POSTED IN Terrorisme, Ytringsfrihet

Når myndighetene mister kontroll over det som blir fortalt.

Da må lovverket brukes til å innskrenke ytringsfriheten.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Den britiske regjeringa skal gjere uavhengige media ulovlege under ny terrorismelov

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Vi ser i våre tider fleire og fleire døme på at når den rådande makta vil forby ei i utgangspunktet lovleg handling, so endrar dei tydinga og definisjonen av ord for å kunne forby nemnde handling. Den britiske regjeringa er i ferd med å utvide definisjonen på «terrorisme» ved å inkludere innhald produsert av uavhengige medieformidlarar som avslører korrupsjon innåt i regjeringa. Dette melder The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

«Eit lovforslag presentert av Communities Secretary Michael Gove er del av fortroppen av ein kampanje som vil gjere ‘underminering av britiske verdiar’ til ei straffbar handling i Storbritannia.

ReclaimTheNet.org rapporterer: Sannsynlegvis med føremål om å dekkje alle politiske og ideologiske basar, nemner Gove både ‘islamistar’ og ‘høgreekstreme’ organisasjonar og deira skadelege aktivitetar som glir under radaren, sidan grunnen er at den noverande forståinga av ekstremisme er ‘for smal’.

Men der ser ikkje ut til å vere konsensus om dette i det amerikanske kabinettet, der enkelte ministrar uttrykkjer frykt for at mange grupper som tek ein ståstad rundt fleire tema – slik som dei som er motstandarar mot nedstengingar, religiøse organisasjonar som er mot abort, homofilt ekteskap, transkvinner på stader meint for same kjønnet, ‘radikale’ studentgrupper, etc. – kan bli fanga opp i dette utvida ‘definisjonsgarnet’.

Det er ikke bare handlinger som skal være ulovlig, men meninger. Foto: iStock

Problemet med dette er at desse gruppene no opererer lovleg, ifølgje Equality Act 2010.

Og dersom definisjonen òg blir gjort mogleg å handheve, kan sjølv politiske parti, slik som Det skotske nasjonalpartiet, ende opp på feil side av dei nye reglane, seier reportasjar.

Akkurat no er ekstremisme i Storbritannia definert (sidan 2011) som ‘uttala eller aktiv opposisjon mot fundamentale britiske verdiar, inkludert demokrati, lover og reglar, individuell fridom og gjensidig respekt og toleranse for ulike truer og synspunkt.’

Denne definisjonen er ikkje ei vedtekt, som tydar at den effektiv hindrar berre regjeringa og andre administrative organ frå å arbeide med eller finansiere slike grupper.

Men Gove ønskjer å ‘fikse’ dette ved å gjere den vidare definisjonen til ei vedtekt.

For å oppnå dette kjem den noverande paragrafen til å få dette tillegget:

‘Fremjinga eller framsetjinga av kvar ein ideologi som har som mål å ta over eller underminere Storbritannia sitt system av parlamentært demokrati, deira institusjonar eller verdiar; eller truge rettane til individ eller skape eit tillatande miljø for radikalisering, hatkriminalitet og terrorisme.’

Heller enn berre ‘vidare’, kan dette lesast som regelrett og bekymringsverdig vagt.

Og når nokon politiske representantar, blant dei parlamentsmedlemmer, prøver å finne hovud og hale på sjølve konseptet ‘britiske verdiar’, blir det klart at dilemmaet ved å definere slike ting på ein måte som er akseptabel for alle, blir eit umogleg oppdrag.

‘Kva tydar det eigentleg å underminere britiske verdiar når der ikkje finst nokon konsensus – og iallfall ingen juridisk definisjon – av kva desse verdiane er?’ oppsummerte parlamentsmedlem Miriam Gates.»

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Everything you need to know about the so-called presidential elections of the Russian Federation

    In Dzerzhynsk, Nizhny Novgorod region, members of the election commission throw out the «correct» ballots after the polling station closes.

    Video could be added here but no possibility to show it here.

    – – –

    BESKJED TIL Andre K:

    Når du kommer med noe du har kopiert fra en en eller annen kilde, legg også ved link til den kilden du siterer fra.

    Og videre, bare å poste sitater uten at du selv skriver noe selv, er ikke en bra måte å debattere på.

    Redaksjonen

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Derimot.no var i Mariupol. Her er intervjuer av tilfeldige vi møtte:

«Det viktigste er at vi er hjemme!»

Forrige innlegg

Norske myndigheter slipper USA til over hele landet.

Ørlandet flystasjon blir nå russisk atombombemål.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.