POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Mot ny verdensorden:

Privatisering av staten?

8 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Er vi på veg mot ein ny verdsorden?

Den globale gjeldskrisa og privatiseringa av staten

Har pandemien blitt brukt til å styrte verda ut i ein spiral av massearbeidsløyse, konkursar og desperasjon?

av Prof Michel Chossudovsky

Vi har ei alvorleg helsekrise som treng ei passande løysing. Og dette er prioritet nummer ein.

Men det finst ein annan viktig dimensjon som treng fokus.

Millionar av menneske har mista jobbane og alle sparepengane sine. I utviklingsland rår fattigdom og desperasjon.

Medan nedstenginga av samfunnet blir presentert som den einaste måten å løyse den globale helsekrisa på, blir den katastrofale innverknaden som tiltaka har på økonomien og det sosiale livet laust og ledig ignorert.

Det det ikkje blir sagt noko om, er at det nye koronaviruset gir mektige finansinteresser og korrupte politikarar eit påskott til å slynge heile verda inn i ein spiral med massearbeidsløyse, konkursar og ekstrem fattigdom.

Dette er det sanne bildet av det som skjer. Fattigdommen er verdsomspennande. Medan svolt bryt ut i tredjeverdsland, høyrer vi frå det rikaste landet i verda:

millionar av desperate amerikanarar ventar i lange køer på almisser”

“Kilometerlange køer danna ved matsentralar og arbeidskontor over heile USA den siste veka”

I India:

mat forsvinn, … i bølgeblekkbyar, for redde til å gå ut, gå heim eller bli fanga i ein politiaksjon på gata …

I India har det til no vore 106 koronavirusdødsfall; for å sette tinga i perspektiv, døyr 3000 indiske barn av svolt kvar dag.

Frå Mumbai til New York City. Det er ei «Globalisering av fattigdom».

Produksjonen står stille.

Svolt i Asia og Afrika. Hungersnaud i USA.

Alle land er no tredjeverdsland. Det føregår ei «tredjeverdisering» av dei såkalla høginnkomst-industrilanda.

Og kva skjer i Italia?

Folk går lens for mat. Rapportar stadfestar at Mafiaen, heller enn dei politiske styresmaktene, «vinn lokal støtte ved å distribuere gratis mat til fattige familiar i karantene som har gått tom for kontantar». (avisa The Guardian)

Denne krisa kombinerer frykten og panikken kring COVID-19 med ei sofistikert form for økonomisk manipulasjon.

Lat oss først undersøke korleis utviklingslanda blir påverka.

Utviklingslanda. IMFs «økonomiske medisin» og globaliseringa av fattigdom

Er koronaviruset ein del av ein større makro-økonomisk agenda?

Først litt historisk bakgrunn.

I over ti år dreiv eg feltforskning på innverknaden som Det internasjonale pengefondet, IMF, og Verdsbanken sine økonomiske reformar i Afrika, Asia, Latin-Amerika, aust-Europa og Balkan hadde.

Sidan tidleg på 1980-talet vart gjeldstyngde utviklingsland pådytta «sterk økonomisk medisin» gjennom det dei kalla «strukturelt tilpasningsprogram» (structural adjustment program, SAP).

Frå 1992 til 1995 gjorde eg feltforskning i India, Bangladesh og Vietnam og returnerte til Latin-Amerika for å fullføre Brasil-studien. I alle landa eg vitja, inkludert Kenya, Nigeria, Egypt, Marokko og Filippinane, observerte eg det same mønsteret med økonomisk manipulasjon og politisk innblanding frå dei Washington-baserte institusjonane. I India , som eit direkte resultat av IMF-reformar, vart millionar drivne inn i hungersnaud. I Vietnam – som er blant verdas største risproduserande økonomiar – braut det ut svolt på lokalt nivå som eit direkte resultat av opphevinga av priskontrollen og dereguleringa av kornmarknaden. (Frå innleiinga til andre utgåve av boka The Globalization of Poverty, 2003)

Overherredømet til dollaren vart pålagt. Med stigande dollarrelatert gjeld, vart til sist i dei fleste utviklingslanda heile det nasjonale pengesystemet «dollarisert».

Massive nedskjeringstiltak førte til kollaps for reallønene. Omfattande privatiseringsprogram vart tvangsinnført. Desse drepande økonomiske reformane – innførte på vegne av kreditorane – utløyste utan unntak økonomisk kollaps, fattigdom og massearbeidsløyse.

I Nigeria hadde sidan starten på 1980-talet heile det offentlege helsesystemet blitt ramponert. Offentlege sjukehus var drivne til konkurs. Legane som eg snakka med skildra det nedrige strukturelle tilpasningsprogrammet (SAP) med eit snev av humor:

“we’ve been sapped by the SAP” (sap: maktstele, margstele, undergrave, underminere; SAP har margstole oss, mrk.), sa dei, sjukehusa våre har bokstaveleg talt blitt øydelagde underskrive IMF/Verdsbanken.

Frå strukturell tilpasning til global tilpasning

I dag har mekanismane for utløysing av fattigdom og økonomisk kollaps endra seg fundamentalt, og dei blir stadig meir innfløkte.

Den økonomiske krisa 2020 som vi er i, er bunden inn i logikken i COVID-19-pandemien: IMF/Verdsbanken treng ikkje forhandle om strukturelle tilpasningslån med nasjonale regjeringar.

Er Covid19 virkemidlet for igangsetting av ein ny verdsordning? Foto: Tedward Quinn

Det som har skjedd under COVID-19-krisa er ei «global tilpasning» i strukturen til verdsøkonomien. I eitt fælt lynangrep har denne globale tilpasninga (Global Adjustment, GA) utløyst ein verdsomspennande prosess med konkursar, arbeidsløyse, fattigdom og total vonløyse.

Korleis blir det implementert? Samfunnsnedstenginga blir presentert for nasjonale styresmakter som den einaste løysinga på COVID-19-pandemien. Det blir eit politisk konsensus, utan omsyn til dei katastrofale økonomiske og sosiale konsekvensane.

Ein treng ikkje reflektere over eller analysere dei sannsynlege følgene. Korrupte nasjonale styresmakter blir pressa til samtykke.

Den delvise eller komplette nedstenginga av ein nasjonal økonomi blir utløyst gjennom tvangsinnføringa av såkalla WHO-retningslinjer for nedstenging, handel, immigrasjon, transportrestriksjonar og så vidare.

Mektige finansielle institusjonar og lobby-grupper, inklusive Wall Street, legemiddelindustrien, Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) og Bill and Melinda Gates Foundation, var involverte i utforminga av Verdshelseorganisasjon (WHO) sine handlingplanar i samband med COVID-19-pandemien.

Nedstenginga av samfunnet, saman med reduksjonen av handel og luftfart, hadde lagt forholda til rette. Denne nedstenginga av nasjonale økonomiar som starta i mars, vart utført verda over, og påverka simultant eit stort tal land i alle store regionar av verda. Det har aldri før skjedd.

Korfor lot høgt plasserte leiarar det skje? Konsekvensane var openberre.

Denne nedstengingsoperasjonen påverkar produksjons- og forsyningslinjer for varer og tenester, investeringsaktivitet, eksport og import, grossistverksemder og småhandel, konsumentane sin pengebruk, stenging av skular, høgskular og universitet, forskingsinstitusjonar og så bortetter.

Står vi overfor massearbeidsløyse?

Følgene blir nesten direkte massearbeidsløyse, konkursar for små og middelstore verksemder, kollaps i kjøpekrafta, vidspreidd fattigdom og hungersnaud.

Kva er det underliggande målet med denne restruktureringa av den globale økonomien? Kva er konsekvensane? Kven er det som tener på det?

  • Ein massiv konsentrasjon av rikdom og korporativ kapital
  • Destabilisering av små og middelstore verksemder på alle dei viktige områda av økonomisk aktivitet, inkludert tenester, landbruk og industri
  • Enklare korporativ overtaking av konkurse bedrifter 
  • Det svekkar rettane til arbeidarane. Det destabiliserer arbeidsmarknaden. 
  • Det skapar massearbeidsløyse
  • Det reduserer løner (og kostnaden med arbeidskraft), i dei såkalla høginntekts-industrilanda så vel som i dei utarma utviklingslanda 
  • Det fører til ei eskalering av utlandsgjeld
  • Det forenklar påfølgande privatisering

Denne globale tilpasninga (GA) er, utan tvil, langt meir skadeleg enn det strukturelle tilpasningsprogrammet (SAP) til IMF/Verdsbanken på nasjonalt nivå.

Det er neoliberalisme i n-te grad.

I eitt grufullt sveip (over dei siste månadane) har COVID-19-krisa bidratt til å arme ut store delar av populasjonen i verda.

Og gjett kven som kjem dei til unnsetning. IMF og Verdsbanken:

IMF-sjefen Kristalina Georgieva har innrømt at verdsøkonomien har stoppa opp, utan å gå inn på årsakene til den økonomiske kollapsen.

«WHO er der for å beskytte helsa til folket, IMF er der for å beskytte helsa til verdsøkonomien,» seier Georgieva.

Korleis har ho tenkt å «beskytte verdsøkonomien»?

På bekostning av den nasjonale økonomien?

Kva er hennar «magiske løysing»?

 «Vi treng ein utlånskapasitet på 1 billion dollar» (IMF-sjef Georgieva på ein pressekonferanse tidleg i mars)

Ved første blikk verkar dette vere eit «generøst» tilbod, mykje pengar. Men i grunnen er det det ein kan kalle «fiktive pengar». Det det betyr er:

«Vi vil låne deg pengar, og med pengane vi låner deg, betaler du oss tilbake».

Det ultimate målet er å få utlandsgjelda til å flyge i veret.

IMF er tydelege. I eitt av lånevindauga sine, det såkalla Catastrophe Containment and Relief Trust, som gjeld under pandemiar, lovar dei generøst:

«Gjeldslettetilskott til våre fattigaste og mest sårbare medlemmar.»

Meiningslaus utsegn: det er der for å fylle pengeskrina til kreditorane, pengane er allokert til gjeldsbetening.

«For låginntektsland og for framveksande middelinntektsland har vi .. opp til $50 milliardar som ikkje krev eit fullt utvikla IMF-program.»

Ingen vilkår for korleis du brukar pengane. Men desse pengane aukar gjeldsbyrda og skal tilbakebetalast.

Landa er allereie i tvangstrøye. Og målet er at dei går med på krava til kreditorane.

Det er den neoliberale løysinga brukt på globalt nivå: ingen ekte økonomisk rekonvalesens, meir fattigdom og arbeidsløyse verda over. «Løysinga» blir «årsaka». Den initierer ein ny gjeldsprosess. Den bidrar til ei eskalering av gjelda.

Di meir du lånar ut, desto meir skvisar du utviklingslanda til politisk føyelegheit. Og til sist er det det som er målet til det feilande amerikanske imperiet.

Den uuttalte sanninga er at denne billionen + + dollar til Bretton Woods-institusjonane er meint å drive opp utlandsgjelda.

Nyleg bestemte finansministrane i G20-landa seg for å «sette på vent» tilbakebetalinga av gjeld for dei fattigaste landa i verda.

Kansellering av gjelda har ikkje vore på bordet. Tvert imot. Strategien består av å bygge opp gjelda.

Det er viktig at regjeringane i utviklingslanda tar eit fast standpunkt imot IMF/Verdsbanken sin «redningsoperasjon».

Den globale gjeldskrisa i industrilanda

Ei fiskal krise verda aldri før har sett foldar seg no ut på alle nivå av det politiske maktapparatet. Med høg arbeidsløyse står skatteinntektene i industrilanda no nesten stille. Over dei siste to månadane har nasjonale styresmakter blitt stadig meir gjeldstyngde.

Så kjem dei vestlege regjeringane og politiske partia stadig meir under kontrollen til kreditorane, som til sjuande og sist bestemmer.

Politiske styresmakter på alle nivå har blitt styrta inn i gjelda sitt kvelartak. Gjelda kan ikkje betalast tilbake. I USA har det føderale underskottet «auka med 26% til $984 milliardar i det fiskale året 2019, det høgaste på 7 år». Og dét er berre starten.

I vestlege land har det offentlege si gjeld auka kolossalt. Den blir brukt til å finansiere «knipeutkjøp» («bailouts»), «handsrekningar» («handouts») til korporasjonane og også «det sosiale sikkerheitsnettet» til dei arbeidslause.

Logikken bak knipeutkjøpa liknar på mange måtar den dei brukte under krisa i 2008, men i ein mykje større skala. Ironisk nok var US-amerikanske bankar i 2008 både kreditorar for USAs føderale regjering og samtidig dei heldige mottakarane: redningsoperasjonen som skulle frikjøpe bankane var finansiert av bankane. Høyrest det ikkje sjølvmotseiande ut?

Privatiseringa av staten

Krisa vil til sist framskunde ei privatisering av staten. I stadig større grad vil nasjonale styresmakter kome under strupetaket til Dei store pengane.

Er privatisering av delar av statstrukturen neste steg?

Lamma av stadig aukande gjeld, er det som står på spel den de facto privatiseringa av heile statsstrukturen, i ulike land, på alle dei politiske styringsnivåa, overvaka av mektige finansinteresser. Fiksjonen om «sjølvstyrte politiske styresmakter» som tener interessene til veljarane vil uansett bli halden i live.

Det første nivået som vil bli privatisert er byane (mange av dei er allereie privatiserte, t.d. Detroit i 2013). USAs milliardærar vil bli freista til å kjøpe opp ein heil by.

Mange store byar er allereie på randa av konkurs. (Dette er ikkje noko nytt).

Er byen Vancouver i ferd med å bli privatisert?: «borgarmeisteren av Vancouver har allereie gitt uttrykk for at han har frykta at byen hans skulle gå konkurs». (Le Devoir, April 15, 2020)

I USAs største byar greier folk rett og slett ikkje betale skatten sin: Gjelda til New York City for det fiskale året 2019 er på slåande $91,56 milliardar, ein auke på 132% sidan år 2000. Deretter har den personlege gjelda rundt om i USA floge i veret.

«Hushaldningane i USA har ei samla kredittkortgjeld på kring 1 billion dollar». Ingen tiltak blir sette i verk i USA for å redusere rentene på kredittkortgjeld.

Den nye verdsordenen?

Nedstenginga gjer både industri- og utviklingsland fattige, og den øydelegg nasjonale økonomiar.

Den destabiliserer heile det økonomiske landskapet. Den underminerer sosiale institusjonar, inkludert skular og universitet. Den fører små og middelstore verksemder ut i konkurs.

Kva slags verd ventar oss?

Byrjinga på ein diabolsk Ny verdsorden, slik Henry Kissinger sa? (WSJ Opinion, April 3, 2020):

«Korona-pandemien vil for alltid endre verdsordenen»

Hugs Kissingers historiske utsegn i 1974: «Avbefolkning bør ha høgaste prioritet i USAs utanrikspolitikk mot Den tredje verda.» (Memorandum frå National Security Council, 1974)

Dei politiske implikasjonane er vidtrekkande.

Kva slags styresmakter vil vi få etter krisa?

Konkluderande notar

Det er mange misforståingar ute og går om krisa sitt vesen.

Mange progressive intellektuelle seier no at krisa er eit nederlag for neoliberalismen. «Den opnar opp for ein ny start».

Nokre ser den som «eit potensielt vendepunkt», som opnar for ein sjanse til å «bygge sosialisme» eller «gjenopprette sosialdemokratiet» etter nedstenginga.

Bevisa stadfestar i rikeleg monn at neoliberalismen ikkje har blitt slått. Heilt tvert imot.

Den globale kapitalismen har kosolidert sitt grep. Frykt og panikk rår. Staten blir privatisert. Tendensen går mot autoritære typar av styre.

Dette er sakene vi bør fokusere på.

Den historiske sjansen til å konfrontere maktstrukturane til den globale kapitalismen – inkludert det US-amerikanske NATO-militærapparatet – vil framleis vere fast etablert etter perioden med nedstenging.

Prof Michel Chossudovsky

Global Research, 17. april, 2020

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Bianca Berg

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • Her var det mye rart, men …

    «Det er mange misforståingar ute og går om krisa sitt vesen. … «

    Og det er mange misforståelser ute og går når det gjelder pengers (egen -) verdi for et samfunn, og hva renter er. En gjeld flyr ikke i været uten rente-tyveri. En rente bør ALLTID være lik indeks ( pris/lønn-justering) Da vil en gjeld også være den samme/riktige også etter en lock-down.
    Avdrag/renter bør stå på vent, og renter være lik indeks.

    Penger er byttemidler ( tall) i et samfunn. Uten egenverdi, utover å være et måleinstrument lik litermålet og meterstokken.
    Om vi kaster alt av penger/gull/sølv i havet, vil de tidligere produserte verdiene fortsatt være til benyttelse i samfunnet. Inkludert arbeidskrefter til videre produksjon, hvis man ønsker dette. Med mål om så stor «arbeidsløshet» som mulig, når behovene var dekket.

    Svar
  • «…I USAs største byar greier folk rett og slett ikkje betale skatten sin: Gjelda til New York City for det fiskale året 2019 er på slåande $91,56 milliardar, ein auke på 132% sidan år 2000. Deretter har den personlege gjelda rundt om i USA floge i veret. «

    Sjøl ( de fleste) tidligere onde godseiere krevde ikke inn avgifter når det var krise i landet.
    Selvfølgelig bør man ikke kreve skatter/avgifter av en syk, heller ikke av et samfunn som er utsatt for en sykdom/krise. Bare høkerne gjorde slikt.
    Hvis en statlig administrasjon ikke ser forskjell på penger og realverdier & arbeidskrefter ( i et samfunn), da er det like greit med privatisering.

    Svar
  • Hva med de norske krisepakkene? Disse krisepakkene har alvorlige svakheter. Bruken av permitteringer har en negativ virkning på den økonomiske aktiviteten i samfunnet og vil kunne forsterke nedgangen betraktelig. Isteden skulle man ha satset på mye større bruk av lønnstilskudd slik som i Danmark og Tyskland. Men nå begynner fagforeninger mfl å våkne her i landet. Feks innser LO nå på 1. mai behovet for å satse mer på bruk av lønnstilskudd (Støres svar på direkten var at LOs forslag hørtes interessant ut, hva han nå mener med det). Kontantstøtte-ordningen møter kritikk fra mange hold. Krisepakken for oljebransjen møter kritikk fra alle hold. Det ser ut som regjering systematisk prøver å ramme norsk økonomi og landets befolkning. Men hva mener feks grupperinger på venstresiden om regjeringens krisepakker? Det ser ut som den største frykten på venstresiden er at eierne skal ta ut mer i utbytte eller at krisepakkene skal føre til økte CO2-utslipp eller eventuelt til økt arbeidsledighet.

    Svar
  • « Isteden skulle man ha satset på mye større bruk av lønnstilskudd»

    Dette avstedkommer et fordyrende byråkrati, og lar oss leve i den illusjonen om at statsadministrasjonen forsørger det levende samfunnet. ( Det er jo omvendt)

    Enklere ( mindre arbeidskrevende ) ville det være om de inndratte avgiftene/skattene på samfunnets produksjon blir fjernet. ( Spesielt mat, strøm og andre livsnødvendigheter. ) Alle priser ville bli mer enn halvert, og folk kunne greie seg gjennom krisen.
    Så kunne vi langsomt legge på avgifter igjen, når krisen var over. Men da kontrollert, og spesifisert til de enkelte fellesoppgaver . Hva koster egentlig strømmen uten skatt/avgifter? Hva koster maten uten avgifter? Hva koster klær uten avgifter?Hva koster veibygging uten avgifter? Hva koster skole uten avgifter?
    Hva koster statsadministrasjon, partipolitikk & kriger?

    Svar
  • Så kunne vi lettere bygge et system igjen, der NØDVENDIGE fellesgoder blir betalt av avgifter/skatter. Spesifisert og forstålig for alle. Dette ville også øke lysten til å være med å dele nødvendig fellesutgifter.
    Men der vi så hva statsadministrasjonen kostet i virkeligheten. Spesielt av arbeidskrefter, men også omsatt i penger (byttemidler). Og at samfunnet godt greier seg uten skatter/avgifter, i tidligere størrelseorden. Men ikke uten de positivt virkelige produsentene.
    Det er statsadministrasjonen, og alt uproduktivt arbeide som er den virkelige utgiften i en nasjon.
    Statskapitalismen. Ikke de private kapitalistene eller det levende samfunnet.

    Svar
  • Og det var selvfølgelig kostnaden statsadministrasjonen og (parti- ) politikere som skulle vært tatt ut av «arbeide» og lønn i slike krisetider, ikke den levende/produserende nasjonen.
    Og disse måtte bedt/søkt om støtte fra de som alltid forsørger dem.

    Svar
  • Martin Armstrong har flere arrtikler om at Bill Gates er ansvarlig for mye av denne utviklingen. Her er en av dem:

    https://www.armstrongeconomics.com/world-news/corruption/bill-gates-his-vaccine-pressure-campaign-on-the-world-incompetence-of-politicians/

    Svar
  • CapitanLorenzo
    22 mai 2020 2:20

    Det finnes kun 1 løsning på «krisen» verden har i dag. Fjern 1%’en totalt fra verden, og befolkningen vil rette opp alle feil selv. Uten disse vil ikke alt telles i kroner og øre, og natur-ressurser vil kunne brukes til befolkningens beste.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Over Middelhavet:

Den moderne deportasjonen av afrikanske slaver.

Forrige innlegg

Brexit og Korona:

50% av italienerne vil ut av EU.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.