POSTED IN Mat/Landbruk, Miljøpolitikk, Norge

Noreg og verda blir grønare

Er «natur» berre den vi likar
— ein politisert designkultur?

0
Print Friendly, PDF & Email

Jon Naustdalslid kommenterer her nokre av dei innvendingane som han har registrert mot hans kronikk i Dagsavisen, «Kva med ein porsjon naturleg intelligens, NRK?», attgjeve på Politikus med tittel «Noreg gror att: NRKs kunstige intelligens tek feil».  På Facebook har Naustdalslids kronikk fått ein del motargumentar. I dette innlegget kommenterar Naustdalslid nokre av innvendingane. Serleg innvendinga om at gjengroing med kratt ikkje er natur, sjølv om det seinare vert skog.
Naustdalslid held fast på det faktum at landskapet vert grønare både i Noreg og i verda. Kritikkens innhald meiner Naustdalslid «er langt på veg at «natur» er det landskapet vi har i dag, eller det landskapet vi likar. All endring i dette, vere seg i «urørd natur», kulturlandskap eller reparasjon av tidlegare tiders naturøydelegging, blir av det vonde. Den naturen vi har i dag er ein politisert designnatur», skriv Naustdalsid.
Mellomtitlar er sette inn av Politikus.

Jon Naustdalslid:

Kjernen i kritikken mot NRK-programmet
Eg kritiserer TV-serien og dokumentaren for at  den einsidig ser på naturtap, ikkje på korleis naturen også «legg på seg». Dette blir av fleire debattantar påstått å vere fullstendig irrelevant. Ja vel? Men kva  meiner kritikarane med «natur» eller «villmark»?

Er berre villmark høgverdig natur?
Diskusjonen om natur ute i media, slik det må oppfattast, er vel at natur er landskap utan menneskelege inngrep.  Ulike delar kulturlandskap, bebyggelse,  osv. blir, slik eg har oppfatta det, plassert utafor «naturen».  «Naturen» er den delen av landskapet som får vere i fred for menneskeleg aktivitet og inngrep, har eg fått inntrykk av. Jo nærmare vi kjem villmark, jo meir høgverdig natur.

Svært uklårt naturomgrep
I så fall er det vel sant at det blir meir «natur» dersom kulturlandskapet gror til med ny skog, eller det som forakteleg blir omtalt som kratt og småskog.  Og korleis kan det da ha seg at  gjengrodd jordbruksareal umogeleg kan vere «natur»?

Med andre ord: menneskelege inngrep i form av tidlegare tiders rydding av skog, grøfting av myr, bygging av vegar osv er natur i dag. Men då er kanskje ikkje bygging av vindmøller og anna  infrastruktur i dag heller ikkje øydelegging av natur, berre  forandring av naturen til ei form for «kulturlandskap»?

 «Naturen» blir jo ikkje borte med for eksempel bygging av vindmøller, dersom ein resonnerer på denne måten. Eller kan det vere slik at kva som er natur og ikkje natur er avhengig kva ein likar eller ikkje likar??

Landskapet i Noreg som i verda vert grønare
Det er eit uomtvisteleg faktum at summa summarum blir landskapet grønare. Det gjeld i Norge, og det gjeld også globalt. Trass i folketalsvekst, både i Norge, for ikkje å tale om globalt, har det skjedd urbanisering, og arealet brukt til jordbruk har minka, heller enn auka. Dette på grunn av meir intensivt og effektivt jordbruk. Jordbruksproduksjonen går opp og arealet til jordbruk går ned, og det meir marginale jordbruksarealet går «tilbake til naturen». Slik er det i Norge, og slik er det i resten av verda. Dette ser det ikkje ut til at  alle naturvernarar har fått med seg.

Kvifor er ikkje attvokst kulturlandskap natur?
Og så er det jo eit anna merkverdig argument: Resultatet etter at kulturlandskap veks til, er ikkje villmark, men noko slag mindreverdig natur i form av kratt og småskog, blir det påstått. Det er jo heilt rett at det ikkje blir urskog eller «gammalskog» sånn med ein gong. Men har desse kritikarane tenkt på at dagens «gammalskog« består av tre som var ganske små til å begynne med?  Korleis vil dette sjå ut om 150 år dersom denne krattskogen og småskogen får «vere i fred for menneskelege inngrep»?

Kva er gale med meir hjort i naturen?
Når vi elles er bekymra for det biologiske mangfaldet, blir det også avfeia som irrelevant at hjorten er tilbake i det norske landskapet. Skulle vel tru at det var positivt?

Meir lauvskog på kysten
kompenserar for tidlegare økologiske katastrofar
Det blir også påstått at når kysten på Fosen er i ferd med å gro igjen, er ikkje dette natur. Sitkagrana er rett nok planta, så det  blir vel kulturlandskap, og det er jo, som eg har peika på, positivt for noen av debattantane forutsett at det blir dyrka gras og poteter.  Men når dagens kystlandskap veks til med lauvskog, slik denne debattanten peikar på, er jo det berre uttrykk for at naturen held på å kompensere for tidlegare økologiske katastrofar. Også denne lauvskogen vil jo vekse til og bli store tre om nokre ti-år.

Millionar kroner til å bevare
ei menneskeskapt økologisk katastrofe!
For nokre hundre år sidan var kysten skogkledd, ikkje berre i Norge, men i Skottland og på Island  var delar av landskapet skogkledd. Dagens lyngheier og skoglause kystlandskap er delvis eit resultat av tidlegare tiders overbeiting og nedbrenning av vegetasjonen for å skaffe beiteland for sauer, geiter og andre husdyr. Nå er denne forma for jordbruk slutt, og følgjeleg tar naturen desse  landskapa tilbake. Da ser vi det paradoksale i at nå blir det brukt millionar av kroner på å bevare ein type landskap som i utgangspunktet var resultat av ei menneskeskapt økologisk katastrofe!

«Natur»
er den typen natur vi likar —
ein politisert designnatur
Oppsummeringa av det det heile, og det som ligg bak mesteparten av denne kritikken om tap av natur, er langt på veg at «natur» er  det landskapet vi har i dag, eller det landskapet vi likar. All endring i dette, vere seg i «urørd natur», kulturlandskap eller reparasjon av tidlegare tiders naturøydelegging, blir av det vonde. Den naturen vi har i dag er ein politisert designnatur.

Framheva bilete: 
Natur — eller politisert designnatur? Buskas? 
Haukåsbekken ved Sarabråten, Østmarka. 
Utløp frå eit gamalt vannreservoar. 
Foto: OBB/Politikus 

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Diskusjon om Klassekampen som venstresidens avis.

Fra politisk sprengstoff til papirtiger?

Forrige innlegg

Tidligere sjefsrådgiver for Pfizer:

Hvorfor massevaksinere når en ikke aner hvilke uønskete effekter som kan komme?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.