POSTED IN USA, Valg

Moskvas vurdering av valgduellen i USA:

Russland var vinneren.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Det russarane fekk med seg – Biden slo Trump i spinat-debatten

av John Helmer, Moskva 

John Helmer er en australskfødt journalist og utenrikskorrespondent med base i Moskva, Russland siden 1989. Wikipedia

Viss du trur Skipper’n slo Brutus fordi han åt spinat, var denne USA-president-teiknefilmen, eg meiner -debatten, noko for deg. 

At president Joseph Biden, handicappa av Parkinson’s Disease og demens med Lewy-lekamar, vann den 120 minutt lange TV-duellen med Donald Trump verkar så openlyst for russarar at dei er overraska over den nær einstemmige oppfatninga i USA av at det motsette var utfallet.

Sjølv om russiske organ for statspropaganda gjerne gjentar slagordet «Joe Must G» – det gjer og USA-finansierte opposisjonsmedium – så konkluderer militær- og etterretningsanalytikarar i Moskva med at Biden og Trump viste at dei er like farlege for Russland, men at Trump no er kandidaten for mykje større krigar i Midtausten og mot Kina. Å få erstatta Biden, trur russiske kjelder, er no ein operasjon som dei sionistiske og taiwanske lobby-gruppene i Washington driv.

«Elitane i Det demokratiske partiet byrja tenke på måtar å få rydda Biden or vegen på,» seier ei kjelde i Moskva, «så å sende han inn i ein lang debatt så tidleg i valkampen, hadde nettopp dette som mål – han vil gjere eit dårleg inntrykk, men det er nok tid att til å få han erstatta. Republikanarar har alltid vore så rasistiske, men Tump seier det meir rett ut. Biden har alltid vore ein ulv i fåreklede, men han greier ikkje lenger finne nye ord til å halde farsen gåande. Kva er det å sjå der? Amerika har aldri vore svakare. Det viktige å sjå her [i Moskva], er motviljen mot å drive imperialistmakta USA utfor stupet.»

«Trass i Bidens openlyse handicap, meinte eg han vann,» seier ei anna kjelde. «Biden som fortel Trump ‘du har moralen til ein bakgardskatt’ vann debatten for min del. Han konfronterte også Trump med rasismen og fascismen, noko Trump ikkje hadde noko svar på bortsett frå å doble innsatsen. Var det ingen som la merke til korleis han manisk gjentok seg sjølv? Han repeterte dei same løgnene og bakvaskingane igjen og igjen. Han er meir gjennomsiktig enn Biden, men ikkje mykje. Han er ein aldrande, narsissistisk, rasistisk skurk.»

Dei russiske kjeldene trur og at støtte til Trump i Moskva er ein oligarkoperasjon som også støttar Israel. Det har vore linja til Roman Abramovich sidan hans feilslåtte forsøk på å redde seg sjølv unna sanksjonar og slå den russiske arméen på starten av den militære spesialoperasjonen i mars og april 2022.

«Eg trur,» sa ei kjelde, «Joe må gå fordi han fekk litt skjelven med omsyn til Israel. Han vart plassert i ein situasjon der resultatet var avgjort på førehand – børsa var ladd og hanen spent allereie før debatten hadde starta.»

Det var totalt nitten referansar til Russland i debatten, sytten til president Vladimir Putin. Utanom kommentarane til CNN sine debattleiarar, refererte Trump til Russland fjorten gongar; Biden ingen. Trump nemnde Putin med namn sju gongar, Biden like mange. Ukraina vart nemnd tjueto gongar, Vladimir Zelensky to gongar. NATO vart nemnd tretten gongar.

Sjå videoen og les transkripsjonen av debatten her.

Skjermdump fra videoen

Denne opptellinga avslører at krigen i Europa var betydeleg meir viktig for begge kandidatane enn noka anna utanrikspolitisk sak. Samanlikna med krigen i Ukraina, vart Israel nemnd atten gongar; Hamas tretten; Kina fjorten; Iran seks; statsminister Benjamin Netanyahu ein og president Xi Jinping ein. Nord-Koreas president Kim Jong-Un fekk tre. 

Både Biden og Trump påstod å vere tøffare, og den andre svakare, i krigen mot Russland. Biden sa: «vi kom i ein situasjon der, viss ein ser på kva Trump gjorde i Ukraina, han har – denne fyren fortalde Ukraina – fortalde Trump, gjer som de vil. Gjer som de vil. Og det var nøyaktig det Trump gjorde med Putin, oppmuntra han, gjer som de vil. Og han gjekk inn. Og høyr kva han sa då han gjekk inn, han skulle ta Kyiv på fem dagar, hugsar de? Fordi det er ein del av det gamle Sovjetunionen. Det var det han ville gjenetablere, Kyiv. Og han gjorde faktisk ikkje det i det heile. Han gjorde ikkje – greidde ikkje å få det gjort. Og dei har tapt over – dei har mista fleire tusen soldatar, 500 000 soldatar … Om du vil ha Tredje verdskrig, la han følge og vinne, og la Putin seie, vil du til NATO – berre gjer som du vil … Eg kan ikkje kome på ein einaste større leiar i verda som ikkje ville ha bytta plass med den jobben eg har gjort og det dei har gjort fordi vi er ein mektig nasjon … Nett no treng dei oss. Det er behov for oss til å beskytte verda, for tryggleiken vår står på spel. Og igjen, du vil ha krig, berre la Putin gå vidare og ta Kyiv, forviss deg om at dei rykker fram, sjå kva som skjer i Polen, Ungarn og andre plassar langs den grensa. Då har du ein krig.»

Trump: «Når det gjeld Russland og Ukraina, om vi hadde ein ekte president, ein president som kjende – som var respektert av Putin, så ville han aldri – han ville aldri ha invadert Ukraina. Mange folk er døde akkurat no, mange fleire enn folk veit om. Du veit, dei snakkar om antal. Du kan doble dei tala, kanskje tredoble dei tala. Han gjorde ikkje noko for å stoppe det. Faktisk trur eg han oppmoda Russland frå å gå inn … Russland – dei tok mykje land frå Bush. Dei tok mykje land frå Obama og Biden. Dei tok ikkje noko land, ingenting frå Trump, ingenting. Han visste at han ikkje skulle gjere det. Han vil ikkje spele spel med meg. Han visste det. Eg kom veldig godt overeins med han, men han visste at han ikkje skulle spele spel.»

CNN spurde ikkje, og ingen av mennene hevda å ha noko krigssluttutfall, bortsett frå meir styrke frå Biden, muter frå Trump.

I ei talande fortelling hevda Trump: «Det er akkurat som når du har eit gissel, vi betaler alltid 6 milliardar dollar for eit – kvar gong vi ser gissel. No har vi eit gissel. Ein Wall Street Journal-reporter [Evan Gershkovich], ein bra fyr, trur eg, og han er der borte fordi Putin ler av denne fyren og ber truleg om milliardar av dollar for reporteren. Eg vil få han ut veldig raskt, så snart eg blir president. Eg sa, bokstaveleg talt så snart eg vinn valet vil eg få reporteren ut. Han burde ha fått han ut for lenge sidan. Men Putin ber sikkert om milliardar på milliardar av dollar fordi denne fyren [Biden] betaler det kvar gong. Han tok ingenting frå meg, men no vil han [Putin] ta heile greia frå denne mannen som står her.»

Skjermdump fra videoen

CNN spurde Trump og Biden: “Russlands president Vladimir Putin seier han berre vil ende denne krigen viss Russland beheld det ukrainske territoriet landet allereie har gjort krav på og Ukraina gir opp sitt ønske om å kome inn i NATO. Er Putin sine vilkår akseptable for dykk?» Begge unngjekk å svare direkte.

Då CNN repeterte spørsmålet, svara Trump: «Nei, dei er ikkje akseptable. Nei, dei er ikkje akseptable… Kvar gong Zelensky kjem til dette landet, forlet han det med 60 milliardar dollar. Han er den største selgaren nokon gong. Og eg kritiserer han ikkje. Eg kritiserer ikkje noko. Eg berre seier, pengane vi brukar på denne krigen, og som vi ikkje skulle ha brukt, det skulle aldri ha skjedd. Eg vil skaffe fram eit forlik mellom Putin og Zelensky som president-vald før eg inntar kontoret den 20. januar. Eg vil ha stansa den krigen … eg vil få den stansa, og eg vil få den stansa raskt, før eg sit i presidentsetet.»

Biden svara: «Faktum er at Putin er ein krigsforbrytar. Han har drepe tusentals folk. Og han har gjort tydeleg ein ting: Han vil reetablere det som var ein del av det sovjetiske imperiet. Ikkje berre ein del, han vil ha heile Ukraina. Det er det han vil. Og trur du då han vil stoppe med det? Trur du han vil stoppe når han – viss han tar Ukraina? Kva trur du vil skje med Polen? Kva trur du om Belarus? Kva trur du vil skje med dei NATO-landa? Så om du vil ha krig, bør du finne ut kva han vil gjere … Vi gir dei våpena, ikkje pengane akkurat no. Og våre NATO-allierte har produsert like mykje finansiering av Ukraina som vi har. Det er derfor det er – det er derfor vi er sterke.»

Trump-kampanjen la fram planen sin med vilkåra for å stoppe krigen i Ukraina den 11. april. Trump repeterte linjene frå planen om at viss han hadde vore president, så ville krigen aldri ha skjedd. «USA og deira allierte burde ha sendt rikeleg militærhjelp til Ukraina hausten 2021 for å avskrekke ein russisk invasjon. I staden, då ein invasjon verka sannsynleg i desember 2021, ignorerte Biden innstendige bøner frå Zelensky om militær bistand – spesielt anti-tank-Javelin-missil og anti-luft-Stinger-missil – og åtvara Putin om at USA ville sende militærstøøte til Ukraina dersom Russland invaderte. Biden sin bodskap viste Putin US-amerikansk veikskap.»

Skjermdump fra debatten. Begge kandidatene ønsket krig, ikke fred.

Briefing-papira og hugselappane som begge kandidatane hadde memorisert før debatten, gjenspegla dei siste meiningsmålingane om krigen dei hadde tilgjengeleg. Opinionsdata frå ei spørreundersøking i februar 2024, utført av Harris-organisasjonen og ei tankesmie i Washington som er finansiert av George Soros og Charles Koch, viser at det er ingen statistisk skilnad mellom Demokratar og Republikanarar når det gjeld krig og fred, og heller ikkje nok skildnad blat uavhengige til at verken Biden eller Trump kan appellere til dei.

Nokre få dagar seinare, i ein Gallup utført mellom 1. og 17. mars, verka Demokratiske velgarar vere relativt meir positive til å støtte ein ukrainsk siger i krigen enn Republikanarar.

Blant vilkåra i Trump-planen som Moskva har merka seg, men USA har ignorert, er det eit løfte om forteneste – «litt avgrensa sanksjonslette» – til dei russiske oligarkane. Trump fekk dette til å høyrest rart ut i debatten, og sa: «Putin ber truleg om fleire milliardar dollar fordi denne fyren [Biden] betaler det kvar gong.»

Ved å presentere seg sjølv som den mest effektivt valdelege av dei to, vende Trump om på folkemordet i Gaza og brukte eit rasisrisk nedsettande ord om Biden. «Israel er den eine. Og du [Biden] burde la dei gå og gjere ferdig jobben. Han vil ikkje gjere det. Han har blitt som ein palestinar. Men dei likar ikkje han, for han er ein veldig dårleg palestinar. Han er ein svak ein.»

Kreml-talsmann Dmitry Peskov hevda at Putin sov seg gjennom den direktesende tv-debatten. Han sa ikkje at Putin ikkje har sett ein reprise. «Eg trur ikkje ein kan forvente at den russiske presidenten stiller vekkarklokka for å sjå debatten tidleg på morgonen. Dette er ikkje noka spesielt stor hending for oss.»

Ei oppsummering av dei russiske hovudstraumsmedia konkluderte med at russiske offisielle tenestemenn og analytikarar såg det dei allereie visste dei ville få sjå. «Det er mange grunnar til at Moskva vil føretrekke Trump som president – den Republikanske kandidaten har trua med å trekke USA ut av NATO og er skeptisk til amerikansk støtte til Ukraina – og russisk dekning heldt generelt ein nøytral tone andsynes han [Trump], medan dei var mindre generøse andsynes opponenten hans [Biden].»

Vzglyad, den semi-offisielle sikkerheitsplattformen i Moskva, kommenterte på leiarplass Bidens medisinske tilstand i eit stykke med tittelen «Biden stadfester Alzheimers siger», med ein lengre analyse av dei medisinske behandlingane og konklusjonen: «dette betyr ikkje at han ikkje kan velgast til president. Demens er, igjen, ein langvarig sjukdom. Spørsmålet er om progresjonen vil bli umogleg å skjule eller tolke som fiendars vondsinna anslag.»

I ein annan leiar kommenterte Vzglyad noted: «Korfor treng Russland ein smart president i USA? Russland treng normale relasjonar med USA for å implementere sin eigne, russiske, utanrikspolitiske strategi. Og ikkje ein verdskrig med alle mot alle, der vi har ein alvorleg risiko for å tape. Nokre spør eit rimeleg spørsmål: Kva er poenget for Russland med å ha ein intelligent, sterk og kapabel president som leiar av USA? Svaret er ikkje enkelt. Valet i politikken er aldri svart/kvitt. Det er neppe til gagn for Russland om USA blir leidd av ein sterk president som har ein tøff og realistisk strategi for verdsordenen og veit korleis ein effektivt skal styre ressursane.»

Med ei slik rettesnor, konkluderte ei russisk kjelde: «alle i Moskva, inkludert Kremlin, generalstaben og oligarkane, tenker vinnaren av debatten var Russland.»

Omsett av Monica Sortland

(som anbefaler CNNs faktasjekk av kandidatanes utsegner, som viser at dei begge er store løgnhalsar.)

Forsidebilde er KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • En morsom refleksjon rundt en tragisk sirkus-forestilling.

    Og media/ politiske jounalister i Norge kunne jo selvfølgelig gitt oss etterrettelig informasjon. Både om valget og om Ukraina-krigen. Ved å hente inn Glenn Diesen, f.eks.

    Men media i Norge sin oppgave ser ut til å være klovnens. Klovner som ikke lengre er morsomme.
    Og som nå har fått oppgaven med å strø sagmugg.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Påstanden som ble borte:

Arktis ikke isfritt likevel.

Forrige innlegg

Mediesensuren begynner å svikte.

Kanskje er vaksinene årsaken til overdødeligheten likevel.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.