POSTED IN Storbritannia, Virkelighetsforståelse

Nigel Farage:

Vesten fremprovoserte Ukrainakrigen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

«Vi har framprovosert denne krigen,» seier leiaren for Reform UK, Nigel Farage. Spenningar i det politiske klimaet før valet

av Uriel Araujo

Global Research, J26. juni, 2024

På BBCs “Panorama” fredags kveld hevda Reform UK-leiaren Nigel Farage at Vesten provoserte Russland til å gå til ein fullskalamilitærkampanje mot den ukrainske regjeringa. Dette har utløyst sterke reaksjonar og auka spenningar i det britiske politiske klimaet før valet. Også i Europa blir det no ropt alarm om framgangen til «ytre høgre» og antatte «Kreml-agentar».

Dette er ytre høyre i UK: Landets statminister Rishi Sunak.

Tidleg i 2022 la Farage ut ein kommentar på sosiale medium der han hevda at den då nye militærkampanjen i Ukraina var ein «konsekvens av EU- og NATO-ekspansjon». Under det over nemnde fredagsintervjuet fekk politikaren spørsmål om han framleis meinte det, og han svara at han hadde åtvara om risikoane ved ein slik ekspansjon «i fleire tiår». Han la til at «sjølvsagt er det hans [Putins] skuld», og «han har brukt det vi har gjort som unnskyldning».” Farage sa og: «vi har provosert fram denne krigen.» Den Euroskeptiske politikaren og kringkastaren påstod at han mislikar Russlands president Vladimir Putin personleg, men ser opp til han «utelukkande som ein politisk operatør».

I tillegg summerte Farage opp kva han meiner om den russisk-ukrainske konflikten som er på gang:

«Eg stod opp i det europeiske parlamentet i 2014, og eg sa: ‘Det vil bli krig i Ukraina.’ Korfor sa eg det? Det var openlyst for meg at den stadige ekspansjonen til NATO og Den europeiske unionen austover gav denne mannen [Putin] ein grunn … til å seie: ‘Dei kjem for å ta oss igjen’, og til å gå til krig.»

Så essensen av det han sa, var at NATO spelte det rett i hendene på den russiske presidenten ved å gi han rettferdiggjering til å gjennomføre ein militærkampanje i Ukraina. Slike kommentarar (sjølv om dei er kritiske til NATO sin ekspansjon austover) kan neppe kallast «pro-Putin» og den slags. Den britiske politikaren skulda faktisk Putin for å ha brukt ekspansjonen som «orsaking».

Nigel Farage

Likevel fekk dette Rishi Sunak, statsministeren av Storbritannia, til å skulde Farage for å la seg bli brukt:

«Det han sa er fullstendig feil og speler det berre rett i hendene hans [Putins].» Sunak slo også fast at: «Denne typen formilding er farleg for sikkerheita til Storbritannia, sikkerheita til våre allierte som stolar på oss, og det berre oppmuntrar Putin ytterlegare.»

Frå Labour-leiaren Keir Starmer til Sunak, ein heil prosesjon av britiske leiarar skifta på å skildre kommentarane til Farange som «skammelege», «russisk propaganda» og så bortetter. Farage er ingen kantspelar, han spelte ei nøkkelrolle i Brexit-kampanjen i 2016 og bør takast på alvor.

Statsministeren la til, medan han fordømde orda til Farage, at Putin stod bak bruken av ein «nerveagens på gatene i Storbritannia», noko som er ein ganske vill (og heller ustadfesta) påstand i seg sjølv. Statsminister Sunak refererte sannsynlegvis til det påståtte drapsforsøket i 2018 på  Sergei Skripal i Salisbury, England, der visstnok nervegifta Novitsjok skal ha blitt brukt.

Sergei Skripal, for sin del, er ein tidlegare russisk militæretterretningsoffiser som fungerte som dobbeltagent for London på nittitalet og tidleg 2000-tal og som bur i England. Han vart dømd i Russland for høgforræderi, då han hadde seld hemmeleg og sensitiv informasjon til britisk etterretning. Etter det påståtte angrepet var Storbritannia raskt ute og skulda Moskva for å stå bak.

Kva som eigentleg skjedde i 2018 er langt ifrå klart, men: Novichok er eit kraftig, dødeleg middel. Det kan vere opptil åtte gongar giftigare enn den berømde «giftige agens X» (VX). Og likevel, etter å ha blitt funnen medvitslaus på ein kjøpesenterbenk ved sidan av dottera Yulia Skipral, overlevde dei begge liksomforgiftinga.

Men for alt som gjeld Russland, verkar det finnast ein breitt akseptert protokoll som kort oppsummert er slik: Vestlege skuldingar mot Moskva (same kor utruverdige dei måtte vere) må alltid takast som fullstendig pålitelege og aldri såast tvil om (elles: «konspirasjonsteori!»), medan russiske klager, kritikk eller skuldingar mot Washington eller europeiske makter automatisk må ringeaktast som russisk propaganda – sjølv når det blir bevist at det er sant. Det var derfor avisa New York Times, i ein reportasje i 2023, ufrivillig komisk skreiv at «[Ukrainske] troppar sin bruk av merkelappar med nazi-symbol risikerer å fyre opp under russisk propaganda og spreie bilete som Vesten har brukt eit halvt hundreår på å prøve å eliminere.»

Så ubehagelege faktum som til dømes det betydelege nærværet av nynazisme i rekkene til det ukrainske militæret, spesielt i Azov-regimentet), eller minoritetsgrupper sine rettar i Ukraina eller NATO sin aggressive ekspansjon, må kvitvaskast eller bagatelliserast, elles er det «russisk propaganda!». Dette er alle ekte saker – same kva ein elles kan ha av gyldig kritikk av dei russiske gjerningane og militærkampanjen deira. Og det er på tide å anerkjenne at alle desse sakene er reelle. Ei stund hadde, i det Vestlege etablissementet, radikale monopol på å snakke om det. Det er no kanskje i endring.

Trass i all den munntlege fordømminga av han, er Farage ikkje ei einsleg røyst – verken i Storbritannia eller på kontinentet. Med anti-immigrant-oppstandar som spreier seg i Dublin, og ei katastrofal bustadskrise i Europa, blir dei ekstra milliardane i militærstøtte til Ukraina (for ikkje å nemne utplassering av troppar) stadig tyngre å svelge for folket.

Blir det no endeleg meir akseptabelt å rekne med Vestens del av ansvaret for krisa i aust-Europa (og i Midtausten, for den del)? Og å ha ein open og ærleg diskusjon om det, for den del? Ein kan berre håpe på det.

*

Uriel Araujo er ein forskar med fokus på internasjonale og etniske konfliktar. Han bidrar regelmessig til Global Research.

Omsett av Monica Sortland

Denne artikkelen vart først publisert på InfoBrics.

Forsidebilde er KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    29 juni 2024 9:50

    Har Noreg éin politikar som tek medansvar for krigen i Ukraina?

    Kjem NRK til å intervjua Nigel Farage om saka?

    Takk for omsetjing av viktig stoff!

    Svar
  • «Det vil bli krig i Ukraina.’ Korfor sa eg det? Det var openlyst for meg at den stadige ekspansjonen til NATO og Den europeiske unionen austover..»

    Glenn Diesen:
    USA sin tilstedeværelse i Ukraina, og innsettelse av sine folk. Bl.a. Biden og sønn sin inngripen/korrupsjon i styre i Ukraina.
    https://www.youtube.com/watch?v=IFegm8gj7vU

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Kapitalkreftene vil kontrollere deg hele livet:

Smarte byer vil bli åpne fengsler.

Forrige innlegg

Etter badestrand-terroren på Krim.

Lavrov til USAs ambassadør: Det er ikke lenger fred mellom oss!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.