Jeg har påpekt mange ganger at omdisponering av helseressurser får konsekvenser for alle som rammes av dette. Det er det denne studien fra Storbritannia forteller om. Det er en statistisk studie og tar for seg de offisielle tallene. For tiltakene mot Covid-19 koster andre syke både tapte leveår og større lidelser.
En kan ikke prioritere en gruppe syke uten at dette rammer andre. Det skulle egentlig være selvsagt, men i dagens politiske klima med medie-ensidighet og utestengning av kritiske stemmer blir resultatet så meningsløst som denne studien viser.
Det hele er bare tragisk for alle som rammes.
Knut Lindtner
Boris Johnson si nedstenging drepte 21 000 britar berre dei første 8 vekene, har ein studie funne ut.
Inga regjering har drepe så mange sivile britar sidan Blitz-krigen
den 30. juli, 2020
Bortimot 2700 menneske har kvar veke døydd på grunn av effektane av nedstenginga, tyder ein analyse av offisielle data på.
Studien, utført av økonomar og akademikarar frå universiteta i Sheffield og Loughborough, seier at fleire enn 21 000 menneske døydde som følge av tiltaka som vart introduserte i mars.
Analysen har undersøkt data frå Office for National Statistics (ONS) [Englands statistiske sentralbyrå, mrk.] under dei første åtte vekene etter den nasjonale nedstenginga.



Forskarane seier at funna viser at «nedstenging har tatt livet av 21 000 menneske» fordi dei politiske tiltaka har hatt «ei signifikant mengd utilsikta konsekvensar», som t.d. manglande tilgang til livsviktig helsehjelp og kollapsa akuttmottak.
Studien eksaminerer dødstala dei siste månadane og samanliknar dei med langsiktige trendar der dei tar omsyn til andre variablar, som t.d. demografiske og økonomiske faktorar.
Tala tyder på at nedstenginga – og den følgande reduksjonen av tilgang på helsetenester – auka den totale dødsraten med grovt rekna 2700 dødsfall per veke.
Talet på folk som kom til akuttmottaka fall nokre gongar under pandemien med 50 prosent, og tidskritiske henvisningar til kreftspesialistar fall med 70 prosent.
Anna forskning har åtvara om at slike forseinkingar kan bety oppimot 35 000 fleire daude av kreft per år.
Den nye analysen til University of Sheffield, Loughborough University og økonomar ved det økonomiske konsulentfirmaet Economic Insight, meiner at tala på daude av koronavirus er svært små i forhold til dei andre dødstala. Den seier det grovt rekna var i gjennomsnitt 4000 fleire dødsfall av andre årsaker enn dei som var forårsaka av Covid-19 under nedstengingsperioden.
Estimata føreslår 21 544 ekstra dødsfall under dei første åtte vekene med nedstenging – eit gjennomsnitt på 2693 i veka.
Forskarane meiner ei vidareføring av sosial-distanseringstiltaka kan gjere dødstala forårsaka av nedstenging, og bivirkningane av denne, endå større.
Tidlegare denne månaden kravde helseminister Matt Hancock ei snarleg gransking av rapporteringa av koronavirus-dødsfall, grunna bekymringar om at Public Health England (PHE) har «overdrive» dei verkelege tala.
Ein signifikant stor del av dei offisielle daglege dødstala er folk som har blitt friske att etter Covid-19, men sidan gått hen og døydd av andre årsaker, har ekspertar ved Oxford University avslørt.



Ulikt praksisen i Skottland og Wales, der dei har eit 28-dagars avbrot, blir alle som nokon gong har testa positivt for koronavirus i England rekna som Covid-daude når dei døyr, sjølv om det er fleire månadar seinare og av ei tydeleg urelatert årsak.
Forskarane seier funna har «særs viktige implikasjonar både for danninga av framtidige politiske retningslinjer og for åtferdsvitskapen».
Sam Williams, direktør for Economic Insight, seier den nye studien har forsøkt å «på meir robust vis talfeste kor mange som har døydd av Covid-19 i England og Wales».
«Totalt har nedstenginga tatt livet av meir enn 21 000 folk netto, som hadde vore i live utan ei nedstenging,» seier han.
Hr. Williams seier at dei metodane dei no brukar – å spore opp dødsfall «assosiert med» Covid utan bevis for årsak, og ekstra dødsfall, lir av «alvorlege manglar».
Han seier vidare: «Dei eksisterande rapporteringsmetodane (høvesvis Covid-19-assosierte dødsfall og overskytande dødsfall) lir av velkjende, og alvorlege, manglar. Den førstnemnde fordi den krev berre veike bevis for at Covid-19 ‘kan’ ha bidratt til eit dødsfall. Den sistnemnde fordi den går ut ifrå at alle variasjonar i dei vekentlege dødstala i høve til eit femårig gjennomsnitt representerer ‘ekstra’ dødsfall på grunn av Covid-19 (heller enn dei dødsfalla som blir framskunda, eller som har skjedd av andre grunnar).
Han seier rapporten særleg reiser bekymringar kring den logiske forklaringa bak dei altomfattande nedstengingane som har drive fram høge tal på daude i relativt unge aldersgrupper.
Ein studie publisert i The Lancet Oncology har funne at krefttilfelle som ikkje har blitt oppdaga under pandemien kjem til å skjere ned livslengda med eit gjennomsnitt på 20 år kvar.
Ekspertar seier funna var ein nøktern refleksjon kring det faktumet at mange forseinkingar av diagnosar vil påverke relativt unge menneske som skulle hatt fleire tiår framfor seg.
Kjelde: The Telegraph via anti-empire.com
Omsett av Monica Sortland
Tidligere publisert på derimot.no
Forsidebilde: JC Gellidon
Merknad frå omsettar: dersom dette vart litt fuzzy, viser eg til Loughborough-univeristetet sin eigne artikkel om studien: https://www.lboro.ac.uk/news-events/news/2020/july/new-approach-to-recording-covid-deaths/.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 636 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Selvsagt -og påpekt av flere kvalifiserte forskere samt min utmerkede fastlege tidligere. Men hva gjør man ikke for å kamuflere at verdensøkonomien gikk på tidenes største smell sist februar (ref. Charles Nenner mfl.) og at månedene august-oktober kommer til å framvise en tsunami av sviktende betalingsevne med påfølgende konkurser i land som USA? Dominoeffektene blir ubehagelige.
«…men i dagens politiske klima med medie-ensidighet og utestengning av kritiske stemmer blir resultatet så meningsløst som denne studien viser.»
‘Anført av talsmennene Nakstad og Høie opplever vi nå det største overgrepet mot sivilbefolkningen siden 2. verdenskrig.
Det er et overgrep som ikke står i forhold til den sykdommen som bekjempes. Sannsynligheten for å dø av covid dersom du smittes er 1-3 promille. Sagt på en annen måte er sannsynligheten for å overleve covid 99,7 til 99,9 prosent. Dødeligheten er høyest for gamle og kronisk syke og så godt som fraværende hos friske unge.
Det er ingen tegn til at myndighetene tar disse tallene inn over seg. Det synes tvert imot å være slik at det letes etter stadig nye påskudd for stenge ned eller forlenge en nedstengning. Nye mutasjoner som kanskje øker dødeligheten med 30% blir brukt til å spre frykt. Tretti prosent økning betyr at en dødelighet på 1 promille øker til 1,3 promille. Dette bør avrundes til 1 promille, dvs. i praksis ingen forskjell.
Siden mars i fjor har myndighetene påført sivilbefolkningen det største overgrepet siden 2. verdenskrig med mange ofre som følge. Det er all grunn til å frykte at overgrep i varierende grad vil fortsette i årene som kommer uansett utfall av koronaepidemien hvis ikke befolkningen med fagfolk og journalister tar til motmæle og er kritiske til myndighetene. En rekke studier viser ingen eller kun marginal effekt av nedstengninger, mens studier som viser effekt, ofte er basert på datamodeller. Dersom nedstengninger ikke virker, er det sannsynlige utfallet at flokkimmunitet inntrer i løpet av ganske kort tid (i løpet av inneværende år) uansett hva myndighetene gjør eller manglende effekt av vaksine. Det er det naturlige forløp til luftveisvirus. Noen innrømmelse fra myndighetene av at nedstengninger ikke virker, kommer vi nok ikke til å oppleve. ‘
https://resett.no/2021/02/11/det-trengs-sterke-ord-for-a-beskrive-det-myndighetene-na-gjor-med-samfunnet/