-«vaksinane»

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Eit team av forskarar frå Storbritannia har rapportert at den plutselege auken i overtalsdødsfall i landet er på grunn av forstyrringar i hjarte- og karsystemet. Dette forårsakar blodproppar, som igjen forårsakar hjarteinfarkt og slag. I mellomtida har fleire studiar avdekt at covid-19-«vaksinane» betydeleg aukar risikoen for å døy av nemnde forstyrringar. Dette rapporterer Natural News. Dei skriv vidare (mi omsetjing):

«Når ein legg saman desse to, antydar dette at hovudstraumsmedia har prøvd å skjule noko – at forstyrringar i hjarte- og karsystemet var årsaka til fleirtalet av britiske dødsfall, ikkje covid-19.

Trass at dei vitskaplege dataa viser ein samanheng mellom covid-19-vaksinar, hjarte- og karsystemforstyrringar og overtalsdødsfall, insisterer helsetoppar framleis på å lyge til folket. I januar 2023 bad Esther McVey, parlamentsmedlem i Tatton, om ei umiddelbar etterforsking rundt overtalsdødsfall, men ein veit enno ikkje om denne førespurnaden har ført til noko.

Ifølgje britiske Office of National Statistics (ONS), var der 17 381 dødsfall registrert i dei sju dagane som slutta 13.januar. Dette er 2837 over snittet for denne tida på året i Storbritannia.

I ein tale om helserelaterte spørsmål i parlamentet, sa McVey at den leiande medisinske offiseren har åtvara at ikkje-covid-19-overtalsdødsfall blir ‘kjem delvis av at pasientar ikkje fekk statinar [kolesterolsenkande medisinar; oms.an.] eller blodtrykksmedisinar under pandemien’.

‘Kor er beviset? Dersom der ikkje er nokon, kva forårsakar desse overtalsdødsfalla?’ spurde McVey. Ho sa òg at den britiske regjeringa burde plikte seg til ei umiddelbar og grundig etterforsking rundt temaet og publisere det dei finn.

Tala frå ONS er det høgste talet overtalsdødsfall sidan dei sju dagane som slutta 12.februar 2021, då Storbritannia opplevde si andre bølgje av koronavirus-infeksjonar. På den tida hadde vaksineprogrammet akkurat blitt rulla ut. […]

Ekspertar har rapportert at 2023 var det mest dødelege ikkje-pandemiske året for overtalsdødsfall sidan Andre verdskrig.

Forsking publisert av vitskapsfolk ved Universitetet i Oxford har avslørt at medan kreft- og demensdødsfall har blitt redusert, har dødsfall av hjarte- og karsystemproblem auka. Dataa inkluderer dødsfall av lunge-blodproppar, hjartesjukdom, hjarteinfarkt og slag.

Forskarteamet la til at auken ikkje kan forklarast med ei aldrande eller veksande befolkning. […]

Den nye studien, som er basert på statlege tal, avslørte at der var 595 789 dødsfall i 2023, der 53 000 vart sett på som ‘overtals’ eller ‘ekstra’. Dette er basert på eit femårssnitt av dødsfall før covid-19-pandemien.

I mellomtida var der 82 000, 60 000 og 50 200 overtalsdødsfall i pandemiåra 2021, 2021 og 2022, høvedsvis. I 2023 var der 100 000 fleire dødsfall enn der var i 2011 – det høgste talet registrert i eit ikkje-pandemisk år sidan Andre verdskrig.

Det er ikke bare tall. Det er et menneske bak hvert tall.

Philip Davis, konservativ parlamentsmedlem for Shipley, West Yorkshire, åtvara at desse ikkje berre er tal og statistikk, men ‘ekte menneske, nokon sine kjære, ofte frå yngre aldersgrupper, som døyr før tida deira. Regjeringa burde plikte seg i all hast til å grundig undersøkje dødsårsakene.’

Studien avslørte at berre 12% av overtalsdødsfalla i 2023 var knytt til lungeinfeksjonar slik som covid-19 eller influensa. Den største auken vart tilskriven hjartesvikt, der det var ein auke på 16%, noko som utgjorde nesten 10 000 ekstra dødsfall i 2023.

Der var òg ein auke på 8,5% i dødsfall på grunn av innsmalna hjarte-arteriar, som utgjorde nesten 9000 ekstra dødsfall, og ein auke på 14% i dødsfall på grunn av leversjukdommar slik som alkohol-relatert leverskade, som utgjorde meir enn 2000 ekstra dødsfall i 2023.

På den andre sida var der 6500 færre dødsfall av lungesjukdommar slik som astma, ein nedgang på 14%, og 11% færre dødsfall av demens og Alzheimers, som tilsvarer ein nedgang på 10 500 dødsfall samanlikna med femårssnittet.

Carl Heneghan, direktør i Center of Evidence-Based Medicine ved Oxford, som var medforfattar av studien, forklarte at tala er reell grunn til bekymring, spesielt fordi dei ikkje kan forklarast med covid-19, befolkningsvekst eller ei aldrande befolkning.

Heneghan la til at det er det primære ansvaret til regjeringa å bekrefte årsakene til denne alarmerande auken. Derimot har regjeringa mislykkast i å etterforske dette problemet, som er ‘fullstendig uakseptabelt’.»

Forsidebilde: Jon Tyson

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Alexander Weiss har uttalt: «En bekvem måte å lyve på, er å tie om sannheten». Det er nettopp dette myndigheter og media driver med.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hvem drepte flest med flyangrep under 2. verdenskrig?

De historisk største terroristene er USA og UK.

Forrige innlegg

Erkjennelsen kommer seint fra den israelske etterretningen:

Vi vil ikke klare å ødelegge tunnel-nettverket til Hamas.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.