POSTED IN Jemen, Krig-fred

Nå står Jemen for tur.

Ledelsen i USA og UK vil ha kontinuerlig krig.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

USA og Storbritannia driv krig mot Jemen

VOLTAIRE NETWORK | 13. JANUAR 2024

I november starta den jemenittiske Ansar Allah-rørsla ein angrepskampanje mot israelske handelsskip og skip tilknytte israelske interesser i transitt i Raudehavet.

Den jemenittiske rørsla spesifiserte at angrepa ville halde fram heilt til Israel stoppa massakren på folket i Gaza. Då Vest-maktene uttrykte støtte til Israel, utvida Ansar Allah angrepa til dei landa sine skip – kinesiske og russiske handelsskip har aldri blitt angripne.

USA annonserte starten på Operasjon Prosperity Guardian, med ein ny internasjonal “koalisjon” som skulle forsvare Vestleg maritim trafikk i Raudehavet.

Frankrike og Spania, som i starten var med i “koalisjonen”, trekte seg seinare frå Operasjon Prosperity Guardian.

Den jemenittiske Ansar Allah-rørsla – nedlatande referert til som “Houthiar” eller “Hutistar” i Vesten, dvs. “al-Huthi-familiens gjeng” – organiserte denne veka ein gigantisk demonstrasjon til støtte for det palestinske folket. Følgande video viser eit utsnitt av det som Vesten kallar “al-Huthi-familiens gjeng”.

Dette er en gigantisk demonstrasjon. Video fra demonstrasjonen kan sees fra originalartikkelen.

Den 10. januar 2024 møttest FNs sikkerheitsråd for å diskutere saka, og dei fordømde alle angrep på handelsskip. Algerie, Kina, Mosambik og Russland avstod frå å røyste.

Men etter eit forslag frå Russland, spesifiserer Sikkerheitsrådets resolusjon at ein ikkje kan gjenopprette freden utan å adressere «dei grunnleggande årsakene, hovudsakleg konfliktane som fyrer opp under regionale spenningar og bidrar til å true den maritime sikkerheita.»

Neste dag, den 11. januar, gjennomførte USA og Storbritannia ein omfattande bombekampanje mot Jemen (73 luftangrep) og skal ha øydelagt eit dusin Ansar Allah-stillingar. Australia, Bahrain, Canada og Nederland deltok i bomberaida. Operasjonen vart styrt av general Michael Erik Kurilla, kommandant for US Forces for the Greater Middle East (CentCom).

Presidenten av USA, Joe Biden, annonserte at han hadde gitt ordre til bombinga mot Jemen med sikte på å beskytte «ein av dei viktigaste vassvegane i verda.»

Men FNs sikkerheitsråds resolusjon sanksjonerer ikkje noka form for militæraksjon. Tvert imot oppfordrar den til å styrke embargoen på våpenforsyningar til dei ulike jemenittiske fraksjonane,. Så operasjonen til USA og deira Vestlege partnarar ser ut som eit forsøk på å forlenge Gaza-konflikten.

Ifølge pressebyrået Reuters råka bombene mål rundt om i Jemen, hovudsakleg i hovudstaden Sanaa, i byane Saada og Dhamar og i guvernatet Hodeida.

Den jemenittiske Ansar Allah-rørsla har nett kome sigrande ut av ein vond, 9 år lang krig med Saudi-Arabia og Israel, med aktiv støtte frå Dei foreinte arabiske emirata. Etter 8 år under bombene, har jemenittane utan tvil lært seg å forsvare seg, og det er høgst usannsynleg at den anglosaksiske aggresjonen skal få dei til å trekke seg.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Andrew Svk

https://www.voltairenet.org/article220267.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Tor Olav Steine
    19 januar 2024 14:01

    Drømmemotstander: Lite land fullt av arabere, utilstrekkelige muligheter til å slå tilbake. Bomb dem sønder og sammen! Akkurat som vi gjorde i Libya.

    Svar
  • «…mot israelske handelsskip og skip tilknytte israelske interesser i transitt i Raudehavet.»

    Hvorfor sendes ikke skip med våpen/utstyr til Israel heller gjennom Middelhavet, – hvis de skipene blir angrepet i Rødehavet ? Hvor kommer skipene/utstyret/våpnene fra?

    Svar
    • Dreier det hele seg om kontrollen over Jemen; – en hjelp til Saudi Arabia ?
      – Og noko for noko?

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Klima – fattigdom

Det grønne skiftet:
Revolusjon for fattigdom

Forrige innlegg

Verdens mektigste samles igjen i Sveits

World Economic Forum og WHO forbereder «Sykdom X», som er 20 ganger verre enn covid.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.