Video: Capitol Hill-fiaskoen 2021
Global Research, 09. januar, 2021
Det undrar meg stadig vekk at menn og kvinner trur på alt som korporasjonsmedia fortel dei, sjølv etter at vi har sett at dei utan tvil har loge for oss i over 50 år om morda på president John F. Kennedy, dr. Martin Luther King og Robert F. Kennedy, og om hendingane den 11. september, 2001.
Den såkalla «Storminga av Capitol» den 6. januar, 2021, synest uforståeleg: det er berre ikkje mogleg at ein protest-gjeng skal kunne springe inn i parlamentsbygget med mindre dei med vilje har fått lov til det. Bilete frå hendinga viser alle teikn til drama: skodespel frå ei scene (og ikkje spesielt overbevisande skodespel, heller). Men kva med den fatale nedskytinga av ein såkalla protest-makar?



Lat oss ta ein kik på bileta og dei svært alvorlege spørsmåla som dei reiser. Desse spørsmåla blir ikkje stilte i det heile av korporasjonsmedia eller regjeringa.
Men trass desse openbert mistenkelegege fakta, er det ein tung psykologisk motvilje mot å erkjenne moglegheita av at media (så vel som mennene og kvinnene som sit i regjeringskontora) lyg oss rett opp i andleta. Det er mykje mindre truande å tru på media, heller enn å tru våre eigne auge.
Ver så snille og sjå videoen min, The Capital Hill Fiasco, og tenk over desse viktige spørsmåla.
[https://vimeo.com/498496682]Viktig merknad:
Berre nokre få timar etter at denne videoen vart publisert, dukka den venlege sensuren opp i form av ein e-post frå Google/YouTube som informerte meg om at videoen min hadde blitt tatt av lufta for «innhald med vondarta plaging», saman med ei teikning av ein dommar som bles i ei fløyte:
Den følgande linken til YouTube er ikkje lenger aktiv:
“The Capitol Hill Fiasco 2021,
[https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/56bf81eef85082335f62c6c7/1610148142578-JF7I79D74O30JYLRQEP5/ke17ZwdGBToddI8pDm48kMVuQqta9v-VsmS1Jw19CflZw-zPPgdn4jUwVcJE1ZvWQUxwkmyExglNqGp0IvTJZUJFbgE-7XRK3dMEBRBhUpw5Mplo9yO8wzUs5VRTXsxcfrrL2tjRchK7DrddUE_cPW4BDxDhoY2AiP7KZ_ioVsU/youtube+bullying+07.png?format=1500w]Dei fjerna også videoen, saman med mange positive kommentarar frå sjåarar rundt om i verda, og ei stund viste skjermen, der videoen før hadde vore, at denne videoen hadde blitt fjerna på grunn av «plaging og cybermobbing» (“harassment and cyberbullying”).



Som du ser av innhaldet i e-posten deira, har desse tilsynsfolka for kva innhald som kan tillatast offentleggjering inkludert den nedlatande trøystande ytringa: «Vi veit at dette kan vere skuffande, men det er viktig for oss at YouTube er ein trygg stad for alle.»
«Skuffande» er ikkje det korrekte ordet for det som skjer her.
Denne videoen gir ein analyse av ei ekstremt viktig hending som har innverknad på alle i USA og som er av interesse for alle i verda (sidan åtferda til USA påverkar menn og kvinner i mange andre nasjonar). At Google og dei personane dei kallar «teamet vårt» skal erklære at denne analysen «bryt med retningslinjene våre» og ta på seg oppgåva med å sensurere den, er urimeleg.
Eg har sidan lasta opp videoen til ein annan plattform som ikkje er kontrollert av Google, og som du kan sjå av videoen, kan den ikkje på nokon måte seiast å vere plagande eller mobbande. Faktisk er det på slutten av videoen ein referanse til Mahatma Gandhi og hans ikkje-valdsstrategi.
Som respons til denne sensuren la eg inn ein protest (YouTube kallar det nedlatande for ein «appell»/anke), som eg har gjengitt nedanfor (berre 800 teikn lov):
[https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/56bf81eef85082335f62c6c7/1610148226885-SJUMLGZ965N0SYBQVSUM/ke17ZwdGBToddI8pDm48kMVuQqta9v-VsmS1Jw19CflZw-zPPgdn4jUwVcJE1ZvWQUxwkmyExglNqGp0IvTJZUJFbgE-7XRK3dMEBRBhUpw5Mplo9yO8wzUs5VRTXsxcfrrL2tjRchK7DrddUE_cPW4BDxDhoY2AiP7KZ_ioVsU/youtube+bullying+08.png?format=1500w]Før den vart tatt ned, vart videoen sett av ca 258 stykker, og hadde fått 43 «likes» og rundt 16 kommentarar.
Takk til dei som likte og kommenterte og delte, før innhaldet vart sensurert i eit brot på den umistelege retten som vart formulert som første tillegg til Bill of Rights (First Amendment), men som openbert tilhøyrer alle menn og kvinner overalt sjølv om smålege tyrannar gjer usle forsøk på å kneble den retten til talefridom og pressefridom.



Legg merke til korleis villeidde personar ofte rusar til ved dette punktet for å argumentere om at «private korporasjonar kan gjere som dei vil; First Amendment legg berre restriksjonar på den føderale regjeringa i USA.»
Det er usant og misforstått.
Google og YouTube kan berre eksistere i den noverande forma og forretningsmodellen dei har gjennom bruken av det elektromagnetiske spekteret, som er i naturgåve (eller ei gudegåve, som dei ville sett det før i tida), mykje likt elvene og hamnene og hava og jorda.
Det elektromagnetiske spekteret er ikkje kreasjonen til nokon mann eller noka kvinne, like lite som havet, solstrålane eller oljen under jorda er det. Det tilhøyrer den offentlege sfæren, nasjonens folk (dei som av gudane får lov til å bli fødde inn i den nasjonen), og derfor har selskap som Google og YouTube lov til å bruke spekteret til beste for folket (det er derfor regjeringa, som er meint å representere folket, i eit demokrati, tildeler frekvensband frå spekteret, og det er rett og riktig).
Derfor har ikkje Google og YouTube nokon sjølvsagt rett til å «gjere som dei vil» med den bandbreidden dei har fått låne av folket eller folkets representative regjering.
Det er nært beslekta med bankane, som er strikt kontrollerte av regjeringa, for som alle som har sett seg inn i saka har forstått, er bankane gitt eit særskilt privilegium innan pengeforvaltning – eit privilegium som regjeringa har «lånt» dei, for slik makt eig berre representantane for folket. Dersom bankane misbruker eller forbryt seg mot privilegiet sitt, blir det tatt ifrå dei. Google og YouTube sine privilegium skulle ha vore tatt ifrå dei for lenge sidan, saman med andre misbrukarar av umistelege rettar gitt til alle menn og kvinner – rettar som det er regjeringa si første plikt til å verne om og bevare.
[https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/56bf81eef85082335f62c6c7/1610148335199-FJ1PWB9O20UPQCTQU93G/ke17ZwdGBToddI8pDm48kMVuQqta9v-VsmS1Jw19CflZw-zPPgdn4jUwVcJE1ZvWQUxwkmyExglNqGp0IvTJZUJFbgE-7XRK3dMEBRBhUpw5Mplo9yO8wzUs5VRTXsxcfrrL2tjRchK7DrddUE_cPW4BDxDhoY2AiP7KZ_ioVsU/youtube+bullying+05b.png?format=1500w]David W. Mathisen har skrive åtte bøker om diverse stjernemytar. Han er utdanna ved West Point og har mastergrad i litteratur frå Texas A&M University. Han driv nettsida www.starmythworld.com.
Fritt omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 098 ganger.
3 kommentarer. Leave new
De har tydeligvis klart å fjerne den siste pekeren til videoen også. Noen må ha det travelt..
Den ligger fortsatt på bitchute.com
Det ligger mange videoer ute som feks viser sammenrasingen av WTC7 Legg merke til at de øverste videoene som har WTC7 som tema er produsert av NIST. Her gis det falske opplysninger mht til årsaken til kollapsen. Alle vet nå at tårnet ble spreng ned, og dette var en slags false flag operation. Det samme gjelder sannsynligvis tvillingtårnene også. Dette er nå bevist. Alasakarapporten, University of Fairbanks mm. Men spørsmålet er om Youtube vil fjerne videoene som viser at WTC7 ble sprengt ned, på samme måte som sensuren har lagt seg over Capitol-hendelsen. Dette er uansett ikke annet enn meget skrekkelig. Vi ser en meget farlig utvikling på mange fronter.