Den internasjonale domstolen støttar Iran
Den internasjonale domstolen har no felt dom i 2016-saka Iran versus USA. Dommen seier at frysinga av iransk formuei US-amerikanske bankar, var eit brot mot Folkeretten. Det vart ikkje gitt ordre om å restituere formuen, men gav begge partar ein frist på to år til å kome fram til ein kompensasjonsavtale. Viss dei ikkje greier det, vil domstolen avgjere kor stor skadeerstatninga skal bli.
Ungarn observerer EU-engasjement i Ukraina
Ungarns statsminister Viktor Orbán fortalde den ungarske rikskringkastingskanalen Kossuth radio at europeiske stats- og regjeringssjefar ikkje lenger berre diskuterer å sende våpen til Ukraina, men også ei mogleg utplassering av soldatar.Ungarns utanriksminister Peter Szijjarto sa at landet hans ikkje ønska å sende våpen til Ukraina, fordi han trudde det ville sette den ungarske minoriteten i Transkarpatia i fare.
Oleksiy Danilov legg fram ukrainsk plan for «Dagen etterpå»

Leiaren for Ukrainas sikkerheits- og forsvarsråd Oleksiy Danilov publiserte eit planutkast for reformar som skal gjennomførast etter sigeren over Den russiske føderasjonen:
– Straffeforfølging av kollaboratørar og forrædarar;
– Russland, eller etterfølgar-staten, vil måtte utlevere alle sine krigsforbrytarar;
– Øvrigheitspersonar (magistrates) og lovhandhevingsbyrå (law enforcement agencies) vil, dersom dei blir dømde, miste pensjonen og få forbod mot å jobbe i staten eller hos lokale styresmakter;
– Journalistar som blir dømde, vil bli fråtatt fridom, titlar, pensjon, eigedom, ære og respekt;
– Russiske statsborgarar som har kome for å okkupere Krim sidan 2014, vil bli utviste. All eigedom dei har tileigna seg, vil bli beslaglagt og gitt tilbake til sine ukrainske eigarar;
– Kertsj-brua vil bli øydelagt for å sikre full navisjonsfridom i Asov-havet;
– Eit omfattande program for de-russifisering vil gjennomførast. Det vil inkludere tvangsarbeid av dei som øydela landet for å gjenoppbygge det;
– Oppretting av ein dokumentær database over russiske brotsverk i Ukraina;
– Umiddelbar lauslating av alle ukrainske statsborgarar og Krim-tartarar som har blitt fengsla av russarane.
Eit offisielt dokument blir skissa opp som vil utdjupe kvart av desse punkta.
NATO-kommandosenter i Ukraina skal vere øydelagt

Ifølge den greske nettstaden ProNews, øydela dei hypersoniske Kinzhal-missila som Russland skaut mot Ukraina den 9. mars ein 130 meter djup underjordisk bunker. Bunkerens Iris-R og NASAMS luftvernsystem vart også øydelagde. Bunkeren var eit svært viktig kommandosenter. Rundt 300 personar hadde tilhaldsstad der, inkludert telekommunikasjonsteknikarar og NATO-rådgivarar, for det meste britiske og polske. President Volodymyr Zelensky snakka om eit «alvorleg angrep», utan å gi fleire detaljar. Informasjonen har blitt sensurert bort i Vesten, der det blir nekta for at NATO er direkte engasjert i konflikten.
NATO brukar meir berre på Ukraina enn Russland brukar totalt på militæret
Ifølge NATO har alliansen gitt Ukraina $65 milliardar i 2022. Russland, for sin del, planlegg å øyremerke 5000 milliardar rubel ($63.7 milliardar) til sitt forsvarsbudsjett i 2023.
Kviterussland førebur seg til krig
Kviterussland (Belarus) har starta generalinspeksjonen av sine væpna styrkar. Føremålet er å sjekke om dei er klare til bruk og mobilisere dei i tilfelle overhengande fare for krig. Denne inspeksjonen vil inkludere både innkalling av vernepliktige og utlevering av kampvåpen.
Uganda støttar Russland

Muhoozi Kainerugaba, son av Ugandas president Yoweri Museveni, sa: «Kall meg gjerne Putinist. Vi ugandarar bør sende soldatar til å forsvare Moskva dersom dei nokon gong blir trua av imperialistane … Vesten kastar bort tida si på ubrukeleg pro-Ukraina-propaganda». Uganda avstod frå å røyste i ulike avrøystingar mot Russland i FNs generalforsamling.
Russland overtar presidentskapet i FNs sikkerheitsråd
Den russiske føderasjonen har tatt over det roterande presidentskapet til FNs sikkerheitsråd for april månad. Dei erklærte at dei ville te seg så nøytralt som mogleg.
For nokre dagar sidan sende rådets russiske delegasjon eit brev til dei andre medlemmane med kritikk av korleis Albania hadde skjøtta stillinga då dei hadde presidentskapet i februar.
Tirana braut rådets interne prosedyrereglar ved fleire høve. Den 7. februar let dei S. Oñate Laborde tale på vegner av Granskings- og identifikasjonsgruppa til Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW), sjølv om fleire av sikkerheitsrådets medlemmar stiller spørsmål ved legitimiteten til denne strukturen som vart oppretta i brot på Konvensjonen om kjemiske våpen.
Den 24. februar ønskte dei Ukrainas utanriksminister Dmitry Kuleba velkomen, og løyvde han ein privilegert status som ingen andre utanriksministrar nokon gong har fått, t.d. dei frå latinamerikanske og afrikanske land. Ved det same møtet den 24. februar, inviterte den albanske rådspresidenten også overdrive mange delegasjonar frå EU-medlemsland til å tale under artikkel 37, i tillegg til høgrepresentanten for EUs utanriks- og sikkerheitspolitikk.
Under sitt presidentskap, vil Russland halde ein debatt på ministernivå, leia av utanriksministeren deira Sergey Lavrov, om multilateralisme under FN-pakta.
US-amerikansk journalist tatt på fersken og arrestert for spionasje i Russland

Journalist Evan Gershkovich, som arbeidde for Wall Street Journal etter å ha skrive for Moscow Times og AFP, vart arrestert for spionasje. Han er den første amerikanske journalisten som er arrestert på det grunnlaget sidan opprettinga av staten i 1991.
Etter høglydde protestar om illegal arrestasjon, kontakta USAs utanriksminister sin russiske motpart på telefonen. Etter dette møtet med Sergey Lavrov, sa Antony Blinken at han skulle sjekke den russiske informasjonen før han tok stilling til saka.
Medlem av Navalnys organisasjon utfører terroristangrep i St. Petersburg
Journalist Maksim Fomin, alias «Vladlen Tatarsky», spesialist på militærsaker, vart myrda i eit bombeangrep på ein kafé i St. Petersburg som i tillegg skadde 32 menneske. Ifølge den russiske kontra-terrorisme-komitéen var angrepet «planlagt av Ukrainas spesialtenester med deltaking av agentar som kollaborerte med [Alexei] Navalny’s Anti-Corruption Fund».
Ifølge videoar frå kaféen, var det Daria Trepova som frakta boksen med eksplosiv og leverte den til offeret. Ho er ein støttespelar av organisasjonen til Navalny. Ho vart arrestert. Bomba hadde ei eksplosjonskraft på over 200 gram TNT-ekvivalentar.
«Vladlen Tatarsky» var ein høgt respektert kommentator; Voltaire Network er han takk skuldig for mykje viktig informasjon. Det er ikkje umogleg at han ikkje var målet for denne operasjonen. Han skulle gi eit føredrag på denne kaféen som grunnleggaren av Wagner-gruppa, Yevgeny Prigozhin, var meint å kome og høyre.
Fleire israelske angrep på Syria
Israel angreip Syria den 18. februar (Damaskus), 7. mars (Aleppo airport), 12. mars (Hama og Tartus), 30. mars (Damaskus), 31. mars (Damaskus), og 2. april.
UAE hjelper jordskjelvsråka syrarar
Dei sameinte arabiske emirata (UAE) har sendt meir enn 2 200 tonn med humanitær hjelp via Latakia-hamna til syrarar som vart råka av jordskjelv den 6. februar. Vestens humanitære hjelp er avgrensa til områda som er okkuperte av jihadistane.
Dementi: Det russiske kryssarmissilet Moskit, omtalt i førre nyheitssbrev, er ikkje hypersonisk, berre supersonisk.
Omsett av Monica Sortland
Voltaire, International Newsletter – N°35 – 7 April 2023
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 960 ganger.
2 kommentarer. Leave new
South Africa’s EFF Commander-in-Chief Julius Malema: Putin is welcome here and no one will arrest him
«We will not be told by these hypocrites of the ICC who know the real human rights violators, who know the murderers of this world, that former Prime Minister Tony Blair admitted that they made a terrible mistake when it came to Saddam Hussein, they were not indicted until today, Bush is still there, they were not indicted until today, and then Obama killed Gaddafi and then nothing happened. Today Libya is facing destruction and cannot recover because of America. We know very well that where NATO interferes, terrorists are at work.»
«We know very well that where the US says we will make peace, there will never be peace as long as America is there.
President Putin are wellcomed.
Sør-Afrikas EFF-sjef Julius Malema: Putin er velkommen hit og ingen vil arrestere ham
«Vi vil ikke bli fortalt av disse hyklerne fra ICC som er de virkelige menneskerettighetsbryterne, som er morderne av denne verden, at tidligere statsminister Tony Blair innrømmet at de gjorde en forferdelig feil når det kom til Saddam Hussein, de var ikke tiltalt før i dag, Bush er fortsatt der, de ble ikke tiltalt før i dag, og så drepte Obama Gaddafi og så skjedde ingenting. I dag står Libya overfor ødeleggelse og kan ikke komme seg på grunn av Amerika. Vi vet godt at der NATO blander seg inn, er terrorister på jobb.»
«Vi vet veldig godt at der USA sier at vi skal slutte fred, vil det aldri bli fred så lenge Amerika er der.
President Putin er velkommen.
9/11 kaprerne var rekruttert av CIA.
https://healthimpactnews.com/2023/declassified-guantanamo-court-filing-shows-9-11-hijackers-were-recruited-by-the-cia/