POSTED IN Covid-19, Endring av politikken

Nå foreslåes det nye innstramninger for de uvaksinerte:

De må nektes sykehussenger!

3 kommentarer

Det at covidianske fanatikarar krev at uvaksinerte blir nekta sjukehussenger tydar at dei har tapt diskusjonen.

Dersom det er alt du har, har du ikkje mykje.

Av Marko Markjanovic, Anti-Empire

Det at covidianske fanatikarar krev at potensielt «overvelda» sjukehus prioriterer vaksinerte pasientar, er ein veldig, veldig god ting.

For det fyrste viser det at desse folka ønskjer oss vondt og at vi ikkje kan eksistere side om side. Vi burde takke dei for å vere so direkte.

For det andre viser det at dei har tapt diskusjonen.

Hugs at vaksinering fyrst vart framstilt som den sosialt ansvarlege borgarplikta fordi ho ville byggje opp flokkimmunitet, som det vart sagt at vi kunne oppnå når 70 prosent var vaksinerte (deretter flytta opp til 80 prosent).

https://player.cnbc.com/p/gZWlPC/cnbc_global?playertype=synd&byGuid=7000168779

Ført mente han at det var nok med 70% vaksinerte, siden 80%. Men nå kreves det 100%

Deretter vart det klart at vaksinering var ubrukeleg på den måten, og bidrog ikkje til flokkimmunitet, sidan dei vaksinerte vart like mykje smitta som dei uvaksinerte. So mykje om det.

Deretter vart det raskt til at ein som ikkje tok vaksine var egoistisk, og sjølv om vaksinerte vart smitta like mykje, var uvaksinerte kanskje meir smitteberande.

Dette fell også saman. Ein har overraskande kome fram til at trass tilstadeveringa av vaksineindusert antistoff, har vaksinerte den same virusmengda i løpet av ein infeksjon som dei uvaksinerte. So mykje for det argumentet.

So kva slags argument er det virussekta vil bruke for å utøve dominans over heile samfunnet og ta eigarskap over kroppane våre? Der finst ingen.

Å, men vent, kva om sjukehusa i ei hypotetisk framtid har blitt overfløymt med dei dumme uvaksinerte? I tilfelle det, fortel Bezoz Tidende oss, burde legane halde fram med å behandle dei vaksinerte som normalt og gje dei uvaksinerte berre den omsorga dei måtte ha tid og høve til etterpå.

For å vere eit pro-vaksineargument, er det patetisk svakt.

Vi har gått frå «vaksiner deg for å byggje opp flokkimmunitet og redde dei skrøpelege rundt deg» til «vaksiner deg, for dersom du ikkje gjer det, vil du i ei framtidig potensiell, katastrofal bølgje kanskje ikkje få behandling».

Alt du treng å seie til det er «kor skriv eg under?»

Blir dette et kommende scenario: De gode «vaksinerte» mot de uvaksinerte demonene?

Hald meg utanfor desse sprø vaksinepassplanane og skattar til «helse»-sektoren, og eg vil med glede seie frå meg retten til å nokosinne setje mine bein i nærleiken av eit sjukehus.

Sjølvsagt er det ein toskete idé at sjukehus nokosinne kan bli overvelda på grunn av COVID. Trass villeiinga frå den forrykte COVID-sekta og dei sinnssjukt late helseomsorgsfagforeiningane, er det eit faktum at sjukehusa aldri var overvelda eller i fare for å bli det.

Akuttsjukehusa som alle bygde tidleg i 2020 stod ubrukte, og takka vere den kriminelle avlysinga av ikkje-COVID-avtalar, hadde dei vanlege sjukehusa ein historisk låg 70% bruk.

Dersom dei ikkje vart overvelda under den fyrste bølgja – når ingen var vaksinerte og ingen hadde naturleg immunitet – kvifor skulle det nokosinne bli ein fare igjen?

Dessutan er det ikkje klart for meg kvifor nokon friviljug ville gå inn på eit sjukehus dersom dei mistenkte at dei hadde COVID? Sidan det ikkje er ei spesifikk behandling, kva kan dei eigentleg gjere for deg? Servere deg kyllingsuppe? Dytte eit plastrøyr ned i lungene dine og køyre deg full i dop so du kan døy utan å ubeleilige dei for mykje? Hindre deg i å vere med familien din so du kan døy medan du held ein gummihanske fylt med varmt vatn?

Eg fryktar at etter 2020 vil veldig mange menneske, spesielt av den uvaksinerte varianten, ikkje lenger bli funne døde i eit sjukehus.

«Kjære» forrykte Covid-fanatikarar. Dei uvaksinerte som overfløymer dine ærverdige sjukehus burde vere di minste bekymring. Du er velkommen for dei, men vi vil setje pris på å få pengane våre tilbake. Finansier di inhumane, jobbskulkande dødsfelle med dine eigne gryn.

Oversatt av HFANoreg

Knut Lindtner har lagt til bilder. I originalartikkelen er det en rekke lenker. Den er her:



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 622 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Samme dag,altså igår eller forgårs så krever Joe Biden at 80 millioner amerikanere skal vaksineres,om ikke,da mister de jobb,mister rettigheter til skole,utdanning,mister retten til å gå på restauranter med mer,de har ikke retten til å bestemme over egen kropp.
    Samme dag går Kamala Harris,hans høyre hånd ut og sier at kvinners rett til å bestemme over egen kropp ,det er viktig det.
    Javel ja.

    Svar
    • Det som er litt vrient for administrasjonen i det vite hus,det er å ri 2 hester på en gang.Joe Biden tjener legemiddelindustrien ved å kjøre hardt på vaksinetvang.
      Kamala Harris tjener legemiddelindustrien ved å kjøre hardt på Abort,da fosterdelsindustrien som også er en milliardindustri skal ha sitt.
      Så da så.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Etterlatte i USA etter 9/11 saksøker myndighetene.

Hevder at regjeringens konspirasjonsteori er feil.

Previous Post

Fortsettelsen av krigen mot terror?

Krigen mot virus!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.