POSTED IN Historie

Rask politisk kursendring:

Politisk overkjøring.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Stalin i stemmeskifte

Av Hans Olav Brendberg

Politikk handlar om å gjera vegval, om å gjera ønske om til røyndom, om å gjera tankar og haldningar om til konkrete tiltak. Det er ikkje nok å ha ein politikk – du må ha på plass folka og organisasjonen som skal gjennomføra politikken. Tilgangen på folk som kan gjera noko meiningsfullt er ein kritisk flaskehals. Men om ei politisk line havarerer, kan gårsdagens apparat bli ein hemsko og eit heft.

I 1932 fann dei kloke hovuda i Kreml ut at Weimarrepublikken song på siste verset, og at sovjetisk diplomati måtte ha som mål å sikra kollektiv tryggleik for å demma opp for det komande Hitler-regimet. Ein av tinga utanriksminister Litvinov gjorde i samband med dette, var å utnemna Ivan Maisky til ambassadør i London.

Frå 1932 til 1943 var Maisky kontaktpunktet mellom den britiske staten og Sovjetunionen – og Maisky var spydspissen i Sovjetunionens forsøk på å byggja kollektiv tryggleik. Eg les for tidas Maiskys dagbok, som gjev eit fantastisk utsiktspunkt mot dette forsøket, som til sjuande og sist enda i fiasko.

Sovjetunionens forsøk på å laga felles front mot Hitler-Tyskland havarerte, og årsakene til havariet var å finna i London. Gong etter gong freista ein ta avgjerande steg i retning eit forpliktande samarbeid, som td. den fransk-sovjetiske pakta i 1935. Men alle forsøka på brubyggjing enda med at brua var litt for kort til å nå heilt over kløfta som skilde Sovjetunionen frå vestmaktene.

Den spanske borgarkrigen var eitt av sjakktrekka Hitler sette inn for å undergrava vestleg samhald. Med kuppet mot folkefrontregjeringa skaut han fleire fuglar med eitt skot: Isolering av Frankrike, forsterka kløyving av dei anti-tyske kreftene i Storbritannia, forsterking av alliansen med Italia.

Difor intervenerte også Sovjetunionen i Spania, for å freista hindra fascistisk siger. Ein av dei som vart sendt til Spania var Mikael Koltsov (Kharkov i Hemingways «Klokkene ringer for deg»). Koltsov var Pravdas korrespondent i Spania, og NKVDs sentrale offiser i landet.

Mikael Koltsov

Koltsov hadde bakgrunn som ein av dei mest kjende journalistane i Sovjetunionen, og vart – ikkje utan grunn – oppfatta som Stalins stemme i Madrid. Han var ein av fleire leiande personlegdomar i Sovjetunionen som vart sterkt identifisert med trettitalets innsats for «kollektiv tryggleik», saman med folk som Litvinov og Maisky.

Politikk handlar ikkje berre om prat. Før eller seinare må prat gå over til handling – elles må ein velja noko anna. Det er mykje prisverdig å peika på i Sovjetunionens politikk for kollektiv tryggleik. Men han førte ikkje fram. Då kalenderen synte 1938, hadde «kollektiv tryggleik» vorte tomt prat, ikkje eit program med knyttneve bak. Ein fårleg politikk for leiarane i Kreml. Det var snart på tide å kappa av vakaren, om ein skulle unngå å bli med ned når bruket sokk.

Tsjekkoslovakiakrisa var siste sjanse. Mikhail Koltsov oppheldt seg ved den sovjetiske legasjonen i Praha saman med den britiske journalisten Claud Cockburn då krisa nådde det avgjerande punktet. Koltsov vart framleis oppfatta som Stalins stemme – både av tsjekkarane, og av den sovjetiske ambassadøren i Praha. Ambassadøren vart kalt inn til president Benes. Då han kom tilbake, fortalde han at Benes hadde stilt to spørsmål.

Først hadde Benes stilt dette spørsmålet: «Om Folkeforbundet bed om organisert motstand mot Hitler – vil Sovjetunionen delta?» Ambassadøren svara ja på dette spørsmålet.

Beneš gjekk vidare. «Men sett at Folkeforbundet er handlingslamma. Om den franske og britiske regjeringa bed om organisert motstand, vil Sovjetunionen i tilfelle bidra?» Ambassadøren svara ja også på dette spørsmålet.

Da Chamberlain svikta Tsjekkoslovakia og overga landet til Hitler med ordene: «Fred i vår tid». Det var det motsatte som skjedde.

Ambassadøren venta så ei stund, og foreslo so at det sikkert var eit tredje spørsmål som presidenten ønskte å stilla. Poenget var at om ogso Frankrike og Storbritannia svikta, kunne presidenten då lita på at Sovjetunionen likevel ville hjelpa? Ambassadøren hadde fullmakt til å svara ja på dette spørsmålet ogso. Men Beneš sa ikkje noko, og ambassadøren måtte dra dei slutningane som følgde frå denne togna.

Då ambassadøren kom tilbake til legasjonen, var stemninga deprimerande. Ordrar vart gjeve om at dei sovjetiske flystyrkane skulle returnera til Ukraina. Alt var slutt.

Og so, når alle var i ferd med å bryta opp, kom det hastebod frå presidenten. Presidenten bad ambassadøren sikra seg frå Moskva ei eksakt, oppdatert verifisering av kor raskt sovjetisk luftmakt kunne setjast inn på tsjekkiske flybasar.

Koltsov, som var til stades i rommet der ambassadøren mottok bodet, sprang ut til dei andre og dansa i fryd. «Det vil ordna seg! Kampen er i gang»!»

Ambassadøren hadde lova å innhenta naudsynt informasjon i løpet av ein time, og so gje denne til presidenten på presidentpalasset. Men då ambassadøren kom til presidentpalasset, fekk han ikkje møta presidenten. Noko hadde kome i vegen. Det vart ikkje nokon kamp.

Claud Cockburn

Etterpå sette Koltsov og Cockburn seg ved eit kafébord. Cockburn hadde det travelt – han måtte rekka ein bank og veksla pund til tsjekkisk valuta – han skulle ta siste fly til Geneve, og måtte betala hotellrekning og flybillett. Men Koltzov bad han bli sitjande – han hadde rikeleg med tsjekkisk valuta, og kunne veksla i pund. So la han nølande til: Men sjølvsagt – dette kan jo bli dauden min.

«Korleis det», spurde Cockburn.Koltsov vart sitjande med albogane på bordet lenge, som om han drøymde.

Så byrja han eit skodespel, der han sjølv spela alle rollene. Han var Koltsov, han var aktor, og han var domar i tribunalet.

«Nektar du, borgar Koltsov, for at du i Praha på den aktuelle dagen fekk britiske pund frå den velkjende britiske etteretningsagenten Cockburn? Nektar du for at du gav den same agenten tilgang til den sovjetiske legasjonen? Nektar du for at du disktuterte med han dei militære disposisjonane til Sovjetunionen, inkludert operasjonane til flya som var utstasjonert i Praha?»

Og Koltsov forandra so personlegdom, og vart domaren som gjentok desse spørsmåla til tiltalte.Og så var han igjen Koltsov, som sa: Slik kan det henda det det blir.

Så prata dei vidare om andre ting, før dei braut opp og reiste vidare. Cockburn til Geneve, Koltsov til Moskva.

Når politikken gjør en U-sving er det noen som faller av

Koltsov hadde rett: Stalin var i stemmeskifte. Medan det å vera «Stalins stemme» gav makt, var det ikkje plass til rolla som «Stalins gamle stemme.

Koltsov vart arrestert rett etter Münchenavtalen. I januar 1940 var han på ei liste med 346 «fiendar av folket» som Beria sende til politbyrået. Lista vart godkjent, og Koltsov avretta.

I mai 1939 vart Litvinov avløyst av Molotov som utanriksminister. Stalin tala med ein ny stemme. I løpet av tre månader greidde Molotov å levera det Litviniov ikkje hadde klart på seks år: Ein bindande avtale. Dei som hadde trudd på Stalins stemme på trettitalet, kjende ikkje att den nye stemma.

Men det var framleis Stalins stemme.

Knut Lindtner har lagt til bilder m/kommentarer

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • ­­­R­e­­­g­­­i­­s­t­r­­­e­r d­­­e­g o­g k­­­l­a­s­­s­­­i­f­­i­­­s­­e­­r m­­­i­n u­n­­­g­­­e s­­­e­­­x­y f­i­t­­t­­e ­­­-­­­ http://photo0519162.e17.club

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Stortingets justiskomite:

Slutt på inngifte

Forrige innlegg

Problemet er ikke Korona:

Det er nedstengningstiltakene som dreper flest.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.