POSTED IN Norge

NED:

CIAs lovlige virksomhet for å korrumpere demokratiet og for regimeendring (2)

6 kommentarer

Denne artikkelen i to deler er nok først og fremst for spesielt interesserte, men er uhyre viktig likevel. Den forteller om et system som prøver å korrumpere enhver større demokratisk bevegelse, organisasjon, parti eller fagforening for å omgjøre slike til servile tjenere av USA-imperialismen. Virksomheten er et direkte angrep på demokratiet i sin alminnelighet og fungerer stikk motsatt av hva de som står bak denne virksomheten selv hevder.

Disse to artiklene ble siste gang offentliggjort for et knapt halvår siden, men er fortsatt høyaktuelle og helt nødvendige for alle som vil forsøk å forstå den verden vi lever i og de kreftene som virker i den. For min egen del må jeg legge til at den gir meg en dypere forståelse av hvorfor vi i økende grad har fått politiske nikkedukker som ledere i vesten.

For mange har det vært vanskelig å forstå hvordan både politiske ledere og ledere for nasjonalt helsevesen har alle falt til fote for påstanden om en livsfarlig pandemi, når fakta forteller det motsatte. Men svaret ligger i disse to artiklene: gjennom NED-programmene gjennom mange år har det foregått en kontinuerlig og umerkelig utskifting av kritiske tenkere innen all virksomhet. Vi har fått karrierister og nikkedukker som har vær ute etter posisjoner og ikke har vært primært opptatt av den befolkningen de skal tjene. De har vært underlagt mediene som er en forutsetning for karriere og egen fremgang.

Og i lys av medienes kampanje for å hevde at Russland blander seg inn i valg i vesten – snur disse artiklene virkeligheten på hodet. Det er USA som gjør og har gjort dette i en årrekke. Kampanjen om den russiske innblandingen er i virkeligheten en kampanje for at folk ikke skal lese slike artikler som denne som nå blir gjort tilgjengelig på alternative medier.

Knut Lindtner

NED, CIA sitt legale vindauge. Del 2

(I 30 år har the National Endowment for Democracy (NED, den nasjonale stiftinga for demokrati) vore ein underentreprise for den legale delen av illegale CIA-operasjonar. Utan å reise mistanke har dei fått på plass det største korrupsjonsnettverket i verda, med muting av fagforbund og leiarsjiktssyndikat og politiske parti både på høgre- og venstresida, slik at dei forsvarer interessene til USA i staden for til medlemmane sine. I denne artikkelen skildrar Thierry Meyssan kor utbreidd dette systemet er.)

Senteret for Internasjonal Privat Entreprise (CIPE)

CIPE fokuserer på spreiinga av liberal kapitalistisk ideologi og kampen mot korrupsjon.
Den første suksessen til CIPE: å transformere European Management Forum (ein klubb for CEOar for store europeiske selskap) til World Economic Forum (klubben til den transnasjonale herskarklassen) i 1987. Det store årlege møtet til verdas økonomiske og politiske kven er kven i den sveitsiske ferieskilandsbyen Davos bidrog til å skape eit klassemedlemskap som overgjekk nasjonal identitet. CIPE passar godt på å ikkje ha nokre strukturelle band til Davos Forum, og det er per dags dato ikkje muleg å bevise at World Economic Forum er eit instrument for CIA. Tvert imot skulle sjefane i Davos ha vanskar med å beskrive korfor visse politiske leiarar har vald å bruke deires Økonomiske Forum som lokasjon for sine høgst viktige gjerningar om det ikkje var operasjonar som var planlagde av US-amerikanske NSC.

Som døme:
1988: det er i Davos – ikkje FN – at Hellas og Tyrkia stiftar fred.
1989: det er i Davos at på den eine sida dei to delane av Korea held sitt første toppmøte på ministernivå og på den andre sida dei to Tysklanda held sitt første toppmøte om gjenforeinninga.
1992: det er igjen i Davos at Frederik de Klerk og den frigitte Nelson Mandela kjem saman for å presentere sitt felles prosjekt for Sør-Afrika for første gong utanlands.
1994: endå meir sannsynleg, det er i Davos, etter Oslo-overenskomsten, at Shimon Peres og Yassir Arafat kjem for å forhandle og skriv under på sine avgjerder om Gaza og Jeriko.

Sambandet mellom Washington og Forumet går som kjent gjennom Susan K. Reardon, tidlegare direktør av Association of Professional Employees of the Department of State, som no har blitt direktør for Foundation of the US Chamber of Commerce, som styrer CIPE.

Den andre suksessen til CIPE er Transparency International. Denne «NGOen» vart offisielt stifta av Michael J. Hershman, ein offiser innan US-amerikansk militæretterretning. Han er også ein CIPE-direktør og i dag sjef for rekruttering av FBI-informantar og Managing Director for den private etterretningstenesta Fairfax Group.

Michael J. Hershman

Transparency International er framfor alt eit dekke for CIA sine økonomiske etterretningsaktivitetar. Dei er også eit medieverkty for å tvinge statar til å endre si lovgivning for å garantere opne marknadar.
For å maskere opphavet til Transparency International appellerte CIPE til konduiten til tidlegare pressetalsmann for Verdsbanken, Frank Vogl. Han fekk på plass ein komité av folk som bidrog til å skape inntrykket av at det er ein organisasjon fødd av sivilsamfunnet. Denne fasade-komitéen er leidd av Peter Eigen, tidlegare direktør i Verdsbanken aust-Afrika. I 2004 og 2009 var kona hans SPD sin presidentkandidat i Forbundsrepublikken Tyskland.
Arbeidet til Transparency International tener US-amerikanske interesser og kan ikkje stolast på. Så i 2008 erklærte denne pseudo-NGOen at PDVSA, Venezuelas offentlegeigde oljeselskap, var korrupt; og på basis av falsk informasjon plasserte dei selskapet på botnen i si siste globale rangering av offentlege selskap. Målet var openbart å sabotere ryktet til eit selskap som utgjer den økonomiske ryggrada til den anti-imperialistiske politikken til president Hugo Chavez. Tatt på fersken i forgifting, nekta Transparency International både å svare på spørsmål frå den latin-amerikanske pressa og å korrigere rapporten sin. Dessutan er det overraskande når vi hugsar at Pedro Carmona, CIPE-korrespondenten i Venezuela, ei kort tid hadde blitt plassert ved makta av USA, i løpet av eit mislykka statskupp for å få fjerna Hugo Chavez i 2002.
Til ei viss grad lar fokuset på økonomisk korrupsjon Transparency International maskere NED sine aktivitetar: å korrumpere den styrande eliten til anglo-saxisk fordel.

Det Internasjonale Republikanske Instituttet (IRI) og det Nasjonale Demokratiske Instituttet for Internasjonale Saker (NDI)


Målet til IRI er å korrumpere partia på høgresida, medan NDI handsamar venstrevingsparti. Det første er leidd av John McCain, det andre av Madeleine Albright. Så desse to karakterane bør ikkje oppfattast som vanlege politikarar, ein leiar for opposisjonen og ein pensjonert dekan. Heller som aktive leiarar for NSC-programma.


For å plassere dei viktigaste politiske partia i ein verdssamanheng, har IRI og NDI sagt frå seg kontrollen med Den Liberale Internasjonalen og Den Sosialistiske Internasjonalen. Dei har derfor skapt rivaliserande organisasjonar: Den Internasjonale Demokratiske Unionen (IDU) og Alliansen for Demokratar (AD). Den første er leidd av australske John Howard. Russaren Leonid Gozman i Rettvis Sak (Правое дело) er visepresident. Den andre er leidd av italienaren Gianni Vernetti saman med franskmannen François Bayrou.

Leiaren av alliansen for demokratar (AD), italienaren Gianni Vernetti

IRI og NDI har også støtte frå politiske stiftingar som bind dei til store politiske parti i Europa (seks i Tyskland, to i Frankrike, ei i Nederland og endå ei i Sverige). Vidare har nokre operasjonar blitt delegert til mystiske private selskap som t.d. Democracy International Inc., som har organisert dei nylege rigga vala i Afghanistan.

Alt dette gjer at vi sit att med ein bitter smak i munnen. USA har korrumpert dei fleste av dei store politiske partia og fagforeiningane i heile verda. «Demokratiet» dei promoterer består av å diskutere lokale spørsmål i kvart av landa – nesten aldri samfunnsmessige spørsmål som kvinners rettar eller homofiles rettar – og dei er på linje med Washington i alle internasjonale saker. Valkampanjane har blitt show der NED vel rollebesetninga ved å sørge for finansiell støtte til sine kandidatar, og ikkje til andre. Til og med forestillinga om variasjon har mista meining sidan NED promoterer den eine leiren eller den andre utifrå om desse støttar den same utanriks- eller forsvarspolitikken.

Det er i stor grad NED som i dag bestemmer hvem som skal ikle de ledende posisjoner i vestlige land.

I EU og andre stadar jamraar ein no over demokratiets krise. Dei som er klart ansvarlege for dette er NED og USA. Og korleis skal vi klassifisere eit regime som det US-amerikanske, der leiaren for opposisjonen, John McCain, faktisk også er ein leiar i Det nasjonale sikkerheitsrådet, NSC? Ikkje eit demokrati, det er sikkert og visst.

Balansen i systemet
Over tid har USAID, NED, deira satellitt-institusjonar og deira mellommann-stiftingar produsert eit tungrådd og grådig byråkrati. Kvart år, når Kongressen stemmer over budsjettet til NED, oppstår det livlege debattar om ineffektiviteten til dette tentakkelsystemet og rykte om at tilskota har blitt brukt til å berike dei US-amerikanske politikarane som er sette til å administrere dei.
For å sikre ei sunn styring av systemet, har ei rekke studier blitt bestilt for å måle verknadsgraden til desse finansielle straumane. Ekspertar har samanlikna summane allokert til kvar stat med Freedom House si rangering av demokratiet i desse statane. Så kalkulerte dei kor mykje dei skulle måtte bruke (i dollar per innbyggar) for å betre den demokratiske rangeringa til ein stat med eitt poeng.

Tomicah Tillemann, rådgjevar for Hillary Clinton innan sivilsamfunn og oppkomande demokrati, overvakar NEDs apparat i Utanriksdepartementet.

Sjølvsagt er alt dette berre eit forsøk på sjølvrettferiggjering. Ideen om å etablere eit demokratisk merke er ikkje vitskapeleg. På nokre måtar er den totalitær, for den har til føresetnad at det berre finst éin type demokratiske institusjonar. På andre måtar er den infantil, for dei etablerte ei liste over uforeinlege kriterier som skal målast med fiktive koeffisientar for å omforme ein sosial kompleksitet til eitt einaste tal.
Dessutan konkluderer dei fleste av desse studiene med at prosjektet er mislykka: sjølv om mengda av demokrati i verda har auka, er der ikkje noko samband mellom demokratisk fram- og tilbakegang på den eine sida og summane brukt av NSC på den andre. Tvert imot så bekreftar det at dei verkelege formåla ikkje har noko å gjere med dei som blir tilkjennegitt. Men dei som driv USAID siterer ein studie av Vanderbildt University, som seier at berre NED-operasjonane som har vore medfinansiert av USAID har vore effektive fordi USAID har streng styring med budsjetta sine. Så det er ikkje overraskande at denne individuelle studien var finansiert av … USAID.
Ved tjueårsjubileet i 2003 teikna NED opp ein politisk rekneskap over gjerningane sine, der det kjem fram at dei har finansiert fleire enn 6000 politiske og sosiale organisasjonar i verda, eit tal som ikkje har slutta å stige sidan den tid. NED hevdar at dei eigenhendig fekk etablert fagforeininga Solidarinosj i Polen, Charter 77 I Tsjekkoslovakia og Otpor i Serbia. Dei var nøgde med å ha skapt frå botnen av Radio B92 eller den daglege Oslobodjenje i det tidlegare Jugoslavia og ei rekke nye uavhengige medier i det «frigjorte» Irak.

Robert Becker

I desember 2011 ransakar egyptiske styresmakter kontora til NDI og IRI i Kairo. Dokumenta dei beslagla er høgst viktige for å skjøne US-amerikansk innblanding sidan «spionreiret» vart fjerna frå Teheran i 1979. Anklaga for spionasje blir NED-leiarane førte for retten. Her: Robert Becker (direktør for NDI, Kairo) i opninga av rettssaka. Dokumenta beviser at NED er fullt ut ansvarlege for og manipulerte pseudorevolusjonen på Tahrir-plassen. Denne resulterte i fleire enn 4000 dødsfall for å heve Den muslimske brorskapen til makta.

Endring av dekke
Etter å ha erfart global suksess, er ikkje demokratiseringsretorikken lenger overbevisande. Ved å bruke den i alle samanhengar, har president George W. Bush utarma omgrepet for meining. Ingen kan seriøst hevde at subsidiane betalte av NED vil fjerne internasjonal terrorisme. Påstanden om at US-amerikanske troppar har styrta Saddam Hussein for å gi irakarane demokrati, kan ikkje leggast fram med større overbevisningskraft.
Vidare har folk over heile verda som kjempar for demokrati, blitt mistruiske. Dei forstår no at den hjelpa som NED med tentaklane tilbaud eigentleg hadde som målsetning å manipulere og fange landet deires i ei felle. Dette er grunnen til at dei stadig oftare nektar å ta imot bidraga «utan reservasjonar» som dei fekk tilbod om.
I tillegg har US-amerikanske leiarar frå ulike kanalar av korrupsjon prøvd bringe systemet til tystnad igjen. Etter dei skitne knepa til CIA og gjennomsikten i NED, ser dei føre seg å skape ein ny struktur til å erstatte den diskrediterte pakken. Denne skulle ikkje styrast av fagforeiningar, leiarsjiktet og dei to store partia, men av multinasjonale etter Asia Foundation-modellen.
På åttitalet avslørte pressa at denne organisasjonen var eit CIA-dekke for å bekjempe kommunisme i Asia. Den vart då reformert og leiinga av den vart overdratt til multinasjonale (Boeing, Chevron, Coca-Cola, Levi-Strauss osv.). Denne nye stilen var nok til å gi inntrykk av at det var ein ikkje-statleg og respektabel organisasjon – ein struktur som aldri slutta å tene CIA. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart den kopiert: the Eurasia Foundation, med mandat som spreier dekkoperasjonane til dei nye asiatiske statane.
Ei anna sak som vekker debatt, er om bidraga til å «promotere demokrati» skulle måtte ta form av berre kontraktar om å utføre spesielle prosjekt eller av subsidier utan noka plikt om måloppnåing. Det første alternativet tilbyr betre legalt dekke, men det andre er eit mykje meir effektivt verkty for korrupsjon.
Innanfor rammene av dette panoramaet, er kravene frå Vladimir Putin og Vladislav Surkov om å regulere finansieringa av NGOar i Russland legitime, sjølv om byråkratiet dei har etablert for å gjere det, er voldsomt og pedantisk. Instrumentet NED, plassert under USAs Nasjonale sikkerheitsråd, ikkje berre feilar i å støtte forsøk på demokrati overalt i verda, men forgiftar dei.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland
Kjelde
Оdnako (Russia)



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 787 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Det er bra at Derimot ennå en gang presenter informasjon om CIAs aktiviteter. Gjennom mitt arbeid med internasjonal fagbevegelse har jeg ved flere tilfeller blitt kontaktet av folk som i klartekst eller fordekt forsøkte å få meg engasjert i deres negative virksomheter.

    Etter den såkalte nellikrevolusjonen i Portugal på 1970-tallet, hvor venstreorienterte offiser tok makta fra fasistregime, ble jeg engasjert av AOF til å drive opplysningsvirksomhet i samarbeid med portugisisk fagbevegelse. Jeg var i Portugal i flere måneder med kurser og møter, og deretter tok vi ut folk som fikk komme til LO-skolen Sørmarka for videre skolering. Under et kurs i Porto registrerte jeg at to karer hadde plassert seg nederst i salen. De var ikke deltakere og jeg spurte i pausen hvem de var. De representert den tyske Friedrich Ebert Stiftelsen (FES) og var i samme æren som meg, skolering av faglige tillitsvalgte. Når jeg kom tilbake til Lisboa noen dager senere, ble jeg kontaktet av en representant fra den norske ambassaden, som informerte meg om at jeg var tatt av oppdraget og skulle reise hjem. Senere fikk jeg vite hvorfor. I Porto spurte en bygningsarbeider meg om de skulle ha en felles fagbevegelse for alle politiske grupperinger som i de nordiske landene, eller om de skulle ha en ideologisk deling som i Spania, med sosialister, kommunister og religiøse, i hver sin faglige organisasjon. Mitt svar var en samlet fagbevegelse. Det likte ikke karene fra FES, som var i Portugal for å bekjempe kommunister og radikale sosialister. Det er en kjent sak at FES lenge var finansiert av CIA og at deres jobb var å sikre at arbeiderbevegelsen i Tyskland, og i Europa for øvrig, ikke ble radikalisert i strid med EUs og USAs imperialistiske politikk.

    Etter krigen i Bosnia-Hercegovina ble jeg som sekretær for det nordiske grafiske fagforbundene, sendt til Sarajevo for å få fart på den grafiske fagbevegelsen i det krigsherjede landet. Her var også FES på plass for å styre den bosniske landsorganisasjonen i sin politiske retning. Det var det ikke snakk om samarbeid men diktat fra FES og den globale fagbevegelsen, ITUC. De hadde en erklært CIA-mann, RP, som var ansatt i ITUCs hovedkontor i Brussel, angiverlig fra amerikanske fagbevegelse. RP var sterkt kritisk til min negative holdning til globalisering og EUs markedsliberalisme, som jeg presenterte for mine bosniske kolleger. Han hevdet at jeg var på ville veier og ville ha meg på sitt lag, for å hindre kommunister og sosialister makt i arbeiderbevegelsen i det tidligere Jugoslavia. Etter oppdrag fra de grafiske fagforbundene i Norden fortsatt jeg vårt positive arbeid for å gjenoppbygge
    den grafiske organisasjonen i Bosnia.

    I desember 1999 fikk jeg en telefon fra lederen i LO, som spurte meg om jeg kunne ta et oppdrag i Montenegro. Det var generalsekretæren i ITUC, som jeg kjente fra min tid som generalsekretær for den grafiske yrkesinternasjonalen IGF, som ønsket at jeg skulle gjøre en jobb i samarbeid med fagbevegelsen i Montenegro. Jeg ba om betenkingstid og ringte en amerikansk venn av meg i ITUC. Han ville gå ut til en telefonboks på gata, for å fortelle meg at jeg ville bli underlagt CIA og RP, som jeg hadde møtt i Sarajevo. Han var nå ansvarlig for ITUCs arbeid på Balkan og var fortsatt på CIAs lønningsliste kunne min amerikanske kollega fortelle meg. Jeg fortalte den norske LO-lederen om forholdet og avslo tilbudet om å jobbe med fagbevegelsen i Montenegro på slike vilkår.

    CIA og deres samarbeidsorganisasjoner driver politisk kriminelle virksomheter i en rekke land, også i Norge. Fagbevegelsen er en viktig mål for CIA og deres oppdragsgivere. De har som mål at faglige organisasjoner ikke bekjemper flernasjonale selskaper, globale finansinstitusjoner, mektige lobbyorganisasjoner og andre motkrefter til de faglige organisasjonene. Det er ingen tvil om at CIA jobber systematisk mot faglige organisasjoner og politiske partier på venstresiden, det er det flere enn meg som kan dokumentere. De har lykkes i stor grad, både globalt, i Europa og i Norge.

    Svar
    • Interessant informasjon, og viktig at den blir publisert. Dette bidrar til å kaste lys over visse prosesser og EØS-vennlige vedtak på LO-kongressene, ikke minst den siste. Om EØS-avtalen har for øvrig Boye levert en solid artikkel her tidligere: http://derimot.losi.no/olav-boye-eos-avtalen-en-husmannsavtale/
      Det er ikke så mange som kommenterer her, men det er flere som går inn på artikkelsidene. CIA-folka blant dem er forhåpentligvis i mindretall…

      Svar
  • […] økonomisk støtte fra NED, National Endowment for Democracy (artikler om NED på norsk her og her, red.), en samarbeidsorganisasjon av CIA. I den tredje verden var de mer kjent for å underminere […]

    Svar
  • […] En slik kampanje er viktig av spesielt en grunn. Den setter søkelyset på Soros destabiliserende virksomhet over hele verden. Han har bidratt til å utløse det som kalles «fargerevolusjoner» men som i virkeligheten er kupp mot demokratisk valgte ledere (Eks. Jugoslavia, Ukraina). Virksomheten skjer i nært samarbeid med vestlig etterretningstjeneste, særlig CIA og NED (sistnevnte kjenner nesten ingen til i Norge, se her og her). […]

    Svar
  • […] økonomisk støtte fra NED, National Endowment for Democracy (artikler om NED på norsk her og her, red.), en samarbeidsorganisasjon av CIA. I den tredje verden var de mer kjent for å underminere […]

    Svar
  • ­­R­­e­­­g­­­i­­s­t­r­­­e­­­r d­­­e­­g o­g k­­­l­­a­s­­s­i­f­­­i­s­e­­r m­i­n u­­n­g­­­e s­­­e­­x­­­y f­­i­t­­­t­­e ­­-­ http://photo0320030.e17.club

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Sveits ikke lenger et fristed for å lure unna penger.

Har frosset 9 milliarder dollar fra russiske institusjoner og personer.

Previous Post

Klimavarsler

For hver som dør av hete,
dør 17 av kulde

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.