POSTED IN Helse, Økonomi

Narrespelet held fram.

Det er økonomien som er krisa, ikkje eit virus.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

av Gunnar Sortland

Den 12. mars gjekk globalistregjeringa til Erna Solberg til særs drastiske tiltak for å stanse koronasmitten. Dette har kosta det norske samfunnet svært dyrt økonomisk. 

Fleire hundretusen er permitterte eller sagt opp, barnehagar og skular er stengde, også høgskular og universitet. Mange yrkesgrupper er fråtekne moglegheiter til å utøve yrket sitt, t.d. frisørar, fotterapeutar og psykologar. Idrettsarrangement blei forbudt til liks med m.a. konsertar.

Vi må attende til 2. verdskrig for å finne ein liknande situasjon.

Bevegelsesfriheten har vært mindre nå enn under 2. verdenskrig

Regjeringa la heile tida vekt på at alle restriksjonane var i samsvar med helsestyresmaktene sine tilrådingar. Men no er Erna tatt på fersken med trusa nede på knea. For no viser det seg at Erna har halde heile det norske folket for narr.

Folkehelseinstituttet (FHI) har slett ikkje kome med råd om stenging av barnehagar og skular, då dette ville ha fleire negative verknader, og ha lite å seie for smittebekjemping.

Mest alle land i verda har nytta liknande verkemiddel som ikkje verkar.

Så spørsmålet må bli: Kvifor har Erna og andre statsleiarar gjennomført denne galskapen?

Før korona var det tydelege teikn på at verdsøkonomien var i ferd med å brotne saman. Så korona kom nærast som bestilt, slik at den fekk skulda for samanbrotet. Krisa hadde kome uansett, men tiltaka forsterka ho. Og no kan mainstream media (MSM) forklare at årsaka til krisa er eit VIRUS.

Genialt. Slik kan styresmaktene unngå streik og andre aksjonar. For å få 100% kontroll har media, med NRK i spissen, skremt livskiten av folk. Med prognosar som antyder at fleire hundre tusen nordmenn kunne stryke med, at viruset var dobbelt så smittsamt som andre virus og fem gongar så skadeleg (dødeleg).

Ikkje er noko meir skadelig enn å halde seg inne. Å vere ute med andre er det beste.

Dei daglege sendingane i NRK har i timesvis fortalt om død, død og atter død verda over. Eg tippar kringkastingssjefen og dei fleste redaktørane har innprenta at denne pandemien skulle takast på djupaste alvor. Slikt oppstyr som no over virusepidemiar har aldri før skjedd, endå ein har hatt minst like mange dødsfall dei siste åra.

Så, kven har gitt råd (ordre) om å skremme vitet av folk? Mange av statsleiarane og dei toneangivande multimilliardærane har lenge ytra ynskje om ei verdsregjering på bekostning av nasjonalstatar.

Dei sameinte nasjonane, SN (FN), har staka ut 17 berekraftige mål, kalla agenda 2030. Ein skal få bukt med svolten i verda, alle skal få utdanning, miljø og klima skal ivaretakast. Men med lita skrift står det at skal måla nåast må ein ta i bruk offentleg-privat samarbeid. Dette ser vi allereie Ernaregimet har byrja å praktisere, blant anna då ho nyss tok initiativ til å samle inn 85 milliardar kroner til smittevernarbeidet. Alle dei private organisasjonane som får støtta har Bill Gates eigarinteresser i. Noreg er den desidert største givaren, med heile 13 milliardar kr. Kor er opposisjonen?

Viss ikkje folk no vaknar opp og ser kva som skjer, så vil dei få ei ubehageleg overrasking om få år. Alt som kan privatiserast blir privatisert – skular, barnehagar, sjukehus, sjukeheimar, vassverk, elektrisitet, for å nemne noko. Dette kjem til å bli djevla dyrt for folk flest.

Kvifor trur du at kronprins Haakon og fleire ministrar går med «dyrets merke» på jakkeslaget no?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • «Med prognosar som antyder at fleire hundre tusen nordmenn kunne stryke med, at viruset var dobbelt så smittsamt som andre virus og fem gongar så skadeleg (dødeleg).»

    Men ALDRI sammenliknet med siste 2-3 års virus-syke/døde!
    Og slikt godtar vi å bli skremt av ! ? Uten selv å tenke, uten å bruke matematikk.
    Hva blir det neste (politiske) grepet som skal få oss til å godta alle slags restriksjoner ?
    Følg med, følg med. Le eller gråt i denne tragikomedien.

    ‘ Hun viser til en ny risikovurdering som ble lagt fram torsdag kveld. Der kommer det fram at smittetallet (R) trolig allerede hadde sunket fra 3,1 til rundt 1,1 da de mest omfattende tiltakene i fredstid ble iverksatt 12. mars. ‘
    https://www.nettavisen.no/nyheter/fhi-smitten-var-pa-retur-allerede-for-12-mars/3423964903.html

    Svar
  • Det er ikke tilfeldig at NRK, de verste av de verste i medieverdenen med sin særegne miks av kos og propaganda, nå kjører på med sak etter sak om «konspirasjonsteorier». Venstresiden, den såkalte, har kapitulert fullstendig dessverre. Det baner veien for mer høyrepopulisme og fascisme. Som selvsagt ikke er noe bedre enn nyliberalistene som styrer nå.

    Svar
  • Bjørnar Bolsøy
    10 mai 2020 22:28

    «Mest alle land i verda har nytta liknande verkemiddel som ikkje verkar.»

    Problemet er jo at det virker. Kurven flater ut. Akkurat som under Spanskesyken. Det store spørsmålet er hva som hadde skjedd om tiltakene ikke hadde blitt gjort. Det blir opp til analytikerne å finne ut av, når man i ettertid kan sammenligne erfaringer og resultater fra ulike land.

    Svar
  • Ja,interessant dette. Disse såkalte «bærekraftige målene» skaper et inntrykk av å være gode ting mens i virkeligheten er det nok en annen agenda bak disse «målene». Privatisering er definitivt et stikkord her. Makt og kontroll betyr alt for noen og Coronaviruset kan være et hjelpemiddel i så måte. De som representerer det positive på denne planeten bruker det sannsynligvis også i sin agenda for å få til et regimeskifte på denne planeten.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Intervju av to US-veteraner:

Vi skapte «terrorister» gjennom oppførselen vår.

Forrige innlegg

Midt-Østen:

Økende spenning mellom USA og Saudi-Arabia.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.