POSTED IN Coronavaksiner, Hellas

Nå skal det WHOs pandemitraktat vedtas.

Nesten ingen har lest den.

0
Print Friendly, PDF & Email

Dr. Meryl Nass: Pandemitraktaten er nær ved å bli trumfa gjennom av WHO fordi ingen har teke seg tid til å lese den

Dette innlegget er hentet fra Saksyndig

Den amerikanske legen og krigføringsepidemiologen Meryl Nass har gjort det særs få har teke seg tid til i dagens krisetider: Ho har lese ord for ord den berykta Pandemitraktaten og dei Internasjonale helseretningslinjene (IHR) som Verdas helseorganisasjon (WHO) i all stillheit prøver å trumfe gjennom lovapparatet. Og det er ifølgje ho dyster lesing, langt verre enn ho kunne førestille seg.

Meryl Nass

Stridens kjerne er dei nye føreslegne tillegga til IHR, som vil gje WHO suveren fullmakt til å erklære ein smittsam sjukdom som allmennfarleg (altso erklære pandemi), og over natta innføre tiltak knytt til den påståtte pandemien, slik som nedstenging, munnbindpåbod og tvangsvaksinering av «vegrande individ». For dei som ikkje har sete seg inn i IHR-tillegga, eller er lykkeleg uvetande om at dei i det heile teke er planlagt, vil innføringa av ein totalitær overvakingsstat difor kome som eit sjokk på dei. For hovudstraumsmedia held fullstendig kjeft om det.

Heile artikkelen til dr. Meryl Nass kan lesast her. Det ser ut til å ha gått inflasjon i omgrepet «pandemi», noko vi aller mest såg med covid-19, der WHO bokstavleg tala måtte endre definisjonen på kva ein pandemi var for at covid-19 kunne erklærast som pandemi. Faktisk var det i det 20.hundreåret berre tre reelle pandemiar: Spanskesjuka 1918-1919 og to influensapandemiar i høvesvis 1957 og 1968. I det 21.hundreåret, «tilfeldigvis» etter 11.september-åtaka, dukka «pandemiane» opp som perler på snor: SARS (2002-2003), fugleinfluensa (2004 til no), svineinfluensa (2009-2010), Ebola (2014 og 2018-2019), Zika (2016), COVID (2020-2023) og apekoppar (2022-2023). WHO har blitt grådig flinke til å nærast dikte opp pandemiar ut av ingenting, og å åtvare om at ei endelaus rekkje av nye pandemiar står og lurer rundt hjørnet, utolmodige etter å bryte ut. Generaldirektør Tedros Ghebreyesus har i sine seks år i embetet tre gonger erklært ei «folkehelsekrise av internasjonal bekymring».

Hvem er tjent med en slapp pandemidefinisjon?

Når det gjeld både SARS-CoV-2 og apekoppar (MPOX), mistenkte ein heilt frå starten av at desse patogena hadde oppstått i laboratorium. Det er framleis uvisst om dei lak ut ved eit uhell eller om dette vart gjort med vilje. Det siste er mest sannsynleg, med tanke på alle «pandemiøvingane» og den konstante fryktpornoen som har funne stad i seinare år. Det ein ikkje kan nekte for, er at covid fyrst og fremst var eit medieskapt virus, og at folk i byrjinga lest som dei ramla døde om i gatene etter å ha fått «påvist» covid av ein ubrukeleg PCR-test.

Dr. Nass er òg inne på noko anna særs vesentleg: Pandemiresponsen mot covid var fullstendig ulogisk. Medisinar som kunne kurere luftvegsinfeksjonen vart plutseleg forbodne, og det kom ikkje på tale å utføre tidleg behandling. Kvifor skulle legar for denne eine sjukdommen ikkje følgje vanleg behandlingsprotokoll? mRNA-injeksjonane vart haussa opp som einaste løysinga, og sjølv om ein innan sommaren 2021 såg at dei på ingen måte hindra smitte eller sjukdom, vart det likevel innført vaksinemandat på over 100 millionar amerikanarar. Fleire land i verda innførde det som i praksis var vaksinetvang: Dei som ikkje ville late seg injisere, miste jobbane sine, inntekta og vart frosne ut av samfunnet, mellom anna ved at dei ikkje fekk handle i butikkar, gå på utestader, gå på kino eller gå i kyrkja. Dette er ikkje vitskap, dette er kontroll. Alle skulle underkaste seg rådande dogma, eller bli utstøytte frå flokken.

Hvorfor ble dette virksomme, men billige legemidlet forbudt til bruk mot Covid?

Ingen tenestepersonar har i ettertid beklaga dette historiske overgrepet. I staden har dei prøvd å vri seg unna etter alle kunstens reglar, mellom anna ved å omdefinere omgrep slik som «vaksinar», «flokkimmunitet» og den påståtte tryggleiken og effektiviteten til mRNA-injeksjonane. Dei gjekk frå å hindre all smitte og sjukdom, til å hindre noko smitte og sjukdom, til å ikkje hindre smitte i det heile, men kanskje hindre alvorleg sjukdom – og til å ikkje fungere mot verken det eine eller det andre. Folk skulle berre late seg injisere fordi. Dette handlar ikkje om å hindre sjukdom. Dette handlar igjen om kontroll.

Alle vaksineskadane blir i hovudsak ignorert. Folk som klagar over redusert helse og alvorlege sjukdommar blir fortalde at dei er sjuke i sinnet.

Det var ikkje covid som øydela samfunnet. Det var totalitær tvang frå styresmakter som gjorde det – og på toppen sat WHO og deira medsamansvorne.

Og no prøver desse same aktørane å få gjennomslag for ein pandemitraktat som vil gjere det enklare å tvinge medlemsland til å leggje til side grunnlov og interne pandemiberedskapsplanar. Berre nokon som er anten fullstendig uvetande eller beint fram dum vil stole på WHO igjen.

WHO sine noverande internasjonale helseretningslinjer kan lesast her.

Dr. Nass legg vekt på følgjande moment i desse diktata (mine ord):

  1. Vaksineutvikling i ein fæla fart
  2. Makta til å handheve kva legemiddel som kan brukast, og kva slags som skal bli forbodne
  3. Overvaking av media for å avdekkje «feilinformasjon», innføring av sensur slik at berre det offisielle folkehelsenarrativet til WHO skal informerast om til folket

Den beste måten å hindre ein annan «pandemi» er å rett og slett slutte å finansiere gain-of-function-forsking og destruere alle slike eksisterande organismar. Det motsette held no på å skje: I juni 2023 kom WHO med utkast til ein traktat der alle medlemsstatar skal dele alle bakteriar og virus som blir vurdert til å ha «pandemi-potensial». Dette kan vanskeleg tolkast som noko anna enn utveksling av biologiske masseøydeleggingsvåpen. Om eit patogen verkeleg er livsfarleg, må det haldast innesperra og overvaka, ikkje delast i biolaboratorium i heile den vestlege verda.

Igjen, dette handlar ikkje om helse. Det handlar om kontroll. Når eit patogen blir vurdert til å ha «tilstrekkjeleg pandemi-potensial», blir det sleppt laus, «pandemi» blir erklært, «tiltak» innført – og sirkuset er i gang igjen, bortsett frå at denne gongen sit WHO med bukta og begge endane.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 686 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Støtten i vest til Zelenskyregjeringen faller.

Krisen mellom Polen og Ukraina utdypes.

Previous Post

Storkapitalen ønsker selvsagt ikke fred.

Washingtons prioriteringer er forvridde, hjemlige problemer blir avfeid mens Ukraina blir bombardert med ressurser.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.