POSTED IN Demokrati

NED:

CIAs legale vindu for å korrumpere demokratiet og for regimeendring (1)

9 kommentarer

Denne artikkelen i to deler er nok først og fremst for spesielt interesserte, men er uhyre viktig likevel. Den forteller om et system som prøver å korrumpere enhver større demokratisk bevegelse, organisasjon, parti eller fagforening for å omgjøre slike til servile tjenere av USA-imperialismen. Virksomheten er et direkte angrep på demokratiet i sin alminnelighet og fungerer stikk motsatt av hva de som står bak denne virksomheten selv hevder.

Disse to artiklene ble siste gang offentliggjort for et knapt halvår siden, men er fortsatt høyaktuelle og helt nødvendige for alle som vil forsøk å forstå den verden vi lever i og de kreftene som virker i den. For min egen del må jeg legge til at den gir meg en dypere forståelse av hvorfor vi i økende grad har fått politiske nikkedukker som ledere i vesten.

For mange har det vært vanskelig å forstå hvordan både politiske ledere og ledere for nasjonalt helsevesen har alle falt til fote for påstanden om en livsfarlig pandemi, når fakta forteller det motsatte. Men svaret ligger i disse to artiklene: gjennom NED-programmene gjennom mange år har det foregått en kontinuerlig og umerkelig utskifting av kritiske tenkere innen all virksomhet. Vi har fått karrierister og nikkedukker som har vær ute etter posisjoner og ikke har vært primært opptatt av den befolkningen de skal tjene. De har vært underlagt mediene som er en forutsetning for karriere og egen fremgang.

Også i lys av medienes kampanje for å hevde at Russland blander seg inn i valg i vesten – snur disse artiklene virkeligheten på hodet. Det er USA som gjør og har gjort dette i en årrekke. Kampanjen om den russiske innblandingen er i virkeligheten en kampanje for at folk ikke skal lese slike artikler som denne som nå blir gjort tilgjengelig på alternative medier.

Knut Lindtner

NED, CIA sitt legale vindauge, del 1

I 30 år har the National Endowment for Democracy (NED, den nasjonale stiftinga for demokrati) vore ein underentreprise for den legale delen av illegale CIA-operasjonar. Utan å reise mistanke har dei fått på plass det største korrupsjonsnettverket i verda, med muting av fagforbund og leiarsjiktssyndikat og politiske parti både på høgre- og venstresida, slik at dei forsvarer interessene til USA i staden for til medlemmane sine. I denne artikkelen skildrar Thierry Meyssan kor utbreidd dette systemet er.

VOLTAIRE NETWORK | DAMASCUS (SYRIA) | 16. AUGUST 2016

I 2006 retta Kreml anklagar mot utanlandske forbund i Russland – nokre av dei deltakande i ein hemmeleg plan orkestrert av NED – som har arbeidd effektivt for å destabilisere landet. For å hindre ein «fargerevolusjon» trakk Vladislav Surkov opp strenge reguleringar for desse ikkje-statlege organisasjonane (non-governmental organizations, NGOar). I Vesten vart dette administrative rammeverket skildra som eit «nytt angrep på organisasjonsfridommen frå diktatoren Putin og hans rådgjevar».
Denne politikkan har blitt følgd også av andre statar som på si side har fått merkelappen «diktatorar» av den internasjonale pressa.
Dei US-amerikanske styresmaktene garanterer for at dei jobbar mot å «fremje demokrati for heile verda». Dei hevdar at Kongressen i USA kan subsidiere NED og at NED på si side, heilt uavhengig, direkte eller indirekte, kan hjelpe foreiningar, politiske parti eller fagforbund kor som helst i verda. NGOane som er, slik namnet tilseier, ikkje-statlege, kan ta politiske initiativ som ambassadørar ikkje kan påta seg utan å krenke suvereniteten til mottakarlanda. Kjernen i saka ligg her: NED og nettverket av NGOar som dei finansierer: er dei initiativ frå sivilsamfunnet som urettvist blir undertrykt av Kreml eller skalkeskjul for USAs hemmelege tenester tatt på fersken i innblanding?
For å svare på dette spørsmålet skal vi returnere til opphavet og funksjonen til NED. Men vårt første steg må vere å analysere tydinga av dette US-amerikanske prosjektet: «eksport av demokrati».

Puritanarane som grunnla dei Forente Statane ønska å skape ein «strålande by» med lys som kunne lyse opp heile verda. Dei såg på seg sjølve som misjonærar av ein politisk modell.

Kva slags demokrati?
Folket i USA godkjenner ideologien til forfedrene sine som grunnla nasjonen. Dei oppfattar seg sjølve som ein koloni som har kome frå Europa for å etablere ein by som lyder Gud. Dei ser landet sitt som «eit lys på fjellet», med orda til helgenen Matteus, noko også dei fleste presidentane i to hundreår tok opp i sine politiske talar. USA skulle vere ein førebiletleg nasjon, skinande frå toppen av ein ås, lysande opp heile verda. Og alle andre folk i verda kunne berre håpe på å etterlikne denne modellen for å oppnå sitt velvere.
For folket i USA betyr denne svært naive trua i seg sjølv at landet deires er eit eksemplarisk demokrati og at dei har ei messiansk plikt til å tvinge det på resten av verda. Medan St. Matteus såg føre seg at ein skulle spreie trua berre gjennom eit føredømleg rettvist levesett, så tenkte nasjonsgrunnleggarane til USA på opplysning og trusmisjon i form av regimeskifte. Dei engelske puritanarane halshogg kong Charles I før dei flykta til Nederland og Amerika, deretter forkasta patriotane i Den nye verda autoriteten til kong George III av England og proklamerte uavhengigheit for dei Foreinte Statane.
Svanger med denne nasjonale mytologien, oppfattar ikkje folket i USA utanrikspolitikken til regjeringa si som ei form for imperialisme. I deira auge er det desto meir legitimt å styrte ei regjering som har ambisjonar om ta forma til ein modell som er ulik deires eigen og dermed vond. På same måten er dei overbeviste om at dei på grunn av den messianske misjonen som dei er pålagt, har kome for å tvinge demokrati på landa dei har okkupert, med makt. Til dømes har dei på skulen lært at amerikanske soldatar bragte demokrati til Tyskland. Dei veit ikkje at historia indikerer det tvert motsette: deira regjering hjelpte Hitler med å vrake Weimar-republikken og sette opp eit militærregime for å kjempe mot sovjetarane. Denne irrasjonelle ideologien hindrar dei i å utfordre naturen til institusjonane deira og det absurde konseptet om «tvungent demokrati».
No, i følge president Abraham Lincoln sitt formular er demokrati ei «regjering av folket, ved folket og for folket».

Abraham Lincoln: demokrati er ei «regjering av folket, ved folket og for folket».

Utifrå dette synspunktet er ikkje USA eit demokrati, men eit hybridsystem der den utøvande makta er returnert til oligarkiet, medan folket avgrensar si tilfeldige utøving gjennom lovgivande – og domsmakt som kan tøyle dei. For medan folket vel Kongressen og nokre dommarar, så er det statane i føderasjonen som vel den utøvande makta og sistnemnde utnemner høgsterettsdommarane. Sjølv om borgarar har blitt kalla til å bestemme sitt val av president, så fungerer stemma deires i denne saka berre som ratifisering, slik Høgsterett peika på i 2000, i Gore vs. Bush. Den amerikanske Konstitusjonen, grunnlova, anerkjenner ikkje at folket er suverene, fordi makta er delt mellom folket og ein føderasjon av statar, med andre ord, mellom leiarane i samfunnet.
Som ein digresjon observerer vi at i motsetning til dette er den Russiske Føderasjonen si grunnlov demokratisk – i det minste på papiret. Den erklærer: «haldaren av suverenitet og den einaste kjelda til makt i den Russiske Føderasjonen er landets multinasjonale befolkning.» (Tittel I, kap. 1, punkt 3).
Denne intellektuelle konteksten forklarer at USA støttar regjeringa si når den forkynnar at den vil «eksportere demokrati», sjølv om deira eiga grunnlov signaliserer at dei ikkje er eit. Men det er vanskeleg å sjå korleis dei skulle kunne eksportere noko dei ikkje har og ikkje ønsker å ha hos seg sjølve.
Dei siste tretti åra har denne motsetninga vore støtta av NED og gitt spesifikk form gjennom destabiliseringa av eit stort tal statar. Med eit smil som eit reint samvit har velsigna dei med, har tusentals aktivistar og godtruande NGOar krenka folkets suverenitet.

Ei pluralistisk og uavhengig stifting, skal vi tro egenreklamen

I sin berømte tale den 8. juni 1982 til det britiske parlamentet, anklagar president Reagan SSSR (Sovjetunionen) for å vere «vondskapens imperium» og føreslår å yte hjelp til dissidentar der og andre stadar. Han erklærte: «Vi treng å skape den nødvendige infrastrukturen for demokrati: pressefridom, fagforeiningar, politiske parti og universitet. Dette vil la folket velge den beste vegen for dei til å utvikle sin kultur og løyse sine disputtar på fredeleg vis.» På basis av denne felles forståinga av kampen mot tyranniet, oppretta dei ein kommisjon som sponsa etableringa av NED i Washington. Stiftinga vart etablert av Kongressen i november 1983 og umiddelbart finansiert.
Stiftinga subsidierer fire uavhengige strukturar som redistribuerer pengar utanlands, gjer dei tilgjengelege for foreiningar, fagforbund og medlemmar av herskarklassen og parti på høgre- og venstresida. Dei er:
Instituttet for Frie Fagforbund (FTUI), no kalla American Centre for International Labour Solidarity (ACILS), styrt av fagforeininga AFL-CIO;
Centre for International Private Enterprise (CIPE), styrt av handelskammeret i USA;
International Republican Institute (IRI), styrt av Republikanarane;
National Democratic Institute for International Affairs (NDI), styrt av Demokratane.
Presentert på denne måten verkar det som NED med sine fire tentaklar er forankra i sivilsamfunnet, der dei representerer sosialt mangfald og politisk pluralisme. Grunnlagt av det amerikanske folket, gjennom Kongressen, hadde dei fungert i tråd med eit universelt ideal. Dei hadde vore heilt uavhengige av den presidentielle administrasjonen. Og deira gjennomskådelege handlingar kunne ikkje ha vore ei maske for hemmelege operasjonar som tener udeklarerte nasjonale interesser.
Røynda er heilt noko anna.

I 1982 etablerte Ronald Reagan NED saman med Storbritannia og Australia for å styrte «Vondskapens imperium».

Eit drama produsert av CIA, MI6 og ASIS
Ronald Reagan sin tale i London tok stad i kjølvatnet til skandalane kring avsløringane som kom fram under Kongress-komitéar sine granskingar av CIA sine kupp ved hjelp av skitne triks. Kongressen forbyr så Byrået [CIA] å organisere fleire statskupp for å vinne marknadar. I mellomtida, i Det kvite hus, søker Det nasjonale sikkerheitsrådet (the National Security Council, NSC) måtar å få på plass andre verkty for å omgå dette forbodet.
The Commission of Bipartisan Reflection [«topartstenkningskommisjonen», Topartskommisjonen] var etablert før talen til Ronald Reagan, men offisielt mandat frå Det kvite hus fekk dei først etterpå. Dette betyr at kommisjonen ikkje responderer på svulstige presidentielle ambisjonar, men går føre dei. Derfor er Reagans tale berre retorisk påkledning av avgjerder som i prinsippet allereie er tatt, og meint å implementerast av Topartskommisjonen.
Styreleiar for Topartskommisjonen var US Special Representative for Trade (spesialutsending for handel), noko som indikerer at ho ikkje har til hensikt å fremje demokrati, men «marknadsdemokrati», etter terminologien å dømme. Dette er heilt i tråd med den US-amerikanske modellen: eit økonomisk og finansielt oligarki tvingar sine politiske val på andre gjennom marknadane og ein føderal stat, medan parlamentarikarar og dommarar valde av folket vernar individ frå vilkårleg styring.
Tre av NEDs fire perifere organisasjonar blei danna for anledningen. Men der var ikkje behov for å etablere den fjerde, ei fagforeining (ACILS). Denne vart danna ved slutten av Andre verdskrig, sjølv om den skifta namn i 1978 då det vart avdekka at dei var underkasta CIA. Frå dette kan vi trekke konklusjonen at CIPE, IRI og NDI ikkje kom til live spontant, men vart konstruerte av CIA.
Vidare ser vi at sjølv om NED er eit forbund under US-amerikansk lov, så er det ikkje berre eit verkty for CIA, men eit verky som er delt med britiske tenester (som er grunnen til at Reagan kunngjorde danninga i London) og dei australske tenestene. Dette viktige poenget blir ofte glatta over utan kommentar. Men det er bekrefta av gratulasjonsmeldingar frå statsministrane Tony Blair og John Howard under 20-årsjubiléet til den såkalla «NGO»en. NED med sine tentaklar er er organ tilhøyrande ei anglo-saxisk militærpakt som bind saman London, Washington og Canberra; det same gjeld for det elektroniske nettverket Echelon. Dette apparatet kan brukast av ikkje berre CIA, men også britiske MI6 og australske ASIS.
For å skjule denne realiteten, har NED blant sine allierte stimulert til danninga av liknande organisasjonar som kan samarbeide med dei. I 1988 utstyrte Canada seg med senteret Droits & Démocratie, som hadde eit spesielt fokus på først Haiti, deretter Afghanistan. I 1991 etablerte Storbritannia Westminster Foundation for Democracy (WFD) (Westminster-stiftinga for demorati). Verkemåten til dette offentlege organet er modellert etter NED: administrasjonen er overlatt til politiske parti (åtte delegatar: tre for Det konservative partiet, tre for Arbeidarpartiet, ein for Det liberale partiet og ein for dei andre partia representerte i parlamentet). WFD har gjort mykje arbeid i aust-Europa. I 2001 blir Den europeiske unionen, EU, utstyrt med eit Europeisk instrument for demokrati og menneskerettar (European Instrument for Democracy and Human Rights, EIDHR), som vekker mindre mistanke enn sine motpartar. Dette byrået er EuropAid, leidd av ein høg tenestemann, like mektig som han er ukjent: nederlendaren Jacobus Richelle.

Presidentdirektiv 77
Då parlamentarikarar i USA stemte for etableringa av NED den 22. november 1983, visste dei ikkje at det allereie eksisterte hemmeleg i samsvar med eit president-direktiv datert 14. januar.
Dette dokumentet, deklassifisert først to tiår seinare, legg til rette for at “public diplomacy” skal vere eit politisk korrekt uttrykk for propaganda. Det etablerer arbeidsgrupper innanfor Det nasjonale sikkerheitsrådet (NSC) i Det kvite hus. Ei av desse har som oppgåve å leie NED.

Henry Kissinger, NED-administrator. Ein «representant for sivilsamfunnet»?

Altså er styret i Stiftinga berre ei drivreim for NSC. For å halde oppe fasaden har dei blitt eininge om ein generell regel om at CIA-agentar og tidlegare agentar ikkje kan utnemnast til styreverv.
Ting er likevel gjennomskådelege. Dei fleste høge tenestemenn som har spelt ei sentral rolle i Det nasjonale sikkerheitsrådet, har vore NED-direktørar. Slike som t.d. Henry Kissinger, Franck Carlucci, Zbigniew Brzezinski eller til og med Paul Wolfowitz; karakterar som ikkje vil gå inn i historia som demokratiets idealistar, men som kyniske valdsstrategar.
Stiftinga sitt budsjett kan ikkje tolkast isolert, for dei mottar instruksjonar frå NSC om å føre an i store felles-operasjonar mellom fleire byrå. Det er verdt å merke seg at middel blir frigjort frå International Aid Agency [U.S. Agency for International Development (USAID) er ein amerikansk føderal etat som har ansvar for det meste av landets ikkje-militære utviklingshjelp] utan å bli registrert i NEDs budsjettbalanse, for «av-byråkratisering». Vidare mottar Stiftinga indirekte pengar frå CIA etter at dei først har blitt vaska av private mellommenn, som t.d. Smith Richardson-stiftinga, John M. Olin-stiftinga eller til og med Lynde and Harry Bradley-stiftinga.


For å vurdere utbreiinga til dette programmet, skulle vi måtte samanlikne NEDs budsjett med dei korresponderande under-budsjetta til Utanriksdepartementet, USAID, CIA og Forsvarsdepartementet. I dag er eit slikt estimat umuleg å gjere.
Ikkje desto mindre gir visse element vi kjenner ein viss idé om viktigheita av eit slikt estimat. Over dei siste fem åra har USA brukt meir enn ein milliard dollar på organisasjonar og parti i Libya, ein liten stat med 4 millionar innbyggarar. Totalt har halvparten av denne mannaen blitt gitt i openheit av Utanriksdepartementet, USAID og NED; den andre halvdelen har i løynd blitt betalt av CIA og Forsvarsdepartementet. Dette dømet lar oss estimere USAs generelle budsjett for institusjonell korrupsjon til titals milliardar dollar årleg. Det ekvivalente programmet til EU, som er heilt ope for innsyn og sørgar for integrasjonen med USAs operasjonar, er på 7 milliardar euro per år.
Til sjuande og sist er NED sin legale struktur og storleiken på deires offisielle budsjett berre lokkemat. I sitt vesen er dei ikkje ein uavhengig organisasjon for legale gjeremål som CIA før var betrudde med, men eit vindauge som NSC gir ordrar gjennom om å utføre legale element av illegale operasjonar.

Den trotskistiske strategien
Då dei vart danna (1984) var NED leia av Allen Weinstein, deretter av John Richardson i fire år (1984-88), til sist av Carl Gershman.
Desse tre menna har tre ting til felles:
dei er jødiske;
dei var aktive i Trotrky-partiet Social Democrats USA og
dei har arbeidd ved Freedom House.
Det finst ein logikk i dette: hatet til stalinismen leidde nokre trotskistar til å slå seg saman med CIA i kampen mot sovjetarane. Dei hadde med seg teorien om global makt, omforma til «fargerevolusjonar» og «demokratisering». Dei har heilt enkelt plassert om på Trotskys Vulgata ved å bruke den i den kulturelle kampen, analysert av Antonio Gramsci: makt blir utøvd psykologisk heller enn ved tvang. For å styre massane må eliten først innprente ein ideologi som programmerer dei til å akseptere den makta som dominerer dei.
The American Centre for the Solidarity of Workers (ACILS, senter for arbeidarsolidaritet)


Også kjent som Solidarity Centre, er ACILS fagforeiningsgreina til NED og kanskje deires viktigaste kanal.Dei distribuerer meir enn halparten av Stiftinga sine donasjonar. Dei har erstatta dei tidlegare organisasjonane som tente under Den kalde krigen for å organisere ikkje-kommunistiske fagforeiningar i verda, frå Vietnam og Angola, til Frankrike og Chile.
Det faktum at fagforeiningar vart valde som dekke for dette CIA-programmet, er ein sjeldan perversitet.

Langt ifrå det marxistiske slagordet «Proletarar i alle land – forein dykk» bringer ACILS saman US-amerikanske arbeidarklasse-fagforbund i ein imperialisme som knusar arbeidarar i andre land.
Denne forbundsfellen var leidd av Irving Brown, ein fargerik karakter, frå 1948 til hans død i 1989.

I 1981 plasserer Irving Brown Jean-Claude Mailly som assistent for André Bergeron, generalsekretæren til Force Ouvrière (FO). Sistnemnde skal seinare innrømme at verksemda deires blir finansiert av CIA. I 2004 blir Mailly generalsekretær for FO.

Einskilde skribentar sver på at Brown var sonen til ein kviterussar, ein kompis av Alexander Kerensky [som sat som statsminister i Russland dei få månadane mellom Februarrevolusjonen og Den store sosialistiske revolusjonen] . Det vi veit som sikkert, er at han var OSS-agent (dvs. ein agent for etterretningstenestene til USA gjennom Andre verdskrig); og han deltok i etableringa av CIA og NATO sitt Gladio-nettverk [Stay Behind]. Men han nekta å ta på seg ei leiarstilling, då han føretrakk å fokusere på sitt ekspertisefelt, fagforeiningar. Han hadde sin base i Roma, deretter Paris, og aldri i Washington.

Så han hadde signifikant påverknad på italiensk og fransk samfunnsliv. På slutten av livet sitt skraut han også av at han aldri slutta å styre den franske fagforeininga Force Ouvriére frå kulissene, og at han trakk i strengane til student-fagforeininga UNI (der dei følgande er aktive: Nicolas Sarkozy og hans ministrar François Fillon, Xavier Darcos, Hervé Morin og Michèle Alliot-Marie, og presidenten av the National Assembly, Bernard Accoyer og presidenten av majoritetsgruppa i parlamentet, Jean-François Copé), og at han personleg hadde trent opp på venstresida medlemmar av ei trotskistisk utbrytargruppe, blant andre Jean-Christophe Cambadelis og den framtidige statsministeren Lionel Jospin.

Tidlegare fransk statsminister Lionel Jospin

På slutten av nittitalet kravde medlemmar av forbundet AFL-CIO at ACILS skulle gjere regnskap for sin aktivitet, ettersom den kriminelle karakteren til foreininga hadde blitt avdekka og dokumentert i fleire land. Ein kunne ha trudd at ting skulle endre seg etter denne store flaumen. Ingenting av den sorten skjedde. I 2002 og 2004 har ACILS deltatt aktivt i eit mislykka kuppforsøk i Venezuela for å få fjerna president Hugo Chavez, og i eit vellykka eitt i Haiti , der dei fekk styrta Jean-Bertrand Aristide.
I dag er ACILS leidd av John Sweeney, den tidlegare presidenten for forbundet AFL-CIO, som sjølv har sitt opphav i trotskist-partiet Social Democrats USA.

Thierry Meyssan
Omsett av Monica Sortland

Del 2 følger



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 045 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

9 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

En slutt på USAs hegemoni?

Vladimir Putins visjon om en multipolar verden

Previous Post

Katastrofale feilvurderinger av Rødt.

Fører uvilkårlig til oppslutning om Natomedlemskap i partiet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.