POSTED IN NATO

Natos nye strategiplan vedtatt i sommer:

Hovedfiendene er Russland og Kina.

5 kommentarer

NATOs 2022-plan erklærer ny kald krig mot Russland og Kina

NATOs Strategiplan 2022, “Strategic Concept”, deira første nye sidan 2010, erklærer at Russland er ein «trussel» og Kina ei «systemisk utfordring».  Den demoniserer dei eurasiatiske maktene som «autoritære aktørar» og «strategiske konkurrentar», og erklærer eigentleg ein ny kald krig for å oppretthalde Vestleg overherredøme.

Av Benjamin Norton

multipolarista.com, 8/7-2022

Den USA-leidde militærallianse NATO har publisert ein historisk ny plan som skissar opp måla deira. Dokumentet, med den offisielle tittelen «NATO 2022 – Strategic Concept», Strategiplan 2022, er den første slike planen NATO har sleppt sidan 2010.

Strategiplan 2022 ber eigentleg om ein ny Kald krig, både mot Russland og Kina.

I dokumentet fordømmer NATO Russland og Kina som «autoritære aktørar» og «strategiske konkurrentar» som utgjer «systemiske utfordringar».

NATO refererer spesifikt til Den russiske føderasjonen som «den mest signifikante og direkte trusselen».  Dei hevdar også at Kina «utfordrar våre interesser, tryggleik og verdiar» og «jobbar for å undergrave den regelbaserte internasjonale ordenen.»

Planen viser tydeleg at det USA-leidde militær-kartellet er svært uroa over den framveksande alliansen mellom Beijing og Moskva. «Den stadig djupare strategiske partnarskapen mellom Folkerepublikken Kina og Den russiske føderasjonen, og deira gjensidig forsterkande forsøk på å underminere den regelbaserte internasjonale ordenen, går imot våre verdiar og interesser,» skriv NATO.

Dokumentet refererer eufemistisk (en vakker omskriving, red.) til det nye kaldkrigsklimaet som eit «miljø av strategisk konkurranse».

NATO-toppmøtet i Madrid: ny kald krig mot Russland og Kina, vidare ekspansjon, større militærbudsjett

Strategiplan 2022 vart einstemmig vedtatt av leiarane av NATO-medlemslanda på eit toppmøte i Madrid, Spania, i juni i år.

NATO summerte kort opp planen som slår fast at dei «identifiserer Russland som den mest signifikante og direkte trusselen mot Alliansens tryggleik», omtalar Kina for første gong, og inkluderer andre utfordringar, t.d. cyber- og hybrid-terrorisme.

Generalsekretær Jens Stoltenberg sa at «NATOs nye strategiplan er vegvisaren for Alliansen i ei farlegare og meir rivaliserande verd.»

Madrid-toppmøtet viste korleis det USA-leidde militærkartellet ekspanderer, og ikkje berre i Europa, men også i Stillehavsregionen. Japan, Sør-Korea, Australia og New Zealand – som alle ligg geografisk svært langt unna Nord-Atlanteren – var til stades på NATO-toppmøtet for første gong.

NATO-medlem Tyrkia avslørte også at dei hadde blitt einige med Sverige og Finland om å la landa slutte seg til alliansen. (Finland deler grense med Russland, og i Andre verdskrig allierte dei seg med Nazi-Tyskland mot Sovjetunionen.)

2022 Madrid summit - Wikipedia

Etter Madrid-toppmøtet skraut NATO over at dei hadde blitt samde om «den største overhalinga av Alliert kollektivt forsvar og avskrekking sidan Den kalde krigen.»

Det USA-leidde kartellet annonserte meir fellesfinansiering, og sa at medlemsland hadde blitt samde om å auke sine nasjonale militærbudsjett til 2% eller meir av BNP.

NATO lova å auke militærstøtta, ikkje berre til Ukraina, men også til Bosnia-Hercegovina, Georgia og Moldova.

Madrid-toppmøtet kom berre éin dag etter eit møte i G7, gruppa av sju rike Vestlege land og Japan. Dette samla leiarane av USA, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Italia, Canada og Japan, så vel som EU, i dei bayerske alpane frå 26. til 28. juni.

G7-toppmøtet hadde, som NATO-konferansen, som mål å koordinere taktikkar i ein ny kald krig for å svekke Russland og Kina. På møtet lova G7 å bruke 600 milliardar dollar på offentleg-private partnarskap til å utfordre Beijings nye, globale Silkeveg (Belt and Road Initiative).

NATO framstiller den nye kalde krigen mot Russland og Kina som ein kamp mellom «demokrati» og «autoriærianisme»

Medan dei kallar Russland for sin topp-trussel og Kina ei «systemisk utfordring» og ein «strategisk konkurrent», framstiller NATO den nye kalde krigen mot Russland og Kina som ein slags kamp mellom «demokrati» og «autoritarisme».

«Gjennomgåande ustabilitet, aukande strategisk konkurranse og avanserande autoritarisme utfordrar Alliansens interesser og verdiar,» skreiv det USA-leidde militær-kartellet på opningssida til planen. «Autoritære aktørar utfordrar interessene våre, verdiane og den demokratiske levestilen vår,» la dei til.

I tillegg til å fokusere på Russland og Kina, framstiller dokumentet Iran, Syria og Nord-Korea som truslar. 

Dokumentet hevdar at NATO eksisterer for å «sikre demokratiet vårt og fridommen vår» og er basert på «delte demokratiske verdiar» for å verne om ein «regelbasert internasjonal orden».

Ikkje nemnde i det heile tatt, er fleire autoritære regime no er medlemmar av NATO, inkludert Tyrkia, Ungarn og Polen.

Portugals tidlegare fascistiske diktatur var sameleis blant dei landa som grunnla NATO i 1949.

Nato e Usa rispondono alla Russia: ecco il documento "filtrato" sui media
Har Nato med demokrati å gjøre, slik de sjøl hevder, eller er det et instrument for å sikre USA verdensdominans?

Insisteringa til NATO om at dei liksom er dedikerte til å verne om demokratiet, og ikkje USAs overherredøme, er særleg ironisk ettersom Tyrkias autokratiske leiar Recep Tayyip Erdogan var ein hovudprominens ved Madrid-møtet.

Dei Vestlege tenestemennenes konstante refreng ved Madrid-toppmøtet, om at NATO eksisterer for å forsvare demokratiet, vart underminert av den kjensgjerninga at Sverige og Finland nekta å halde folkerøysting om medlemskap. Det betyr at folka der ikkje har hatt noka røyst i prosessen, og ikkje noka moglegheit for å røyste på om dei meiner ei tilslutning til det USA-leidde militær-kartellet er ein god idé eller ikkje.

NATOs demokratiske utstillingsvindauge vart endå tydelegare motsagt av toppmøtets opning den 28. juni, då det vart halden ein «spesialtale» av Spanias kong Felipe VI. «Den langvarige kampen mellom tyranni og demokrati er meir relevant enn nokon gong,» erklærte den ikkje-valde monarken av Spania, utan så mykje som eit snev av ironi.

«Stor maktkonkurranse er overalt,» la han til, og refererte indirekte til den nye kalde krigen mot Russland og Kina. Seinare den kvelden noterte NATO i sitt program at kongen var vert for ein «rojal galla-middag» i det kongelege palasset.

Den paradoksale og hyklerske symbolismen til toppmøtet var slåande: overalt var krona og det spanske våpenskjoldet, som begge representerer monarkiet, på den offisielle logoen som NATO brukte for sitt Madrid-møte. Desse antidemokratiske symbola utgjorde bakgrunnen for talarane når dei snakka poetisk om ikkje-Vestleg «autoritarisme».

I Strategiplan 2022 hevdar NATO: «Autoritære aktørar utfordrar våre interesser, verdiar og demokratiske livsstil.»

«Dei blandar seg inn i våre demokratiske prosessar og institusjonar og angrip tryggleiken til innbyggarane våre med hybride taktikkar, både direkte og via proxyar,» held dokumentet fram, og refererer til konspirasjonsteorien Russiagate, som lever vidare i NATO sin retorikk, sjølv om den er grundig avkrefta.

I planen legg det USA-leidde kartellet også vekt på at dei vil halde fram med å ekspandere. «NATOs vekst har vore ein historisk suksess,» står det, og det understrekast: «Vi stadfestar på ny vår Open-dør-politikk.»

NATO stadfestar endå ein gong løftet sitt om å legge til dei tidlegare Sovjet-statane Ukraina og Georgia som medlemmar: «Vi  stadfestar igjen den avgjerda vi tok på toppmøtet i Bucuresti i 2008 og alle følgande avgjerder når det gjeld Georgia og Ukraina.»

Georgia–NATO relations - Wikipedia
Å love Nato-medlemskap til Georgia vil bli i Russland oppfattet som en provokasjon

Det USA-leidde militær-kartellet meinte også at dei burde utdjupe samarbeidet med Bosnia-Hercegovina.

Dei la også vekt på sin nære allianse med EU, og skildra dei som ein «unik og essensiell partnar,» og «NATO og EU speler komplementære, koherente og gjensidig styrkande roller.»

Strategiplan 2022 skildrar NATO som ein «defensiv allianse», trass i dei offensive krigane deira mot Libya i 2011, Afghanistan frå 2001 til 2021 og Jugoslavia på 1990-talet.

NATO påstår dei har «tre kjerneoppgåver: avskrekking og forsvar; å hindre og styre kriser; og kooperativ tryggleik.»

Det USA-leidde militærkartellet hintar om at dei er klare for Tredje verdskrig dersom dei vurderer det som nødvendig, og dei understrekar at dei er førebudde til «høg-intensitets, multi-domene-krigskampar mot kjernefysisk væpna jambyrdige konkurrentar».

Strategiplan 2022 understrekar at NATO framleis skal ha kjernefysiske våpen: «Så lenge kjernefysiske våpen eksisterer, vil NATO forbli ein kjernefysisk allianse.» Den legg til at «haldninga er basert på ein passande miks av nukleær, konvensjonell og missilforsvarskapasitet, supplert med verdsrom- og cyberkapasitet».

NATO skuldar Russland for «brot på og selektiv implementering av sine våpenkontrollplikter og -satsingar». Dei nemner ikkje at det er styresmaktene i USA som unilateralt har tatt livet av ei mengd våpenkontrollavtalar med Moskva.

INF-avtalen undertegnes av Michael Gorbatsjov og Ronald Reagan 8.desember 1987.

I 2019 trekte Donald Trump-administrasjonen seg frå INF-avtalen [om nedrustning av kjernefysiske mellomdistansevåpen]. Gruppa ICAN (International Campaign to Abolish Nuclear Weapons, Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen), som fekk Nobels fredspris [i 2017], kalla USA si unilaterale tilbaketrekking for «eit uansvarleg trekk som opnar vegen for eit nytt atomvåpenkappløp» og dét «set Europa (og verda) i fare.»

Medan NATO la skulda på Russland, slo ICAN klart og tydeleg fast at «Trump har avfyrt startpistolen for Kald krig II. Berre at denne kan bli større og farlegare, og verda vil kanskje ikkje kome like heldig ut av det denne gongen.»

Strategiplan 2022 skildrar likeeins Russlands militære operasjon i Ukraina som ein «aggresjonskrig» som «har smadra freden». Dokumentet stikk under ein stol at det ikkje har vore fred i Ukraina sidan eit USA-sponsa kupp med vald styrta landets demokratisk valde regjering, og starta ein borgarkrig som forårsaka minst 14 000 dødsfall før 2022, ifølge FN.

Det USA-leidde militærkartellet hevdar at «NATO søker ikkje konfrontasjon og utgjer ingen trussel mot Den russiske føderasjonen», sjølv om alliansen har omringa Moskva med fiendtlege militærbasar og gong på gong ekspandert fram til landets grenser.

NATOs ekspansjon fram til 2020

Omsett av Monica Sortland

https://multipolarista.com/2022/07/08/nato-2022-strategic-concept-russia-china/


1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 325 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    10 august 2022 9:22

    Kor lenge vil Russland venta før landet må svara militært på den norske og svenske deltakinga i krigen i Ukraina?

    Noreg gjev pengar og våpen. I tillegg opnar Noreg og Sverige no for å trena ukrainske krigarar.

    Den svenske statsministeren lyg no like grovt og hemningslaust som Jens Stoltenberg:

    «Vi vet alle at NATO er en forsvarsallianse, vi vet at land som tilhører NATO ikke har blitt angrepet og det er hele hensikten.» (Steigan.no)

    At NATO-land ikkje vert angripne, tener alle andre land enn NATO-landa til ære. Ho nemner ikkje at NATO-landa har angripe mange land og er ein angrepsallianse. NATO gjorde ingen ting for å avverga opptrappinga av krigen i Ukraina. Tvert om.

    Den same ministeren torer heller ikkje overlata spørsmålet om svensk NATO-medlemskap til ei folkerøysting. Svaret kunne bli nei?

    Svar
    • Selmer Henderson
      10 august 2022 10:50

      For noen måneders siden kjørte Russland en propaganda kampanje i Russiske nyheter hvor Sverige ble fremstilt som Nazistisk og med hint om at de også trengte «av nazifisering» på lik linje mer Ukraina.

      Svar
  • You ought to be a part of a contest for one of the highest quality blogs online. Im going to recommend this website!

    Svar
  • FRIHET NAA!!!
    10 august 2022 10:47

    Mektige krefter med enorm innflytelse i verden ØNSKER å starte WW3 med Kina or Russland, de samme folkene ønsker også å redusere befolkningen i verden til 500 millioner…

    Svar
  • Det som er rart med denne diskusjonen er at vi evner ikke å veksle det som skjer ute med det som skjer inne.Når hele samfunnsstrukturer er byggd på herrer og tjenere prinsippet,når vikke evner å se at hele vårt samfunn er byggd på små og store pyramidelignende strukturer hvor toppen av pyramiden skor seg på tjenestene til de som trinnvis har kloret og kjempet seg til en plass i sola ved å finne sin plass på karrierestigen.Og nederst,der finnes de som burde väre överst,de som desverre ikke ennå forstår at det er de som er den reelle makten.Ett symbol i form av en pyramide som skal gi folk en oppfatning av hvordan makt er organisert burde bli snudd på hodet,så folk letter forsto hvorda samfunn burde drives.
    Alle maktallianser som Stat,Eu,FN og Nato livnärer seg ved å ta fra andre for å berike seg selv.
    Når denne bevisstheten og kunnskapen sniker seg inn i folks hoder,når de finner ut at de har ofret sine liv på egoismens og antihumanismens alter til fordel for seg selv og ikke fellesskapet,da vil de finne det jeg oppfatter som Gud,en gud som er summen av oss alle.Det er det jo forsåvidt idag også,vi menneskene isammen bestemmer vår egen skjebne,men desverre finner vi ikke frem til noe universielt,det er altfor mange slanger i vårt paradis.
    Vi dreper jo skadedyr,det er helt ok,ja altså,vi dreper de firbente skadedyrene,ja de som flyr og svömmer også,vi dreper tobente også,men bare de som ikke lar seg utnytte,de som er så frekke å ikke underkaste seg vår glupskhet på annen manns eiendom og ressurser.Slangene blant oss hisser oss opp i fistel og raseri over fiktive historier om disse «undermenneskene» som ikke vil la seg hjelpe av oss de barmhjertige.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Tidligere sjefsrådgiver for Pfizer:

Hvorfor massevaksinere når en ikke aner hvilke uønskete effekter som kan komme?

Previous Post

Strømprisene

Ikke mer lureri: Gå til roten av ondet: Si opp Acer og kutt kablene!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.