POSTED IN Virkelighetsforståelse

Ny lov underveis i Storbritannia:

Landet kan få et sannhetsminsterium.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ny dystopisk lov vil gje alle brukarar av sosiale media ein «sanningspoengsum»

Nok ein manifestasjon av sosialkreditt-poengsum viser sitt stygge ansikt.

Av Paul Joseph Watson, Summit.news, 11.juli 2022.

_______________________________________________________________

Omsett og hentet fra Saksyndig
_______________________________________________________________

I nok ein manifestasjon av det undertrykkjande «sosialkreditt»-systemet, vil eit tillegg til eit lovforslag i Storbritannia gjere det pålagt for alle brukarar av sosiale media å få ein «sanningspoengsum» som på førehand avgjer kor sannferdige innlegga deira er.

Tillegget har blitt føreslege å bli lagt til den allereie hatefulle «Online Safety Bill», som vil sensurere «lovleg med skadeleg» innhald, og vart introdusert av John Penrose, lovgjevar i Conservative Party.

«Som noko henta ut av dystopisk fiksjon, har Penrose, parlamentsmedlem for Weston-super-Mare føreslege at styresmaktene tvingar nettplattformer å innehalde ein poengsum som seier kor sannferdig ein person er, avgjort av deira tidlegare ytringar,» skriv Dan Frieth.

Tillegget fastslår at mange brukarar som har «produsert brukar-generert innhald», publisert nyheiter eller rett og slett posta «kommentarar» eller «anmeldingar» («reviews») burde bli rangert av den aktuelle plattforma, med ein poengsum som indikerer deira «historisk faktuelle nøyaktigheit».

Reglane vil gjelde for alle som oppnår eit visst tal visningar på nettet, der den figuren skal bli avgjort av den britiske kommunikasjonsregulatoren OFCOM.

Innlegga til brukaren vil deretter bli «synleggjort på ein måte som lett lèt kvar brukar få eit informert syn av den sannsynlege sannferdigheita til innhaldet på same tid som dei møter på det.»

Med andre ord vil den nye lova gje makt til venstreekstreme sosiale medieplattformer, under trugslar om statlege bøter, til å gje «feilinformasjons»-poengsummar til profilane til høgreorienterte brukarar, med det potensialet at slike negative stempel i sin tur vil påverke kor godt algoritmane verkar.

love truth again illustration
Det store spørsmålet er hvem som skal forvalte sannheten

Dette vil essensielt representere ei dramatisk utviding av «feilinformasjons»-stempel og partiske «faktasjekkar» som allereie blir brukt på individuelle innlegg, som so vil omfatte menneske.

I mellomtida, i ei relatert historie, har ei gruppe av eldre konservative, inkludert Lord Frost, åtvara at Online Safety Bill vil føre til eklatant sensur av politiske meiningar.

«Den einsrettande, irreversible effekten på våre sivile rettar skjer allereie framfor auga våre,» fastslår eit brev adressert til kultursekretær Nadine Dorries. «Labour Party har uttrykt sin intensjon om å utvide regelverket til å inkludere ‘helserelatert feilinformasjon og desinformasjon’.»

«Dette kan føre til at staten utpeiker sosiale medieselskap som dei med definisjonsmakt på sanninga på nettet, og presenterer alvorlege problem for ytringsfridommen,» åtvarar brevet.

Forsidebilde: Sachin Khadka

Redaksjonene har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Orwells 1984 kommer nærmere og nærmere

    Svar
  • Liz Truss blir antagelig sant inn, verstinger går først i politikken

    Svar
  • Gud bør få jobben som sensurist, eller guds utvalgte, som jo allerede er godt i gang. Sannheten kommer fra Jødeland eller usa. England er fortapt i synd og vil trolig bli straffet med dyp fattigdom. Hvem som styrer sannheten kan etterhvert bli likegyldig.

    En underlig tanke lurer, hvis Tyskland hadde vunnet krigen, ville det vært bedre?

    Trolig ikke, for i Berlin regjerer de grønne og der har sannhetsministeriet allerede makten i Riksdagen.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Snakk om mislykket sanksjonspolitikk:

Økonomisk rekordoverskudd for Russland 2. kvartal.

Forrige innlegg

Intervju med Terje Valen:

USA-leder ønsker begrenset atomkrig med Kina.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.