FØDSELEN TIL DEN MULTIPOLARE VERDA (2)
Førebuingar til ein ny verdskrig
av Thierry Meyssan
USA pressar sine allierte i Den europeiske unionen til å førebu seg på ein tredje verdskrig. Dei har ikkje anna val enn å kjempe, viss dei vil kome sigrande ut av den «Thukydidske fella». Med mindre alt dette oppstyret berre er eit show for å «halde» dei allierte i sin leir, medan mange andre statar i Sør-Amerika, Afrika og Asia erklærer seg «nøytrale». Samstundes samlar lyden av støvletramp dei japanske militaristane, som på same sett som dei «radikale nasjonalistane» i Ukraina er tilbake att.
VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 28. MARS 2023
Denne artikkelen er ein oppfølgar til:
«Midtausten frir seg frå Vesten,» 22. mars, 2023.
I møte med framstega til forkjemparane for ei multipolar verd, har forsvararane av den amerikanske imperialismen reagert raskt. Vi skal her analysere to operasjonar: forvandlinga av den europeiske fellesmarknaden til ein militær struktur og omdanninga av aksen frå Andre verdskrig. Sistnemnde aspekt bringer ein ny aktør inn i spelet: Japan.

FORVANDLINGA TIL DEN EUROPEISKE UNION
I 1949 oppretta USA og Storbritannia atlanterhavspakt-organisasjonen NATO. Dei tok inn Canada og dei statane dei hadde frigjort i Vest-Europa. For dei var det ikkje eit spørsmål om å forsvare seg, men om å førebu eit angrep på Sovjetunionen. Sovjetunionen svara med å opprette Warszawapakta.
I 1950, då Korea-krigen starta, planla USA å utvide konflikten til Den tyske demokratiske republikken (DDR, kjent som Aust-Tyskland). Til det laut dei gjenoppruste Forbundsrepublikken Tyskland (kjent som Vest-Tyskland), trass i at Frankrike, Belgia og Luxemburg tok til motmæle. Dei føreslo difor at ein skulle opprette eit Europeisk forsvarsfellesskap (European Defence Community, EDC), men feila i møte med motstand frå Gaullistane og dei franske kommunistane.
Samtidig hjelpte dei til med å gjenoppbygge vest-Europa med Marshall-planen. Denne planen inneheldt mange hemmelege klausular, inkludert danninga av ein europeisk fellesmarknad. Washington hadde ønske om å både dominere vest-Europa økonomisk og hindre politisk innverknad frå kommunistane og «den sovjetiske imperialismen». Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC) – og seinare Den europeiske unionen (EU) – dannar den sivile sida av den US-amerikanske sjetongen, med NATO på den militære sida. Europakommisjonen er ikkje ein administrasjon som består av stats- og regjeringssjefane i unionen, men grensesnittet mellom desse og NATO. Dei europeiske normene for ikkje berre væpning og byggeverksemd, men og for utstyr, klede, mat osb., er etablerte av NATO-tenestene, først i Luxembourg, deretter i Belgia. Dei vart overførte til Kommisjonen, og er i dag godkjende av Europa-parlamentet.
I 1989, då Sovjetunionen fell ihop, såg den franske presidenten, François Mitterrand, og den tyske kanslaren, Helmut Kohl, føre seg at dei kunne fri vest-Europa frå USAs overformynderi og bli i stand til å konkurrere med Washington. Forhandlingar om ein slik traktat fann stad samtidig med den firparta okkupasjonen av Tyskland (12. september 1990), gjenforeininga av dei to Tysklanda (3. oktober 1990) og oppløysinga av Warszawa-pakta (1. juli 1991). Washington aksepterte Maastricht-traktaten så lenge den anerkjende USAs militære dominans. Vest-europearane godtok dette prinsippet.
Men Washington stolte ikkje på paret Mitterrand/Kohl og kravde i siste liten at EU skulle inkludere alle dei tidlegare medlemmane av Warszawa-pakta, og til og med dei nye, uavhengige statane som hadde oppstått frå den tidlegare Sovjetunionen. Desse statane delte ikkje ambisjonane til Maastricht-forhandlarane. Dei var faktisk heller mistenksame mot dei. Dei ønska fri seg frå både tysk og russisk påverknad. Dei stolte berre på «den amerikanske paraplyen» for forsvaret sitt.
I 2003 drog Washington nytte av at EU hadde spansk presidentskap (sosialisten Felipe González) og høgrepresentant for den felles utanriks- og sikkerheitspolitikken (Javier Solana), og fekk vedtatt «den europeiske sikkerheitsstrategien», etter modell av den nasjonale sikkerheitsstrategien til USAs president George W. Bush. Høgrepresentant Federica Mogherini reviderte dokumentet i 2016.
I 2022, under Ukraina-krigen, kjende USA atter behovet – slik dei gjorde i Korea-krigen – for å gjenoppruste Tyskland militært mot Russland (etterfølgaren til Samveldet av Sosialistiske Sovjet-republikkar, SSSR). Så dei omdannar EU, med varsemd denne gongen. Under presidentskapet til franskmannen Emmanuel Macron føreslo dei eit «strategisk kompass». Dette vart vedtatt ein månad etter den russiske intervensjonen i Ukraina. Medlemmane av EU reagerte med sjokk, for dei veit enno ikkje nøyaktig om dei er saman for å samarbeide eller for å bli integrerte («den konstruktive tvetydigheita», som Henry Kissinger uttrykte det).
I mars 2023 organiserte EUs noverande høgrepresentanten for utanriks- og sikkerheitspolitikk, Josep Borrell, det første «Robert Schumann Forum for sikkerheit og forsvar». Eit stort tal forsvars- og utanriksministrar frå EU-medlemslanda deltar. I tillegg til dei ikkje-EU europeiske statane som er pro USA, er mange andre representerte på ministernivå, slike som Angola, Ghana, Mosambik, Niger, Nigeria, Rwanda, Senegal, Somalia, Egypt, Chile, Peru, Georgia, Indonesia og Japan. I tillegg til NATO, er og ASEAN, Golf-samarbeidsrådet og Den afrikanske unionen representerte. Framfor alt sender Den arabiske liga sin generalsekretær.
Det uttalte føremålet med dette forumet er å forsvare «multilateralisme og ein regelbasert internasjonal orden»; ein elegant måte å avvise det russisk/kinesiske prosjektet for ei «multipolar verd basert på Folkeretten».
Takka vere Covid-epidemien har EU allereie utstyrt seg med fullmakter på helseområdet som ikkje var fastesette i traktaten. Eg forklarte i starten av denne epidemien at tiltaket om innesperring av friske folk mangla historisk presedens. Det vart utpønska, etter førespurnad frå den tidlegare sjefen for Gilead Sciences og tidlegare forsvarsminister Donald Rumsfeld, av dr. Richard Hatchett, som vart direktør for CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations) og,som sådan, initiativtakaren til dette tiltaket globalt[1]. Ifølge hans hemmelegstempla rapport frå2005, som vi dessverre berre kjenner utifrå reaksjonane den framprovoserte, var innesperring av friske sivilistar i heimane sine meint å lette identifiseringa av flyttbare arbeidsplassar, stenge ned industri for konsumprodukt i Vesten, og konsentrere arbeidskrafta i forsvarsindustrien. Vi er enno ikkje heilt der, men EU – etter å ha gripe folkehelsefullmakter som traktaten ikkje føresåg, utan å vekke indignasjon – tolkar no tekstane slik at dei blir ei militærmakt.
Førre veke, under Schuman Forum, presenterte Josep Borrell sin første rapport om implementeringa av «det strategiske kompasset». Idéen er å «poole» dei nasjonale arméane, inkludert etterretningstenestene, i ein ande av integrasjon, heller enn av samarbeid. Emmanuel Macron sitt prosjekt gravlegg no prosjektet til Charles De Gaulle og dei franske kommunistane. «Europe of Defence», «Forsvars-Europa», framstår no som eit slagord som ikkje berre skal gjere EU-medlemmane sine operative styrkar underordna Supreme Allied Commander Europe (SACEUR), no US General Christopher G. Cavoli, men i tillegg ta kontroll over alle finansieringsavgjerder som før har vore dei nasjonale parlamenta sitt ansvar, og til og med avgjerder om væpning og organisering som før var nasjonale regjeringsorgan sitt ansvar. Såleis organiserer unionen ein felles armé utan å vite kven som skal styre den.
GJENOPPBYGGINGA AV NAZI/JAPAN-AKSEN

Når vi tenker på Andre verdskrig, tenker vi i Europa på 1939 og 1945. Dette er absolutt feil. Krigen starta i 1931, etter at japanske generalar angreip kinesiske soldatar i Mandsjuria. Dette var det første overtrampet frå den sivile makta Japan, ved den militaristiske fraksjonen, som vart forsterka nokre månadar seinare med avrettinga av den sivile statsministeren av ei gruppe militær-menn. På få år vart Japan forvandla til ei militaristisk og ekspansjonistisk makt. Denne krigen slutta ikkje med Den raude armés frigjering av Mandsjuria i 1945. Faktisk brukte USA to atombomber for å hindre at Japan overgav seg til SSSR, og forsikre seg om at ei overgiving berre skulle skje til USAs eigne generalar. Dei heldt fram med kampane fram til 1946 fordi mange japanarar nekta å overgi seg til USA, som ikkje hadde kriga mykje i Stillehavet fram til då. Andre verdskrig varte frå 1931 til 1946. Om vi gjer slike tidfestingsfeil, er det fordi krigen til aksen Roma/Berlin/Tokyo («tremaktspakta») ikkje vart global før Ungarn, Slovakia, Bulgaria og slutta seg til.
Grunnlaget for aksen var ikkje dei ulike interessene til aksemedlemmane, men deira dyrking av styrke. For å gjenopprette det i dag, må vi sameine dei som deler denne kulten.

Då USA okkuperte Japan i 1946, var første tanke å reinse bort alle militaristiske element frå landet. Men då Korea-krigen braut ut, bestemte USA seg for å bruke Japan til å kjempe mot kommunismen. Dei avslutta rettssakene som var i gang og rehabiliterte 55 000 høgare tenestemenn. Dei implementerte Dodge-planen, tilsvarande Marshall-planen i Europa. Ein av dei som hadde nytte av denne politikkendringa, var Hayato Ikeda, som vart statsminister og gjenoppretta landets økonomi. Med CIAs hjelp grunnla han Det liberal-demokratiske partiet. Det var i dette partiet at statsminister Shinzo Abe (2012-20) og etterfølgaren hans Fumio Kishida (2020-) hadde framgang.
Sistnemnde drog nyleg på eit overraskande besøk til Ukraina. Han er den første asiatiske regjeringssjefen som vitjar landet sidan starten av krigen. Han vitja ei massegrav i Butsja og uttrykte sine kondolansar til familiane til offera for «russiske overgrep». Dei fleste analytikarar tolkar turen som ei førebuing til det komande G7-toppmøtet i Japan. Om ikkje det går mykje lenger enn det.
I sitt sluttkommuniké legg Fumio Kishida og Volodymyr Zelensky vekt på «udelelegheita til den euro-atlantiske og indo-stillehavske sikkerheita» og «viktigheita av fred og stabilitet i Taiwan-sundet». For dei handlar det ikkje berre om å forsvare Ukraina mot Russland, men også Japan frå Kina. Dette kommunikéet legg grunnlaget for ein ny allianse mellom etterfølgarane av nazistane som er dei ukrainske «integrerte nasjonalistane» [2] og etterfølgarane av Shōwa-nasjonalismen. Dagens Ukraina er den einaste staten i verd som har ei uttalt rasistisk grunnlov. Vedtatt i 1996 og revidert i 1920, slår den fast i paragraf 16 at «å bevare det ukrainske folkets genetiske arv er statens ansvar.» Enka etter den ukrainske nazi-statsministeren, Jaroslav Stetsko, skreiv denne paragrafen.
I kontrast til dette, avviser den japanske grunnlova krig i sin paragraf 9. Men Shinzo Abe og Fumio Kishida har starta ein kamp for å oppheve denne. Blant anna gjer den det umogleg å overføre dødeleg forsvarsutstyr, så hr. Kishima tilbaud kring $7.1 milliardar i humanitær og finansiell støtte til Kiev (Kyiv). Når det gjeld ikkje-dødeleg militærutstyr, kunne han denne veka berre love leveranse på ei sending til ein verdi av $30 millionar.
Denne gjenmilitariseringa av Japan blir støtta av USA, som allereie har skifta side med støtta si til Ukraina. USA sin ambassadør til Tokyo, Rahm Emmanuel, tvitra: «Statsminister Kishida gjer eit historisk besøk til Ukraina for å forsvare det ukrainske folket og promotere dei universelle verdiane som er forankra i FN-pakta … Omlag 900 kilometer unna tar eit anna og farlegare partnarskap form i Moskva» (han refererer til Putin/Xi-toppmøtet).
Talsmann for Kinas utanriksdepartement Wang Weibin sa derimot at han med tanke på statsministerens besøk «håpar Japen vil presse på for å få til ei avspenning av situasjonen, ikkje omvendt.» Russland, for sin del, sende to strategiske bombefly som sirkla over Japanhavet i omlag sju timar.
Omsett av
Monica Sortland
Forsidebilde: Henry Hustava
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 494 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Då Støre-regjeringa tok over, kunne me lesa på angrepsdepartementet sine nettsider at regjeringa ville prioritera arbeidet for nedrusting. Etter det har våpenmilliardane rulla ut jamt og trutt. seinast i dag: løyving: 17+6 ferske milliardar.
Det ser ut til at meldinga om prioritert nedrusting er fjerna. Vallovnader er lite verdt.
«Statsminister Kishida gjer eit historisk besøk til Ukraina for å forsvare det ukrainske folket og promotere dei universelle verdiane som er forankra i FN-pakta … Det burde her stått Dei Universelle Verdiane Som Er FORAKTA I FN-Pakta….
Ca. 2700 «mennesker» er total-ansvarlig for galskapen og drapa som skjer i verden i dag, hva skal gjøres med disse?
Personlig har jeg noen svært «livlige» tanker om det….
Et svensk skritt mot avgrunnen.
Av den russiske ambassaden i Sverige.
Del 1. Sverige har nå offisielt forlatt sin 200 år gamle allianse som har tjent landet trofast i alle disse årene. Den 23 mars i år stemte den svenske riksdagen for å bli med i NATO uten å vente på at alle de 30 medlemslandene skal ratifisere søknaden. Av de 349 medlemmene var det kun 37 som var imot, mens 43 valgte å ikke møte (sannsynligvis ikke tilfeldig).
I mellomtiden har landets presse, ledende politikere og såkalte eksperter forsøkt å aktivt forme opinionen ved å intensivt overbevise vanlige svensker om én ting: at dette steget er en absolutt velsignelse og en kjær billett til en lysere fremtid. Våg å stille spørsmål ved rasjonaliteten i denne forhastede avgjørelsen!
Og den som våger å offentlig fremføre et motsatt synspunkt risikerer selv å oppleve hvor selektivt Sveriges hovedstolthet – demokrati og ytringsfrihet – fungerer. Er du ikke enig? Da er du skyldig i å spre «russisk propaganda». Og å støtte Russland er, som du vet, den åttende dødssynden (selv om den kristne lære tolkes ganske fritt i Vesten).
Ved å stemme for NATO medlemskap på vegne av hele landet, nektet svenske politikere sitt folk muligheten til å uttrykke sin vilje. Tilsynelatende var de redde for at resultatet av folkeavstemningen ikke vil samsvare med eller være i tråd med forventningene til «partnere» på den andre siden av Atlanteren. Men i motsetning til det som sies i media, øker antallet tvilere. Ambassaden mottar stadig flere brev fra vanlige svensker som fordømmer Stockholms transatlantiske ambisjoner og uttrykker sin solidaritet med Russland.
Russofobi har blitt innpodet i bevisstheten til svenske borgere i flere tiår, om ikke århundrer, og det historiske minnet og naget til de forlatte keiserlige ambisjonene, har blitt holdt i live på et underbevisst nivå. I mellomtiden, mens offentligheten flittig har blitt indoktrinert med en irrasjonell frykt for russerne, har Sverige stadig, skritt for skritt, blitt fratatt sin utenrikspolitiske suverenitet og forberedt på en lydig transformasjon til en amerikansk koloni.
Det er velkjent at de har begynt å trekke landet inn i den nordatlantiske alliansen lenge før Russland startet en spesiell militær operasjon i Ukraina. Da det formelle påskuddet dukket opp, ble frykten for landet vårt gjenopplivet og hisset opp. Og den logiske konklusjonen var en ordre fra Washington – slipp påskuddet om uavhengighet, vi trenger at hele Nord-Europa blir en «NATOs nye front mot Russland». Dette er formuleringen som for eksempel oberstløytnant H.Edström, dosent ved Forsvarshøgskolen, bruker.
«Nå tar vi et steg mot et tryggere Sverige» er tittelen på en artikkel som ble publisert på Svenska Dagbladets debattside 22 mars i år, skrevet av forsvarsminister P.Jonsson og Kristdemokraternas og Liberalernes talspersoner M. Oskarsson og A.Starbrink.
Vi vil gjerne foreslå en annen overskrift: «Nå tar Sverige et steg mot avgrunnen». Vi skal prøve å forklare hvorfor denne tittelen virker mye nærmere sannheten og hvorfor argumentene i artikkelen er basert på rene løgner.
La oss starte i rekkefølge: «Demokrati, rettssikkerhet og respekt for menneskerettigheter er ikke noe Russland ønsker å se utvikle seg i sitt nærområde». Med «nærområde» menes åpenbart Ukraina. Alt som er nevnt der utvikler seg imidlertid ikke, men forringes heller. Demokrati? Det er et udiskutabelt faktum at marionettregimet kom til makten gjennom et ulovlig kupp organisert av Vesten. Rettssikkerhet og respekt for menneskerettighetene? Det kan neppe være karakteristisk for et land hvis myndigheter systematisk utryddet befolkningen i Donbass i mer enn åtte år, forbød undervisning i russisk språk, tillot nazimarsjer i hovedstaden og omdøpte gater etter Bandera-kriminelle.
Dette er den typen «utvikling» som Russland egentlig ikke ønsker å se i et naboland.
«Russland er, og vil fortsette å være, en trussel mot Sverige og resten av Europa.» Det er land som begår terrorhandlinger og sabotasje av energiinfrastruktur i Europa, som er den reelle trusselen. Vi skal ikke nevne noen navn, alle vet godt hvem det er uansett. Og Stockholm, sammen med København og Berlin, ser ut til å ha ryddet opp i bevis som kan peke på sabotasjeutøveren.
Del 2. «Militært geografisk vil det svenske og finske medlemskapet i NATO styrke forsvaret i Nord-Europa.» Det eneste som vil styrkes av svensk og finsk medlemskap i militærblokken er Sveriges og Finlands avhengighet av ordre fra Washington. «Sverige må også være forberedt på å bidra til NATOs sikkerhet også i andre geografiske områder».
Tilsynelatende har det ikke blitt brukt nok skattebetalernes penger til å fremme alliansens interesser i Ukraina (er det forresten noen som har lurt på hva de enorme pengesummene blir brukt på og hvem som bruker dem i Bankova-gaten?). Sverige vil nå bli tvunget både økonomisk og ved å sende egne militære for å tjene andres interesser rundt om i verden.
Sponsing av Kiev-regimet og støtte til anti-russiske sanksjoner har allerede kostet svenskene mye penger: enestående inflasjon, stigende priser og en devaluering av den nasjonale valutaen. «Den raske forverringen av den økonomiske situasjonen serveres utelukkende av de lumske gjerningene til den allestedsnærværende «Kreml-hånden». En annen løgn.
Vi husker forresten hvordan noen medier rådet alle misfornøyde til å sende strømregningene sine til Moskva. Vel, kjære svenske borgere, prisene er ikke «Putins» skyld , men «EUs og NATOs skyld».
Så skriv ned adressene:
NATOs hovedkvarter, Blvd Leopold III, B–1110 Brussel;
EU-kommisjonen, Rue de la Loi 200, 1040, Brussel.
Samtidig fortsetter politikerne å gjenta det samme om og om igjen: «det er gode nyheter for Sveriges og Europas sikkerhet». Bare lesere som fullstendig mistet evnen til å tenke kan ta dette for gitt. Men for de som har fulgt sikkerhetssituasjonen i Europa de siste 30 årene, er det klart at NATO hevdet å være en «forsvarsallianse», men samtidig ekspanderte kontinuerlig østover og er nå nær Russlands grenser.
Vi lurer på om de svenske «fredsaktivistene» skammer seg over at de slutter seg til en organisasjon som har gjennomført mer enn 200 militære intervensjoner siden andre verdenskrig? Vi vil minne om at det var Russland som nylig tilbød seg å sitte ved forhandlingsbordet og diskutere sikkerhetsgarantier. NATO og EU var motvillige til å gjøre det. For de som ikke vet, gadd ikke Stockholm å svare på det russiske forslaget en gang, men gjemte seg feigt bak EUs Brussel. Akkurat som for et drøyt år siden er ikke saken en gang på agendaen. Det er nettopp alliansen som ønsker ytterligere opptrapping.
Etter Finlands og Sveriges tiltredelse vil den totale grenselengden mellom Russland og NATO nesten dobles. Hvis noen fortsatt tror at dette på en eller annen måte vil forbedre Europas sikkerhet, kan du være sikker på at de nye medlemmene av den fiendtlige blokken vil være et legitimt mål for Russlands gjengjeldelsestiltak, inkludert militære.
NATO-medlemmet Storbritannia forbereder allerede å sende ammunisjon med utarmet uran til Ukraina. Sverige, som ignorerer egen forsvarsevne, øker raskt leveransene av tungt offensivt utstyr, blant annet ved å ta det ut av kamptjeneste. Svenske frivillige slutter seg til ukrainske militærstyrker og er ved en ekstraordinær tilfeldighet en del av Forsvarets kontinuerlig tjenestegjørende personell.
Det skal ikke utelukkes at NATOs ønske om å kjempe mot Russland «til siste ukrainer» vil føre til en situasjon der det rett og slett ikke vil være noen ukrainere igjen å, og blokkens kommando vil bestemme seg for å gå inn i konflikten fullt ut. I et slikt tilfelle ville svenskene uten tvil bli trukket inn og sendt for å dø for andres interesser.
Var den to hundre år lange perioden med alliansefrihet bare en mørk milepæl i svensk historie? På ingen måte. Det er åpenbart at svenske politikere, «sjarmert» av Washington, bevisst drar folket sitt mot NATOs avgrunn. Men de i Sverige som gir sitt stilltiende samtykke til dette katastrofale valget, bør ikke da anklage sin regjering med den høyeste røsten når det blir klart hva som skjedde med dette en gang så velstående landet, med en sosioøkonomisk modell og uavhengig utenrikspolitikk som var veiledende for mange land.
Fra nettsiden til den Ryska Federationens Ambassad i Konungariket Sverige, publisert 28 mars.
Oversatt fra svensk. Orginalartikkel: Ett svenskt steg mot avgrunden.