POSTED IN Israel, Virkelighetsforståelse

Når en føler seg overlegen

Storhetsfølelse går alltid utover noen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Supremasisme fører uunngåeleg til kriminalitet

av Thierry Meyssan

På berre nokre månadar kollapsa Israel, som har hatt ein lang og motsetningsfylt tradisjon, både demokratisk og kriminell. Landets grunnleggande lover vart endra, og statsministeren har, med Det muslimske brorskapets medverknad, organisert eit blodig påskott til å likvidere det palestinske folket. Sidan har den israelske herskande klassen vore gripen av ein slags supremasistisk* galskap. Alt dei snakkar om er å utrydde Hamas og tvangsflytte folket på Gaza. Rett framfor auga våre skjer det eit folkemord, direktesendt på sosiale nettverk.

(Supermasisme betyr å føle seg overlegen alle andre i autoritet, makt og status. red.))

Alle sitata i denne artikkelen vart skrivne eller uttalte under dei siste to månadane.

Vi veit alle at supremasistiske ideologiar medfører uhøyrde massakrar. Dei siste åra har vi opplevd Hutumaktas folkemord på Tutsiane og IS sitt på Jesidiane. I begge tilfelle handla det ikkje om å bi kvitt politiske opponentar, men om å fysisk eliminere ei folkegruppe ein ser på som ikkje-menneskeleg.

I løpet av dei siste to månadane har mange prominente israelarar jamstilt alle palestinarar med brotsverka til Hamas, og vist sin forakt for folket som heilskap. Forsvarsminister Yoav Gallant har kalla dei «menneskedyr». Fleire har konkludert med at krigen må vere «total».

Nokre døme:

• Parlamentarikaren Nissim Vaturi (Likud), visepresident for Knesset, skreiv på X: «Alt dette sytet om Gazas tilgang på internett, viser at vi ikkje har lært noko som helst. Vi er altfor humane (…) Brenn Gaza no, ingenting mindre! Slepp ikkje inn drivstoff, slepp ikkje inn vatn før gislane er tilbake!

Bezalel Smotrich

• Finansminister Bezalel Smotrich sa: «Vi er svært glade for returen til dei frigitte gislane, men no har idéen om våpenkvile vunne innpass. Å gå med på å stoppe [krigen] noko meir, ville vere eit forferdeleg mistak som berre viser svakheit (…) Vi må bryte alle band og forhandlingar med Hamas og mellommennene og berre sjå på fienden gjennom riflesiktet».
• Ministeren for kulturarv, Amichai Eliyahu, fortalde Radio Kol Berama at Israel vurderte å bruke atomvåpen på Gaza: «Det er ei løysing … det er eit alternativ». Han samanlikna deretter innbyggarane i Gaza med «Nazistar», og forsikra om at «det finst ingen ikkje-stridande i Gaza» og at territoriet ikkje fortener humanitær støtte. «Det finst ikkje folk i Gaza som ikkje er involverte».

På dette ideologiske grunnlaget snakka visse israelske og europeiske leiarar – altså tilhengarar av ukrainaren Vladimir Jabotinski (1880-1940) – først om «draumen» til dei «revisjonistiske sionistane»: å tvangsfordrive eller massakrere alle palestinarar.

Her er korleis brotsverket vart førebudd:

• Parlamentsmedlem Eliyahu Revivo (Likud) skreiv til nomenklaturkomité for stadsnamn at dei skulle iverksette at ordet Gaza ikkje lenger skulle vere nokon plass eller finnast på noko skilt. Han seier: «Det er ikkje tvil om at namnet ’Gaza’ umiddelbart gir negative og vondskapsfulle assosiasjonar».
• Den 13. oktober skreiv etterretningsministeren, Gila Gamliel, ei melding til koalisjonsregjeringa (på det tidspunktet hadde ingen opposisjonsminister kome inn i regjeringa) med tittelen Alternativ til eit politisk direktiv for sivilbefolkninga i Gaza. Der tilrådde ho å utvise dei 2,2 millionane innbyggarar i Gaza til den egyptiske Sinai-ørkenen [1]. Då det vartlekka den 29. oktober, forsikra statsministerens kontor utlandske journalistar om at Gila Gamliel var ein uviktig minister som ville skrive kva som helst for å få pressedekning.
• Ein personleg ven av statsministeren, Amir Weitman, skreiv ein rapport for Instituttet for nasjonal Sikkerheit og sionistisk strategi, med tittelen Plan for gjenbusetting og definitiv rehabilitering i Egypt for heile folket i Gaza: økonomiske aspekt [2]. I denne estimerer han kostnadane ved å tvangsflytte befolkninga i Gaza til Sinai til rundt 8 milliardar dollar. Denne Likudnik’en meiner og at Russland har eineansvaret for dei pågåande massakrane.

Giora Eiland

• General Giora Eiland, tidlegare nasjonal sikkerheitsrådgivar for Ariel Sharon, erklærte i slutten av oktober: «Gaza må bli ein plass der ingen menneske kan bu, og eg seier det som middel, og ikkje som mål. Eg seier det fordi det er den einaste måten å garantere sikkerheita til staten Israel på. Vi kjempar ein krig som truar sjølve eksistensen vår.
• Den 14. november publiserte to parlamentsmedlemmar, Danny Danon (Likud) og Ram Ben-Barak (Yesh Atid), ein artikkel i Wall Street Journal [3]. Der skreiv dei: «Europa har ei lang historie med å hjelpe folk som flyktar frå konflikt (…) Det internasjonale storsamfunnet kan samarbeide om å tilby eingongsfinansiering av støtteprogram for Gaza-innbyggarar som er interesserte i å flytte. Dei kan hjelpe til med flytteutgifter og integrasjon. Alt vi treng, er at ei handfull nasjonar deler på ansvaret med å ta imot Gaza-innbyggarar. Om desse landa ville ta imot berre 10 000 kvar, ville det hjelpe til med å lette krisa.
• Presidenten for Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, vitja Kairo den 18. november. Ho prøvde først å overtale Egypt til å opne grensa si og gi asyl til dei 2,2 millionar Gaza-innbyggarane. Deretter, då president Al-Sissi nekta, føreslo ho å sette opp ein gigantisk leir til å midlertidig huse gazanarane i Sinai, medan det vart ordna med overføring til andre land, inkludert Tyskland og Frankrike.
• Den 19. november returnerer Gila Gamliel på banen med ein kronikk i Jerusalem Post [4], der ho skriv: «Einskilde verdsleiarar diskuterer allereie eit globalt program for å busette flyktingar og seier dei ønsker gazanarar velkomen i sine land. Dette kunne bli støtta av mange land rundt om i verda, særleg dei som hevdar dei er vener av palestinarane (…) Vi lyt prøve noko nytt, og vi oppfordrar det internasjonale samfunnet til å hjelpe til med å få det til å skje. Det kan bli ei vinn-vinn-løysing: ein siger for Gazas sivile [sic] som er på jakt etter eit betre liv, og ein siger for den hebraiske staten etter denne øydeleggande tragedien».

Etter eit statskupp organiserte Benjamin Netanyahu saman med Det muslimske brorskapet operasjonen den 7. oktober. No prøver han å likvidere det palestinske folket.

Men bilda av massakren som har vore kringkasta på direkten på sosiale nettverk, har vekt indignasjon hos 95% av internett-brukarane. 20 000 palestinarar er drepne, om vi summerer opp lika som er funne og dei som er sakna, framleis under ruinane. Biden-administrasjonen, som leverer bombene som drep dei, har blitt tvinga til å hevde at dei legg press på den israelske regjeringa for at dei skal «vise tilbakehald». Ein retorikk som ikkje står i stil med gjerningane, for IDF har ikkje bomber på lager og Washington held fram med å levere dei. Men Joe Biden veit at presidentvalkampen i USA snart startar, og han vil til slutt bli tvinga til å stanse leveransane og dermed avslutte massakren på grunn av mangel på våpen. Israelske leiarar har difor kome fram til at palestinarane kan bli, og at dei må få utnemnt ei regjering som ikkje inneheld Hamas-folk.

To alternativ blir vurderte:

 Sette opp ein provisorisk internasjonal administrasjon, på FN-mandat
Men ingen stat er villig til å utplassere troppar med FNs blå hjelmar eller styre dei palestinske territoria.

 Danne ein palestinsk administrasjon
• Abbas-regjeringas eks-minister for sikkerheit, Mohamed Dahlan, som sit i eksil i Dei foreinte arabiske emirata, går runden i arabiske fjernsynsstudio.
Han er openbert ein kandidat til å leie eit «fornya palestinsk sjølvstyreområde» (sic). Han sendte varamannen sin frå «Den demokratiske reformblokka», Samir al-Mash’harawi, til å møte ein Hamas-delegasjon i Kairo. Dei kom fram til ein avtale.
• President Mahmoud Abbas er og kandidat til å følge seg sjølv. Men dei uklare haldningane hans til massakren gjer han mindre legitim no enn før massakren.

Dersom dei palestinske områda framleis vil finnast, er det mange israelske leiarar som ønsker å gradvis kolonisere dei.

Itamar Ben-Gvir

• Itamar Ben-Gvir, ministeren for den nasjonale sikkerheita, erklærte i eit intervju med den offentlege rasiokanalen Kan Sunday: «Etter at busettingane i Gush Katif vart evakuerte [i 2005], endra verda seg; røyndommen endra seg (…) Det vi treng her, er ein okkupasjon. Kvar gong fiendane våre har tapt territorium, har dei tapt krigen. Vi burde ha total kontroll; det ville avskrekke fiendane våre, la dei vite at vi har vunne og at vi tillet innbyggarane å vende heim. Eg er ikkje redd for at israelarane skal busette seg i Gaza.» 
• Yoav Kisch, utdanningsministeren, sa sa han ville utelukke eit scenario der han ville bygge opp att busettingar på Gazastripa. Det har blitt lagt fram eit lovforslag i Knesset om å gjenopprette israelarane sin rett til fulle rørslefridom på Gazastripa. Koalisjonsregjeringa har testa dette spørsmålet med fleire allierte statar. Det verkar som om dei uttrykker misnøye, men er uvillige til å bryte banda med «den jødiske staten».
• Bezalel Smotrich, finansministeren med ansvaret for siviladministrasjonen på Vestbreidda, krev at det blir oppretta sikkerheitssoner rundt settlarane på Vestbreidda. Denne strategien kan til slutt føre til at dei ekspanderer.

Openbert er det ikkje alle israelarar som støttar det blinde hatet til leiarane sine.

• Statsministerens kontor nektar å samarbeide med det militære teamet som har ansvaret for å reparere infrastrukturen. Teamet er under kommandoen til general Roni Numas, som har levert inn til Høgsterett ein petisjon mot «reformen» i landets grunnleggande lover, som han har kalla eit «statskupp».

Distel Atbaryan

• Informasjonsmministeren, Distel Atbaryan, gjekk av då hun nekta svelge fleire krenkingar. IDF held fram med å sensurere den israelske pressa i samband med krigen, også urelaterte politiske spørsmål.
• Statsministeren forbaud alle demonstrasjonar til støtte for sivilbefolkninga i Gaza.
Ein israelsk arabisk organisasjon, Adalah, og partiet Hadash tok saka til Høgsterett.
 Innbyggarar av Kafr Aqab, eit nabolag i aust-Jerusalem som den israelske regjeringa håpa å redusere til hovudstad for ein potensiell palestinsk stat, vart stengde inne etter klokka fem på kvelden.
• Sikkerheitsministeren, Itamar Ben-Gvir, angreip tre israelsk-arabiske dommarar. Etter hans syn, hadde dei ikkje kraftig nok fordømd Maisa Abdel-Had – ei skodespelarainne som hadde uttrykt solidaritet med folket som var kasta ut av aust-Jerusalem – eller ein gamal mann som hadde kritisert fengselsforholda til palestinske fangar; eller nekta å avsløre namnet på ein som var tiltalt for å vere pro-Hamas.
• Ein lærar, den jødiske pasifisten Meir Baruchin, vart arrestert og fengsla av Shin Bet for å ha publisert ein tweet der han lista opp namna på seks unge palestinarar, mellom 14 og 24 år, drepne i Gaza, med orda: «Dei vart fødde under okkpasjonen. Levde der heile sine liv. Dei kjende aldri ein einaste dag med fridom. Dei vart avretta av våre fantastiske gutar».
• Parlamentarikarane Aida Touma-Sliman (Hadash-Ta’al) og Iman Khatib-Yassin (United Arab List) vart suspenderte frå Knesset, og løna deira halden tilbake. Dei hadde observert at brotsverk som vart tilskrivne Hamas, eigentleg var utilsikta skadar påførte av IDF.

For å føre krigen sin, var naudregjeringa nøydd til å mobilisere nesten alle jødar (ikkje arabarar) i kampdyktig alder. Men statsminister Benjamin Netanyahu var redd for at nokre kunne gjere opprør og nekte å lyde kriminelle ordrar. Det var derfor han på førehand etablerte ein ny prosedyre for målutplukking for IDF. Tidlegare hadde staben problem med å trekke ut hundre mål om dagen. Dei måtte vise varsemd for å unngå utilsikta skadar. Frå no av er det ingen som vel ut måla – dei blir utvalde av programvare. Det er ikkje lenger eit menneskeleg ansvar, og dermed heller ingen å gjere ordrenekt mot. Maskina vel ut femhundre om dagen. Den informerer oss ikkje lenger om utilsikta skadar. Di mindre vi veit, dess betre fungerer det.

Det har nett blitt posta bilde på sosiale nettverk som viser palestinarar som IDF har arrestert. Desse mennene vart arresterte fordi dei var på feil stad på feil tidspunkt. Kanskje blanda ein Hamas-medlem seg med dei. Dei er i underkleda sine, utan sko, på knea under våpena som truar dei. Dei vart deretter førde til avhøyrssenter. Regjeringsadvokat Galia Baharav-Miara autoriserte at dei skulle haldast fengsla i 60 dagar utan tilgang til lege eller advokat. Etter 60 dagar vil det ikkje lenger vere mogleg å finne spor av tortur på dei.

Translation Monica Sortland

[1] «Alternatives to a political directive for the civilian population in Gaza» (in Hebrew), Note from the Ministry of Intelligence, October 13, 2023.

[2Plan for the resettlement and permanent rehabilitation in Egypt of the entire Gaza population (in Hebrew), Institute for National Security and Zionist Strategy, October 2023.

[3] «The West Should Welcome Gaza Refugees», Danny Danon, Wall Street Journal, November 14, 2023.

[4Victory is an opportunity for Israel in the midst of crisis, Gila Gamliel, Jerusalem Post, November 19, 2023.

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Gaza-folket mente terror-angrepets motsvar ville gi dem sympati. Og det fikk de – blant demonstrerende flyktninger bosatte i Europa og hylende kvinnemennesker fra vesten. Men det de i sin forblindede gudetro ikke tar inn over seg er at de som virkelig har makten i verden slett ikke har det fnugg av affinitet til verken «allah», «jahveh» eller «herren». For dem er dette en gedigen anledning til å tenne på hele Midt-Østen og kanskje once and for all bli kvitt religiøse eksesser som er et hinder for en global, ny verdensorden under en enhetlig FN-ledelse.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    14 januar 2024 11:26

    Midt i alt elendet var det herleg å sjå NRK-reportasjen i går frå ein fredens oase. Jødiske og palestinske born såg på kvarandre som menneske. At dei gjekk på same skule vart presentert som eit nyhende.

    Korleis er utdannings-systemet i Israel? Er de normalt at skular skil mellom jødar og palestinarar?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA trenger påskudd for krigen mot Iran.

Verden går svanger med terrorhandlinger.

Forrige innlegg

Mens en norsk fredsavtale i krigen mot Libya var i ferd med å ferdigstilles:

Vedtok den norske regjeringen å delta i bombekrigen mot Libya.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.